Kunsten å spreie danseglede




TILT utforskar grensene mellom kunst, undervisning og sosiale tiltak med 11 millionar kroner i privat støtte.

Med danseprosjektet TILT forsøker Anne Holck Ekenes og Pia Holden å bringe både dansekunsten, gleda og britisk «Arts & Community»-ånd ut til det norske folk. I grenselandet mellom kunst, undervisning og sosiale tiltak har TILT som uttalt mål å skape forståing for og eigarskap til dansekunsten gjennom å kople profesjonelle dansekunstnarar og unge deltakarar som saman møter det lokale publikummet.

I samarbeid med Scenekunst Østfold (2015), Teater Innlandet (2016), og Brageteateret (2017) har TILT operert på fleire plan gjennom å engasjere både danseskular, ungdomsskule-elevar og det generelle publikum i områda, inn i ulike delprosjekt. Prosjektet fekk 5 millionar kroner av Sparebankstiftelsen DNB for dei første tre åra. I 2017 fikk prosjektet 6 millionar kroner i fornya finansiering frå stiftelsen, og tar no fatt på tre nye år.

Eg møtte Anne Holck Ekenes og Pia Holden for ein samtale om prosjektet i samband med TILT Takeover på Sentralen i Oslo, som like før jul runda av tredje året med TILT.

TILT


TILT er eit danseprosjekt kor målet er «å få store deler av Østlandet til å danse».

Aktørane bak er Panta Rei Danseteater, ledet av Anne Ekenes og Pia Holden i samarbeid med Scenekunst Østfold, Teater Innlandet og Brageteateret som skreddersyr danseprosjekter i kvar kommune og by dei går inn i.

TILT har avslutta sitt første treårsprosjekt som gjekk frå 2015 – 2017 kor dei var i Østfold (2015), Innlandet (2016) og Oslo og Buskerud (2017).

Framover står Oslo og Midtlandet (2018), Innlandet (2019) og Akershus (2020) for tur, i samarbeid med Dansens Hus, DansiT og Teater Innlandet.

Dei aktuelle regionane får ei turnerande førestilling i regi av Panta Rei Danseteater pr. år, samt flashmobs, film, danseverkstader, seminarer, koreografering og gjennomføring av ulike førestillingsprosjekt i lokalmiljøet.

Har fått tilsaman 11 millioner kroner av Sparebankstiftelsen DNB, og har fått støtte frå Scenekunst Østfold, Teater Innlandet og Brageteatret.

Eit eige program for talentutvikling starter opp i 2018 støtta med 3,3 millioner kroner av Talent Norge.

Kilder: Pantareidanseteater.com, Sparebankstiftelsen.no, Talentnorge.no

Er det kunst eller undervisning?

– Me arbeider mykje med den utvida førestillinga, kor ulike delprosjekt utviklar seg rundt den førestillinga som er utgangspunktet for turné i den aktuelle regionane, fortel Pia Holden.

Ho er dansar og dagleg leiar for Panta Rei Danseteater (PRD), og har saman med direktør og kunstnarisk leiar Anne Holck Ekenes utvikla TILT-prosjektet. Dei legg begge vekt på at prosjektet heng tett saman med deira erfaring frå utlandet.

– Bakgrunnen for Panta Rei kjem i stor grad frå mi tid i England kor heilskapstenkinga rundt kunstprosjektet står mykje meir sentralt, understreker Ekenes, som starta PRD som turnerande danseteater i 2000.

Overgangen til det norske kulturfeltet blei brutal, i følgje Ekenes. PRD fekk avslag på på søknad til Norsk Kulturråd med årsak i at «dei ikkje støtter undervisningsprosjekt».

– Eg skjøna ingenting, men ser jo no at eit prosjekt som TILT ikkje kunne blitt gjennomført gjennom Kulturrådet slik støtteordningane er definert og organisert i dag, seier Ekenes.

TILT er i så måte eit interessant prosjekt, som har emna å operere i skjeringspunktet mellom finansiering frå næringslivet og statsstøtta regionale aktørar.  Initiativet og hovudstøtta kom gjennom Sparebankstiftelsen DNB som og står bak opninga av Sentralen som scenehus og kontorstad for ulike kunstnariske aktørar i sentrum av Oslo. Panta Rei Danseteater er ei av fleire grupper som held hus her til dagleg.

