Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Ingen konsekvensar for å droppe skulebibliotek

SJANGER

Artikkel, Nyheter,

PUBLISERT

tirsdag 24. september 2019

Kvar tiande grunnskule innrømmer at dei ikkje har skulebibliotek. Mørketala er truleg høgare.

↑ Foto: PIxabay

Alle skular skal tilby elevane bibliotek, men oppfølginga er svak og retningslinjene fråverande. Det er heilt opp til den enkelte skulen å fylle det med innhald.

Forskrifta til opplæringslova seier at alle skular skal ha eit skulebibliotek, eller i det minste ein avtale med eit anna bibliotek i nærleiken. I 2016 stilte Nasjonalbiblioteket spørsmål om drifta av skulebiblioteka til 2858 skular. 228 av dei sa at dei ikkje hadde noko skulebibliotek. 556 svarte ikkje på undersøkinga.

Det vil seia at minst kvar tiande grunnskule ikkje har skulebibliotek eller tilgang til eit anna. I verste fall kan dette vere tilfellet hjå ein fjerdedel av skulane.

Om opplæringslova og bibliotek


Forskrift til opplæringsloven kap. 21-1: «Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skolen sine lokale, skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen. Biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen.»

I 2016 spurde Nasjonalbiblioteket 2858 grunnskular om korleis det stod til med skulebiblioteka. 556 leverte ikkje svar. 228 sa at dei ikkje hadde skulebibliotek.

Tal frå Grunnskulens Informasjonssystem (GSI) synte at det i skuleåret 2016/2017 var 246 årsverk i skulebiblioteka fordelt på 2858 skular.

Kjelde: NBK Skole og Nasjonalbiblioteket

Mari Hopland, leiar i NBF Skole. Foto: Kjartan Helleve

Skulebiblioteket er skulen sin metode å arbeide med lesing, innsamling av informasjon og sosial trening på. Om det ikkje heng i hop med opplæringa, så er det berre ei boksamling.

Avheng av eldsjeler

–Det kjem ingen signal om at skulebibliotek er viktig, og då vert det opp til den enkelte skule. Difor er det berre dei skulane som har ei eldsjel som har eit fungerande skulebibliotek, seier Mari Hopland. Ho er leiar i NBF Skole, som er Norsk Biblioteksforening si undergruppe for skulebibliotek.

Utdanningsdirektoratet har ei ordning der kommunane kan søke om tilskot for å arbeide med lesestimulering i skulebiblioteka. Eit av krava søkar må kunne svare ja på, er at kommunen har «en samling av bøker/ressurser som omfatter både fag- og skjønnlitteratur». Trass i at forskrifta til opplæringslova seier at alle skular skal ha eit skulebibliotek, eller i det minste ein avtale med eit anna bibliotek i nærleiken, har altså direktoratet sett det naudsynt å setje eit krav om ei boksamling.

– Kommunane ser på skulebiblioteka som folkebibliotek i miniatyr, og altså ein del av kulturarbeidet i kommunen. Men skulebiblioteket er skulen sin metode å arbeide med lesing, innsamling av informasjon og sosial trening på. Det fungerer berre når det har pedagogiske mål som samsvarar med skulen sine pedagogiske mål. For om det ikkje heng i hop med opplæringa, så er det berre ei boksamling, seier Hopland.

Utan krav om innhald

Skal du finne nasjonale styringsdokument for innhaldet i skulebiblioteka, skal du leite lenge. I ei tid der læringsmål og kulepunkt blir tredd nedover hovudet på lærarstanden, kan det virke som om nokon har gløymd skulebiblioteka. Det einaste klåre styringsdokumentet er nemnde forskrift. Og sjølv den er diffus: «Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek.»

– Stort sett vil rektorane seie at me har jo eit bibliotek i kommunen, seier Hopland.

