Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

– I Frankfurt er det lett å gå seg vill

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Postkort,

PUBLISERT

lørdag 19. oktober 2019

HVOR
Frankfurt

Og lett å kome heim, skriv forlagssjef i Cappelen Damm, Ragnfrid Trohaug.

↑ Foto: Sabine Felber

Kjære heime,

I Frankfurt er det lett å gå seg vill, lett å kome heim;

Eg har gått meg vill: i utkantane av byen på jakt etter Stadtbibliothek og forfattarmøte, fått gale adresser og kart som ikkje strekker seg langt nok ut. Gått meg vill i messehallar blant bøker på framande tungemål og hyller med «non-books».

Eg har kome heim: tjue ungar på eit kommunalt bibliotekteppe som strekk hender for fortelje kva dei ser i bildebokbilda på skjermen når forfattaren sjølv les og fortel på eit språk dei ikkje skjønar, men skjønar likevel. Kome heim til litteratursamtalane i den norske gjestelandspaviljongen, heim til lyden av litteratur og samtalar om landskapet litteraturen går føre seg i: isødet, heimen, den forblåste øya og den vesle fjorden. Eg har kome heim til diskusjonane om bransjevilkår, framtidsutsiktene, forfattarrolla og lesaren. Heim til språket og det vanvittig høge retoriske nivået på tyske talarar og moderatorar som ein titt saknar heime på berget. Eg har kome heim til middagsdrøsen med forfattarar og utanlandske forleggarar som lar våre heimlege tekstar få ein heim utanfor heimen.

Eg reiser heim og har vore heime.

Auf Wiedersehen, bis nächtes Mahl!

 

Foto: Ragnfrid Trohaug

Kome heim til litteratursamtalane i den norske gjestelandspaviljongen, heim til lyden av litteratur og samtalar om landskapet litteraturen går føre seg i: isødet, heimen, den forblåste øya og den vesle fjorden.

Annonser

Stikkord:
· · · ·