Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Dei kravstore barna

KATEGORI

Musikk,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

onsdag 27. mai 2015

Den «store» familiekonserten på MaiJazz var ikkje så stor, men snarare ein forsiktig seanse. Tobias (13) og Lotta (7) hadde ingenting i mot formatet.

↑ Dei kravstore barna

Den som vandra rundt i Stavanger sentrum førre helg måtte sjå seg godt om for å merke at der var ein jazzfestival i byen. Eit lite banner her, ein bukk utanfor dei aktuelle konsertstadane og ein del plakatar rundt omkring, men ikkje stort anna.

Alle plakatane synte ei kvinne med eit vakent blikk som stirar rett mot deg. Dei fleste vil kanskje gå ut frå at vedkomande er ei stor jazzstjerne og årets hovudattraksjon. Og dei vil på ein måte ha rett. Kvinna på biletet er Sarah Riedel, for så vidt ei jazzstjerne og mellom årets hovudattraksjonar. Det spesielle er at konserten ho skulle stå for var den store familiekonserten med Astrid Lindgren-musikk tidleg søndag ettermiddag.

Prisverdig profilering

At ein konsert primært retta mot born får ei slik profilering i festivalbiletet er prisverdig. Vanlegvis ser eg at konsertar retta mot eit yngre publikum anten er popmusikk for tenåringar, eller små arrangement som er plassert nokså langt bak i festivalprogrammet. MaiJazz valde i staden å løfte fram ein konsert retta mot dei yngste.

Konserten blei også gjennomført i det flottaste lokalet festivalen tek i bruk – Zetlitz-salen i Stavanger Konserthus – med store ambisjonar. Tidlegare i festivalveka er det berre Kari Bremnes og dei populære new yorkarane i Snarky Puppy som har vore akkurat her. Repertoaret, musikk frå filmatiseringane av Astrid Lindgrens mest kjende og populære forteljingar, var vel kanskje også noko av det mest staselege ein kan hente fram til eit slikt publikum.

Med musikk mange kjenner så godt kan det vere vanskeleg å vite om ein skal halde seg til «fasiten» eller gjere mange endringar. Då er det naturlegvis ein fordel å vere dottera til mannen bak all denne musikken, Georg Riedel, som for høvet også var med på kontrabass. Trompetist Tore Johansen har arrangert songane og han leia an resten av bandet: Bjergsted Jazzensemble, beståande av studentar ved jazzlinja på Universitetet i Stavanger.

Tek born på alvor

I forkant av konserten har Sarah Riedel blitt intervjua av Note som er magasinet for Stavanger Jazzforum og festivalen. Der heldt ho fram dette med å ta borna på alvor, noko festivalen sjølv har vist gjennom tilrettelegginga av konserten. Ho nemnte òg ei frykt for det yngre publikumet:

– Barn er et utrolig krevjande publikum, og de er jo så hudlaust ærlige. Om du ikkje er tilstede hele vegen, så blir du oppdaga, sa ho til magasinet.

Med dette i bakhovudet tok eg med meg Tobias på 13 og veslesyster Lotta på sju og eit halvt, som «medkritikarar» på konserten. Begge to har eit nært forhold til musikken. Dei har til og med besøkt Astrid Lindgrens verden i Sverige, og gledde seg veldig. Men medan eg var gripen av dei flotte lokala og hadde høge forventingar var borna meir avslappa med omsyn til omgjevnadane. Førre gang dei besøkte konserthuset var det Lotta som hadde konsert med kulturskulen.

Passe fint

Femten minutt før konsertstart vart me lokka av to saksofonistar inn i salen med «Här kommer Pippi Långstrump». Eit fint grep for å fange bornas merksemd, og publikum var allereie konsentrerte og stille lyttarar. Men så oppsto eit merkeleg antiklimaks ved at heile ensemblet sat med opent sceneteppe og venta i over ti minutt på at salen skulle finne ro.

Sjølve konserten var i seg ganske ordinær, med ulike hits frå Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget og Karlsson på taket i tur og orden. Blåserekka spelte tight og fint, og munnspelet var ein naudsynt og riktig ingrediens i denne samanhengen.

Arrangementa var effektive og velgjorte, men utan nokon særleg radikale grep. Kanskje bortsett frå dei litt artige hamre- og sageeffektane på «Du käre lille snickerbo», dirigert av Sarah Riedel, som her fekk litt liv i publikum. Utover det var det vanlege storbandarrangement utan noko særskild å merke seg, og eg lurer litt på kven arrangøren hadde i tankane då dette blei gjort.

Riedel hadde god kontakt med dei minste borna som sat på puter fram med scenekanten. Ein gang, under eit instrumentalparti, flytta ho seg ned frå scena og var publikum saman med dei. For oss som hadde meir avstand til scena var det likevel påfallande lite liv og røre.

Med hypen til grunn: Eg hadde forventa meir. Kva meinte så borna eg hadde med? Deira generasjon, med hyperaktive disneyfilmar og NRKSuper må vel vere for utolmodige til det her?

Storfornøgde

Ved eit punkt undervegs i konserten, då dei spelte «Pippis sommarvisa», lente Lotta seg over til meg og sa: – Denne songen var mykje lengre enn eg trudde!

Eit lite døme på den brutalt ærlege tilbakemeldinga Riedel peikte på i sitt intervju. Og fleire gangar undervegs tenkte eg at både Lotta og Tobias virka rastlause. Men etter konserten var likevel begge storfornøgde.

– Det var veldig kult!, slo Tobias fast.

Og Lotta er einig:

– Eg likte det instrumentet i gangen.

– Saksofon er kulare enn for eksempel gitar, meiner Tobias.

– Kva med språket då?
Det var bra at det var på svensk, for det er liksom meir originalt, er begge samde om.

– Men dei kunne kanskje prata norsk mellom songane, undrar Tobias.

Likevel meiner han at Riedel var veldig flink til å ha kontakt med publikum.

Ingen av dei to syntes musikken var spesielt kjedeleg, og Lottas tilbakemelding undervegs var tydelegvis ikkje noko å legge særskild stor vekt på. Dei orda dei brukte mest i etterkant var «fint» og «koselig».

Viktig å kjenne musikken

Eldstemann Tobias hadde rett nok eit par kritiske tilbakemeldingar å kome med.

– Det er nok veldig viktig å kjenne songane frå før for å sette pris på endringane som hadde blitt gjort, forklarte han.

Sjølv hadde han blitt lett vonbroten då dei ikkje ropte «Hurra, hurra, hurra» på «Världens bästa Karlsson», slik dei gjer på innspelinga han har eit forhold til.

– Det eg likar best med jazz er at dei kan gire opp låtane undervegs, men her var det nokre songar dei heller tok ned. Det var kanskje litt kjedeleg, innrømmer han.

Likevel ville han understreke at han syntes det var ein veldig bra konsert, særskild mannen med munnspelet, trommeslagaren og saksofonane.

Ikkje så brutale likevel?

Det er lett å forstå at Sarah Riedel har ei viss frykt for den direkte tilbakemeldingar frå born. Dei legger lite i mellom. Men kanskje kan tilbakemeldinga frå Tobias og Lotta lette bekymringane litt?

Ingen av dei såg ut til å vente eit storslagent show, slik eg gjorde. Dei sat heller pris på mange små detaljar og då eg trudde dei keia seg viser det seg at dei heller har lytta ganske konsentrert eller i alle fall kost seg med musikken. At born har energiske kroppar som alltid er i rørsle, betyr tydelegvis ikkje naudsynleg at dei er rastlause og keiar seg.

Borna er ikkje berre ærlege dommarar, men heldigvis også opne mottakarar utan like mange fordommar som oss vaksne. Eit betre utgangspunkt for ein jazzkonsert finnast vel neppe?

Sarah Riedel og MaiJazz synte at dei tok bornas evne til å lytte på alvor, og at dei gjerne kan vere meir sofistikerte publikumarar enn vi ofte tenkjer. Andre jazzfestivalar i Noreg må gjerne følgje etter!

En versjon av denne artikkelen ble først publisert på Ballade.no.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · ·