Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Musikkaktivitet innanfrå eller utanfrå

KATEGORI

Musikk,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

fredag 27. februar 2015

Oslo-Filharmonien byr på musikalske aktivitetar for dei unge, medan Barratt Due musikkinstitutt først og fremst let elevane sjølve utøve musikk. Kva er den største skilnaden?

↑ © Alexander Light Photography

Helga i månadsskiftet januar/februar kunne ein retteleg vasse i klassisk relaterte musikktilbod både for og med born i to av storstovene i Oslo sentrum. I Konserthuset inviterte Oslo-Filharmonien til familiedag med 12–13 ulike musikalske aktivitetar i foajeområdet. Dagen vart avrunda med konserten «Musikkens univers» med Andreas Wahl som leiar og forteljar. Dagen etter var det Barratt Due-dag i Operaen. Her vart klassisk musikk framført av utøvarar i mange aldrar i enno fleire ensembletypar, og aktiviteten var stor.

Filharmonikarar for ungane


Men kva skil desse to dagane der den klassiske musikken og born og unge er fellesnemnaren, og kva har dei å tilføre kvar for seg? Saman med mine eigne ungar på tre og ti, og niesa mi på sju, fekk eg med meg brorparten av begge delar.

Det var raskt klårt at dagane hadde ulike føremål. Medan familiedagen i Konserthuset var eit tilbod frå profesjonelle musikarar til borna som kom innom, var borna i utøvarrolle det viktige på Barratt Due-dagen i Operaen. Der var først og fremst vaksne og sysken publikum, medan born og unge spela. Oslo-Filharmonien inviterte ungane inn, medan Barratt Due eksponerte dei ut, og slik sett fylte dagane ulike behov. Men det gjer det ikkje mindre interessant å tenkje over kva dei har å tilføre.

Musikksti i konserthusfoajeen


Filharmonidagen starta kl. 13, og i to timar fram mot konserten i salen kl.15 var heile foajeen fylt med ulike postar av utstasjonerte filharmonikarar i grupper på 2–3. Mellom desse kunne ungane gå rundt og prøve alt frå komponering til dirigering. Ein stad kunne dei spele fiolin og cello og lære ein enkel melodi på lause strengar. På ein annan post var det trommevirvelkonkurranse. Ein tredje stad kunne ein svinge tau for å skape svingingar, som musikarar etter beste evne kopierte i musikk. På den måten lada dei opp mot konserten med fysikar Andreas Wahl.

Seriøs tolking


Det fyrste vi prøvde oss på var trommevirvelkonkurransen. I løpet av 15 eller 30 sekund skulle ein virvle så mange gonger ein klarte. Heldigvis var det digitale trommeskinn, elles hadde vel spetakkelet i foajeen vorte ganske vanskeleg å halde ut.

Så komponerte vi, og den posten var noko av det beste. Det låg tavler med notesystem med G- og F-nøkkel framme. På dei kunne ein setje svarte små magnetrundingar. Men det var korkje notehalsar eller mogeleg å hole ut rundingane, så rytmen i komposisjonen var dømd til å bli ganske einsarta. Den 7-årige niesa mi prøvde seg på ein enkel komposisjon. Ho er van med å lesa notebilete, og det var kanskje grunnen til at ho la det ganske harmonisk opp og stilte seg i kø for å få verket urframført.

Fiolinist Elise Båtnes var ein av musikarane der, og ho vende seg til jenta: Hadde ho tenkt på korleis musikken skulle vera – lett, langsam eller trist? Nei…, 7-åringen hadde ikkje tenkt noko særleg på det. – Ja, det er ofte at komponistane overlet til musikarane å tolke musikken, sa Båtnes alvorleg, og jenta nikka like høgtidssamt. Så vart verket spela. Det let slett ikkje verst, og sjølvsagt var det stas for ein ung komponist (og dei vaksne!) å få ei så kompetent tolking av musikken umiddelbart.

I det heile var seriøsiteten som gjekk hand i hand med det morosame imponerande. På alle postane var det kort veg mellom ungane og dei profesjonelle, og over alt kom ein i direkte kontakt med både musikarane og musikken. Ein kunne både ha det moro og lære noko, og alt var direkte relatert til Oslo-Filharmonien sitt eige virke.

Glitrande tenkt og gjennomført


Tone-twisterar er eit rutenett med ni ruter, som på mange måtar liknar eit paradis. Innanfor desse rutene skulle ein hoppe eller bevege seg, og tre musikarar sette lyd til rørslene. Dotter mi på ti og niesa på sju sette òg stor pris på å spela både kontrabass og cello. Jenta mi spelar fiolin sjølv og hadde ein brukbar inngangsport til cellospelet, men sette likevel pris på den kjappe instruksjonen som enda opp i å spela på lause strengar medan filharmonikarane stod for melodien til «Per Spelmann».

På alle postane kom ein i direkte kontakt med både musikarane og musikken, skriv Tori Skrede. Foto: Alexander Light Photography
På alle postane kom ein i direkte kontakt med både musikarane og musikken, skriv Tori Skrede. Foto: Alexander Light Photography

I det heile var dette eit svært vellukka arrangement som let ungane få eit innblikk i korleis det er å spela på orkesterinstrumenta, kva lydar som kjem ut og korleis dei står i forhold til anten noter og notelinjer, svingingar eller ulike fysiske rørsler.

Kva er musikk?

Og alt enda opp i konserten «Musikkens univers». Dit måtte eg gå åleine med minstemann, men 10-åringen-min hadde allereie vore på den som skulekonsert og var svært begeistra. Ho hadde mellom anna fortalt at han som leia konserten tente på eitt eller anna. Og eg vart ikkje skuffa. Andreas Wahl er ein framifrå formidlar. Ved hjelp av ein slags gassgrill med flammer, synte han korleis ulike tonar og klangar kjem av ulike svingingar. Då lyden frå paukane vart kopla i mikrofon til grillen, drønna flammene fram.

Som 10-åringen likte også eg denne veldig konkrete demonstrasjonen av eit fysisk fenomen, som blir svært abstrakt om ein berre snakkar om det. Wahl problematiserte kva musikk kan vera og ikkje vera, mellom anna ved å la publikum gjera seg opp meiningar om kva som var mest musikk av Anton Webern, Krzysztof Penderecki og eit nytt improvisasjonsstykke, etter at vi hadde hatt innleiande rundar med meir melodiøs og tonal musikk. Det var ikkje noko tull her heller, men derimot tett samanheng mellom naturvitskap, lydbilete og musikalske strukturar.

Barratt Due for utøvarane


Denne dagen var for utøvarane medan filharmonidagen var for publikum, skriv Tori Skrede.
Denne dagen var for utøvarane medan filharmonidagen var for publikum, skriv Tori Skrede.

Dagen etter var vi på tokt i Operaen, der Barratt Due hadde innteke huset. Sjølv om musikkinstituttet eit stykke på veg hadde marknadsført dette som ein aktivitetsdag, var det framfor alt ein lang konsert med deira elevar og studentar. Denne dagen var for utøvarane, medan filharmonidagen var for publikum. Etter mange små og store konsertar var det om kvelden konsert på hovudscenen der Christian Ihle Hadland var solist med Barratt Dues symfoniorkester.

Kjempegøy med musikkbarnehage


Det einaste dei besøkjande unge kunne vera med på her, var musikkbarnehagen. Eg og minstemann tok med oss to omgangar på balkongen, ein for ungar 1–2 år og ein for 3–5 år. Begge gruppene hadde born i ulike aldrar, slik blir det jo gjerne om familiar med fleire sysken er ute. Og begge omgangane var ein suksess. Ikkje fordi musikkbarnehagelærarane på Barratt Due tenkjer så nytt. Heller fordi dei ikkje gjer det, men er desto meir dyktige innan eit tradisjonelt repertoar.

