Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Ein gymsal blir aldri eit konserthus

KATEGORI

Musikk, Skole,

SJANGER

Artikkel,

PUBLISERT

torsdag 10. april 2014

Er det eigentleg mogeleg å sjå ein skulekonsert som ein vanleg konsert, uavhengig av konteksten rundt? Nei, meiner Kari Holdhus, som for nokre dagar sidan disputerte til doktorgraden med ei avhandling om oppfatninga av kvalitet i skulekonsertar.

↑ Dette er ikkje ein gymsal. Oslo-Filharmonien i Konserthuset under introduksjonskonserten til dirigent Vasilij Petrenko. Foto: Hans A. Rosbach

Musikarar og kunstnarar kan av og til oppfatte seg sjølve som nokon som kjem inn i skulen frå ei anna verd. Dei ynskjer å by på noko heilt anna enn det elevane får til kvardags. Med dette har kongstanken vore at det kunstnarlege produktet skal stå mest mogeleg for seg sjølv. Men gjev denne tilnærminga meining i konsertopplevingane hos elevar i 2014?

Skulane misser engasjementet

Etter fleire års graving i feltet tvilar Kari Holdhus på det.

– Det er ikkje vits i å tenkje seg at gymsalen er Oslo Konserthus. Den er ikkje det, og det er ikkje relevant å prøve å få han til å bli det heller, seier ho.

I slutten av mars disputerte ho med avhandlinga «Stjerneopplevelser eller gymsalsestetikk – en studie av kvalitetsoppfatninger i skolekonsertpraksiser» I avhandlinga analyserer ho korleis musikarar sitt kvalitetsomgrep er konstruert, og går inn på påverknadene som skjer naturleg når skulen er konsertarena. Ho spør kvifor skulekonsertane, som har vore ein del av norsk skulekvardag i over 40 år, aldri har vorte nokon viktig del av læringsmiljøet. Holdhus sitt materiale tyder på at musikarane si definisjonsmakt over kvalitetsomgrepet er så sterk at lærarar ikkje kan bidra eller ytre seg. Og då blir konsertane noko det ikkje er så interessant for lærarane å ta eigarskap over. Den verkorienterte kvalitetsoppfatninga musikarar har til skulekonsertpraksisen er ikkje gangbar mynt i skulen, og då misser skulane engasjementet.

Fakta


Kari Holdhus er tilsett ved Høgskolen Stord/Haugesund, avdeling for lærarutdanning og kultur, musikkseksjonen. Tilknytta forskingsprogrammet for kultur- og kreativitetspedagogikk.

Tidligare redaktør i bladet «Musikk-kultur», og i perioden 2002–2009 tilsett som skulekonsertprodusent og koordinator for Den kulturelle skolesekken i Rogaland.

Doktorgraden byggjer på faglærareksamen i musikk frå Musikkonservatoriet i Bergen og cand.philol.- grad i musikkpedagogikk frå Høgskolen i Bergen.

Skulen er ein læringsinstitusjon

Med dette har ho allereie teke livet av myten om at skulekonsertbesøka kan vera konsertar på lik linje med konsertar andre stader. Det gjer det sjølvsagt ikkje umogeleg for elevane å få gode konsertopplevingar, men dei kan aldri bli like dei ein kan få i eit konserthus eller ein opera. Elevane er på ein stad dei er vane med å skulle lære noko, og oppfører seg deretter. Dessutan er dei nøydde til å gå på konserten. Det same gjeld lærarane, og dette kan ingen av partane rive seg laus frå.

Kari Mette Holdhus er professor ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Trine Grieg Viig

– Skulen er jo ein læringsinstitusjon, seier ho. – Det er ein stor og sterk institusjon med lang historie, som gjer han til ein didaktisk kraft som antakeleg er sterkare enn kunsten til slutt. Og all den tid konsertane gjestar skulen som institusjon, vil det vera dei didaktiske kvalitetsoppfatningane som regulerer skulen og lærarane sin interesse for dei.

Holdhus trur heller ikkje at det er noko poeng å skilje så sterkt mellom oppleving og læring.

– Det ville vore meir nyttig å reflektere meir over korleis kunstopplevinga kan utløyse læring, sjå på kunstopplevinga som læringsbasert, slår ho fast. – Eg trur at forankring av skulekonsertar ville vore lettare viss hendingane hadde vore sett på som likeverdige relasjonar i ei kunstdidaktisk ramme.

Men Kari Holdhus har ikkje alltid tenkt slik. Ho har hatt mange ulike jobbar innan musikklivet, og fram til for nokre år sidan trudde ho òg på myten om dei opne, frie og kreative borna ein musikar på turné skulle møte.

– Det er noko schillersk og ubesudla over det idealet. Men det vi veit om estetisk læring og opplevingar hos elevar i Norge i 2014, er at opplevingane må vera baserte på handling og relasjonar, og tillate initiativ frå elevane. Ei performativ og relasjonell tilnærming til fleire av konsertane ville skapa meir meining for elevane, seier ho.

«Av høy kunstnerisk kvalitet»

Men kva er kunstnarleg kvalitet sett frå ein skulekonsertmusikar sin ståstad? Og frå Rikskonsertene?

I Rikskonsertene blir kvaliteten til utøvarane vurdert etter den einskilde sin kompetanse som utøvande musikar. Det gjer at skulekonsertmusikarar alltid held eit høgt nivå som utøvarar, for dei har vore gjennom ei grundig siling. Produksjonane vert for det meste utarbeidde anten av musikarane eller av musikarar og produsent saman. Etter første eller andre turné blir produksjonane vurderte av programrådet. Dette sikrar på mange måtar kvaliteten i kvar einskild produksjon, men Holdhus meiner likevel at køyrereglane og strukturen påverkar handlefridomen ein god del. Ho har sjølv vore både produsent og musikar i skulekonsertsamaheng.

– Skulekonsertane sitt programråd vurderer produksjonane opp mot konsertforma. Dette gjer at kvalitetar som er viktige i andre former ikkje blir rekna som kvalitet. Det vil vera andre kvalitetskriterium i ein workshop enn i ein konsert. Dessutan vert det kunstnarlege i skulekonserten rekna til berre å omfatte framsyninga. I meir relasjonelle former reknar ein óg førebuing, felles diskusjonar og kommunikasjon om utarbeiding som ein del av det kunstnarlege verket, seier ho.

To eller tre i tre kvarter

Kari Holdhus trur òg at sjølve strukturen på skulekonsertordninga pregar produkta ganske mykje. Av praktiske og ressursmessige omsyn har skulekonsertproduksjonar sjeldan meir enn tre utøvarar. Ofte er det berre to, og alle skal vera musikarar. Konserten varer sjeldan lenger enn 45 minutt. Alt dette set sjølvsagt rammer for kva det er mogeleg å lage.

Holdhus undrar seg over at Rikskonsertene held så hardt på denne strukturelle ordninga.

Då Periskops anmeldar Jon Wesseltoft skreiv om Body Rhythm Factorys konsert i regi av DKS nyleg, meinte han at barna, publikummet, vart parkert litt mykje på sidelinja. Foto: Body Rhythm Factory / www.lms.dk

– Eg har leita etter ein stad i eit offentleg dokument der det skal stå at Rikskonsertene pliktar å sørge for at alle skuleborn får to konsertar i året, men finn det ikkje. Så dette er noko dei pålegg seg sjølve. Eg meiner denne ramma er internt produsert. Ho burde ha vore opna opp slik at ein kunne skapa meir differensierte kunstnarlege former, seier ho.

Etter som musikarane aldri har tid til å vera på skulen korkje før eller etter konserten, er alt for- og etterarbeid opp til lærarane. Dei får tilsendt materiell frå Rikskonsertene, men det er opp til kvar og ein skule om dei synest dei har tid til å gjera noko med det.

Konservativ institusjon

Kari Holdhus meiner at skulekonsertane til Rikskonsertene er det mest konservative innanfor DKS-ordninga, og dei står for så godt som heile tilbodet på musikksida av DKS. Skulekonsertane har vore på vegen i over 40 år, og då den landsomfattande kulturelle skolesekken kom i gang rundt år 2000, var det skulekonsertordninga som sette normen for arbeidet med dei andre kunstuttrykka. Det gjorde at det vart etablert omfattande turnéverksemd innanfor dei andre kunstuttrykka, og dei fleste produksjonane vart produserte sentralt og sende ut på vegen. Men i åra som har gått har det skjedd ein del, og i dag kan det sjå ut som produksjonane innan scenekunst og visuell kunst er meir differensierte i forma enn konsertane.

– På mange måtar finn eg at Rikskonsertene reproduserer seg sjølve, seier Holdhus. – Dei definerer sine eigne kvalitetskriterium og står for ein stor del av opplæringa av nye musikarar og produsentar. Produsentane har svært ofte bakgrunn som musikarar. Eit grep for å endre på ein del litt for etablerte haldningar i skulekonsertordningane kunne vera å tilsetje nokre produsentar med grunnskulebakgrunn, seier ho.

Flaskepåfyllingspedagogikk

Sjølv har Kari Holdhus stor sans for Teaching Artists. Dette omgrepet skriv seg opprinneleg frå USA på 1980-talet, då Ronald Reagan var president. Han fjerna alle estetiske fag frå skulen, og det gjorde at kunstnarar gjekk inn og tok over kunstfagundervisinga i samarbeid med lærarane. Seinare har liknande modellar etablert seg i England. I Noreg vert dei kalla kunstnar-lærarar. Skodespelaren Johannes Joner var den første av dei her til lands, men no blir det stadig fleire, og kunstproduksjonssenteret Seanse ved Høgskulen i Volda held kurs for nye. Holdhus har tru på modellar der kunstnarar går inn i skulen og jobbar med elevane over tid.

– Den tradisjonelle skulekonserten bryt òg med idealet om det kompetente barnet, seier ho. – Det blir ein type flaskepåfyllingspedagogikk der ein fortel ungane at «dette er bra for dykk.»  Men ungar i dag er vane med å vera i aktivitet heile tida, og dei er vane med å bli lytta til og få bearbeide inntrykk gjennom eiga skaping. Så kan ein seie at dei kanskje hevdar seg litt vel mykje nokre gonger, men det å berre sitja stille og høyre på er ulikt nesten alt anna dei held på med. Ein kan godt seie at det nettopp av den grunnen har ein verdi i seg sjølv, men intuitivt responderar ungane sanseleg på kunstuttrykk, med armar og bein. Og då bør dei få vera med sjølve, avsluttar Kari Holdhus.

Annonser
Stikkord:
· · · ·