Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Hasansens kjelke. Ein aketur i kunst og kulde

PUBLISERT

søndag 16. februar 2020

Fridtjof Nansen bygde ein slede for å utforske polarområda. Sayed Sattar Hasan har bygd ein kjelke for gjere kulturelle oppdagingar. Bli med på prøvetur.

↑ Artikkelforfattaren Kjartan Helleve og kjelkekunstner Sayed Sattar Hasan. Foto: Sissel Ødegaard.

Eg frys. Eg frys så mykje at eg ikkje klarar å tenkje. Eg står midt i ein alpinbakke på Kolsås utanfor Oslo, og logikken må vike plass for instinkta. Eg vil ha varme. Eg vil ha kontakt med hendene mine igjen. Korleis kunne eg kle så lite på meg? Det er så utruleg amatørmessig. Ikkje vottar, ikkje skjerf, ikkje stillongs.

– Kjartan! Det er din tur!

Hasansens kjelke. Foto: Kjartan Helleve.

Sayed Sattar Hasan ropar til meg frå lengre opp i bakken. Me er ute for å teste det siste kunstverket hans: ein charpai med ski. Ein charpai er ei slags enkel seng eller divan som er mest vanleg i India og i Pakistan. Hasan har fått laga ski som han har sett under beina på charpaien, slik at det har blitt ein kjelke. No er det dags for prøvekøyring. Alle i følget må køyre ein tur, og no er det altså min tur. Men ake er det siste eg kan tenkje meg no.

– Du frys. Her! Ta vottane mine, seier Hasan.

Han er kledd i ull, og broddar har han også med seg. Han er den einaste som ikkje har gått på rumpa i den harde alpinbakken. Motsett meg er han kledd for vêr og føre. Han kosar seg glugg i hel. Eg vil berre heim til byen.

Sayed Sattar Hasan bærer kjelken. Foto: Kjartan Helleve.

Fakta: Hasansens kjelke


Sayed Sattar Hasan er britisk statsborger bosatt i Norge, med utdannelse fra Goldsmith. Han er knytt til TrAP, ein uavhengig kunstprodusent og pådrivar for mangfald i norsk kulturliv.

Utstillinga Hasansens kjelke opnar på Interkulturelt Museum torsdag 20. februar. Om det ved eit mirakel skulle kome snø, vil det vera råd å prøve den i parken på Tøyen. Thomas Aslaksby vil i vinterferieveka bygge ein kjelke i utstillingslokala saman med kunstnaren. Skoleungdom frå bydelen er invitert til å vera med.

Sayed Sattar Hasan har gjort kjelleren på Interkulturelt museum om til kjelkeverksted. Foto: Kjartan Helleve.

Samarbeidsprosjekt

Dagen startar i kjellaren på Interkulturelt Museum på Grønland i Oslo. Kjelken er ein del av ei utstilling som skal stå i lokala der, og prosjektet er eit samarbeid mellom kunstprodusenten TrAP og museet. Fram mot utstillingsopninga vil gallerirommet etter planen fungere som ein verksted, og skoleungdom frå bydelen er invitert. Hasan løyser opp læreimene som skia er festa til beina med, og tullar skia inn i eit grønruta stoff. Eg skryt av kvaliteten på både ski og charpai. Han forklarar at beina er laga i Pakistan av ein Tayyab Hussain. Setet er vevd av eit eldre ektepar rett i nabolaget, som ikkje hadde vevd eit sete til ein charpai på nesten femti år. Det var derimot overraskande vrient å finne nokon som kunne lage ski, men gjennom Norsk håndverksinstitutt  kom han i kontakt med Thomas Aslaksby i Valdres.

Sayed Sattar Hasan har gjort kjelleren på Interkulturelt museum om til kjelkeverksted. Foto: Kjartan Helleve.

– Det var heilt uråd for meg å lage noko av dette sjølv, eg måtte ha hjelp. Nokre kunstprosjekt, også nokre av mine eigne, er heilt lukka. Verket skal lagast og synast fram på ein heilt bestemt måte. Men dette prosjektet er meir kollektivt, her er det meir rom for leik. Det er mange som har bidrege, og det har vore fint å opne opp litt. Å møte Thomas har vore særleg kjekt, han har vore positiv heile vegen, inviterte meg opp til garden sin, og har til og med late meg lage mine eigne ski.

– Men korleis hamna du på Interkulturelt Museum?

– I 2018 skulle kjærasten min på jobbintervju. Me fann ei leilegheit på Airbnb, og den synte seg å vere her på Grønland. Så dette området var den første staden eg kom til i Noreg. Me har jo alle våre fordommar, og eg vart overraska over mangfaldet. Det kunne ha vore heime i London. Men altså: leilegheita låg rett rundt hjørnet her. Så då eg snubla over museet, tenkte eg at dette var folk eg kunne samarbeide med.

Annelise Bothner-By og Sissel Ødegaard bærer Hasansens kjelke inn i heisen. Foto: Kjartan Helleve.

Utvikle og ta vare på tradisjonar

I det same kjem Sissel og Annelise frå museet, og seier at me må kome oss av garde. Dei tek med seg kjelken og manøvrerer den elegant inn i heisen. Det er på håret at det går. Hasan plukkar med seg tau, kamerautsyr og alt anna han kan få bruk for i bakken. Museet ligg i ein gamal politistasjon, og det er trongt nok frå før. Men i tillegg har nokon parkert ein annan varebil i bakgarden og det blir eit styr å kome seg ut.

Endeleg går det, og me pressar oss i hop i HiAcen. Hasan fortel at tittelen på verket, Hasansens kjelke, er ein kombinasjon av namnet hans og Fridtjof Nansens.

– Namn seier mykje om opphav, og Hassan er eit typisk muslimsk namn og seier mykje om bakgrunnen min. Men eg likar også tanken på at namn endrar seg. Me flyttar rundt om i verda, og eg har fått anna og meir bagasje. Difor har eg lagt på ei typisk norsk ending til namnet mitt. Fridtjof Nansen var oppdagar, vitskapsmann og ein nordmenn er veldig stolte av. Men der han dreiv med geografiske oppdagingar, driv eg med kulturelle oppdagingar. Nansen laga sin slede, eg har laga min kjelke.

– Med hjelp av gamla handverkstradisjonar?

– Dei nye identitetane slåst ofte med tradisjonane. Eg trur me ikkje skal bevege oss vekk frå historia, men heller utvikle oss vidare, bygge på det ein har.

– Men å ta vare på slike tradisjonar blir sett på som konservativt og ekskluderande?

– Problemet er at me ser på det å vere norsk eller det å vere pakistansk som ein statisk, konkret ting. Men både Noreg og Pakistan er relativt unge nasjonar. Og ingen av landa oppstod i eit vakuum heilt av seg sjølv, det har alltid vore ein ekstern påverknad. Mangfald og kulturell miks er essensielt for kulturell utvikling. Mangfald er ikkje noko som skjer på sida av samfunnet, det er ein del av kjernen, seier Hasan.

Artikkelen fortsetter etter anbefalingene.

Sayed Sattar Hasan og Annelise Bothner-By forsøker å få kjelken inn i bilen. Foto: Kjartan Helleve.

Hasan blir med filmfotograf Carsten Aniksdal inn i garasjen for å snakke utstyr. Foto: Kjartan Helleve.

Leik og alvor

Endeleg kjem me fram til bakken. Varmeapparatet har gått for full maskin og det er forfriskande å kome ut i snøen. Eg tenkjer eg burde ha teke med skia, men me skal ikkje vere her så lenge. Hasan skal berre teste om kjelken fungerer på snø. Ein fotograf møter oss, og eg anar uråd når eg ser kor godt kledd han er. Hasan kallar saman til møte for å leggje ein «time-frame».

– Eg trur me skal greie å vere ferdig til kl. 16, seier han optimistisk.

Det kjem som ei overrasking på fleire enn meg. Då er det berre å skalke lukene. Hasan blir med fotografen inn i garasjen for å snakke utstyr, og det tek ikkje lang tid før eg tek til å tenkje på vottar. Endeleg er han klar. Han ber charpaien frå bilen og plasserer den nedst i bakken. Så monterer han skia på kjelken med læreimene, i eit nesten religiøst sakte tempo, truleg av di fotografen skal få tatt fine bilete.

Sayed Sattar Hasan og filmfotograf Carsten Aniksdal. Foto: Kjartan Helleve.

Sayed Sattar Hasan og charpai-kjelken. Foto: Kjartan Helleve.

Så står den der. Ein pakistansk benk, med stoff vevd på Grønland, med heimelaga ski frå Valdres og eit fleecepledd frå Kina. Hasan står ein augneblink, ser på det han har laga, før han kastar seg på magen på kjelken og den glir fire-fem meter.

– Kjempegøy!

Gleda er synleg. Han sender ein SMS til skimakar Thomas om at det fungerer. Etter nokre turar med fart og middels kontroll, tek me pause på kjelken. Eg har mista kontakten med beina mine. Sissel har blitt sendt til næraste sivilisasjon for å kjøpe kaffi, bollar, Kvikk Lunsj og appelsinar. Det hjelper litt.

Artikkelen fortsetter etter bildet og annonsene.

Sissel, Annelise og Sayed Hasan tar pause på charpai-kjelken. Foto: Kjartan Helleve.

Annelise Bothner-By, Sayed Sattar Hasan og filmfotograf Carsten Aniksdal. Foto: Kjartan Helleve.

Sayed Sattar Hasan tar en hvil på kjelken. Foto: Kjartan Helleve.

– No gjer me akkurat som i Pakistan. Der blir charpaien også nytta til kvile, der blir dei også flytta rundt. Og skia gjer akkurat det dei også skal gjere. Herleg!

– Er det berre moro dette?

Ja, men det ligg eit alvor i verket. Eg trudde lenge at ting vill utvikle seg til det betre, at me skulle bli eit meir ope samfunn. Men i det siste har eg forstått at det er ein kamp, og at det er ein framvekst av ein nasjonalisme i Europa. Difor er det viktig med arbeid som utfordrar denne utviklinga på ein leiken måte.

– Er kjelken ein slags miniversjon av deg?

– Det kan du absolutt påstå! Den er full av mine personlege erfaringar, og humoren kjem nok frå den irske delen av morsslekta mi, seier Hasan, før han brått sprett opp.

– Kom igjen! Nok tek me nokre turar til. Kom igjen, Kjartan. Det er din tur!

Sayed Sattar Hasan i farta i bakken. Foto: Kjartan Helleve.

Annonser

Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · ·