Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Opera kan få born til å reflektere

KATEGORI

Musikk,

SJANGER

Artikkel,

PUBLISERT

tirsdag 9. desember 2014

– Nyskriven opera for born er det ikkje mykje av i Norden, og det er vi i ferd med å gjera noko med, seier songaren Ingeborg Fangel Mo. Men først og fremst vil ho formidle viktige historier gjennom musikk.

↑ Frå «Mørkebarnet». Foto: Saum

For det Ingeborg Fangel Mo driv med er ikkje eit pedagogisk prosjekt for å få born til å like opera. Det ho vil er å kombinere kompleksiteten i den klassiske musikken med viktige spørsmål om livet her og no.

– Operaen som form er ikkje interessant i seg sjølv, seier ho. – Born er ikkje interesserte i ei form for forma si skuld. Men operaformatet er så forteljarteknisk rikt, og klassisk musikk insisterer på ein kompleksitet som popmusikken manglar. Det gjer at denne musikken eignar seg svært godt til å formidle noko eksistensielt og til å få både barn og vaksne til å reflektere, meiner ho.

Dansk barneteater og klassisk opera

Sjølv er ho oppvaksen på på Jylland i Danmark, men på grunn av den norske ektemannen har ho budd i Kviteseid i Telemark i mange år no. Derifrå driv ho Musikteatret SAUM saman med produsenten Sille Breddam.

– Dansk barneteater har vore kjend for å vera veldig fysisk og for å bruke enkle middel for å seie noko viktig, fortel ho. Og det er dette ho vil kombinere med nykomponert klassisk musikk med eit nyansert lydbilete. Ho vil formidle noko som gjeld mange menneske på ein måte som er umiddelbar og lett å forstå.

Fangel Mo meiner at born i dag blir vaksne for tidleg. Likevel lever mange i ei boble der dei vert fråtekne alt ansvar for fellesskapet. Mellom anna difor kjenner ho seg mest forplikta til å gje dei kunst som tek opp viktige tema og ynskjer å engasjere.

Musikteatret SAUM har fått namnet sitt frå nynorskordet for å binde noko saman med ei nål. Og stavemåten i heile namnet fortel mykje om kva ho sjølv er bunden saman av. Etter mange år på ein gard i det ho sjølv kallar «Vesaas-land» arbeider ho framleis mykje i Danmark, og i scenekunstproduksjonane prøver ho å kombinere det beste frå det danske og det norske.

Mørkebarnet og Is-slottet

Frå «Is-slottet». Tuva Semmingsen (Siss). Foto: Per Morten Abrahamsen

Det var Ingeborg Fangel Mo som tok initiativet til kammeroperaen «Is-slottet» basert på Tarjei Vesaas’ roman, som vart framført fleire stader i Danmark, og i Kristiansand og Ulsteinvik i Noreg tidlegare i haust. Komponisten Magnar Åm skreiv musikken. Fangel Mo er snar med å trekkje parallellar frå denne produksjonen til ein annan opera Musikteatret SAUM har hatt suksess med.

– «Mørkebarnet» er på ein måte veslesyster til «Is-slottet» seier ho. Det handlar om to born, eller kanskje er det to ulike sider ved same person. Operaen er bygd på ei bok, eller snarare ein sonettekrans av den danske forfattaren Cecilie Eken. Men dramatiseringa er det, «som med Is-slottet», Jesper B. Karlsen som har stått for.

– Historia går rett inn i konflikten mellom dei lyse og mørke sidene i eit menneske, og på den måten angår ho alle, fortel Fangel Mo.

Klassisk song og skodespel

Konkret handlar historia om Mørkebarnet og Lysbarnet, som bur hos far og mor. Men dei vil ikkje ha Mørkebarnet inn i huset fordi ho er vanskeleg og tek livet av idyllen. Då blir sjølvsagt Mørkebarnet sinna og inviterer inn alle monstre ho finn ute i natta for å få hjelp til å ta livet av Lysbarnet.

«Mørkebarnet» var ein co-produksjon med teater ZeBu i København og turnerte i Danmark i 2012. Mottakinga var svært god. No er librettoen omsett til norsk og framsyninga skal etter planen opp på scenekunstmarknaden i Sandefjord til våren. Målet er at operaen skal turnere i Noreg om ikkje lenge. Ingeborg Fangel Mo ser ei utfordring i at boka ikkje er kjend i Noreg, medan ho er nesten allemannseige i Danmark. Men essensen i historia kan nå alle, uansett om boka er kjend eller ikkje.

– Det var stort å oppleve at ADHD-gutane på Amager i København så tydeleg likte operaframsyninga, fortel Fangel Mo. – Opera som form var dei framande for, men bodskapen og handlinga appellerte veldig.

Melodiøsitet må vera til stades

Den danske komponisten Peter Bruun skreiv musikken til «Mørkebarnet». Han er medviten om at det må vera ein viss melodiøsitet til stades når ein skriv for barn, og dramatikken må haldast i gang gjennom musikken. Bruun har uttala at ariane må liggje i rette, korte bitar som varar i maksimum eitt minutt. Og i komposisjonsarbeidet ligg óg utviklinga av songrollene og resten av det klingande biletet.

Frå «Mørkebarnet». Foto: SAUM

I «Mørkebarnet» syng Ingeborg Fangel Mo sjølv rollen som Lysbarnet med klassisk skolert stemme, medan ein skodespelar spelar Mørkebarnet og brukar «vanleg» song- og talestemme. Og Musikteatret SAUM brukar ofte ulike typar stemmer i same produksjon. Det er med på å opne forma og understrekar ulikskapane i karakterane. I «Is-slottet» var det vokalkunstnaren Ruth Wilhelmine Meyer som nytta stemma instrumentalt og i tale medan dei andre songarane song klassisk.

Sinna mann i kjømda

No er operaen «Sinna mann» under arbeid, og premieren er sett til våren 2016. Her er det ei bok av Gro Dahle som ligg i botnen. Guten Boy har ein far som ikkje greier å styre raseriet sitt, og historia handlar om sinne, sorg, skuld og forsoning. Islandske Steingrimur Rohloff skriv musikken, og Ingeborg Fangel Mo og Jens Søndergaard skal stå på scenen i lag med to musikarar.

– Sjølv om denne boka handlar om vald famnar handlinga mykje breiare. «Sinna mann» tek opp mange sider ved det å leva i ein dysfunksjonell familie og det ansvaret og skuldkjensla borna ofte vert sitjande med, seier ho.

Denne kammeroperaen skal vera for born frå 6–10 år, men som alt anna Musikteatret SAUM produserer kan verket fungere for både barn og vaksne. Dei ynskjer å nå flest mogleg, uansett alder. Og handlinga vert alltid teken opp på eit eventyrleg eller mytisk metaplan. – Rein sosialrealisme fungerer ikkje med opera-formatet, meiner Ingeborg Fangel Mo. – Men når vanskelege tema kjem opp på eit eventyrleg metaplan når essensen i handlinga fram på ein djupare måte.

Kunsten må seie noko viktig

Ingeborg Fangel Mo er sjølv oppvaksen i ein musikalsk og musikkglad familie. Det var ikkje opera som vart spela heime, men dei sang mykje, og den danske sangtradisjonen står henne svært nær. Til si eiga overrasking kom ho som vaksen inn på musikkonservatoriet og vart betre kjend med den klassiske operatradisjonen. Men omtrent like raskt fann ho ut at ho ikkje ville arbeide med å reprodusere klassisk opera. Ho ville vera med på å skape nye verk, og gjerne ta operaforma ned på eit meir folkeleg nivå.

Ho er dessutan samfunnsengasjert og oppteken av mellom anna klimaspørsmåla som trenger seg på oss.

– I den danske samtidslitteraturen vert det snakka om «generasjon etikk». Svært mange forfattararar skriv seg inn i ein tradisjon der etiske spørsmål ligg langt framme. Og dét kan gjera det naudsynt å gripe sjangrane an på nye måtar, meiner ho.

– Tida har gått frå dei reint eksperimentelle uttrykka. Vi har hatt Schönberg og Stockhausen. Det strukturelle må sjølvsagt vera med i all kunst, men det må aldri skygge over det mimiske. Det narrative må tilbake. Vi må bruke kunsten til å seie noko viktig. Vi har ikkje tid til noko anna.

Frå «Is-slottet». Ingeborg Fangel Mo (Unn). Foto: Per Morten Abrahamsen

Annonser
Stikkord:
· · ·