Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Dei nynorske trubadurane

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

tirsdag 10. desember 2013

Når Odd Nordstoga debuterer som barnebokforfattar, er helten ein omstreifande opprørar og kongen er ein bokmålsslask.

↑ Dei nynorske trubadurane

Det finst ein del nynorske omstreifarar. Dei klassiske omstreifarane, så klart. Aasen som gjorde streifing til språkvitskap. Vinje som streifa aktivt rundt i sør- og midt-Noreg sumaren 1860, og som gjorde imponerande tankeflog i omstreifarsjanger nr 1 i litteraturen, essayet.

Hovland og Fløgstad er typiske omstreifarar, og streifar rundt i alle slags sjangrar og tema som tenkjast kan. Nynorsk er grunnlagt på streifing, og er eit språk som har gjort forfattarar til aktive streifarar både i fortid og notid.

No også Odd Nordstoga, som debuterer som barnebokforfattar om ein omstreifande trubadur. Det var med andre ord ikkje uventa. Han har førstehandskjennskap til streifing, for han har vore innom alle samfunnshus og bygdehus i heile Noreg. Han er ein omstreifande trubadur i nynorskland. Han spelar sine låtar, gjer furore og reiser igjen, ikkje så ulikt heltane i barneboka hans. Dessutan har han med seg eit godt reiselag på vegen. Musikarar og lydteknikarar, reknar eg med. Godt kameratskap er nødvendig på ei reise.

Fakta


«Eg og Pontus går for gull»

Odd Nordstoga

Illustrasjoner: Rune Markhus

Gyldendal

Slik er det også i barnebøker. Ein treng ein kamerat. Og i forteljinga til Nordstoga har hovudpersonen med seg ein katt, Pontus. Både hovudpersonen og katten kan spele instrument, og er like på mange måtar. Den eine har lang hatt, den andre har lang hale, dei er sjølvstendige og likar seg best utanfor bymurane. Kattar og trubadurar er som vi veit vanskeleg å kontrollere. Dei er fridomselskande, og har lite sans for livet innomdørs. Og dessutan viser denne boka at kattar er gode å ha i ei knipe, for kattar er snartenkte og finn seg ikkje i kva som helst.

Kongemakt og tåpelege reglar

Ein bør også ha visjonar når ein skal ut på vegar og omvegar. Tittelen «Eg og Pontus går for gull» er ein slik typisk visjon. Ein bør ikkje nøye seg med lite. Ein bør øvst på pallen og lukte metall! Kva er vitsen med å legge ut på reise om ein ikkje har visjonar? Og når ein har nådd målet, reiser ein vidare. Reisa er slik sett full av delmål. Eg kom, eg såg, eg vann, eg forsvann. I denne forteljinga handlar det om å oppnå målet, for deretter å reise vidare. Ein trubadur er per definisjon alltid på farten.

Alle trubadurar er dessutan glade i forteljingar. Det har trubadurar vore i uminnelege tider. Særleg forteljingar på vers. Slike forteljingar kan vere moralske og sentimentale, nokre av dei skal ein lære av, andre skal ein kunne skratte av. Forteljinga til Odd Nordstoga er både episk, lyrisk og kronologisk, slik gode viser ofte er. Dei to trubadurane kjem til ein by, og der vert det bråk. For i byar er det mykje tull og faenskap. Dette er ein grunnidé i den nynorske litteraturen frå dei garborgske bondestudentane til dei klassiske, hovlandske romanheltane.

Likevel: Byen representerer både god og dårleg faenskap, den gode er sjølvsagt at damer og poker og spel på hest (for å sitere helten til Nordstoga) finn ein helst i byar. Den dårlege er kanskje for store mengder av det same, men ikkje minst sure kongar som tek makta sjølv og har tåpelege reglar. I denne byen er det for eksempel forbod mot musikk. Det er som vi veit vanleg å kneble kulturlivet i totalitære statar. Kulturen i slike statar skal kontrollerast, og vere ideologibekreftande. Og våre trubadurar har kome til ein mellomaldersk bystat, der kongen er eineveldig og byfolket fulle av lus. Med andre ord: det er ikkje den beste staden å stille seg opp på torget for å «gjera stor hallei, med trekkspeltut og med tjo og hei, og Pontus han tek seg ein konjakkskvett og dengjer på fela til lauvet sprett».

Rettferdig opprør

Maktapparatet festar raskt grepet sitt. Det vert vifta med reglar av sinte menn i uniformar. Trubaduren mistar trekkspelet sitt, og katten fela. Maktesløysa rår, der dei to reisevenane sit ved byporten og surnar. Men katten er likevel ikkje den som gir opp eller er rådlaus, men foreslår at dei går på rov. Og som kattar flest er han nattdyr og ekstra kul og foretaksom på natta. Dessutan han har børse. Rett til makta si høgborg gjeng dei. Inn i soverommet der kongen søv. I kjent motkulturell stil let dei seg ikkje skremme av maktapparatet, men overlistar dei i staden. Og som alle skikkelege heltar har dei stort frimod og ein god porsjon flaks. Katten kryp under senga og dreg fram instrumenta deira, og deretter tek dei likså godt med seg gullpengar som dei tilfeldigvis kjem over. Dette er ei handling ovanfor ein despot og tyrann, og difor både rettferdig og på sin plass.

Kongen er sjølvsagt ein bokmålsslask. «Grip tyven», skrik han då han oppdagar røveriet og seinare «Hei! Elendige tyvpakk som røvet meg. En slik aksjon skal man angre seg!» I mellomtida har Pontus og ’eg’ kome seg unna og lever det glade liv i skogen, i reinaste Robin Hood-stil. Pengane dei har tatt frå overmakta, har dei mange planar for. Både damer og kortspel er involvert. Men gleda er kortvarig og troppane til kongen har kome for å ta dei. Katten skyt i reinaste cowboystil, og held soldatane unna heilt til kvelden. Den motkulturelle seigheita viser seg frå si beste side, for sjølv om ein er i undertal, skal ein ikkje gi seg – ikkje på vilkår!

Likevel, sjølv om Pontus og ’eg’ kjempar tappert mot overmakta, endar dei til slutt i fengsel. Motkulturen har gått underground, bokstaveleg tala fordi dei vert kasta i eit fangehol. Men det gjeld også utanfor murane, for folket har fått smaken på festival, etter det musikalske opptrinnet på bytorget og dei førebur eit maktskifte. I nynorskverda er anarkistar slett ikkje uvanlege, og kopla til ein sterk skepsis mot nedarva titlar og gammal sedvane. Anarkismen breier seg som ein farsott i byen, hemmelege signal og post vert utveksla, og ein oppmodar alle til å vise forakt mot maktapparatet ved å farge nasen blå. Neste dag må kongen gå av. Det er ein fredeleg avgang, ingen mister livet, og helten vår og katten vert henta frå fangeholet og får hylling av folket. Med andre ord: den låge har fått makt og den mektige har fått bjørnefell og ein pakke ansjos og «lyt dra sin kos».

Dyrkar individualiteten

Karnevalismen er ingen ukjend ide i nynorskverda. Men sidan dei folkelege trivast best hos folket, vert dei ikkje nye herskarar, men derimot mottatt som folkeheltar: «På torget me hyllest med hipp hurra! Og jentene dansar og er så glad: Dei renner oss ned med så våte kyss at føter og augo går heilt i kryss». Alle heltar og trubadurar har draget på damene. Og heltane har lagt grunnlaget for folkefeiring, altså den folkelege festen, som inkluderer alle og er høglytt og glad på same tid. Det er ein «fest med musikk og øl, og godlynt slåssing med klask og brøl, og langbord med brus og kakesøl». I denne barneboka brukar Nordstoga nokre av dei mest sentrale trekka ved den nynorske litteraturtradisjonen. Han skildrar ein streifar, ein som frivillig er utanforståande. Ein som dyrkar individualiteten og sitt eige uttrykk. Ein som er skeptisk til autoritetar, men glad i folket. Ein som vel å reise frå stad til stad, men ikkje er heimlaus, fordi han veit kvar han kjem frå og kva for verdiar og ideal han set høgt.

Rune Markhus illustrerer den spenstige forteljinga med ein ironisk strek. Både maktapparatet og hovudpersonane får passet sitt påskrive, eller påteikna, om ein vil. Katten er suveren og verdsvant, anten han balanserer som sirkusartist, spelar fele eller slåss i rein gledesrus på festplassen. Kongen derimot, har ein stor, stygg munn som spyttar mykje og ofte, og han deler raust ut eit heilt vokabular av ukvemsord til tenarar og soldatar. Det er sikkert ikkje lett å ta opp kampen med ein omstreifande katt som sjarmerer folket og gir dei livsvon og tru på framtida. Er det rart kongen kastar vaktelegg som terapi når livet går han i mot? Det er sikkert ikkje tilfeldig at Markhus teiknar kongen med ei lita krone som balanserer faretrugande på skallen hans.

På baksida av boka kan me lese denne oppsummeringa: «Eg og Pontus tenker oss aldri om to gonger (…) Eg og Pontus gjev jernet. Me vekker til liv ein mørklagd by, lagar fest og musikk, gjev kongen fyken og fiksar ein revolusjon. Alt på ein dag. For av og til må ein vera skikkeleg uskikkeleg». Boka legg opp til å vere både skikkeleg og uskikkeleg. Nordstoga let dei to trubadurane ordne opp i eit typisk autoritært maktsamfunn. Det må ein like. I slike samfunn er opprøret einaste botemiddel. Moralen i boka er kanskje nettopp dette: at ein ikkje alltid skal vere snill og finne seg i ting. Iallfall dersom ein treffer på personar som er altfor glad i makta si. Dette er underhaldning av beste merke, og kjekk lesing for både store og små!

Annonser
Stikkord:
· ·