Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Førskuleborna diggar barokk

KATEGORI

Musikk, Skole,

SJANGER

Artikkel,

PUBLISERT

torsdag 28. august 2014

– Vi ser at unge lyttarar set størst pris på musikk frå barokken og wienerklassisismen og frå si eiga samtid. Hundreåra imellom er dei ikkje så opptekne av, fortel festivalsjef Per Erik Kise Larsen ved Risør kammermusikkfest, som arrangerte Barnas ønskekonsert i slutten av juni.

↑ Barnas ønskekonsert. Stian Carstensen på banjo. Foto: Liv Øvland/Risør kammermusikkfest.

Ønskekonserten er bygd på eit enkelt, men velfungerande konsept: Ungane får bli kjende med ulik klassisk musikk i barnehagen og SFO, og etter nokre veker røyster dei over kva dei vil høyre på konserten.

På konserten er alle førskule- og SFO-barna sikra adgang, men i tillegg er det ope for alle andre interesserte så langt plassen tillet det. Born er uansett prioriterte.

Cembalomusikk på topp

Det var festivalsjef og direktør i Det Norske Kammerorkester,  Per Erik Kise Larsen, og dei kunstarlege leiarane Henning Kraggerud og Lars Anders Tomter som plukka ut programmet i år. Det vart spela inn på cd og sendt ut til alle barnehagane og SFO-ane i Risør i midten av mai. Musikkutvalet var variert, med musikk fra Bach til festivalprofilen av året, Sofia Gubaidulina.

Denne musikken fekk ungane høyre i samlingsstunder og andre samanhengar. Korleis og kor mykje varierte, men etter nokre veker var rankingen klar. Røystene varte talte opp og køyrt saman av det kunstnarlege rådet som òg plukka ut litt annan musikk i pakt med smaken borna har lagt for dagen.

– På første plass valde borna einstemmig eit stykke for solo cembalo av Bach, fortel Kise Larsen. – På andre plass kom siste satsen frå den såkalla sigøynertrioen, Klavertrio nr. 39 av Haydn. Eit anna Bach-stykke for cembalo og fløyte vart med, og ein sats frå Bartoks strykekvartett framført av Vertavokvartetten. Griegs to Nordiske melodier – Kulokk og Stabbelåten – vart framførte med eitt klaver og fire hender, og multiinstrumentalisten Stian Carstensen fantaserte over melodiar som borna sjølve kom med framlegg om, fortel han.

Det seier seg sjølv at stykka som blir spela er ganske korte. Mange av førskuleborna er heilt ned i 3-4 års-alderen, og held ikkje ut så lenge av gongen.

Appellerar til ro

Preferansane  for barokkmusikk er ikkje på nokon måte tilfeldig, meiner Kise Larsen.

– Vi ser stadig at unge menneske likar barokk og wienerklassisisme. Det gjeld ikkje berre førskuleborna. Vi ser det same når vi arrangerar konsertar for dei unge vaksne. Dei likar musikken frå 16- og 1700-talet i tillegg til den frå si eiga samtid. Det som er imellom, frå romantikken og impresjonismen, er dei ikkje så opptekne av.

Per Erik Kise Larsen

Bach. Elias Gottlob Haussmann (1748)

Vi grublar litt saman på kva som gjer dette. Kanskje er det på grunn av at det er mange fine, songbare melodiar, undrar eg, og tenkjer på treåringen min som går og syng på Vivaldi-konsertane storesystra spelar og likar. Kise Larsen trur kanskje at det kan ha med den konsise rytmikken å gjera. Eller med roen som andre delar av musikken representerer.

– Vi ser at musikk som appellerar til ro gjer noko med salen, seier Kise Larsen.

Særskild verknad av musikken

Dette perspektivet blir til dei grader stadfesta av pedagogisk leiar Guro Kirkhusmo og fagarbeidar Karin Bulman i Frydenberg barnehage i Risør.

– Det skjer noko med ungane når vi kjem inn i konsertlokalet, fortel Bulman, som var der i følgje med rundt 25 3-4 åringar i år. – 3-4 åringane kan vera ganske viltre, men på konserten klarar dei å sitje stille i tre kvarter! Dei roar seg ned når dei høyrer musikken. I år var det ein som sovna, fortel ho.

Bulman skryt òg av måten den kvinnelege konferansieren kommuniserte med ungane på. Ho klarte å fange merksemda deira på ein fantastisk måte.

– Det er jo ikkje denne musikken dei fleste borna høyrer til dagleg, men musikken har ein heilt særskild verknad på dei, seier Bulman. Men sjølve røystinga er ikkje førskuleborna med på, den er det dei store SFO-ungane som tek seg av.

Initiativ frå barnehagen

Kanskje er borna i Frydenberg barnehage meir vane med å høyre klassisk musikk enn mange andre. Gjennom heile året brukar dei til ein viss grad klassisk musikk i samlingsstundene. Pedagogisk leiar Guro Kirkhusmo, som akkurat er komen attende til barnehagen etter nokre år andre stader, fortel at ønskekonserten i Risør faktisk var deira initiativ. Ein sommar for 4-5 år sidan heldt dei på med å bli kjende i nærområdet gjennom både natur og kultur.

– Då kom vi brått på at vi hadde ein kammermusikkfest her i byen – den måtte vi bruke til noko! Så vi vandra ned til byen og oppsøkte ein gratiskonsert. Vi gjekk inn, og ungane sat som nokre lys! fortel Kirkhusmo.

På konserten vart dei tekne vel imot av dåverande festivaldirektør for Risør kammermusikkfest, Turid Birkeland. Ho òg sette stor pris på dei unge lyttarane, og det gjorde at barnehagen året etter fekk invitasjon til konsert – i likskap med alle dei andre barnehagane i Risør. Dei fekk òg ein cd i posten med utvald musikk, og brått var Barnas ønskekonsert ein realitet.

Vivaldi til avslapping

Kirkhusmo har sjølv svært bevisste tankar om korleis ho brukar den klassiske musikken i barnehagen.

– Du kan ikkje berre setje på ein cd og gå. Ein må lære ungane å lytte til musikken, seier ho.

Antonio Vivaldi. François Morellon la Cave (1725)

Det gjer dei til dømes ved noko som kan likne meditasjon. Ungane får i oppgåve å høyre på pusten sin og kjenne hjarteslaga sine medan dei ligg og høyrer på musikken. Av og til lytter dei etter dei ulike instrumenta. Sjølvsagt appellerar noko av musikken til å hoppe og sprette, men likevel understrekar ho roen som kjem over ungane. Og Kirkhusmo er samd i at barokkmusikken er vinnaren.

– Til avslapping brukar vi roleg musikk av til dømes Vivaldi, fortel ho. – Og det har ein heilt spesiell effekt, dei klarar faktisk å vera stille. Det blir ei form for undrande lytting. Det verkar ikkje på same måten med ein roleg pop-låt, seier ho.

Inga utanommusikalsk historie

På Barnas ønskekonsert er det rein musikk ungane får servert. Per Erik Kise Larsen fortel at dei har gått bort frå å pakke musikken inn i historier og andre samanhengar. Førskuleborna i Risør får presentert instrumental- og vokalmusikk totalt utan utanommusikalske innfallsvinklar. Musikken talar berre for seg sjølv.

– Vi trur at ein høyrer musikk på ein opnare måte når ein ikkje pakkar musikken inn i ei historie. Musikk er uansett veldig abstrakt. Små born har ikkje begrepsapparat og abstraksjonsevne til å kople musikk opp mot ei forteljing, det kjem først når dei er mykje større, seier han.

På denne måten er det ikkje noko som helst publikumsfrieri på ønskekonserten. Ungane får det dei vil ha, ikkje det nokre vaksne trur dei vil ha.

Kontakt med ungdomen heile året

Men når Risør-borna veks til kan dei setje musikken inn i andre heilskapar om dei vil. Gjennom vinteren arrangerer Risør kammermusikkfest komposisjonsverkstader i samarbeid med stiftelsen Drivhuset. Eit par musikkarbeidarar jobbar ei intensiv veke med elevane der dei får i oppgåve å lage musikk knytt til temaet for årets festival. Under sjølve festivalveka er det òg komposisjonsverkstader på torget i Risør der born og unge kan få prøve seg, og det er grafikkverkstad der dei kan utfolde seg visuelt opp mot temaet til festivalen. På denne måten lærer dei  å skape noko i samband med eit utanommusikalsk tema. Når dei er gamle nok til det.

Annonser
Stikkord:
· ·