Musikkbarnehagelærarane på Barratt Due er dyktige innan eit tradisjonelt repertoar. Foto: Barratt Due
Musikkbarnehagelærarane på Barratt Due er dyktige innan eit tradisjonelt repertoar. Foto: Barratt Due

Dei brukar enkel song med enkle rørsler, klapping og rytmepinnar. Dei nytta nokre musikkutval frå «Dyrenes karneval» vi skulle bevege oss til. Sjølv om mange kan finne på noko liknande, merkar ein heile tida kor reinstemt og bra dette opplegget er: synkronisert til minste detalj, og med ein tydeleg plan for alt som skjer. Det gjennomarbeidde opplegget gjer at dei held god kontroll på gruppa heile vegen. Treåringen min sa at dette var kjempegøy, og fortalde etterpå om store og små lydar han hadde opplevd. Stort meir kan ein ikkje forlange av representanten for målgruppa.

Kva med berre nokre enkle aktivitetstilbod?


Men elles var dagen ei massemønstring av elevane ved instituttet, med foreldre, sysken og besteforeldre som tilhøyrarar. Med filharmonidagen friskt i minnet, kunne eg ikkje anna enn å undre meg litt over at det ikkje var lagt opp til aktivitetar for ungane utover dei som spela – når dei spela. Niesa mi på sju er sjølv Barratt Due-pianoelev, men ho var ikkje spurt om å spela denne dagen, for det var sjølvsagt ikkje rom for alle. Eg hadde likevel trudd at ho ville syne litt interesse for å høyre på alle dei andre. Det gjorde ho ikkje. Det ho var interessert i var å få helst på læraren sin, og elles å skli på marmoren i garderobeområdet, som så mange andre. Kva med litt enkel innreiing av det raude Barratt-Due-huset, plassert rett innanfor inngangen, med teikning, musikalsk puslespel eller noko anna?

Kva gjer ei musikkoppleving?


Ein institusjon som Oslo-Filharmonien kan godt vera ekskluderande i forma si, ikkje minst for born og unge. Men det er orkesteret i ferd med å gjera noko med. Det er kanskje difor ein blir så begeistra over å sjå musikarane i foajeen i kjole og kvitt, men likevel, ja, som vanlege menneske. Som snakkar, ler og kommuniserer direkte med dei som ynskjer å oppleve og lære noko. Ein aktivitetsdag som dette bidreg verkeleg til å opne ei dør så både born og vaksne kan få eit anna og nærare bilete av kva musikarane held på med og korleis musikken er og blir laga.

Og Barratt Due gjer ein framifrå innsats med å lære born og unge å utøve klassisk musikk. På høgt nivå, og gjennom dét lærer dei sjølvsagt mykje om musikalske strukturar og stildrag og korleis tonar blir til. Men det dei òg lærer er den tradisjonelle, klassiske konsertforma der det senker seg ein vegg mellom dei som spelar og dei som høyrer på.

Det gjer kanskje ikkje noko? Barratt Due musikkinstitutt treng ikkje nyrekruttere, og dermed treng dei heller ikkje fri til folk som kjem. Dei treng ikkje utvide seg. Og dei som kjem for å høyre på får bekrefta det dei veit: At Barratt Due musikkinstitutt er ein prima utdaningsinstitusjon innan klassisk musikk som dessutan har eit særs godt musikkbarnehagetilbod. Å spela sjølv og avduke musikken gjennom eiga erfaring gjer ein når ein er innafor.

Imidlertid merkar at eg oppriktig ynskjer at Barratt Due-musikarane vi lære seg at musikkformidling kan vera noko enn berre å spela, og at ein kan gje folk utvida musikkopplevingar også ved å snakke, fortelje og demonstrere.

 

Meldinga blei først presentert på ballade.no 12.2.2015.

Annonser
Stikkord:
· ·