Formidlingsseminar avdekker lydhøre institusjonar




Nasjonalmuseets seminar bidreg med dømer på korleis formidlaren kan kombinere det som tradisjonelt har vore på utsida av institusjonen med innsida. Men sjølv om måla er tydlege, er vegen ein går for å koma dit framleis uklar.

Ein gong i året kjem formidlingsansvarlege frå museum i inn- og utland saman for å dele erfaringar og diskutere kjernespørsmål under Nasjonalmuseet sitt formidlingsseminar. På heimesida melder dei at seminaret, som er i sitt åttande år, tek mål av å vere ein plattform for gode dømer, og tenking om formidling. I år stod scena på Sentralen i Oslo, og gjestane strakk seg frå dyktige akademikarar på heimebane til utdanning- og publikumsansvarlege frå kjerneinstitusjonar som Van Abbemuseum i Nederland og The Museum of Modern Art (MoMA) i New York.

Ei utfordring alle formidlarane hadde var å handtere publikumsmøta i ei samtid der historie- og fagkunnskap stiller underlegent. Tilnærminga hjå Deichmanske bibliotek på Tøyen (Biblo Tøyen) og Van Abbemuseum markerte seg med eit ynskje om å ta inn publikumsgrupper som tradisjonelt ikkje har vore inkludert i formidlingsgrepa til institusjonane. Dette viser til ei generell trend i formidling om å ta utgangspunkt i ei oppfatning av publikum basert på erfaring, ikkje forventningar. Men kva er konsekvensane og erfaringane slike metodar tar med seg?

Nasjonalmuseets formidlingsseminar


2. februar-3. februar 2017 på Sentralen Oslo.

Organisert av Nasjonalmuseet siden 2009.

Foredragsholdere
Boel Christensen-Scheel, formidlingsrådgiver, Nasjonalmuseet

Marleen Hartjes, Coordinator for Special Guests, Public Meditation and Education, Van Abbemuseum

Line Engen, utstillingskurator, Helga Gravermoen, formidlingskurator, Aase Texmon Rygh. Evighetens form, Nasjonalmuseet

Pablo Helguera, Director of Adult and Academic Programs, MoMA

Ellen Sæthre-McGuirk, førsteamanuensis, Nord Universitet

Mette Byriel-Thygesen, museumsinspektør Formidling, Nationalmuseet, Danmark, Astrid Rørdam, lærer Blågård skole, Danmark

Jet van Overeem, Curator and Head of Education, Gemeentemuseum Den Haag

Reinert Mithassel, daglig leder, Biblo Tøyen

Sarah Saunders, Director of Learning and Innovation, V&A Museum of Design

Christin Fonn Tømte, formidlingskoordinator, Nasjonalmuseet

Omsyningsform på vilkåra til publikum

I sitt foredrag presenterte Marleen Hartjes, koordinator for formidling ved Van Abbemuseum, meirverdien ved eit inkluderande museum. Særskilt vekta ho ei nemnt publikumssentrert formidling. Med det meinte ho at dei set situasjonen til museumsgjesten over trongen museet sjølv har til å fortelje ferdigstøypte historier om gjenstandane i samlinga.

Synshemma på gjesting i eit kunstmuseum vart eit verknadsfullt døme då kunsten sjølv ofte forutset syn. Hartjes la fram korleis dei i samarbeid med interesseorganisasjonar og testgrupper bygde ei omsyningsform som var på vilkåra til dei med nedsett syn. Dette innebar å ta på enkelte verk, å herme posisjonane skulpturane syner for slik å forkroppe erfaringa av verket som inngangsport til meining, miniatyrmodellar, og plater med hovudkomposisjonar frå todimensjonale verk i relieff ein kan gli fingrane over.

Inkorporerer morsmål

I eit videointervju vist under foredraget til Hartjes, hevdar ein av deltakarane i formidlingspublikum at grepa Van Abbemuseum har teke «er som å møte kunsten på sitt morsmål». Her råkast ei hovudnerve, for å kunne formidle må ei omsetjing finne stad, innhaldet får ei fordobling i form når gjestane møter verket i seg sjølv og verket slik formidlaren forstår og presenterer det.

Ved Van Abbemuseum inkorporerer dei innsiktene til «morsmålbrukerane». Både ved å annonsere dei som ynskja gjestar ein legger til rette for, men òg i tradisjonell forstand ved å tilsette synshemma formidlarar som omvisar både for sjåande og blinde. På sikt ynskjer museet å tilsette dei i stillingar som utstillingskuratorar. Slik håper museet å opne opp for nye metodar for å besøke og forholda seg til museet.

Det opnar for at gjenstandane let seg forstå utifrå andre meiningshorisontar enn dei arva, som set synssansen over dei andre sansane til mennesket, men óg dei førdomane einskilde har med seg inn i museet. Tanken i seg sjølv er gamal, men at den får eit omfattande fylgje er nytt.

Marleen Hartjes fra van Abbemuseum. Foto: Frode Larsen/Nasjonalmuseet.

Modellen Biblo Tøyen brukar understrekte for meg at tilhøyra er eit val, og at romma i det offentlege må bygge opp ein fylgjarskare om dei skal halde fram.

Tillitsbygging og forvitenskap

På andre dag av formidlingsseminaret fortalte dagleg leiar for Biblo Tøyen, Reinert Mithassel, om endringane dei har gjennomført før opninga i mars 2016. Tøyenfilialen av Deichmanske bibliotek er omgjeven av den mest samansette folkesetnaden i hovudstaden, og har fått eit økonomisk løft det er vanskeleg å ikkje sjå i sambanda med at Munchmuseet er på veg ut av nabolaget. Det siste året har Biblo Tøyen pussa opp etter mål om å bli eit bibliotek for menneske, «ikkje for bøker som likar å stå urørte i metallhyller», som Mithassel skildra det. Vidare ynskjer dei å bygge eit rom ved sidan av familie, religion, skule og normalitetskrava frå konsumkulturen.

Utforminga av dei nye romma har leiinga ved Biblo Tøyen ikkje suge av eige bryst, men kome fram til i workshopar med lokale born og ungdomar, der ynskja etterskotsvis er forfina i samarbeid med fagfolk. Mathissel nemnde mellom anna ynskjer om å ha eit miljø å slappe av i (chille), der takhøgda tillét eit sett av verdiar som å «vere seg sjølv» heller enn å streve etter å ha like merker og eigendelar. Grep som å stenge ei avdeling for vaksne og gjere den om til eit rom for dei mellom ti og femten år, og å stokke reglane til romma om, vart tekne i bruk.

Modellen Biblo Tøyen brukar understrekte for meg at tilhøyra er eit val, og at romma i det offentlege må bygge opp ein fylgjarskare om dei skal halde fram. Formidlarane har ei grunnleggande rolle i å reprodusere kjensla av tilhørsle. Biblo Tøyen ser ut til å lykkast med dette, gjennom å la borna vere med å forme spelereglane i staden for å berre lære å fylgje dei. Samtidig viser Biblo Tøyen at ein ikkje berre kan gi borna det dei trur dei vil ha, ein er nøydd å bygge eit tillitsmiljø for å gripe og utvide det borna førestiller seg er mogleg for det framtidige seg.

Van Abbemuseum og Biblo Tøyen baud fram modeller til etterfølgje med potensial for eit vidare nedslagsfelt, då endringa gjeld museet sjølv og ikkje ei gruppe gjestar. Modellane føreset at formidlarane har tillita frå sine overordna slik dei sjølve har, utan at dei adresserar korleis denne er vorten bygd opp. Det er ein prekær situasjon som får meg til å tenke på korleis formidlarane kan møte usemje internt.

Lærer å være lydhøre

Eit anna eksempel med god motivasjon, men manglande gjennomføring, er Nationalmuseet i Danmark. Når dei adopterer ei skuleklasse, slik museumsinspektør ved institusjonen Mette Byriel-Thygesen og lærar Astrid Rørdam fortell om på seminaret, blir me vist korleis ei tett oppfølging (månadlege vitjingar over ni år) kan endre bruk av museet i skulefritida. Men modellen deira synast ikkje vera tøyeleg. Å utvide den til å dekke alle skuleklasser i byen ville ikkje vere råd, og modellen syner seg som ein for dei få. Det teiknar bilete av danning som forfininga av tanken, og vona om at ho skal sprei seg mellom menneska som eit heldig virus. Dette blir sittande i kontrast til den mykje meir fleksible modellen lagt fram av både Van Abbemuseum og Biblo Tøyen.

I ei verd med omfattande informasjonsstraumar og «falske fakta» er gåva me kan gje dei oppveksande borna kjeldekritisk sans, dømekraft og tillit til eigen observasjonsevne, slik formidlingskoordinator ved Nasjonalmuseet, Christin Fonn Tømta, trekte det saman i sluttinnlegget. Målet «danning» er tydleg, men korleis skal formidlarane få til rørsla frå fyndord til handling? Formidlaren skildrast som «brua» mellom innsida og utsida av institusjonen. Men spørsmålet som står igjen for fleire av dei som presenterte, er korleis formidlarar kan lære å være meir lydhøyre når det kom til lærdom frå gjestane.

 

Periskops ansvarlige redaktør Gerd Elise Mørland har erklært seg inhabil i forbindelse med saker som angår Nasjonalmuseet på grunn av et pågående kuratoroppdrag. Kristina Ketola Bore har derfor fungert som setteredaktør for saken.

Målet «danning» er tydleg, men korleis skal formidlarane få til rørsla frå fyndord til handling?