Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Bergen Kunsthall brukar ungdom for å lokke anna ungdom til institusjonen

KATEGORI

Visuell Kunst,

SJANGER

Nyhet,

PUBLISERT

fredag 17. januar 2020

Bergen Kunsthall inviterer ungdommar på innsida av kunstinstitusjonen.

↑ Kan fisk vere kunst? Slike spørsmål har ungdommane i Unge kunstkjennarar ved Bergen Kunsthall utforska i år. Foto: Åsa Opedal

I dag er det ei forventing at museum og galleri har program for barn og unge. Kreative verkstad vert leia av profesjonelle kunstnarar, og omvisingar blir helde for dei som knapt har lært seg å gå endå.

Publikumsinndraginga i kunsthallar baserer seg ofte på at unge sjølv skal vere kreative og lage eigne verk inspirert av aktuelle utstillingar. Osloklubben PLOT kan minne om Bergen Kunsthall sitt konsept: ein open klubb for unge som vil læra meir om samtidskunst og som invitera til omvisingar, kunstnarmøter, filmframsyning og kurs. Men programmet Unge kunstkjennarar skil seg ut i den forstand at her skal dei unge ikkje berre setje seg inn i samtidskunst, men dei skal og vidareformidle den til andre unge.

Satsinga blei satt i gong januar 2017 då kunsthallen ynskte å inndra unge som kunne snakke om kunst til andre på same alder, finne nye formar for formidling og auke deltaking av dei yngre.

I dag består klubben av ei handfull ungdommar som møtes nokre gonger i månaden for å utføre ulike prosjekt i samband med kunsthallen sitt program. I haust møtte dei Periskop då dei deltok på Bergen Art Book Fair (BABF) med nyprinta fanzine saman med kunstnarar frå innland og utland.

Unge kunstkjennarar


Program på Bergen Kunsthall kor ungdom arbeidar for å gjere samtidskunst meir tilgjengeleg for andre unge

Starta januar 2017 av Bergen Kunsthalls formidlingsleiar Hilde Marie Pedersen

Eksterne prosjektleiarar vert rekruttert mellom kunstnarar med innvandrarbakgrunn, og kunstnar og pedagog Dino Dikic har vore mentor sidan oppstart

Gratis tilbod for ungdom i alderen 13 til 23 år

Støtta av Hordaland fylkeskommune

 

 

Ungdommens stemme i samtidskunsten

– Eg treng dette. Eg treng ein stad der ein ikkje treng å ha svar på noko som helst, seier biologstudent Linnea Halveg. Ho får støtte frå Inga Pareliussen Austnes, som studerar fiskehelse.

– Eg likar godt at det er motsett frå det eg arbeidar med vanlegvis. Pugg dei tjue musklane, kjenn att sjukdommen frå bilete, og så vidare. Eg likar at eg kan komme med ein heilt vill tanke her, og så godtek alle den, seier ho.

Kunstnar og mentor for programmet, Dino Dikic, føreslo å lage ei fanzine i samband med at BABF skulle haldast på Bergen Kunsthall. Ungdommane gjorde oppgåva til si eigen, og fiskeinteresse blant deltakarane resulterte i at fisk blei ein metafor for samtidskunst. Kvifor og korleis kan fisk, som mykje anna, vere samtidskunst, undra dei.

Resultatet vart to kokebøker i tradisjonell Ingrid Espelid-stil, med blå- og raudruta omslag. Bøkene inneheld ulike oppskrifter på kva kunst er og kva ein treng for å drive ein kunstinstitusjon. Høvesvis linjal, kaffimaskin, projektor med meir. Dei samla inn ulike perspektiv på samtidskunst ved å intervjue Bergen Kunsthall sine tilsette og forbipasserande. Spørsmål som «kan ein ha ein kunstinstitusjon utan kunst» blei stilt, og diskusjonane som oppstod på innsida og utsida av bygget, resulterte i Kunsten å koke – en kokebok om kunst, og ekstrautgåva Fisk som kunst – ekstra kokt.

Eg likar at eg kan komme med ein heilt vill tanke her, og så godtek alle den.

Dei som er med i Unge kunstkjennarar i år er Linnea Halveg, Lisa Holmås, Inga Pareliussen Austnes, Michelle Endresen, Jakub Lazarowicz og Johanne Hauge Gjerland. Foto: Åsa Opedal

På golvet med kunsthallens tilsette

Nokre av ungdommane har vore med sidan oppstart, mens andre starta for eit par månadar sidan. Dei har stor fridom i kunsthallen og moglegheit til å bli med på opprigg av utstillingar, omvisingar med dei tilsette, og dei får eit godt innsyn i korleis Bergen Kunsthall opererar. Å få sjå korleis ting heng saman er noko av det dei finn mest interessant.

Johanne Hauge Gjerland har gått på kulturskulen sidan ho var seks år og set pris på moglegheita til å vere med dei tilsette på golvet.

– Me lærer korleis ein kunstinstitusjon fungerer og det er noko ein ikkje kan lesa seg til. Og me får sjå korleis personalet arbeidar saman, seier ho.

Dei pratar mykje om at kunsten kan virke stor og utfordringa med å få ungdom interessert. Samtidskunsten har eit dårleg rykte, meiner dei, og det er vanskeleg å sjå om noko er «bra» eller ikkje. Mykje blir berre oppfatta som rart.

For å få med vener og andre unge forsøk dei å gjere kunsten meir folkeleg og kan for eksempel bruke tid på å omskrive og forenkle utstillingstekstar eller å arrangere filmkveld med filmar relatert til kunst.

Er det riktig å legge ansvaret for å engasjere ungdom i samtidskunst på ungdommar sjølv?

Gratis ambassadører?

– Alle som arbeidar med samtidskunst veit kor vanskeleg det er å nå ut, seier Hilde Marie Pedersen, formidlingsleiar ved Bergen Kunsthall. Det var ho som starta prosjektet i 2017.

Kunsthallens fokus ligg både på å formidle samtidskunst til dei unge kunstkjennarane, og på at dei sjølv skal formidle samtidskunst vidare til andre unge. Samtidig understrekar ho at ungdommanes viktigaste oppgåve ikkje er å skaffe nytt publikum til institusjonen.

Ein kan spørje seg sjølv om det er riktig å legge ansvaret for å engasjere ungdom i samtidskunst på ungdommar sjølv, og kven som tener mest på dette. Ungdommane eller kunsthallen som får gratis ambassadørar?

– Mine forventingar til at dei skal trekke inn folk er ikkje store, for eg tenkjer ikkje at det er det som er det viktigaste. Eg tenker at det er dei som det viktige. Det dei gjer og at det kjem ut. Ein kan jo heller ikkje gå ut og dra folk inn fysisk, seier ho.

Ho påpeikar at det er vanskeleg å krevja noko frå dei ettersom det jo er frivillig arbeid.

– Om eg skulle sagt «eg vil ha det og det», så blir det jo noko anna. Då blir det jo ein jobb.

Til Bergen Art Book Fair hadde ungdommane laga to bøker om fisk og kunst. Foto: Åsa Opedal

Prosjektet handla om korleis ein kan gjere om arkitekturen for at samtidskunsten skal bli enklare å oppsøkje.

Kunst for kven?

I fjor fekk ungdommane moglegheita til å gjere samtidskunsten meir tilgjengeleg på ein meir fysisk, direkte måte då dei tok over kunsthallen for ein dag. Gjennom ein todagars workshop saman med kunstnar Jordi Ferreiro undersøkte dei kven institusjonen er til for, kven som har tilgang til kultur og kven som ekskluderast.

– Me fann ut at ein må ha ganske mykje hjelp for å bruke rullestolinngangen, så me gjorde det om til hovudinngangsdøra, og stengte den eigentlege hovudinngangen, seier Linnea Halveg.

– Prosjektet handla om korleis ein kan gjere om arkitekturen for at samtidskunsten skal bli enklare å oppsøkje.

Ved å stenge hovuddøra fekk dei besøkande til å gå gjennom kunsthallane for å komme til kafeen Landmark, og då nytta dei sjansen til å prate om tilgjengelegheit og kva dei tykte om innhaldet i kunsthallane.

– Folk skulle eigentleg på helgelunsj…, seier Halveg. Gjerland avsluttar setninga:

– …men då dei måtte gjennom kunsthallane hoppa me på dei!

Kunsthallen som fristad

Til tross for at ungdommane har travle kvardagar med studiar og meir, er Pedersen fornøgd med at dei alltid har klart å helde på ein lojal kjerne.

Eg spør kva ungdommanes forhold til kunst eigentleg er og om det er noko dei kunne tenkt seg å arbeide med.

– Eg tenkte meir på det før då eg var litt yngre. Eg tenkte eg vil enten studera kunsthistorie eller historie. No føler eg at eg må ha andre draumar og, men eg har døra open, seier Gjerland.

– Eg har kunstinteressa frå familien min. Mor mi målte og bestefar lagde akvarellar og systera mi studerer kunsthistorie. Men eg trur ikkje eg heilt skjønte greia før eg blei litt eldre. Det interesserte meg kanskje meir overflatisk, men no er eg meir interessert i tydinga bak det å sjå på ting, seier Inga Pareliussen Austnes.

– Eg har alltid likt kunst veldig godt, men har ingen vener som gjer det, så då er det fint å komma her. Venene mine skjønar ikkje heilt kva det er me gjer her, men det gjer no ikkje me heller, seier Halveg.

Samtala sporar over i fiskehelse og at oppdretta skal flytte opp på land. Møterommet  vert tømt for ungdommar, saltstenger og klementiner.

– Eg har fått større forståing for til dømes kva ein kurator er no. Før trudde eg at enten så målte du bilete og var kunstnar, eller så hadde du ingenting i kunstverda og gjere liksom. Eg har lært kor mykje ulikt ein kan arbeide med her, seier Gjerland.

Annonser
Stikkord:
· · · ·