– Sakprosa i teikneserieform er ikkje sjangeroverskridande




Måten teikneseriar vert omtala i samband med nominasjonane til Kulturdepartementets barne- og ungdomslitteraturpris tydeleggjer at det er naudsynt med ei språkleg og kritisk fornying, skriver tidlegare juryleiar for Sproing-prisen, Knut Robert Knutsen om juryen si grunngjeving.

Nominasjonane til Kulturdepartementets barne- og ungdomslitteraturpris er offentleggjort og i den samanhengen så dukkar det opp eit gamalt definisjonsproblem: Kva er ein teikneserie?

I eit intervju til Periskop nemner Juryleiar Anne Kristin Lande som døme på «sjangeroverskridende» bøker «fagbøker/sakprosa som er skrevet som tegneserier».

Les juryens begrunnelse her: Nominasjoner til Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2015

Fakta


Onsdag denne uka ble de nominerte til Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur offentliggjort. Med støtte i juryebegrunnelsene, uttalte juryleder Anne Kristin Lande i den forbindelse i et intervju til Periskop, at billedbøker for ungdom og fagbøker/sakprosa som er skrevet som tegneserier er sjangeroverskridende. Utsagnet skapte debatt på Facebook.

Denne misoppfatninga av teikneserie som ein sjanger er ikkje uvanleg, men skuldast at ein ikkje har hatt ein klar standard for teikneserieforståing og -kritikk på norsk. Sakprosa i teikneserieform er heller ikkje sjangeroverskridande, der er tvert imot ein omfattande, om ikkje så høgt profilert, historisk produksjon av sakprosa og faglitteratur i teikneserieform.

Den kjende teikneserieskaparen og teoretikaren Will Eisner produserte i 20 år frå 1950-talet instruksjons-hefter i teikneserieform for det amerikanske forsvaret, dette er eit prosjekt som framleis eksisterer. Forfattaren Larry Gonick starta på 1980-talet sin serie på etterkvart eit tjuge-tals «Cartoon Guide to» bøker over historie, vitskap og andre akademiske emne.

Av «skjønnlitterære» sakprosaverk kan nemnast: Jack Jackson (Jaxon) sine mange historiske verk om Texas og Sørvest-USA; Joe Sacco sine journalistiske teikneseriar og Hector Oesterheld og Enrique Breccia sin Che Guevara-biografi.

Berre i Noreg har ein dei siste 5 åra mellom anna Bjørn Ousland sine polarekspedisjonsbøker, Esben Titland si innføring i Piketty, Kristian Krogh Sørensen sin Gulost-biografi og hefte om Oslo Sporveier, Steffen Kverneland sin Munch- biografi og Lars Fiske sine biografiar /sakprosaverk Herr Merz og Automobilfabrikken Fiske.

Oppfatninga av sakprosa i teikneserieform som «sjangeroverskridande» er òg uløyseleg knytta til bruken av omgrepet «sakprosa» i staden for «saklitteratur». Sakprosa vert uformelt definert ut av litteraturomgrepet medan teikneseriar vert ofte sett på som eit reint underhaldningsmedium, og difor utanfor sakprosaen sitt domene.

Usynleggjeringa av moderne sakprosa som litteratur reflekterer eit forelda syn på faktaformidling. Dette står i opposisjon til mellom anna nye pedagogiske arbeidsmetodar som «storytelling», ofte nytta i samfunnsfaga, og kan kome i vegen for ei kritisk forståing av kor viktig forfattaren sin kreative framgangsmåte er for eit sakprosaverk.

– Sakprosa i teikneserieform er ikkje sjangeroverskridande, der er tvert imot ein omfattande produksjon av sakprosa og faglitteratur i teikneserieformat. Et eksempel er boka Herr Metz av Lars Fiske. Foto: No Comprendo press.

