Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Overlevingsbok for dei minste

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

fredag 13. mars 2015

Ei bok som formidlar gleda ved dårleg vêr: Ein må møte kreftene der ute med openheit.

↑ Mennesker vandrende og ridende i ekstremt vindfullt vær på toppen av Brecon Beacons. Tresnitt av O.T, 1860. Kilde: Wikimedia

Mange har ein tendens til å hugse vindane og stormane som rir gjennom barndomen. Vind er ein valdsam storleik – og i Noreg kan slike vindar plutseleg kome på besøk. Vindane ein minnast frå barndomen var ofte vindar ein kjende på kroppen: vindane som gjorde ein vektlaus. Vindane som bekrefta kor godt og viktig det var å ha ei vaksen trygg hand å halde seg fast i. For vind kan vere farlege greier.

Blir dradd inn i vinden

Farleg er også vinden som blir portrettert i barneboka «Vindtrollet». Den er nyleg ute på det vetle Lofoten-forlaget Orkana (!). Forfattaren bur sjølv endå lenger nord: i Longyearbyen. Ho har herifrå gjort polarkultur til sitt spesialfelt. Det kjem verkeleg fram i denne boka som funkar både for oss vaksne og dei minste.

Fakta


«Vindtrollet»

av Sigri Sandberg

Illustrert av Morten Mørland

Orkana forlag 2015

Kort fortald handlar «Vindtrollet» om ein liten gut, Øyvind. Han bur i ein liten kystby truleg eit stykke nord i Noreg. Ein by kor det kan blese valdsamt og kaldt. Ein stad med masse snø. Boka tek for seg ein morgon han skal i barnehagen. Det er eit ekstra forferdeleg vér denne morgonen. Mora – som truleg er ein ekstrem-vér-entusiast – insisterer på at han skal gå. Han gjer ein del for å sleppe, men må gje seg. Det er ikkje rart han vil vere heime: vinden denne vinteren har vore valdsam og langvarig. Den vetle byen har blitt endevendt av all blesten. Til dømes har kyrkja i byen bytt plass med butikken. Folk saknar alskens ting. Og på veg til barnehagen misser mor til Øyvind taket i Øyvind: Han skal berre ordne kjeledressen med begge hendene. Det ender med at Øyvind blir dradd raskt inn i vinden – og misser mamma av syne. Tida går. Etter mange timar flygande og flaksande i den valdsame vinden ender han i eit enormt hippie-hår. Det er hårpryden til Vindtrollet som bur i eit høgt fjell. Det viser seg at Vindtrollet bles av einsemd og treng hjelp. Det er også årsaka til all den valdsame vinden denne vinteren. Dette ordnar vetle Øyvind opp i. Boka ender med at alt blir vindstille og han kjem trygt attende til mor si.

Gleda ved dårleg vèr

Vindmetaforen gjer at denne boka også kunne snakka til born som opplever monsunvinden i Bengal. Eller for dei minste i Trieste nord i Italia (dei lever i skuggen av det valdsame rov-vinden Bora), eller orkanofra på Vestlandet. Årsaka til denne allmennbarnlege dimensjonen er særleg illustrasjonane til Morten Møland. Han løfter forteljinga til Sandberg til eit universelt nivå – trass all snøen og anorakkane. For meg personleg vekker denne boka mange minner frå eigen barndom. Frå då eg budde i Hammerfest. Det er rett nok ikkje Svalbard, men også der i byen kan vinden blese valdsamt og kaldt. Hadde eg hatt denne boka på nattbordet, trur eg at eg hadde fått fantasimat for heile vinteren.

Ei slik bok hadde også budd meg på neste vind – for den formidlar gleda ved dårleg vèr. Tilnærminga er den same som økofilosof Arne Næss dyrka: Ein må møte kreftene der ute med openheit. Boka formidlar gleda ved den hardaste vinteren. Og nett dette er kanskje ikkje så rart – Sigri Sandberg er som tidlegare nemnt blant noregs fremste formidlarar av polarkultur. Særleg polarkulturen frå eit kvinneperspektiv. Og kunnskapen om eit «alternativt», ikkje-maskulint perspektiv på det polare får ho godt fram i denne boka. Nærleiken mellom forelderen og barnet står i fin kontrast til det store hårete trollet som bles for harde livet.

Korleis tenke i stormen

Dette treng born – også i stormar som ikkje har med vér og vind å gjere (dei som opplever mobbing eller vald): Dei treng å kome innanføre anorakken til mor eller far, når dei har vore «lost» i vinden. Når ein bur i det nordlegaste Noreg blir dette også ei bokstaveleg oppleving: Viss ein slepp taket i foreldrehanda (for å lukke glidelåsen) så skal det berre eit kraftig snøfylt vindpust til for at den vaksne svinn ut av syne. Det er det uforutsigbare med ein snøstorm: Ein ser ikkje noko som helst. Ein ser ikkje at mamma eller pappa berre er to meter framføre ein. Då er det lett å få panikk.

«Vindtrollet» er med andre ord ei overlevings-bok for dei minste. Her lærar ein med enkle grep og vakre teikningar korleis ein som liten kan tenke når ein er i stormen. Særleg når vaksne ikkje er der og ein kjenner seg einsam.

Annonser
Stikkord:
· · ·