Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Det går då framover

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Artikkel,

PUBLISERT

torsdag 7. november 2013

Det har vore harde tak for å bringe barne- og ungdomslitteraturen opp på omtrentleg nivå med vaksenlitteraturen. Einar Økland har bretta opp erma og gjort sitt.

↑ Foto: Tove K. Breistein

– Gratulerer med festivalforfattartittelen under Falturiltu, Einar Økland, korleis kjennest det?

– Eg får seie som politikarane: Det er krevande, med mange utfordringar! Nei, eg synest det er veldig bra med ei markering av dette segmentet av bok-Noreg, barnelitteraturen.

Den prisløna og mangfaldige forfattaren sit på kafeen Samson på kaia i Leirvik og nippar til noko frå bakarst på menykartet, eit par timar før festivalen offisielt opnar og han skal ta imot både Falturiltuprisen og lese dikt. Han skal ikkje få sitje mykje i ro utover i veka, han er involvert i fleire av programpostane. Men andre skal òg gjere si markering av festivalforfattaren. Ei utstilling viser illustrasjonar av ulike kunstnarar frå dei tidlege barnebøkene hans. På ei anna utstilling har tredjeklassingar på Stord laga tekstar og bilde inspirert av Økland-dikt. Elevar på musikk, dans og drama ved Stord kulturskule utfører stunts basert på Økland-tekstar, plutseleg, kan hende på eit kjøpesenter nær deg. Musikkstudentar ved Høgskulen i Stord/Haugesund framfører nye melodiar til tekstane hans, dei har òg laga ein opera av den legendariske boka «Walkman». For å nemne noko.

Fakta


Einar Økland

Fødd 1940, frå Valevåg i Sveio.

Debuterte i 1963 med diktsamlinga «Ein gul dag». Har sidan skrive ei rekke bøker i alle sjangrar.

Var eit sentralt medlem av Profilkrinsen.

Har mottatt fleire prisar for både vaksen- og barnelitteraturen sin.

Er festivalforfattar under Falturiltu 2013 på Stord.

Barnelitteraturen fanst før Rasmus Løland

Vi snakkar om kva ein barnelitteraturfestival som Falturiltu har å seie for synleggjeringa av denne litteraturen. Økland ser ut til å meine at det har skjedd ei utvikling til det betre, som mellom anna har enda i at ein festival som Falturiltu er levedyktig, men han har sjølv vore med på reisa, og trekker fram også dei som kunne ha bidrege, historisk, men som ikkje alltid har gjort det.

– Eg har ikkje sagt dette før, det vil seie ikkje høgt, men Landslaget for norskundervisning (LNU) har ikkje lukkast med å nå skikkeleg fram til barn med litteraturformidlinga si, sjølv om dei har greidd noko så imponerande som å organisere seg rundt eitt einaste fag. Noko matematikarane ikkje har gjort, seier Økland.

I byrjinga var det mange eldsjeler i LNU, fortel han. Stord var ein sentral plass på kartet når laget blei danna, og Økland blei av og til konsultert. Han skreiv i Norsklæreren. Han syntest han var med på noko stort, men har altså sidan konkludert med at LNU kunne nådd betre fram. Til sist dovna dei også av, seier Økland.

– Kvifor dovna dei av?

– Dei fekk familie og sjukdommar og slikt, dei gjekk inn i forlagsredaksjonane, dei blei eldre, pensjonistar, og ingen tok over. Det kom ein apolitisk ungdom etter dei. Ein kultursosiolog burde sagt noko om dette, ikkje eg. Eller Tone Birkeland kunne du spurt, som er barnelitteraturforskar.

– Men det er du som er festivaldiktar.

– Jo jo.

Frå opninga. Einar Økland les. Foto: Falturiltu

Ein kan lure på korleis det var på Rasmus Lølands (1861–1907) tid – mannen som er kjend som Noregs barnebokpioner.

– Fann Rasmus Løland eigentleg opp barnelitteraturen?

– Nei, han gjorde jo ikkje det. Tenk på Henrik Wergeland. Han redigerte eit blad som heitte For Arbeidsklassen, og der kom han på at han måtte ha noko for barna. Så skreiv han fleire vers, nokre oppdragande, men òg leikande. «Jeg aldri mer vil hunden slå, men klappe varlig den…» og så vidare. Ein kar som heitte Carsten Hauch og vaks opp i Bergen, som seinare blei professor i Danmark, gav ut erindringar i to band i 1860-åra. Der er det flotte skildringar av det å vere barn i Bergen sentrum på den tida. Ein annan var Støylen, som gav ut barnerim og regler på 1900-talet, altså frå den munnlege barnekulturen. Før det kom folkeeventyra, og etterpå barnetidsskrifta. Men dette kan nok Tone Birkeland seie meir om, seier Økland.

Han meiner at litteraturen for barn og unge har legalisert interessa for barndom hos dei vaksne forfattarane.

– Det er mykje ein hugsar frå sin eigen barndom, som gir seg utslag i vaksenlitteraturen. Ikkje berre i biografiar, men i innlagte barneskildringar i skjønnlitteraturen. Eg ser på det som ein del av barnelitteraturen; vaksne som tematiserer barndom. Det er ei dobbel forfattarhaldning i det.

Det fryktelege «brotet på tradisjonen»

Sjølv om det er mange før Økland som har «funne opp» barnelitteraturen, er han sjølv kalla pioner innan feltet. Han har vore med på å utvikle barnelitteraturen, men òg bidrege til å betre vilkåra for forfattargruppa. Guri Vesaas i Samlaget er kjend som den som rydda plass forlagsmessig for å gjere ei satsing på feltet, og som gjorde ein eksepsjonell jobb for å få fram ein kvalitetsrik barne- og ungdomslitteratur.

– Guri Vesaas var både motor og råstoff. Ho var ung sekretær med nokre universitetsfag, ho sat og refererte på styremøte i forlaget, og så tok ho tak i dette. Barnebøker var ikkje noko tema på den tida. Når vi prøvde å få same kontrakt som vaksenbokforfattarane, møtte vi motstand, det blei innvendt at barn ikkje kjøper bøkene sine sjølve, det er gåveartiklar. NRK underbetalte Egner og andre i årevis. Når nokon av oss kunne gå inn der og bråke, syntest dei vi var radikale og fæle, men vi fekk gehør etter kvart, og fekk jamgode kontraktar. Så var det innkjøpsordninga. Der møtte vi motstand i vår eiga foreining. Vi hadde «den lille innkjøpsordninga», som Thorbjørn Egner fekk i stand, der ein kjøpte inn 500 eksemplar og ga til barneinstitusjonar for åndssvake og slikt. Eg ønska meg ei tilsvarande ordning som den for vaksenbøker, men fekk det ikkje gjennom, det var «brot på tradisjonen».

– Brot på tradisjonen, ja, men det må jo òg ha hatt noko å gjere med korleis ein såg på barnelitteraturen. Kvifor hadde han så låg status?

– Små barn skal ha små bøker til små prisar. Det var ein forfattar ein gong som skreiv ei bok i GGP-serien. Ho fekk 2000 kroner kontant, og det var det. Det er som Billie Holiday som måtte spele for eingongsbetaling, for fastpris, i staden for å få royaltykontrakt. Det var negerarbeid.

Musikklunsj med Økland. Foto: Falturiltu

I det som Økland trur er band nr. 13 av Thorbjørn Egners lesebøker, blei det bestilt bidrag av Arnljot Eggen og Einar Økland. Dei kravde eit normalhonorar etter vaksensatser. Det fekk dei ikkje.

– Då vil vi ikkje vere med, sa vi. Så fekk eg ein telefon frå Egner som sa at barna ville bli så leie over å ikkje få lese desse vedunderlege tekstane. Men det viste seg at dei allereie hadde trykt 16 000 eksemplar, det var derfor det var om å gjere at vi ikkje trekte oss. Med hjelp frå advokaten i Forfatterforeningen, fekk vi til sist krava gjennom. Hadde tekstane vore eldre enn tre år, kunne dei ha trykt dei utan vidare, men dei hadde bestilt ferskvare. Så dei sat i saksa. Og satsane blei innførte. Når først satsane, kontraktane og innkjøpsordninga var på plass, gjekk det jo på skinner, seier Økland med eit slags optimistisk nikk.

Sjølv på skinnegangen var det fleire utfordringar å ta tak i. Det skulle for eksempel ikkje mykje til før barnelitteraturen var «usømeleg». Ein greip inn over ei låg sko.

– Eg hugsar enno eit møte i ULF (Ungdomslitteraturens forfattarlag) der ein særs from og kristeleg forfattar, som var ein veldig ålreit fyr, reagerte sterkt på at dei bøkene i skulebiblioteka som ikkje var kristelege nok, blei reinska ut. At det var sharialover for dette. Vi andre visste det knapt, og blei like sjokkerte. Mine bøker kunne òg bli oppfatta som skumle og farlege, seier Økland.

Den skumle barnebokforfattaren er glad for at barne- og ungdomslitteraturen i dag har fått meir innpass i akademia. Men det har tatt si tid, det òg.

