Lett stemning og låg terskel på Miniøyas jul




Sommarfestivalen Miniøya har utvida til Miniøyas jul. Bidreg det til eit auka mangfald på kulturfeltet, eller blir dei heller ein storaktør som straumlinjeformar kulturtilbodet for borna i byen?

Det spelte nok ei rolle at eg kom litt ut på søndag ettermiddag, men eg blei likevel litt overraska over den rolege stemninga i den store Marmorsalen på Sentralen i Oslo – det store «kultur- og innovasjonshuset», som dei sjølve kallar seg. Denne helga var den tidlegare bankbygninga fylt med born, frå det eg kunne sjå i hovudsak frå sju-åtte år og nedover, foreldre og nokre besteforeldre.

Miniøya, Noregs største barnefestival som vanlegvis utspelar seg i juni, har i år utvida til også å omfatte Miniøyas jul, som gjekk føre seg laurdag og søndag sist helg. Inspirasjonen og namnet kjem naturleg nok frå vår største musikkfestival Øyafestivalen, og ein kan kanskje spørje seg om eit slikt, til dels hyperkommersielt konsept, er ynskjeleg å føre over på dei minste i samfunnet. Bidreg dei til eit auka mangfald på kulturfeltet, eller blir dei heller ein storaktør som straumlinjeformar kulturtilbodet i byen, og tek plass frå mindre, til dømes meir eksperimentelle aktørar? Kulturinntrykk på «samleband» kan gi assosiasjonar til fornøyelsesparkar med det stresset som kjem der. Ville der vere nok plass til å skape varige inntrykk hjå dei små publikumarane?

Miniøyas jul


Ny førjulsfestival, avholdt 2. og 3. desember på Sentralen i Oslo.

Bestod av musikk, dans, teater, litteratur, aktiviteter, julegavemarked, grøt og popcorn fra 11:00 – 16:00 begge dager.

Pris: 245 kroner pr. person (barn under 2 år gikk gratis)

Fyrsteinntrykket, der små born i nissesminke og sokkelesten småsprang rundt i den store Marmorsalen i vente på neste innslag, var eit godt bilete på korleis den høgtidelege bankbygninga har blitt til eit levande kulturbygg.

Der var tre etasjar med parallelle verkstadar i tillegg til konsertsalen på bakkenivå. Om ein var heldig kunne ein treffe på ein kvartett frå Solistkoret i gangane som song eit variert repertoar av julesongar, og gav dei forbipasserande ein liten intimkonsert. Dette skapte veldig god stemning også i transportetappane. Den store kapasiteten i bygget bidrog til god plass og lite kø og stress på dei ulike verkstadane, til tross for nærmare 1300 i publikum gjennom helga.

Ila Auto. Foto: Endre Lohne.

Drøy stand-up

Det første innslaget eg fekk vitne i Marmorsalen var stand-up-showet ÆSJ! med barnebokforfattar Reidar Kjelsen. ÆSJ! er også tittelen på Kjelsen si siste bok, om ei fluge som er flink til å vaske seg og likar å ete bæsj til middag. Kjelsen har også skrive, til dømes, boka Tissemus om ei mus som likar å tisse på både kva og kven som helst.

Med andre ord var det venta at det kom ein del tiss- og prompehumor, og mykje av det var også ganske festleg og lettbeint.

«Rekk opp handa alle som likar skinke!», sa Kjelsen, og teikna rumpa til ein gris med ein gaffel godt plassert i skinka. Etter ei teikning til med ei ku med hamburgarbrød over og under jura, kom også ein kylling der dei saftige kyllingvingane blei rive av, slik at det kunne sprute «ketsjup» på dei andre dyra vi er så glad i å ete. Det var med andre ord ikkje ei risikofri stand-up-rutine, og det synest eg var sprekt i denne settinga.

Kjelsen meistra å ta opp kontroversielle og tankevekkande tema, slik at han også utfordra borna sine grenser med humoren sin, og kanskje dei til og med lærte noko eller tenkte litt ekstra over, til dømes, kva vi et. Samtidig som Kjelsen fekk godt høve til å promotere bøkene sine her, må det seiast at han har laga eit godt konsept, som etter mitt syn bidrog med humor slik det skal vere: Konfronterande, sjølvransakande og sårbart, og nokre spark i alle retningar.

Solid karaokekomp

Oppover i etasjane var der ei rekkje verkstadar som gjekk føre seg heile dagen. Der var både kurs i hip-hop og breakdans og buttonverkstad, for å nemne nokre. I mellom innslaga i Marmorsalen denne ettermiddagen var eg kort innom DJ-verkstaden til Oh mama! Crew og Live Karaoke med musikkskulen POPrommet.

DJ-verkstaden såg ut som eit enkelt og effektivt konsept. Det var eit godt og lærerikt opplegg rundt korleis ein DJ fungerer, som satt fint saman med resten av programmet denne helga.

Karaokekonseptet til POPrommet med liveband (gitarist, pianist og trommeslagar) var hakket meir publikumsvenleg. Fleire born stod i kø for å synge alt frå «På loven sitter nissen» til «Håper du har plass» av Cezinando. Det som var flott her var korleis bandet i tillegg til å fungere godt i eit «Beat for beat»-konsept også tok omsyn til kva slags utøvarar dei skulle akkompagnere. POPrommet lukkast med å skape låg terskel for deltaking, og balanserte godt det å operere på borna sine premiss med ei pedagogisk tilnærming, der bandet forsiktig «styrte» framføringane med omsyn til dynamikk og dramaturgi. Om dei andre verkstadane var like pedagogisk vellukka, har Miniøya grunn til å vere nøgde.

Godt avpassa tempo

Festivalen blei avslutta med bluegrassgruppa Ila Auto. Barne- eller familiekonseptet til gruppa har eksistert ei god stund allereie, og det var tydeleg at dette var ei godt innøvd rutine for bandet, som balanserte fint mellom småsnakk om søskenforhold (frontmannen og bassisten er brør) og beint fram, tett og svingande bluegrass. Til trass for eit stadig synkande energinivå hjå borna blei det ein heil del dans i salen, og det er tydeleg at dette er høveleg musikk for store og små heilt utan særskild tilpassing.

I likskap med Kjelsen sin «stand-up» var dette eit godt døme på korleis ein kan treffe målgruppa og likevel halde på kvaliteten. Det blei heilt klart fest, slik vi vaksne også ynskjer oss når vi deltek på tilsvarande arrangement, men med intensitet, volum og tempo som var godt avpassa målgruppa. Kombinert med verkstadane som gjekk parallelt kunne borna fritt velje seg det som til ei kvar tid passa dei.

Konsertar, show og verkstadar på eit samleband kunne sjå stressande og valdsamt ut på papiret. Men det eg såg denne søndagen – i tillegg til eit variert og kvalitetssterkt program – var eit festivalkonsept som tok omsyn til borna sitt verdsbilete. Låg terskel for deltaking, roleg stemning og avslappa overgangar mellom dei ulike programinnslaga skapte ei atmosfære borna såg ut til å trivast særs godt i. Slik får dei også overskot til å faktisk ta inn opplevingane dei får servert.