Kva opnar seg?




Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu evnar å nå fram til sitt publikum, til å involvere og inspirere dei. Festivalen fortener ein større oppslutnad.

– Einar, Einar, Einar!

Ungar kjem frå alle kantar og nappar tak i festivalforfattaren. Han kjem ikkje meir enn ein meter av garde før ei ny jente eller ein ny gut har noko å spørje han om, eller fortelje han. Vi er på den nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu på Stord, og akkurat no har Økland lese dikt for alle tredjeklassingane i Stord kommune under ei utstillingsopning. Det er ungane sjølve som er utstillarar, av tekst og bilde som er inspirert av Øklands dikt. Dei har høyrt godt etter på ordførar Liv Kari Eskeland, dei har ikkje laga ein lyd under diktopplesinga.

– Det er noko med at dei har vore med på prosessen sjølve, seier festivalsjef Roald Kaldestad, – det er klart dei blir engasjerte når dei er så involverte.

Kva opnar seg? Eit rom for å lytte. Ein grunn til å sitje stille. Sjansen til å sjå ein lys levande forfattar, som etter alt å døme driv på med eit ordentleg yrke, og for å ta tak i han og spørje om ting.

Det kom 200 barn til denne opninga, ikkje 100, som venta. Festivalleiinga måtte kaste seg rundt og lage eit alternativt vente-underhaldningsopplegg for halvparten, mens dei andre var på opninga. Etterpå byta dei, og opninga gjekk i reprise. Alle måtte improvisere.

Ikkje berre var det stor publikumstilstrøyming, sjølve utstillinga er den største som har vore i Kunsthallen under Falturiltu. Det opnar for sjølvtillit hos ungane. Det gjer det òg når ordføraren seier: «Dåke e dei store kunstnarane i dag». Og det skal jo ikkje akkurat forståast som smisking.

Fakta


Falturiltu

2.–9. november 2013,  Stord

Festivalen har som mål å løfte fram den nynorske barnelitteraturen, og er den einaste festivalen i landet i sitt slag.

Roald Kaldestad (festivalleiar), Jane Cathrin Særsten Junger og Hege Myklebust har vore ansvarlege for utforminga av festivalprogrammet sidan 2012.

Solid og variert program

Det kjennest rett at det er akkurat Stord som arrangerer denne festivalen. Her bur forfattarar på kvar knaus, ikkje så reint få av dei skriv for barn og unge, men ikkje berre det, også ein skokk musikarar og andre kunstnarar og kulturarbeidarar held til her. På Stord har ein rett og slett bygd opp ein kultur for kultur, som òg omfamnar kunstnarar frå resten av Sunnhordland. Kan hende er det òg derfor det ikkje er vanskeleg å overtyde ungane om at dette er ein normal ting. Kulturen er der frå før, ein treng ikkje finne opp eit språk for det.

Foto: Ingvild Bræin

Programmet for 2013 er solid og variert, og beveger seg mellom lydinstallasjonar som kjem til ein gjennom hovudtelefonar, til Ballturiltu, bok- og fotballfest i ekte vestlandsvær. På kjøpesenteret kan skuleelevar plutseleg stille seg opp og spele, danse eller lese noko som er inspirert av Øklands tekstar, for så å springe av garde for å overraske nokon andre. Det er forfattaropplesingar, det er bursdagsfeiring for Ivar Aasen og alle andre som har bursdag i veke 45. Det er skulebesøk, musikklunsj, barneførestellingar, kulturskulekonsert, bokkafé, det er samling av små og store samlarar i samtale på museet. Det er dagsseminar. Gruvekrim-innslaget med kollektivpsevdonymet John Donner (ved Einar Økland, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad) og avslutninga med populærorkestret Finn-Erix er kanskje meir for vaksne, men dei kan då sanneleg òg å få sitt.

«Alle» kunne godt ha vore her

Falturiltu er i sitt sjuande år. Så langt er dei fleste publikummarane kortreiste eller mellomdistansereiste, men det er òg folk å finne frå forlagsbransjen i Oslo, eller frå ein og annan avisredaksjon utanfor øya. Forfattarar og kunstnarar på programmet kjem frå nært og fjernt. Under årets festival er fire av Øklands tidlegare illustratørar, som er sentrale norske bildekunstnarar, representerte med ei utstilling. Tre av dei er her under festivalen, Wenche Øyen, Oddvar Torsheim og Gerhard Stoltz. Den siste er Kari Bøge. Guri Vesaas er her, ho som har mykje av æra for at barnelitteraturen i dette tungrodde landet i det heile byrja å bli rekna med. Frode Grytten og Mads Berven er her som musikalsk-litterære snorklipparar under opninga.

Ein har kjensla av at «alle› er her. Men slik er det likevel ikkje. Falturiltu burde ha langt fleire besøkande, som kom hit både av nynorske, barnlege og litterære grunnar; det er verdt å støtte opp under ein festival som insisterer på å slå saman all verdas stemoderlege behandla område til ein vekes lang festival kvar haust.

Foto: Ingvild Bræin

Men det må vere noko å støtte opp om, sjølvsagt. Og det er verdt å applaudere variasjonen og den kunstnariske tyngda i programmet. Ein må setje pris på involveringa av barn og unge ikkje berre i spreidde litterære aktivitetar, men i ein forfattarskap: ideen om å la festivalforfattaren ikkje berre stå der og skine i trygg avstand frå publikum, men setje både han og tekstane i hans i rørsle saman med barna og deira kreativitet, som når jentekoret Aspane sjølv lagar melodiar til tekstane hans, når studentar ved Høgskulen i Stord/Haugsund komponerer opera av boka «Walkman», eller når forfattaren sjølv samtaler med barna. Dei unge som har vore involvert i programmet – og ein må håpe dei som har høyrt og sett på –  har garantert fått eit personleg forhold til Einar Økland.

Økland inviterer inn

Gode festivalforfattarar er ikkje vanskeleg å finne blant nynorske barnebokforfattarar. I fjor hadde Ragnar Hovland tittelen, og før han Ingelin Røssland, Hans Sande, Erna Osland, Rune Belsvik og Oskar Stein Bjørlykke. Kunstnarisk leiar Roald Kaldestad har 25 nye namn på blokka med tanke på framtida.

At Einar Økland har fått oppgåva i år, gjer at ein nok ein gong blir minna på kva for ein viktig forfattar han er og har vore, gjennom sitt skriftlege virke. Tekstane talar for seg sjølve. Men han byr også på seg sjølv når han er i søkjelyset, liksom utrøytteleg nærverande. Han har sin karakteristiske humor og inkluderande tone, men det er ein tone som krev at publikum òg må vere tilstades og merksame. Elles blir det ikkje noko møte, er det som han seier.

Foto: Ingvild Bræin

Under kyrkjekonserten las han dikt frå samlinga «Mellom himmel og jord», og sa: «Det er omtrent her vi er no». Framfor ungane seier han: «Eg er ein sånn som lagar bøker. Og no skal eg lese litt om meitemarken. Det er ikkje mange som skriv om makkar.» Han kan seie at både meitemarken, stankelbeinet, den nye guten i gata, eller det at vi tenkjer, er heilt alminnelege ting, men samstundes heilt spesielle. Kva opnar seg? Nye spor å tenkje i.

Nye og velbrukte konsept

Som alltid er det ting som kan bli betre. Det er ein god tanke å ikkje sentralisere alle arrangementa, men spreie dei på skular, museum og andre arenaer utanfor Leirvik. Men då ville det òg vore til hjelp for tilreisande med litt meir opplysningar på heimesida, eller i brosjyrar som ein kanskje fann rundt omkring, om kor dei ulike plassane ligg, og korleis ein tar seg dit. Programmet verkar tidvis noko innforstått, for eksempel er det vanskeleg å vite kva seminaret skal handle om, når det berre står «EG FANN, EG FANN». Vi tenkjer ut frå namna til seminarhaldarane at det vil ha noko med illustrasjonar å gjere, men litt meir informasjon ville ikkje skada. Ønskjer dei å ha ei tilreisande presse, kunne det òg hjelpt om det låg gode, lett tilgjengelege pressebilde på heimesida, med opplysningar om fotokreditering, og med klar melding om det er pressebilde eller berre festivalens eiga visuelle stemningsrapport.

Ein kan òg hoppe litt i stolen over det velbrukte konseptet jazz- og lyrikkveld i Stord kyrkje, eit konsept som med tida nærmar seg parodien som sjanger. Det var godt gjennomført her, men det er det jo ofte – poenget er at det blir stadig vanskelegare å avgjere kvifor jazz og lyrikk skal ha så mykje meir med kvarandre å gjere enn sei lyrikk og fotball. Derfor synest eg nok Ballturiltu forsvarar sin plass som den mest originale posten i år, og at ein gjerne må halde fram å leite etter overraskande tilknytingar (sjølv om litteratur og fotball strengt tatt heller ikkje er eit overraskande tospann lenger).

Fram mot ein nasjonal status

Det viktigaste er å finne ut kva ein skal gjere for å oppnå hovudambisjonen: å bli ein nasjonal festival. Det kan vere vanskeleg å mase seg til nasjonal status, krevje å bli rekna med over heile landet – særleg om ein blir oversett av pressa. Men eg trur at i tillegg til iherdig PR-arbeid frå festivalleiinga, som alltid kan bli meir kreativt, er det kvaliteten som vil telje til sjuande og sist. Ein blir ikkje rekna med utan det. Men blir ein festival forbunde med kvalitet, vil ryktet om dette gå. Gode rykte er som kjent den beste PR-medarbeidar. Og at Falturiltu legg kvalitet som ein premiss heile vegen, er det ikkje tvil om. Så kva opnar seg herfrå? Ein kime til meir. Falturilturaltura.


STIKKORD:
Warning: Invalid argument supplied for foreach() in /home/kode7351/public_html/htmatslande.periskop/wp-content/themes/periskop/templates/content-single.php on line 77