– Leif Mæhle, som var professor i litteratur ved Universitetet i Oslo, kunne ha gjort ein innsats, men han fekk aldri gjort noko skikkeleg for barnelitteraturen. Så det har vore eit visst påtrykk for å få endra visse høve, gjennom tidene. Historisk sett er det interessant å sjå på utviklinga. Den kunne forresten Tone Birkeland sagt meir om.

– Statusen har òg auka i dag?

– Ikkje i bokhandlane, ikkje på lærarromma, men forlaga ligg jo godt til venstre for bokhandlane, for å seie det slik.

Om å ta vare på ting

Ein programpost under festivalen er at Økland skal snakke med barn om samlarinteressa si. Det vil seie, han vil ikkje ha på seg den programteksten. Han skal snakke med barna om samling. For barn er samlarar. Heime på Valevåg har han eineståande samlingar av blant anna bokmerke, glansbilde, pakkelappar og postkort. Men han synest det er underleg at ikkje dei større institusjonane tar ansvar også for trivialtrykksakene.

– Eg bruker materialet eg har mest som observasjonsgrunnlag, men det er også noko med å ta vare på det. Forskingsbiblioteka har ikkje passa på å skaffe seg alt. Dei har jo ikkje mankolister heller, då ville dei slått til og ikkje latt meg stikke av med eit barnetidsskrift for 20 kroner. Dei er for opptatte med å kjøpe Ibsenbrev til 45 000,-. No er elles alt samla på Nasjonalbiblioteket, av det som er samla. Men det er ikkje alt som er digitalisert, og då må du til Nasjonalbiblioteket for å finne det du leiter etter. Ei i utlånet på Universitetsbiblioteket i Bergen som skal få vere anonym, seier at dette er eit demokratisk problem. Om ein må ta inn på hotell i Oslo for å få tilgang på noko, skaper det sine avgrensingar. Sjølv har eg finansiert mi eiga samling, eg kom til at det var billigare å eige ho.

– Men kva er spesielt med barn og samling?

– Barn har gjennom tidene samla på karamellpapir, fyrstikkar, serviettar, etikettar på bananar og sardinboksar, sigarettpakker osb. For meg er det interessant å fortelje noko om barnekultur, og om varemodellar, stil og design.

– Oppsummert: Korleis ser du på ståa for barnelitteraturen i dag?

– Alt er kommersialisert, sjølvsagt, men i dag er vi einige om at barnebøker skal vere gode. Dei skal ha godt språk, og det skal vere gode kunstnarar som illustrerer bildebøker. Vi har elles mange illustratørar og designarar som får for få oppdrag. Eg synest det er rart at ein ikkje også i vaksenlitteraturen legg meir opp til samarbeid mellom forfattarar og billedkunstnarar. Skandinavisk barnelitteratur har uansett eit godt ord på seg i dag, også i meir kresne samanhengar. Men vi har òg ein situasjon i dag der det blir gitt ut papirbøker som ikkje blir brukt av eit segment av befolkninga, grunna dei elektroniske nyskapingane.

– Er det foreldra igjen som må inn og eventuelt gjere noko med det?

– Eg veit ikkje om ein skal gjere noko med det, men papir og trykksaker lever eit anna liv enn dei elektroniske utgåvene, og fører med seg andre samværsformer. Fordelen med papirboka er at ho er mindre interaktiv. Ein kan halde ting meir inne, ha noko for seg sjølv, tenkje over det. Og boka har ein annan type gjenbruk. Ofte kan det vere lettare å finne igjen ting i bøker enn på nettet.

– Er det sant at barn er eit så velsigna ærleg og oppriktig publikum, liksom betre enn vaksne?

– Zinken Hopp sa ein gong noko slikt som at: «Det blir sagt at alle har fantasi, men alle har ikkje det». Når det gjeld barn, så har jo ikkje dei tilgang på det same som vaksne har, dei har ikkje den same erfaringa.

– Er det det som gjer det til ei anna øving å skrive for barn enn for vaksne?

– Det er alltid ein vaksen lesar implisitt i barnelitteratur, meiner eg. Ikkje som formyndar eller kurator. Men gjennom erindringa av eigen barndom, eigne erfaringar. Eg skulle ønske det var sant at barn er så mykje betre lesarar, men eg trur ikkje på det. Når det er sagt: All litteratur kan sjølvsagt avvisast av både vaksne og barn. Eg avviser mykje god litteratur, det hender eg  ikkje orkar tanken på ei god bok.

– I kva for situasjonar oppstår denne kjensla?

– Det kan vere nok at eg nett har lese ei god bok. At eg er forsynt, seier Økland.

 

Periskop kontakta etter dette Tone Birkeland og spurde om ho hadde noko å tilføye. Ho svarte: «Nei.»

Annonser
Stikkord:
· · ·