Den vanskelege barnebokapplikasjons-kritikken




Medan forlaga er i ferd med å få grep om dei digitale barnebøkene, er kritikken av norske barnebokappar framleis nesten fråverande.

6. november 2010: Ordet «barnebokapplikasjon» står på trykk for første gong i norske aviser då Romsdals Budstikke og Telemarksavisa trykker NTB-notisen om «Tambar er et troll»«den første norske barnebokapplikasjonen». Fire år seinare forkortar dei fleste «applikasjon» til «app», og den digitale forteljinga til Tor Åge Bringsværd og Lisa Aisato har fått konkurranse frå hundrevis av andre barnebokappar. Sidan 2011 har blant anna forlaget Propell fôra marknaden med digitale eventyr, og i sommar vart heildigitale Ena forlag lansert omtrent samstundes som Cappelen Damm i samarbeid med Aschehoug, Gyldendal og Samlaget lanserte den barnevennlege eboklesaren «Boksnuser» med over 100 titlar til sals.

Det aukande omfanget av norskproduserte bokappar for dei minste har derimot ikkje blitt møtt med eit påfallande stort engasjement frå litteraturkritikken. Eit søk i mediearkivet Atekst avslører at ei typisk melding sjeldan er meir enn ein kort presentasjon av funksjonaliteten til appen, samt eit terningkast. I VG 13. september 2011 vart til dømes «Den lille lesehesten» (Aschehoug) og «Karsten og Petras verden» (Cappelen Damm) vurdert med fattige 106 og 89 ord. I begge omtalane får vi vite mest om kor brukarvennlege appane er. Det einaste som står om den litterære kvaliteten til forteljingane, er at den er «høy». Kjekt å vite, sjølvsagt, men kva betyr det?


Kritikk eller forbrukarjournalistikk?

Foto: Dagbladet

Ei av få som har analysert den digitale barnelitteraturen er barnelitteraturansvarleg i Dagbladet, Marie L. Kleve. I kommentarar som «Spill ei bok» (Dagbladet 07.02.11) og «Lek og litteratur» (Dagbladet 04.06.14), har ho blant anna stilt spørsmål ved den litterære kvaliteten til norske barnebokappar, samt prøvd å seie noko om grensa mellom spel og bokapp. Kleve fortel at den største utfordringa med å melde barnebokappar er å finne den rette balansen mellom omtale av tekniske funksjonar og dei estetiske sidene ved historiene.

– Lesarane er jo naturlig nok svært opptatt av det første, utdjupar ho. – Medan det andre har ein meir naturleg plass i litteraturkritikken. I tillegg er mange appar veldig like, og det er ikkje alltid så mykje å seie om digitale utgåver av kjente papirbøker når appen skiller seg lite frå boka og papirboka er meldt tidlegare.

– I Dagbladet har du ofte presentert fem appar i slengen. Kvart produkt får då ei kort oppsummering med terningkast. Er det ikkje ein fare for at du som kritikar i dette formatet ender opp som ein rein forbrukarrettleiar?

– Jo, konstaterer Kleve. – Og derfor har eg slutta med å omtale mange i slengen på den måten. Då eg begynte å melde barnebokappar, var det heilt nytt, og eg ville først og fremst gi lesarane ei oversikt over kva som fanst. Det vart teke godt i mot, men eg har brukt tid på å eksperimentere og finne ein god måte å gjere dette på. I det siste har eg valt å droppe omtale av dei enklaste appane, og heller bruke spalteplassen til å skrive om dei utgjevingane eg verkeleg har noko å seie om. Då heller i form av ein kommentarartikkel enn ei melding. Eg har også slutta å gjere det fast kvar månad, fordi det ikkje kjem ut nok spennande appar på norsk. Eg meiner det er betre å skrive om ei interessant barnebok på papir enn ei kjedelig bok på brett.


– Mykje «ræl»

På spørsmål om kva som kjenneteiknar den typiske barnebokappen i 2014, svarar Kleve at det i stor grad er snakk om papirbøker overført til digitalt format.

– Det vil seie same tekst og illustrasjonar som i papirboka, men med ei innlesarstemme ein kan skru av dersom ein ønsker det. Nokre appar har også enkle animasjonar eller interaktive element, til dømes bier som summar når du klikkar på dei.

Appar baserte på kjende eventyr og andre forteljingar der opphavsretten har gått ut, er ein annan sjanger Kleve har sett mykje av.

– «Rødhette og ulven» eksisterer til dømes i eit utal variantar. Desse appane er som oftast gitt ut av enkeltpersonar eller eigne appforlag, og her finst det mykje «ræl», for å seie det rett ut.

Viktig med kritikk

Foto: Høgskolen i Telemark

Ingrid Holmboe Høibo er lektor i forming og formgiving ved Høgskolen i Telemark, og arbeider for tida med å undersøke kva som skal til for å overføre den litterære opplevinga frå bildebok til lesebrett. Sjølv om Høibo minner om at det finst «seriøse og veletablerte forlag og spelutviklarar som arbeider med å lage gode bildebokappar for barn», har ho også merka seg «rælet» Kleve peikar på.

–  Fleire har fått den tekniske kompetansen som skal til for å lage slike appar, forklarar ho. – Ofte speler desse appane på klisjeaktige uttrykk, sjablongaktige og fattige bilde med dårleg historie og tekst. Dei brukar det som er av effektar, og resultatet er ofte heftig sansestimulering som endar opp med å berre bli bråk og kaos.

Høibo minner om at nesten kven som helst kan publisere ein app i Apple Appstore eller Google Play. Det gjer appmarknaden uoversiktleg.

– Mange tenker framleis ikkje på kvalitet når dei skal plukke ut appar til barna. Ofte er det kommersielle produkt med kommersielle hensikter som vinn. Når forlaga ikkje fungerer som filter lenger, trur eg kritikaren vil få ei enda viktigare rolle i å guide brukaren fram til dei gode lesaropplevingane.

Kvalitet

Ein kjapp kikk i den norske versjonen av Apple Appstore 9. september 2014, viser godt kva Høibo meiner: To av dei profilerte appane for barn, er bokappar. Dei heiter «Oliver Twist» og «Princess Chocolate», og begge er på engelsk. Skal ein finne fram til dei norske bokappane og ebøkene for barn, må ein altså vite kva ein leitar etter.

Behovet for kritikk av barnebokappar er med andre ord stort, men kven skal skrive den? Og kva skal dei legge vekt på? Før Ingrid Holmboe Høibo vil seie noko om kva kriterer ho meiner bør ligge til grunn for barnebokappkritikken, understrekar ho at ho er påverka av bakgrunnen sin innan bilde- og kunstfag. Det første ho ser etter, fortel ho, er om appen har eit interessant bildespråk.

– Vidare ser eg på teksten og forteljinga. Bildeboka er jo eit samspel mellom bilde og tekst, og dette samspelet kan opptre på ulike måtar. Når samspelet fungerar og er godt, blir ofte boka også god. Ein tredje faktor er designet, heilskapen. Desse tre faktorane opptrer gjerne som tre ulike fagpersonar: illustratøren, forfattaren og designaren. I bildebokapplikasjonar er det gjerne ein fjerde faktor, nemleg teknikaren. Samspelet med denne er gjerne nytt og uvant for bildebokmakarane. Det eg meiner er avgjerande for at bildebokappen skal bli god, er ei forståing for teknikken, eigenarten til bildebokappen, samt ei utforskande haldning til muligheitene som ligg i mediet gjennom til dømes lyd, rørsle og interaktivitet.

– Barnebokklassikarar som Mummitrollet, Albert Åberg og Pippi Langstrømpe har alle blitt barnebokappar. Tilfører det nye formatet noko til historiene «alle kjenner»?

– Ja, det vil eg seie. Særleg Albert Åberg og «Hvordan gikk det» om Mummitrollet har tatt tak i stemninga og essensen i originalkjelda og spela vidare på dette i eit format som vender seg til nye sansar. Utviklarane har tatt fornuftige val når dei har funne fram til stemma til Pippi, lyden av raslinga i lauvet i Mummi-skogen og rørsla til Albert når han går. Det ein må halde klart, er at appane ikkje skal vere ei erstatning for originalane, bokklassikarane. Dei kjem i tillegg, som noko nytt.

Må utnytte mediet

Marie L. Kleve snakkar også om å utnytte mediet når ho skal svare på kva som kjenneteiknar dei beste appane:

– Kanskje fordi det er så få av dei, er eg mest begeistra for appar som gir ei større estetisk oppleving enn det du ville fått ved å lese ei papirbok. Då held det ikkje at vi får noko å klikke på, for det kan ofte vere forstyrrande for historia. Alt må ha ein plass i forteljinga.

– Appen du har skrytt mest av i Dagbladet, er vel «Kubbe lager skyggeteater». Du skriv blant anna at så «ambisiøse og gjennomførte barnebokapper som denne vokser ikke på trær». Kva konkrete kvalitetar er det denne Kubbe-appen har som andre barnebokappar manglar?

– Det er ein av få norske barnebokappar som verkeleg utnyttar moglegheitene app-mediet har til å fortelje ei historie. Oppslaga er uvanleg varierte, samtidig som alle effektane er motiverte av forteljinga. Det er ingenting som forstyrrar. Og den lar seg ikkje overføre til papirformatet utan at mykje av opplevinga går tapt.

Også Ingrid Holmboe Høibo har merka seg skyggeteater-appen til Åshild Kanstad Johnsen: – Dette er verkeleg ein app som spelar på lag med mediet utan å hamne i kategoriane for spel eller film.

Éin mal for alt

Barnebokappar kan vere dyre å lage. Spesielt appane av typen litteraturkritikaren og høgskolelektoren ønskjer seg: Appar som uttnyttar mediet på orgniale måtar. Dei høge kostnadene har blant anna ført til at forlaga prøver å spare pengar ved å bruke same mal på ulike historier. Det heildigitale forlaget Propell har til dømes utvikla si eiga programvare som dei både sel til andre forlag, og brukar til å utvikle eigne utgjevingar. Spørsmålet som raskt melder seg, er sjølvsagt kva som skjer med kvaliteten til appane når alle historiene er fortalde i samme form? Då Kleve melde Propell si abonnementsteneste for barnebokappar, var svaret hennar at historiene blir «gjespande like» (Dagbladet 08.07.13).

Dagleg leiar i forlaget, Per Harald Borgen, forstår kritikken:

– Vi bruker mange gamle eventyr, og dei er jo ofte ganske like kvarandre når det kjem til det narrative. I tillegg er vi nødt til å bygge bøkene etter ein bestemt mal, ettersom vi ikkje har tid eller ressursar til å pakke kvar enkelt bok inn i ei ny form. Dette kan bidra til at uttrykket kan verke litt einsformig.

– Er barnebokapper rett og slett for dyre å lage til at nokon vil ta risikoen det er å realisere orginale idear?

– Definitivt. Skal ein programmere kvar enkelt barnebok frå grunnen av, går ein nesten garantert med underskot, med mindre titlane gjer det bra internasjonalt.

Sjølv om ho er einig i at standardisering av produksjonsverktøya fører til standardisering av den digitale barnelitteraturen, er Høibo positiv når det gjeld framtida til kvalitetsappane:

– Eg trur det vil komme fleire aktørar på banen som vil konkurrere med dei etablerte forlaga, til dømes spelutviklarar, programmerarar og kanskje eigne app-forlag som til dømes det anerkjende og originale engelske forlaget Nosy Crow. Dei gode bildebøkene blir til gjennom eit godt samarbeid mellom forfattar, illustratør og designar, og ofte når desse ikkje er same person, men fleire menneske involvert i eit bokprosjekt. Eg trur bildebokaplikasjonsutviklarar bør lære litt av spelutviklarmiljøet gjennom det å jobbe fleire saman om prosjekta, jobbe i team. Bildebokmakarane må ikkje sleppe arbeidet idet dei er ferdige med å lage teksten, bilde eller designet, dei må i staden følgje arbeidet vidare gjennom heile omgjeringa til app. Bildebokmakarane må ha innsikt i og forståing for applikasjonsarbeidet slik at dei kan påverke korleis dei tekniske løysningane skal opptre i bildebokapplikasjonen.

Barnebokappkritikaren

– Apropos spelutviklarar: Er det nødvendigvis litteraturkritikarar som skal skrive barnebokappkritikk? Kan for eksempel ein spelmeldar gjere ein like god jobb? Eller treng vi kanskje eigne barnebokappkritikarar?

– Med mi faglege bakgrunn meiner eg at kritikk av bildebøker bør utførast av kritikarar som har kompetanse og forståing for både bilde og teksten i bildebøkene, svarar Høibo. – Vidare meiner eg bildebokapplikasjonar ikkje er spel, difor vil ikkje ein spelmeldar gjere ein fullverdig kritikk av ein bildebokapplikasjon. Samtidig bør ein bildebokkritikar sette seg inn i delar av kompetansen til ein spelmeldar når han skal melde ei digital bildebok som nyttar seg av element frå dette feltet. Eigne bildebokappkritikarar som har kunnskap om bilde, tekst, design, spel, film, animasjon, lyd og lyddesign ville jo vore heilt topp!

Fleire av dei tekniske løysingane forlaga bruker, baserer seg på «in-app purchases». Appane er med andre ord gratis, men brukaren må betale for å laste ned «bøkene». Den mest nedlasta barnebokappen frå Appstore – «Karsten og Petras verden»er til dømes gratis å laste ned, men belastar kredittkortet til familien med 49 kroner for kvar historie. I Dagbladet har Marie L. Kleve i fleire meldingar og kommentarar peika på nettopp utidig kjøpepress mot barna, men er det eigentleg ein litteraturkritikar si oppgåve å diskutere slike etiske problemstillingar?

Ingrid Holmboe Høibo meiner ja: – Om appen nesten er gratis i fyrste omgang, men vidare vil koste ein formue å laste ned til fullverdig versjon med alle godbitane intakt, er dette noko ein kritikar kan stille spørsmål til.

Kleve sjølv er meir tvilande: – Eg skulle gjerne sagt nei, svarar ho. – Då dette har med sal å gjere, ikkje litteratur og historieforteljing. Men nokre gonger kjem du ikkje utanom det. Det blir jo også ein del av totalopplevinga.

Med løyve til å vere profetar, er Høibo og Kleve derimot svært samstemte i sine ønske for kva den framtidige barnebokappkritikken bør legge vekt på.

– Eg håpar vi i framtida vil bry oss mest om korleis samspelet mellom tekst, bilde, lyd, animasjon og interaktivitet fungerer, og til saman skaper ei forteljing eller oppleving, konkluderer Kleve.

Også Høibo peikar på samspelet mellom dei ulike elementa: – Det viktige vil vere kvaliteten på den litterære opplevinga, både tekstleg og biletleg, og samspelet mellom desse. Det er i dette møtet den eigentlege litterære opplevinga kjem til syne.

Artikkelen vart først presentert på barnebokkritikk.no 17.9.2014.