Fantastikk og fanteri på nynorsk




For første gong var det ikkje ein offisiell festivalforfattar på Falturiltu. I år fokuserte festivalen på eit tema og ikkje på ein forfattarskap. Fantastikk og fanteri var den raude tråden i årets Falturiltu-program.

På lista over dei mest utlånte bøkene for barn og ungdom på biblioteka i landet, dominerer serielitteratur, mysterielitteratur og omsett litteratur. I tillegg er fantastisk litteratur representert på utlånslista og salslistene, og klarar innimellom å blande seg inn heilt i toppen av listene. Den tidlegare bestseljaren Harry Potter er framleis populær. Mange av dei store fantasy-suksessane er internasjonale, men også her i landet blir det skrive mykje kritikarrost fantasylitteratur. Eit døme er serien «Ravneringene» av Siri Pettersen, eit anna er «Halvgudene» av Falturiltu-gjest Mari Moen Holsve. Også Lars Mæhle var til stades på festivalen, i 2009 vann han Uprisen for fantasy-romanen «Landet under isen».

Populariteten til fantastikken heng kanskje saman med dei gigantiske filmatiseringane av bøker som «Ringenes Herre/Ringdrotten»¸ «Hobbiten» og «Harry Potter». Men det stoppar ikkje med dei. Til våren kjem spelefilmar med utgangspunkt i ny nordisk fantasy som «Sirkelen» av svenske  Mats Strandberg og Sara B. Elfgren, og «Skammarens dotter» av danske Lene Kaaberbøl. Film gjer at litteraturen når ut til ei større målgruppe, samstundes byggjer filmatiseringane på bøker som allereie har vist at dei når eit stort publikum. Det kan difor ikkje vere slik at filmane kan ta all æra for at fantastikken er så populær. I år utforska Falturiltu fleire fantastiske univers, og synte fram ulike måtar å arbeide med fantasy på. Deltakarane på festivalen fekk høyre forfattarar snakke om universa sine, og oppleve korleis studentar og elevar fortolka nokre av desse universa.

Festivaltema

Ein del av fantasy-litteraturen i Noreg kjem ut på nynorsk, men sjølvsagt ikkje all. Falturiltu via plass til heile feltet, mellom anna ved å invitere bokmålsforfattarar. For Falturiltu gjorde valet av eit festivaltema, i staden for ein festivalforfattar, at festivalen nok fekk ein meir allmenn appell, også utanfor dei nynorske kjerneområda. Om vi ser på dei tidlegare åra festivalen har vore arrangert, finn vi at det er fleire sunnhordalendingar på lista over festivalforfattarar. Det er ein fare for at festivalen kan bli for lokalt innretta om arrangørane hentar hovudgjestane frå eit avgrensa geografisk område. Å gjere fantastikk og fanteri til eit overordna tematisk bindeledd i år, verka dermed som ei god avgjerd.

Likevel kan ein kanskje påstå at det var ein forfattar som praktisk talt blei hovudgjest, sjølv om ho berre var til stades opningsdagen. Då var Lene Kaaberbøl først med på Stallturiltu der ho snakka om Sølvhest-trilogien saman med den norske fantasy-forfattaren Kristine Tofte, og så på festivalopninga. Gjennom festivalveka presenterte studentar ved Høgskulen Stord/Haugesund ein opera etter «Skammarens dotter»-boka hennar, og sjetteklassingar på Stord-skulane var ansvarlege for ei utstilling på kulturhuset inspirert av same bok. På ei av operaframsyningane var salen på høgskulen heilt full. Langs veggane stod oppspilte barnehagebarn og følgde intenst med på stykket. Ingen andre forfattarskap fekk så mykje merksemd desse festivaldagane som ho som ofte vert omtalt som Nordens fantasy-dronning.

Skriving for å pirre fantasi og undring

På seminaret «Fantasi og fanteri» var forfattarane Tor Arve Røssland, Erna Osland, Mari Moen Holsve og Lars Mæhle invitert til å fortelje om korleis dei skriv om det fantastiske i litteraturen. Av dei fire var det berre Erna Osland som ikkje aktivt hadde prøvd å skrive ein fantasy-roman. Osland søker etter det fantastiske i fakta som utgangspunkt for undring og refleksjon. Tittelen på innlegget hennar «Når eg skriv at det vesle saksedyret brettar vengene 40 gonger etter kvar flygetur, kunne ikkje det vere starten på eit eventyr?», er eit døme på det. Den nyaste boka, «Under ein stein», viser faunaen under steinane, og kvar sidevending imiterer rørsla det er å løfte opp ein stein. For Osland handlar skrivinga om å pirre nysgjerrigheita, og målet er å skrive slik at barn og vaksne saman undrar seg over det fantastiske i naturen.

Ifølgje Osland er mykje av faglitteraturen for barn og unge prega av eit for akademisk og distansert språk.

– I fagbøkene er ofte språket vanskeleg og utilgjengeleg. Forteljargrepet i fagbøkene mine går ut på å flytte det fantastiske, på eit eller anna vis, heilt nær til lesaren, sa Osland.

Dårleg språk kan i verste fall drepe den nysgjerrigheita, innlevingsevna og fantasien som ligg til grunn for trongen og lysta til utforsking hos lesarane. Hos Osland er ikkje fanteriet å finne i det fantastiske, men er noko som blir utforska i illustrasjonane. Ho peika på korleis illustratørane ho har jobba med, har utvikla og fantasert vidare på dei faktaopplysningane ho skriv om.