– Korleis har de opplevd å bli støtta av ein privat aktør?

– Vår oppleving er at dette har opna heilt nye mulegheiter for oss og har gitt oss eit fantastisk arbeidsrom, seier Ekenes.

For TILT kjem 50 prosent av finansieringa frå den private Sparebankstiftelsen DNB og 50 prosent gjennom dei regionale samarbeidsinstitusjonane. Ekenes og Holden er opptatt av kva mulegheiter og avgrensingar støtteordningane i Norsk Kulturråd legg til rette for, i samanlikning med private støtteordningar. Er det slik at dette ikkje blir akseptert som kunst i det norske scenekunstfeltet, at finansieringsforma endrar den kunstnariske integritetsgrada?

– Det handlar om «the noble art of redefining», understreker Ekenes med stor overtyding om at dette er eit viktig punkt:

– Me blir faktisk ikkje nokon andre sjølv om finansieringa endrar seg frå statleg til næringsdrivande. Me kjem ikkje til å legge oss langflate, kjem ikkje til å endre uttrykk eller gi slipp på vår integritet, men tvert i mot ta alt dette med oss inn i det nye landskapet TILT-prosjektet opnar for oss.

Anne Ekenes og Pia Holden. Foto: Panta Rei Danseteater

Profesjonell kunst, breiddetenking og publikumsutvikling

Ekenes og Holden har arbeida i lag i mange år. Holden kom til som dansar i 2005 og har vært dagleg leiar sidan 2006. Ekenes er no direktør og kunstnarisk leiar.

– For meg som er utdanna som dansar i New York opplevde eg og ein heilt annan kultur enn her i Norge. Møtet med Anne ga meg ein metode for å finne ut korleis det kan brukast her, fortel Holden.

Dei er begge opptekne av at kjernen i TILT-prosjektet fremjar både dansekunsten og det sosiale aspektet ved dansen.

– Det byrja her på Sentralen då Sparebankstiftelsen DNB la inn stikkordet «danseglede» i sin årlege handlingsplan. Då dei kom til oss og lurte på kven som kunne bidra til å utvikle eit prosjekt som skulle handle om dans og breiddetenking, ja, då visste me jo at dette er oss! Sidan har me arbeida med full kunstnarisk fridom, og ingen vidare føringar frå Sparebankstiftelsen. Så, ja, det er på sett og vis langt større rom for å utvikle ein organisk prosjektprosess i denne ramma enn det ville vore om me skulle fått dette til gjennom Kulturrådet, noko eg som sagt, ikkje heilt ser kunne gått.

Kombinasjonen av profesjonell kunst og breiddetenking gjorde samstundes at TILT fekk til eit naturleg samarbeid med dei statsstøtta regionteatra: Teater Innlandet, Brageteatret og Scenekunst Østfold.

– Her fekk me gode og sterke kontaktflater inn mot dei lokale kunstnariske kreftene. Det er eit mål for TILT å etterlate eit lite fotavtrykk av nye metodar og uttrykk som kan vekse vidare i dei lokale strukturane etter me har dratt, seier Ekenes.

Ho fortel om ein lang prosess kor faglege seminar på teateret og samtaler med lokale aktørar blei lagt til grunn for prosjektarbeidet, samt utsending av dansarar frå PRD som kunne utvikle prosjektarbeidet med ulike grupper i lokalmiljøet.

– Det er ikkje tilfeldig at det blei akkurat dei tre samarbeidspartnarane. Alle har leiarar med bakgrunn frå det frie feltet. Dette gjorde det lettare å bli møtt med forståing for konseptet vårt, understreker ho vidare.

Fra Reinsvoll ungdomsskole i 2016. Ungdommene lærer Tilt Flashmob-dansen. Foto: Sparebankstiftelsen DNB

Forventar deltaking

Det er openbart gjennom dokumentasjonsmaterialet til TILT at omfanget har vore stort og engasjert både unge og vaksne i regionane. Noko av det Holden og Ekenes begge trekker fram som ein styrke ved prosjektet, er korleis arbeidet med og visningar av dansen har gjort synleg ungdommen både for kvarandre og for dei vaksne, og samstundes knyta prosjektet til den lokale staden.

Året med TILT i Innlandet (2016), fekk til dømes ein ekstra dimensjon gjennom å tematisere flyktningkrisa. Her arbeidde dei konkret med integreringsprosjekt kor mange av deltakarane møtte flyktningar og asylsøkjarar i bygda for første gong.

Samstundes har den generelle effekten av dansen som sosial funksjon vist seg gjennom alle åra, i sær med tanke på dei unge:

– Det har vore rørande å sjå den effekten arbeidet og metoden vår har hatt på skuleklasser. Ofte har me blitt fortalt at me har forandra eit heilt klassemiljø. Me har tenkt på TILT som ei gåve, til oss, som me så tek med oss vidare til dei me skal ut og møte. Me kjem med ein openheit, som først blir møtt med litt skepsis, men så når dei skjønar korleis me jobbar og at me faktisk ønsker deira bidrag, blir det jubelstemning. Me forventar deltaking, og utifrå den forventninga starter den kreative prosessen som får ungdommane til å delta og opne seg, seier Holden.

TILT fikk i fjor støtte til tre nye år frå Sparebankstiftelsen DNB. Frå Talent Norge har dei og fått 3,3 millionar til å starte eit eige talentutviklingsprosjekt under namnet TILT Grow. Ekenes og Holden ser fram til å ta dansen ut til fleire og vidareutvikle hjartet i prosjektet: Å vise at dansen tilhøyrar alle.

– Prosjektet handlar og om å kome tilbake til korleis me sjølv kom inn i dansen, kva som fekk oss til å begynne. Det å bevege seg til musikk, gleda over dette, var der det begynte. Det er ikkje meir komplisert enn det, seier Ekenes.

Panta Rei Danseteaters Henriette Hamli lærer bort TILT 2016 Flashmob-dansen på Raufoss. Foto: Sparebankstiftelsen DNB

Sosial funksjon

Sjølv fekk eg ein smak av akkurat denne effekten av prosjektet då eg kom til TILT Takeover på Sentralen like før jul. Her var alle ungdomsgruppene frå TILT 2017 invitert til workshops og dansejam, og arrangementet var opent for alle i målgruppa mellom 13 og 25 år. Ungdommar frå ulike bydelar og ulike kunstgrupper møttest, eg fekk med meg rå dans og rap frå Cre8, Tekstlab for forfattarspirer, og dansejam i marmorsalen med Morad frå Kingwings Crew.

Det var rørande i seg sjølv å sjå så mange ungdommar samla midt i Oslo sentrum i total kreativ samrøre. Entusiasmen for kvarandre var til å ta og kjenne på i rommet. Samstundes var det positivt overraskande å oppleve det kulturelle mangfaldet som såg ut til å falle seg heilt naturleg. Slik framstod TILT på Sentralen som ei stadfesting av integreringspotensialet i eit prosjekt som utvilsamt framhevar dansen som eit rom å møtast i på tvers av sosial og geografisk bakgrunn.

– Når Sparebankstiftelsen DNB kjem med ordet «danseglede», så har vi vald å fylle det med det me vil. I staden for å bli fornærma på at næringsaktørane kanskje ikkje har skjønt kva vi driv med, kan me ta imot ein mulegheit til å fylle eit rom på våre premissar. Det ligg ein enorm fridom i det, seier Ekenes og legg til:

– Med tanke på publikumsutvikling – som er viktig for regionteatra – så meiner eg at dette ikkje handlar om kommersialisering, som nokre kritiserer det for. Det handlar om å skape eit eigartilhøve til dansen i nye grupper – å gjere kunsten relevant. Det er publikumsutvikling. Å skape relevans. I møte med ungdommen opplever ein fort at kunstfilteret blir rive i stykkar. Ting begynner å skje når dei får fridom til å vere medskapande på eige premissar.