Kva tilbyr orkestra dei minste?




Kva gjer norske profesjonelle orkester for dei yngste i publikum, og kva seier det om korleis dei ser på borna som lyttarar? Vi har sett på vårprogramma.

I august skreiv Judith Dybendal om ein teaterhaust med få overraskingar, der anten velkjente figurar frå gamle teaterstykke eller mykje selde barnebøker dominerte tilbodet retta mot born. I ein artikkel hjå NRK har kulturredaktør i Vårt Land, Alf Kjetil Walgjermo, sagt det same om nye kinofilmar for born. Slike problemstillingar fortel mykje om korleis vi ser og behandlar dei yngste i publikum.

Kanonisering er i vinden, både gjennom kunnskapsministaren sitt framlegg om ein norsk kulturkanon eller Morgenbladets kåring av dei viktigaste orkesterverka. Er der grunn til å spørje om den same tendensen ein ser hjå teatra og på kino også gjer seg gjeldande hjå profesjonelle, norske orkester? Kva gjer eigentleg orkestra for å møte eit yngre publikum?

Minst éin konsert per orkester

I Noreg har vi profesjonelle symfoniorkester i Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen, og Trondheim, samt Bodø og Tromsø som deler Nordnorsk Opera og Symfoniorkester (NOSO) mellom seg. I tillegg kommer Kringkastingsorkesteret og Operaorkesteret, som med sine nasjonale funksjonar i denne omgang er utelate.

Alle orkestra ser ut til å ha minst éin konsert retta mot born og unge i løpet av ein sesong. I Oslo er denne allereie gjennomført, medan orkesterpublikumet i andre landsdelar framleis har noko i vente. Det er litt ulike strategiar som vert nytta for å lokke ungane til konserthusa.

Konsert som naturfagshjelp

I slutten av mars set Stavanger symfoniorkester (SSO) igjen opp familieforestillinga Lydo saman med Statoil Morgendagens Helter. SSO og Statoil har sidan 2014 samarbeida om å «stimulere til økt kjennskap og interesse for realfag gjennom musikk».

Ved Grieghallen i Bergen får borna oppleve eit liknande konsept: Filharmonien saman med fysikar og NRK-programleiar Andreas Wahl si vitskaplege formidling om Stjernestøv og Svingninger som instrumenta i orkesteret skapar. Wahl har tidlegare gjort liknande framsyningar med Oslo-Filharmonien.

Desse «naturfagskonsertane» fremjar ei instrumentell haldning til musikk, der konsertane skal nyttast som eit middel til å lære born og unge om heilt andre tema enn sjølve musikken.

I tillegg til at dette snakkar ned musikkens eigenverdi, kan eg ikkje tru at det gjer arrangementa særskild meir attraktive for dei unge. Er dette eit tiltak for å motivere foreldre til å sende borna sine på konsert, slik at dei ein dag vil bli ambisiøse ingeniørar? Med det sagt er koplinga mellom musikk og fysikk naturleg, og at det kan fungere som ein døropnar for enkelte er ikkje utenkjeleg.

Fra Familiekonsert med Oslo-Filharmonien. Foto: Bård Gundersen

Om målsetjinga er å gjere borna husvarme og dus med orkesteret, trur eg ein kan lukkast med å gjere ein cello eller ei trombone like spennande som ein figur frå Dyreparken eller ein pingvin-maskot

Låg terskel med «Opent hus»

I Kristiansand slår orkesteret seg saman med artistar frå den største og viktigaste attraksjonen for born i distriktet, Dyreparken, og set opp ein konsert «med dyretema» i april. Her kan ein vel tenkje seg kva som dukkar opp av dyrerelatert musikk, frå Egner til Saint-Saëns. Dyreparken, med sin status, er eit lite overraskande, men truleg svært effektivt trekkplaster for born og foreldre.

Trondheim symfoniorkester (TSO) har, som dei fleste andre orkestra, familiekonsertar og skulekonsertar som ein fast del av sitt program kvar sesong. Familiekonserten i mars vert kombinert med ei ganske jordnær tilnærming i konseptet «Opent hus», der borna for sjå og prøve ulike instrument, i tillegg til at «pingvinen Bismarck, keiseren av kulturskolen» kjem på besøk. Han har også invitert med seg unge talent frå kulturskulen til konserten.

NOSO har plassert begge sine borneframsyningar til Bodø dette semesteret, tilknytt Stormen sitt konsept Barnas Superlørdag. I mai går dei også for eit «Opent hus»-konsept ganske likt det dei tilbyr i Trondheim. Men NOSO har også nokre fleire gode kort, sjølv om dei allereie er spelt. I januar spelte orkesteret originalmusikk fra filmen Dunderly, til høgtlesing frå forfattar av Dunderly-bøkene, Endre Lund Eriksen, og like før jul spelte dei familieframsyninga Fykomfei, ein eventyrframsyning med nyskriven originalmusikk av Trygve Brøske.

Hald fokus på orkesteret, instrumenta og musikken

Kanskje med unntak av nokre av initiativa hos NOSO, freistar disse tre orkestra, med sine «Opent hus»-satsingar, å presentere sine arrangement for born og unge som lettare tilgjengeleg enn tradisjonelle konsertar, anten gjennom attraktive tema som dyr og kjende filmar, eller tilbodet om å kome tettare på instrumenta og musikarane.

Med «Opent hus»-konseptet har NOSO og TSO kanskje funne fram til den enklaste og beste tilnærminga til borna, der fokuset ikkje forlèt orkesteret, instrumenta og musikken (sjølv om det er uklart kva som står på repertoaret). I Bodø får borna i tillegg prøve seg på å skrive eigne melodiar. Det kan senke terskelen enda meir, trur eg.

Om målsetjinga er å gjere borna husvarme og dus med orkesteret, trur eg ein kan lukkast med å gjere ein cello eller ei trombone like spennande som ein figur frå Dyreparken eller ein pingvin-maskot. I alle fall om ein formidlar ein genuin entusiasme og tek bornas interesser på alvor. Klovneri er ikkje alltid løysinga.

Særskild multimedieshowet om J. S. Bach verkar å kome med eit visst musikalsk overskot. Kanskje er det ikkje tilfeldig at den også er den einaste produksjonen importert frå utlandet.

Supplement utanfor orkesterprogrammet

Sett saman her er jo dette eit ganske variert program retta mot born i løpet av eit halvår. Men det er kanskje før ein tek med i vurderinga at dette er det samla tilbodet i heile landet. Er ein til to konsertar for born i semesteret nok frå eit profesjonelt symfoniorkester?

Kanskje, om borna i så fall har eit godt tilbod av god musikk i nærområdet elles.

Når det gjeld NOSO har borna i Tromsø god grunn til å vere vonbrotne. I tillegg til at dei ikkje får ein einaste orkesterkonsert tilpassa seg, blei den einaste konserten for born ved KulturHuset i byen, Karoline Krüger og Fru Nitters Rytmeorkester, gjennomført allereie under Nordlysfestivalen i januar. Krüger har laga musikk over tekstar av André Bjerke. Resten av våren har ikkje borna noko musikalsk tilbod ved konserthuset.

Også andre stadar gir konserthusa eit tilbod utanom orkesterprogrammet. På framsyninga Bach – A Stairway to Heaven som vert sett opp i samband med familiefestivalen Big Bang 2017 i Stavanger konserthus, får borna sjå eit multimediashow som gir dei innblikk i J.S. Bach si verd. I Oslo har born eit ekstra tilbod gjennom Barnas Konserthusserie der dei i løpet av dette semesteret til dømes har sett opp ein Tour de Musique med mellom anna Sølvguttene, der fokuset var på fransk, klassisk musikk.

Dei to sistnemnte er gode supplement til orkesterprogrammet, med eit meir reinspikka musikalsk fokus. Særskild multimedieshowet om J. S. Bach verkar å kome med eit visst musikalsk overskot. Kanskje er det ikkje tilfeldig at den også er den einaste produksjonen importert frå utlandet.

Fra forestillingen ved Stavanger Symfoniorkester. Foto: Stavanger Symfoniorkester.

Er det ikkje mogleg å stimulere til auka kjennskap og interesse for musikk gjennom musikk?

Saknar meir nytenkjande programmering

Likevel saknar eg meir nytenkjande programmering retta mot borna frå orkestra, der ein faktisk vågar å satse på musikken åleine, og ikkje alle mulige andre lokkemiddel. Den sterkaste kjensla som melder seg etter å ha oppdatert seg på programmet, er eigentleg at tilbodet verkar umotivert og syner lite refleksjon rundt borna som publikumsgruppe.

Er det ikkje mogleg å stimulere til auka kjennskap og interesse for musikk gjennom musikk? Skal borna lære å like den same musikken som dei vaksne, eller skal dei behandlast som sjølvstendige publikumarar som også toler å verte utfordra? På den eine sida verkar det som om orkestra har eit inntrykk av at borna treng ein motivasjon utanom det musikalske tilbodet for å delta. På den andre sida ser det ut som om dei arrangementa som har eit reinare musikalsk fokus, først og fremst freistar å oppdra borna til å bli eit vaksent, veltilpassa orkesterpublikum ein dag.

Det hadde vore forfriskande å sjå eit orkester sette opp eit nyskrive verk skrive for born som meistrar å kombinere det barnlege med eit utfordrande uttrykk.

Kven skal ta grep?

Vi trenger ei meir lystbetont og offensiv programmering for born i Noreg der borna vert sett og behandla som ei meir interessant publikumsgruppe i seg sjølv, og ikkje berre som framtidige billettkjøparar med behov for oppseding. Nytenkjande satsingar som nemnte Bach-multimediashow og nyskriven filmusikk fortener honnør, men det hadde vore fint om i alle fall éin av dei eigenproduserte konsertane, ein eller anna stad i Noreg, kunne overraska litt.

Born er ei kravstor og direkte publikumsgruppe, men dei er også opne og mottakelege. For orkestra og komponistane trur eg det kan vere verdifullt dersom ein i større grad såg dei som eit seriøst og naturleg publikumssegment å vende seg mot.

Orkestra står ikkje i eit vakuum og er nok ikkje åleine korkje blant dei store institusjonane eller det frie musikkfeltet om å streve litt med born som publikum. Heilt gløymd er dei likevel ikkje: Alle døme i denne teksten synar at borna til ei viss grad vert prioritert når programmet vert skapt, i tillegg til at mange skulebarn får oppleve orkestra gjennom Den kulturelle skolesekken. Men vi kan ikkje overlate dette til skulane åleine, og orkestra lyt freiste å skape gode musikalske augneblink for borna utanom skulen sin regi. Det gjer ein best om ein legg sjela i programmeringa ovanfor dei minste.

Dersom så mange av dei store institusjonane lid av dei same manglane, kven skal då ta grep? Det gjeld kanskje å finne dei rette inspirasjonskjeldene og jobbe for eit kollektivt løft. Det kan sjå ut som norske institusjonsorkester kan ha godt av å leite litt ekstra etter motivasjon til å verkeleg nå fram til dei yngste.