Før Osland sitt foredrag snakka forfattar Tor Arve Røssland om kvifor skrekk og gru er så forlokkande for mange unge lesarar. Røssland gjorde eit poeng av at mykje av spenninga er knytt til dei bileta lesarane dannar seg i lesinga, og at spenning difor er avhengig av fantasievna til lesaren. Det fantastiske hos Røssland og Osland er både ein kvalitet i teksten og forteljargrep som vender seg direkte til lesaren.

Røssland viste til si rike erfaring frå skulebesøk då han hevda at elevane liker det som er ukjent i tekstene, og særleg liker dei å bli skremt. Vampyrar, zombiar og all slags udyr er velkomne skapningar i tekstane dei les.

– Elevane liker å høyre at dei eigentleg berre lèt som om dei blir skremde. Dei sit jo her og er heilt trygge, men likevel blir dei skremde. Det gir ei mestringskjensle å våge.

Fordommar

Etter lunsj var det klart for to forfattarar som har skrive det mange tenkjer på som klassisk fantasy med eit litterært univers som skildrar eit mellomaldersamfunn der ein ung helt går til kamp mot vonde kreftar. I sin gjennomgang av ei rekkje sjangertrekk diskuterte Lars Mæhle fordelane ved å skrive i ein sjanger som har så tydelege og ofte faste konvensjonar som må oppfyllast. Mari Moen Holsve søkte å utvide eit stereotypt bilete av fantasy-litteratur ved å gå i dialog med ein del fordommar ho møter som forfattar og lesar av litteratur i sjangeren. Denne tenkte dialogen var eit humoristisk og energisk innslag som opna opp og inviterte utanforståande inn i kva fantasy kan vere.

Fantastisk litteratur er i vinden og har lesarar i alle aldersgrupper. Holsve viste at mange av innvendingane handlar om at tekstane presenterer for komplekse og vanskelege univers, samstundes som handlinga slavisk følgjer ei oppskrift. Det kan så vere, seier Holsve, men som i alle andre sjangrar er breidda og forskjellane store også innanfor fantastisk litteratur.

Fantastikkens posisjon

Dei siste åra har fantastisk litteratur vunne prisar, og fleire titlar har blitt nominerte. Ein finn bøkene på bestseljarlister, og litteraturfestivalar diskuterer sjangeren. Eit viktig poeng, som fleire av forfattarane var inne på, var at dei skuleelevane som seier at dei les, les gjerne fantasy. Fantastisk litteratur er ikkje berre sære bøker for ei lita gruppe unge, ofte kalla nerdar – eller særingar, i følgje Moen Holsve, men har ei vid lesarskare.

Det er klart at det å involvere seg i ein tekst som går føre seg i ei ukjent og magisk verd, krev ein stor grad av innleving frå lesaren. For unge er terskelen likevel låg inn i desse universa ved at dei ofte presenterer ein ung helt som møter mange av dei same emosjonelle og sosiale konfliktane som lesarane. Karikerte og til tider overtydelege motsetningar er eit anna trekk. I eit fantastisk formspråk fungerer slike forenklingar ofte betre enn dei gjer i realistiske tekstar. Fantasy viser fram moralske og etiske problem på ein spennande måte. Vanlege tema er rasisme, religion og samfunnskritikk.

I år gjorde Falturiltu ein viktig jobb med å formidle fantastisk litteratur til barn og unge. Kanskje var jobben like viktig i møte med dei vaksne formidlarane som deltok på festivalen. Korleis skal lærarar, bibliotekarar og andre vise fram fantastisk litteratur om dei har sterke personlege motførestellingar mot sjangeren? For å minske gapet mellom den vaksne formidlaren og dei unge lesarane er kunnskap om bøker i fleire sjangrar avgjerande, og viss Mari Moen Holsve har rett, er det framleis ein jobb å gjere for å byggje ned fordommane mot sjangeren. Kvifor er det flauare å lese fantasy på bussen enn «50 shades of grey»? Er det sosialt akseptert å sjå fantasy-filmar, men i mindre grad greitt å lese bøkene?

Festivalen kunne med føremon i større grad ha utfordra innleiarane og tilskodarane til diskusjon. Eit par gonger kom ulikskapar mellom forfattarane fram. I staden for berre å leggje opp til individuelle innlegg, kunne ein ha førebudd ein debatt mellom ulike aktørar på feltet. Kva om ein kritikar hadde vore med i ein diskusjon om kvalitet i den nye fantastiske litteraturen i Noreg? Eller ein lærar med erfaring frå fantasy-lesing i skulen? I staden for litt for mange morosame og koselege skulebesøk-historier, kunne ein utfordra deltakarane direkte i møte med problemstillingane forfattarane var inne på.

 

Saka vert samtidig publisert på barnebokkritikk.no, då Periskop og Barnebokkritikk har samarbeidd om dekninga av Falturiltu. 

Lenke til programmet: http://www.falturiltu.no/program-2014-2/

Les også: «Tankar frå falturiltu» 28.11.2014

Frå dekninga av Falturiltu i fjor:

«Litteraturen skal fram!» 5.11.2013

«Det går då framover» 7.11.2013

«Kva opnar seg?» 11.11.2013

«Barnelitteratur som kunstform» 12.11.2013

Fantastisk dyr. Foto: Jørn Olav Myhre


STIKKORD: