Melankolske monster




Tidvis morosame, men litt for trygge forteljingar om monster med dårleg sjølvbilde.

Sidan 2007 har det kome ei ny bok annakvart år i denne antologiserien for barn. Alle bøkene er illustrert av Gunvor Rasmussen, og for dei har ho hausta mykje skryt. Tidlegare har antologiane presentert eventyr og trøysteforteljingar. I år samlar antologien forteljingar om monster i ulike variantar.

Men om du forventar skrekk og gru, blir du sannsynlegvis skuffa denne gongen. Her er få skumle og skremmande grøss. Monstera er i staden sympatiske outsiderar som lesaren skal identifisere seg med.

Fakta


«Monsterboka»

av Arnfinn Kolerud, Terje Torkildsen, Solfrid Sivertsen, Atle Berge, Sunniva Relling Berg, Bente Bratlund, Laura Djupvik, Helga Gunerius Eriksen, Sigrid Merethe Hanssen, Terje Hellesen, Roald Kaldestad, Marita Liabø, Ruth Lillegraven, Lars Mæhle, Ingelin Røsseland, Tor Arve Røssland, Karl Seglem, Kari Smeland, Linn T. Sunne, Solveig Aareskjold.

Illustrert av Gunvor Rasmussen

Skald forlag 2013

«Monsterboka» er den fjerde boka i serien frå Skald med nyskrivne nynorske forteljingar.

20 forteljingar, 20 forfattarar, ein illustratør

Nokre av forfattarane er med frå tidlegare antologiar i serien, andre debuterer i denne samanhengen. Det er fleire kjente namn her, mellom anna Bente Bratlund, Lars Mæhle og Linn T. Sunne. Med like mange forteljingar som forfattarar, og der alle skriv fram eigne fiktive univers, er det kanskje godt gjort å få til ein tydeleg heilskap gjennom dei ulike bidraga i boka.

Målarpenselen til Rasmussen er ein av fellesnemnarane, til tider er illustrasjonane hennar briljante. Forteljinga «Monsterbarn», skriven av Marita Liabø, handlar om guten Lino som trur mora hans meiner han er eit monsterbarn. På eit oppslag speglar Lino seg, og i spegelen ser vi hans eige forkvakla sjølvbilete. Særleg originalt er det ikkje, men det syner likevel ein interessant kontrast i koplinga mellom indre kjensler og den ytre forma. Rasmussen tek seg mange fridomar med illustrasjonane. Det er ingenting i denne forteljinga som tyder på at handlinga går føre seg i verdsrommet sjølv om figurane i illustrasjonane har romfararhjelm på. Også her er grepet vellukka, spesielt når Lino flaksar rundt aleine utanfor romskipet. For eit barn som lurer på om han er uønskt i heimen må eit liv utanfor tryggleiken til foreldra virke like tom som verdsrommet. Dette er ikkje einaste staden illustrasjonane opnar opp det litterære rommet.

Monsterforteljingar

Alle bidraga er i same sjanger og omtrent same lengde, og handlar om monster i ein eller annan fasong. Når monstera aldri er skumle, er det fordi dei anten har slutta med å skremme, som i forteljinga av Lars Mæhle der foreldra gir monsterungen hòlearrest fordi han skremde nokon, eller fordi dei rett og slett er snille. Det er hovudsakeleg to variantar som går igjen: forteljingar om møte mellom menneske og monster, og om monster (eller menneskebarn) som av ulike grunnar har låg sjølvtillit.

Eit godt døme på det første er forteljinga «Monsternytt», av Arnfinn Kolerud, der nabokjerringa Fru Lund roper på politiet fordi ho mistenker at Grim er eit monster. Provføringa hennar fell for døve øyre ettersom politimannen er meir opptatt med å ete eplekaka monsteret har laga. «Monsternytt» inkluderer stereotypiske oppfatningar av kjerringar, politimenn og monster, utan å vere så trøyttande moraliserande som mange av dei andre forteljingane er.

Frå «Monsterbarn».

Frå «Ulukketrollet og professor Lomme».

I «Ulukketrollet og professor Lomme» møter vi ein skapning som er lei av å vere ulukketroll. Hjelp får han av Sylvester Lomme, «skarpaste språkmannen i landet», eit namn som kling kjent og er det beste ordspelet i boka. Løysinga hans er like god som den er enkel – å fjerne ein «U» i namnet. Så langt er dette ei kjekk historie, men siste del introduserer ei bakegal kvinne som treng hjelp til å ete alle kakene ho har baka. Brått tenker Ulukketrollet at han er eit sant Lukketroll. Her saknar eg meir motstand i teksten.

Skummel, morosam, melankolsk

Til tider er boka morosam eller spennande, berre unntaksvis på same tid. Boka har tydelege visuelle kvalitetar, men illustrasjonane til Rasmussen står til forteljingar som berre av og til når same høgda. For meg er det ei utfordring at mange av forteljingane er like i forteljarstil, motiv og handling. Det er for mange monster som slit med sjølvoppfatninga og som fortel om det i ei uglad tone. Boka presenterer individualiserte monster som lengtar etter kjærleik og aksept. Forteljingane avsluttar alltid med ei oppfylling av desse kjenslene, eller i det minste hint av dette. I bidraget frå Linn T. Sunne heiter det «Nei, du er ikkje noko monster, men du har det i deg. Alle har eit lite monster inni seg».

Forteljingane handlar om slike «monsterlege» kjensler, men som oftast skrapar dei berre borti overflata. Eit av bidraga fortel om ei aleinemor som skal på jobbintervju mens jentungen lèt som ho er eit monster. «Mille Monster» er skriven av Sigrid Merethe Hanssen og viser på ein underfundig måte ein hektisk kvardag der mora er med på leiken til Mille. Det er ein gjengangar at sjølv om dette er ei monsterbok, så er forteljingane grådig trygge.