Steffen Kverneland sin Munch-biografi fra 2013 er ein del av denne lange tradisjonen. Boka si evne til å vise oss Munch med nye auge kjem frå Kverneland sitt talent som visuell tolkar og forteljar og hans prinsippfaste haldning til boka sin integritet som sakprosa, ikkje frå «det nye» i sjangeroverskriding. Munch er ein fabelaktig god og grundig researcha biografi, så kvifor vert den oppfatta som sjangeroverskridande og uvant?

Munch er ikkje ny i si bruk av «skjønnlitterære» grep, men den er kanskje uvan i den forstand at dei «skjønnlitterære» grepa er både umogeleg å oversjå og tydeleg forfattarens subjektive visuelle tolking av dei korrekt siterte tekstlege kjeldene. Slik kan verda gjerast verkeleg for lesaren utan at verket kan skuldast for å vere spekulativt på ein villeiande måte.

Viss ein hadde vore meir medveten om dei skjønnlitterære verkemidla si faste rolle i sakprosa, så ville kanskje dette vere mindre overraskande.

Definisjonsproblem kring teikneseriemediet er ikkje noko nytt. Inntil nyleg, det vil seie cirka dei siste 20 åra, så var akademisk kritisk omtale av teikneseriar sporadisk og ofte knytta til overflatiske element (som bruken av lydeffektar). Ofte rådde serieskaparar grunnen åleine i djupare fagleg kritikk og analyse av seriar, men då ofte internt i teikneseriemiljøa.

Ein kritikar med bakgrunn i litterær analyse som berre tidvis anmelder eller analyserer teikneseriar, og då med eit eksklusivt litterært analyseapparat, vil lett falle i den fella at han reknar teikneseriar som ein sjanger og overser dei trekka ved serien som han ikkje kan setje ord på.

Forsiden av boka Munch (2013) av Steffen Kverneland. Foto: No comprendo press

På engelsk og fransk har ein etterkvart utvikla omgrep og rammeverk for konstruktiv og nyansert teikneseriekritikk og omfattande litteraturhistorier. Seriekritikkmiljøet i Noreg har lenge debattert korleis ein skal få sett i verk noko liknande på norsk, men der står mykje arbeid att.
Teikneserien si rolle internasjonalt og i Noreg har lenge vore i endring. Salstal for underhaldande teikneseriar har meinka i konkurranse med andre media, samstundes som teikneseriar som medium har fått meir aksept hos tradisjonelle forlag, bibliotek, aviser og andre av den skjønnlitterære prosaen sine bastionar. Fleire litterære prisar tek no teikneseriar på alvar. Inga Sætre, Anna Fiske og Steffen Kverneland er berre nokre av dei serieskaparane som har vorte nominert til litterære prisar.

Måten teikneseriar vert omtala i samband med denne nominasjonen, på ein entusiastisk og velmeinande men ganske så feilaktig måte, tydeleggjer at det er naudsynt med ei språkleg og kritisk fornying. Kanskje det ikkje berre gjelder teikneseriar? Sakprosa i teikneserieform er ikkje sjangeroverskridande berre fordi den har «litterære» eller «kunstnarlege grep». Skriving av sakprosa er ikkje berre faktaformidling, men heller ei komplisert skjønnlitterær handling som er forankra i eit ekstra krav om truverde og etterprovbare fakta. Burde ikkje omgrepa for omtale av sakprosa reflektere det?

Når no kjerneverket i moderne amerikansk teikneseriekritikk, «Understanding Comics» av Scott McCloud, endeleg kjem på norsk frå Minuskel forlag, så vil omsetjaren, Alexander Leborg, vere i ein unik posisjon til å definere det norske omgrepsapparatet for teikneseriar for ein ny generasjon av kritikarar. Eg er sikkert ikkje den einaste kritikaren som har tillit til at han vil gjere utmerka arbeid. Den påfølgjande debatten tør vere interessant.

Barnebokkritikk.no hadde en omfattende debatt om sakprosabegrepet høsten 2015. Les noen av innleggene her.