– Men poenget er jo at ein skal kunne gå dit utan å ta på seg ytterjakka. Det skal ikkje vere naudsynt å ta buss eller organisere ein fellestur. Det skal dessutan liggje føre ein samarbeidsavtale mellom skulen og det gitte biblioteket. Det gjer det sjeldan.

– Kva vil du seie oppgåva til skulebiblioteka er?

– Oppdraget til skulebiblioteka er identisk med skulen sitt oppdrag: Skulebiblioteka skal bidra til elevane si læring. I den grad oppdraget til skulen har endra seg, så har oppgåva til biblioteka endra seg tilsvarande.

– Kva vil du seie at dei fungerer som i dag?     

– Det veit me lite om. Det finst lite forsking og lite statistikk. Dei siste 2–3 åra har merksemda kring skulebiblioteka auka, men ressursbruken har nok gått ned. Det står betre til i den vidaregåande skulen, med fleire fagutdanna bibliotekarar og større budsjett. I grunnskulen er det få som har bibliotekarutdanning, det er som oftast ein lærar som har ein liten stillingsbrøk som bibliotekar og innkjøpsbudsjettet er lite eller fråverande, seier Hopland.

Ho meiner likevel det er grunn til håp. Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet har nett kome med ei strategimelding om bibliotek, og der er skulebiblioteka godt synlege. Det same gjeld arbeidet som no blir gjort med nye læreplanar i norsk. Ingen har så langt teke til orde for å fjerne punktet om bibliotek i den nye opplæringslova. Dessutan skal statistikkarbeidet bli flytta over frå Nasjonalbiblioteket til Utdanningsdirektoratet.

– Det er kjempebra. Når Kunnskapsdepartementet ikkje veit, treng dei ikkje gjere noko. Når dei no sjølve hentar inn tal, så tvinger det dei forhåpentleg til å gjere noko.

Oppdraget til skulebiblioteka er identisk med skulen sitt oppdrag: Skulebiblioteka skal bidra til elevane si læring.

På Gulskogen skole har de fast opplegg hvor de eldste elevene leser for dem som er mindre. Foto: Marit Gautneb

Kommunane har ansvaret for å følgje lova, seier Larsen.

– Kommunane har ansvaret

Utdanningsdirektoratet seier at dei no er i gang med å finne ut kva stimuleringsarbeid som faktisk fungerer.

– Me er i ferd med å setje i gang ei enkel evaluering om korleis tilskotsmidla har bidrege til utvikling av skulebibliotek i kommunen. Eit eksternt miljø skal gjennomføre evalueringa for oss, seier Anne Kristine Larsen, seniorrådgjevar i avdeling for barnehage- og skoleutvikling.

– For å nytte midla på ein best mogleg måte, har me prioritert å støtte prosjekt som kan bidra til utvikling på skulebibliotekfeltet, særleg med tanke på lesestimulering, systematisk bruk av skulebibliotek og innovative løysingar. Derfor har me i tilskotsordninga òg eit krav om at kommunen skal ha ein plan for bruk av skulebiblioteket som del av opplæringa. Viss kommunen ikkje har ein plan, eller eit fungerande skulebibliotek, vil me ikkje prioritere å støtte den kommunen.

– På kva andre måtar blir det arbeidd for at alle skular oppfyller kravet i forskrifta til opplæringslova om at alle elevar skal ha tilgang på eit skulebibliotek?

– Gjennom tilskottsordninga og ulike informasjonstiltak i samband med denne, set me skulebibliotek på dagsorden, og informerer om lovteksten. Kommunane har ansvaret for å følgje lova, seier Larsen.

– Nøkkelen er velvilje frå leiinga

Eit stykke utanfor Drammen sentrum ligg Gulskogen skule. Det er ein relativt moderne skule plassert mellom eit eldre byggefelt, nokre blokker og ei enorm tomt full av tog. Gulskogen er ein kombinert barne- og ungdomskule med om lag seks hundre elevar og har fleire klasser for elevar utan norskkunnskapar. Skulen er i eit område som saman med nabobydelane Fjell og Strømsø ligg noko under snittet reint sosioøkonomisk. Likevel: For to år sidan var tiandeklassingane ved skulen dei beste i norsk i heile Buskerud.

– Mange av elevane møter nok aldri bøker heime. Så me trur jo at arbeidet vårt har ein effekt, seier skulebibliotekar Marit Gautneb.

Innsatsen har blitt lagt merke til. I 2016 vann dei Bibliotekprisen for Buskerud, og i 2017 vart dei nominert til Årets Bibliotek 2017.

No syner Gautneb meg rundt i eit tomt bibliotek. Dei har fått 3 millionar av Sparebankstiftelsen og skal i gang med ei større ombygging. Det er svære vindauge ut mot det som blir kalla «gata», gangvegen mellom skulebygga. Ei jente bankar på glaset og vinkar inn. Gautneb vinkar hjarteleg tilbake.

–Den sentrale plasseringa seier noko om kor viktig biblioteket er, og at dette er noko skulen er stolte av. Nøkkelen er velvilje frå leiinga, seier Gautneb.

Marit Gautneb, skulebibliotekar ved Gulskogen skole. Foto: Kjartan Helleve

Lese for kvarandre

Då ho byrja ved skulen i 2001, hadde dei ambisiøse planar om formidle 25 bøker til alle elevane. Ho var innom klassane, las og fortalde. Men erfaringa var at dette vart eit opplegg for dei som allereie las.

I staden vel dei no ut ei bok som skal bli lesen høgt for heile klassa. Rektor ved skulen har satt eit mål om at alle elevane ved skulen skal bli lesne høgt for i løpet av ein dag. I mars inviterer skulen forfattarane av desse høgtlesingsbøkene til skulen til ein eigen litteraturfestival. I tillegg må dei eldre elevane lese for dei yngre.

– Sjølv den mest rampete guten blir mjuk og roleg når han får ansvar for nokre førsteklassingar. Det er ikkje lengre flaut å lese høgt, og det blir knytt band på tvers av klassetrinna.

– Kor mykje av dette er knytt til deg som person?

– Eg er heilt sikker på at andre kunne ha gjort jobben min eller fått til noko liknande andre stader. Men eg har vore heldig og fått støtte frå skulen, frå leiinga og frå lærarane. Me får til det me ønskjer. Det trur eg ikkje alle kan seie, seier Gautneb.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Suppe, såpe, lesing

Marit Gautneb har ikkje søkt på midlane frå Utdanningsdirektoratet, og fører heller ikkje særleg statistikk over besøk eller utlån. Ho reiser sjeldan rundt og fortel om korleis dei har lukkast.

– Særleg etter at me vart nominert til årets bibliotek, så ville dei at eg skulle reise rundt å snakke med dei andre skulane i drammensområdet. Men sjølv om ein får ein rektor til å auke timetalet han brukar på skulebibliotek frå to til fire, så vil jo det knapt gjere ein skilnad. Eg var nett på eit kurs med Gro Dahle som fortalde om korleis ein kunne nytte barnebøker som inngang til å snakke om vanskelege ting. Eg er heilt sikkert på at alle gjekk derifrå med ein tanke om at dette var noko dei ville byrje med. Men eg tippar kvardagen kjem fort. Då er det annleis hjå oss. Her kan eg legge til rette for lærarane, seier Gautneb.

Planen er at et nye biblioteket også skal vere eit slags bydelshus, det skal vere ope på kveldstid og ha aktivitetar som ikkje berre er knytt til lesing. Ho er ikkje redd for at dette vil flytte fokuset hjå elevane.

– Det er som dei seier på Biblo Tøyen i Oslo: Me gjer som Frelsesarmeen: suppe, såpe, frelse. Det er lov å freiste med litt sirkus.

Sjølv om ein får ein rektor til å auke timetalet han brukar på skulebibliotek frå to til fire, så vil jo det knapt gjera ein skilnad.

Annonser

Stikkord:
· · · · · ·