Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Klang med kraft til klimagenerasjonen

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

fredag 31. januar 2020

Oslo-Filharmoniens klima-konsert for skolebarn er verken moralistisk eller naivt idealistisk, men estetisk velkomponert.

↑ Klar melding frå 10-åringane til Erna. Bak forhenget kan ein sjå nokre av musikarane i Oslo-Filharmonien. Foto: Liv-Randi R. Holann / Oslo-Filharmonien

 «Klangen av klima» heiter konserten – ein litt rar tittel, har klima éin klang, liksom? – som på nettsida er akkompagnert av klisjear om musikken som «universelt språk» med potensiale til å samle menneska på veg mot ei grønare framtid. Men heldigvis er det ikkje orda som bér opplevinga, det er den levande musikken og den lydhøre videokunsten til David Chocron. Det visuelle gir orkesteret rom, samtidig som det er rikt på assosiasjonsskapande bilde av natur, industri og miljøkamp.

Fakta: Klangen av klima


Skolekonsert med Oslo-Filharmonien
Christian Schumann, dirigent
David Chocron, video og regi

Oslo-Filharmonien har utviklet konsept og repertoar i samarbeid med David Chocron.

PROGRAM

Christian Schumann: Spring 0

Max Richter: The Four Seasons Recomposed: Spring 1

Ludwig van Beethoven: Symfoni nr. 6, «Pastorale»: 3. sats (utdrag)

Albert, Ketélby: The clock and the Dresden figures (utdrag)

Alexander Mossolov: Iron Foundry, Op.19 (utdrag)

Terje Viken: Ripples (urframføring)

Ferde Grofé: Grand Canyon Suite: Cloudburst (utdrag)

Joseph Haydn: «Vinteren», innledning, fra Årstidene

Aaron Copland: Appalachian Spring: Suite (utdrag)

Max Richter: The Four Seasons Recomposed: Spring 3

Ottorino Respighi: I pini della via Appia (utdrag)

Det handlar om korleis verda blei til og korleis vi brukar kloden vår.

Recomposed

Det handlar om korleis verda blei til og korleis vi brukar kloden vår, forklarte produsent Liv Marie Skaare Baden til opning, før det gjennomsiktige lerretet framfor orkesteret blei fylt av tredimensjonalt liv: fantasibilde av the big bang og førhistoriske vesen i havet. Vidare med smidige overgangar og spektakulære effektar til skog og blomeenger, fabrikkpiper og industri, vekselvis framfor, bakom og rundt orkesteret.

Fuglane kom frå bakarst i salen, i ein overraskande opningsgest. Fløytistar og andre blåsarar spelte seg fram mot podiet med fragment og variasjonar over Antonio Vivaldis kjente «Våren», bearbeidd først av Christian Schumann – dagens dirigent – og så av Max Richter i utdrag frå The Four Seasons Recomposed.

Solsikkeenger og musikk i vakker balanse i Oslo-Filharmonien. Foto: Liv-Randi R. Holann / Oslo-Filharmonien

Klokker i spinn og slagverk i vatn

Mens mange institusjonar legg vinn på å presentere flest muleg klassikarar for barn og ungdom når dei får sjansen, gjekk det i lettare og nyare stoff på denne konserten, ofte i utdrag frå større verk. Det fungerte godt. Ei rik blanding av kjent og ukjent, musikalske kontrastar og visuelle effektar var nok til å halde dei aller fleste i salen i ande i tre kvarter.

Albert Ketélbys «The Clock and the Dresden Figures», til dømes –  eit lett stykke frå 1930 som skildrar ei klokke med dansande figurar der drivverket til slutt går i spinn – passa bra til å tematisere vår tids hastverk, vittig understreka ved at pianosolisten, Gonzalo Moreno, liksom kom for seint.

Bilda som akkopagnerte var også passeleg tydelege; ei gamaldags talskive med visarar og siffer som gjekk i spinn i synk med musikken. Sovjet-komponist Alexander V. Mossolovs «Iron Foundry» (jarnstøypen) frå 1926 var tilsvararande herleg mektig og maskinell, i samspel med digre motorstempel på lerretet – eller kva det var. Det er eigentleg ikkje så viktig, for filmen var ofte både konkret og open for tolking på same tid.

 

Mens mange legg vinn på å presentere klassikarar for barn og ungdom, gjekk det i lettare og nyare stoff på denne konserten.

At ein musikar frå orkesteret slepp til som komponist, er også eit teikn på ein leiken og eksperimenterande haldning.

Klang av klima(krise)

Ein trio av slagverkarar på hjørnet av podiet urframførte «Ripples», komponert av den eine av dei, Terje Viken. Det var ei fin avveksling å vende merksemda bort frå det store lerretet til svingande kammerspel med og i vatn i knallgrønt lyssette baljer. Eitt parti blei noko monotont, som ein kunne merke på eit snev av uro i rekkjene av nådelause tiåringar – men lyden av vibrerande cymbal som musikarane senka i «giftig væske» fascinerte, anten han no representerte ein klang av klima(krise) eller ikkje. At ein musikar frå orkesteret slepp til som komponist, er også eit teikn på ein leiken og eksperimenterande haldning i orkesteret. Oslo-Filharmonien har gjort mange løft for å nå fleire grupper dei siste åra og har, etter det eg ser og hører, blitt langt sterkare på formidling til barn og ungdom.

Barn og unges eigne parolar for full musikk i Oslo konserthus. Foto: Liv-Randi R. Holann / Oslo-Filharmonien

Greta, Erna og eigne parolar

Ikkje overraskande blei «Klangen av klima» meir reportasjeliknande eit stykke uti konserten, med bilde av slikt som dagens skolebarn sikkert kjem til å huske heile livet: rådville isbjørnar som driv på små isflak i eit smeltande Arktis og skumle, altfor aktuelle skogbrannar. Også desse blei akkompagnert av ikkje altfor ofte spelte stykke frå 1920- og 1930-talet, som «Cloudburst» frå Ferde Grofés Grand Canyon Suite, Ottorino Respighis I pini della via Appia (Pinjene i Roma) og Aaron Coplands Appalachian Spring frå 1944.

Bilde frå klimademonstrasjonar i Noreg og verda over flimra over lerretet med Greta Thunberg som frontfigur. Fleire av klassane var invitert til å lage plakatar som blei vist fram på lerretet og stilt ut i foajeen. Slik blei det skapt tilknyting mellom det som skjedde på podiet og dei som sat i salen.

Femteklassingar i Oslo laga plakatar til «Klangen av klima»-konserten i Oslo-Filharmonien, og fekk dei stilt ut i foajeen. Foto: Liv-Randi R. Holann / Oslo-Filharmonien

Bilde frå klimademonstrasjonar i Noreg og verda over flimra over lerretet med Greta Thunberg som frontfigur.

«Klangen av klima» gav rom for å oppleve musikk og film på sin måte og kan hende tenkje: kva er tid, og viktig å bruke tida på?

Men størstedelen av konserten var altså verken akkompagnert av sinte parolar eller den potensielle pessimismen klimakrisa kan løyse ut. Kan hende er det derfor produksjonen verkar sterk.

«Klangen av klima» gav rom for å oppleve musikk og film på sin måte og kan hende tenkje: kva er tid, og viktig å bruke tida på? Kva er og gir natur og industri, kva er vakkert og kva er stygt, og når blir det farleg? Er det berre den «reine naturen» vi drøymer om og bør lengte til – som i dei pastorale landskapa Ludwig van Beethovens symfoni nr. 6, som det også blei plass til eit utdrag av? Er det ikkje også fascinerande kreftar og stort potensial i motorar og maskinar, fabrikkar og byar, som menneska har bygd?

Gjennom det meir ukjente repertoaret frå første halvdel av 1900-talet blei det også skapt ei slags teknologioptimistisk stemning i kontrast til naturromantikken. Utdraget frå Joseph Haydns årstider, frå vinteren, var dessutan ikkje berre vakkert, var det ikkje også litt grått, kaldt og trugande? Våren fekk same kva sleppe til etter den – glitrande i Richters rekomponering av Antonio Vivaldis årstider, med Bjørg Pas som fiolinsolist. Det gav håp opp mot Respighis musikk til dramatisk flammande bilde til slutt.

Konsert som gir gjenklang

Og orkesteret leverte, friskt, seriøst og rutinert. Ikkje med musikarane heilt ytst på stolen, men med trøkk og schwung. Musikken blei berre sjeldan akkompagnement til filmen, her var det langt meir balansert samspel mellom elementa. Det gjorde sitt til at opplevinga verken blei politisk moralistisk eller naivt idealistisk.

Slik er «Klangen av klima» ein konsert som eg trur gir gjenklang hos tiåringane i salen: så stort og så dramatisk kjennes det nok for mange av dei som skal ta over ein klode der mykje vil og må endrast framover. Men gleda over spektakulær natur og avansert teknologi – som kan gi håp – følgjer også nettbrettgenerasjonen. Dei treng heller ikkje klangen av klimaangst, men opplevingar som kan gi krefter til kampane i tida som kjem. Med denne konserten har Oslo-Filharmonien gitt eit bidrag til det.

Nettbrettgenerasjonen treng ikkje klangen av klimaangst.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · ·