Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Snøkvit mellom stolane

KATEGORI

Musikk, Scenekunst,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

tirsdag 9. juni 2015

Er det rett å redde barneoperaen «Snøkvit» gjennom eit sterkt visuelt uttrykk?

↑ Foto: Erik Berg

Barneoperaen «Snøkvit», som hadde urpremiere ved Den Norske Opera og Ballett 15. mai, er både ei ny og ei gamal historie. Librettoen er skriven av Rune Belsvik, medan musikken er av komposisjonsstudentar ved Norges musikkhøgskole under rettleiing av Gisle Kverndokk. Det gjer at verket er både rykande ferskt og skreddarsydd, for delar av musikken har kome til gjennom workshops med Operaens barnekor. Dette har etter seiande vore fruktbart for begge partar. Men kanskje burde dialogen ha vore enno tettare?

Det visuelle vinn
For etter å ha høyrt og sett «Snøkvit» premierekvelden sit eg att med kjensla av at verket hamnar mellom fleire stolar. Det er ein barneopera for og med born. Men sjølv om alt som skal seiast blir sunge får ein kjensla av at dette er meir teater enn opera. Og til sjuande og sist er det stillbileta og det visuelle som er det aller beste. Scenografien til Katrine Tolo er spanande, ikkje minst er det dei fargerike kostyma kombinert med spanande lyssetting som skapar dei magiske bileta vi sitt att med. Musikken fungerer mest som bakgrunn, og er ikkje det litt rart i ein opera?

Barnekoret og solistane derifrå gjer det godt. Ikkje minst er unge Aksel Johannes Rykkvin og Hedvig Bache Hungnes i rollene som Snøkvit og venen Petter framifrå. Om komposisjonsstudentane har laga musikken i fellesskap, eller om dei har skrive litt kvar for seg få vi ikkje greie på i programheftet. Men uansett blir det brukt eit relativt moderne tonespråk som i starten og slutten rykkar tilbake til noko barokkaktig. Sjølv om ein godt kunne tenkt seg at dei hadde lagt eventyrmusikk-klisjeane, dei som skapar assosiasjonar til slott og ballsalar frå 16- og 1700-talet, heilt til sides, fungerer dette.

Undervegs er det både korsatsar og soloparti i resitativform. Og det er på mange måtar vel og bra, men det hadde ikkje vore heilt av vegen om nokre av partia hadde vore litt meir melodiøse og lettare tilgjengelege for øyret. For sjølv om innsatsen frå songarane er god kan ein høyre at dei av og til slit med å få til dei relativt krevjande resitativa. Det er synd, og seier kanskje noko om at samspelet mellom komponistar, rettleiar og utøvarar kunne ha vore betre. Her er det nok ein gong det visuelle som vinn, i staden for at ungane i salen står att med musikalske Snøkvit-minne dei vil kunne hugse.

Sympatisk Snøkvit
Men Snøkvit sjølv er gjort til ein svært sympatisk og viktig moderne karakter: Ho er ei ung jente som vil og trur det beste. Når ho møter dei sju dvergane kan ho ikkje hjelpe dei med husarbeid, men ho kan læra dei å berre vera til og kjenne vinden mot ansiktet. Utan å vera flink og flittig heile tida, som det står i programheftet. Den nye dama som faren gifter seg med er forelska i andletet sitt og dreg med seg nokre skumle beist til slottet. Men sjølv om ho proklamerer at ho og Snøkvit nok skal få det fint i lag, blir ho den onde stemora likevel. Ellen Sekulic som spelar stemora gjev henne ein truverdig karakter. Petter, kompisen til Snøkvit som etter kvart blir kjærasten hennar, er og ein tillitvekkjande karakter som, og Aksel Johannes Rykkvin gjer det like bra scenisk som songleg. Samspelet mellom Snøkvit og Petter kunne vi gjerne hatt meir av.

Det er nærliggjande å samanlikne barneoperaen «Snøkvit» med storsatsinga «Stormen» for eit år sidan. Innhaldsmessig er det mange fellesnemnarar, ikkje minst i danningsperspektivet der ein følgjer unge menneske på ein veg frå barndomen og eit stykkje inn i vaksenverda der ein møter utfordringar. Begge librettoane er skrivne av Rune Belsvik, og fellestrekka kan ein merke. Det kjem tydeleg fram i teikninga av karakterane der ikkje minst jentene viser seg som heilstøypte, fine unge menneske utan for alt for mykje fjas og tull. Men det er òg mange ulikskapar. Snøkvit ein langt mindre produksjon og har slik sett meir til sams med Askepott-operaen frå 2010. Til den er det sjølvsagt og heilt klåre parallellar i det mytiske innhaldet som ligg i botnen av historia.

Men medan «Stormen» hadde musikk av Nils Henrik Asheim og Askepott av Peter Maxwell Davies, er det fem komposisjonsstudentar som har laga musikken i «Snøkvit». Samarbeidet er interessant, men demokrati i skapande prosessar kan vera vanskeleg. Og av og til gjer det at det kunstnarlege resultatet blir passe vellukka fordi det blir mange kompromiss undervegs. Om det er grunnen til at denne musikken ikkje fungerer godt nok er sjølvsagt ikkje så godt å seie, det kan like gjerne vera at komposisjonsstudentane ikkje har like mykje røynsle som til dømes Asheim og Maxwell Davies.

Er det rett å redde musikken ved hjelp av eit kraftfullt sceneuttrykk, som på den måten definitivt blir det dominerande? Det skulle sjølvsagt berre mangle, men dermed går dei i den fella mange går i før dei finn ut at det rett og slett kan gå an å gjera musikken både enkel og melodiøs når form og målgruppe tilseier det. Og nei, eg er ikkje ute etter banale melodiar og Disney-frieri, men det er langt mellom det og lange resitativrekkjer som er vanskelege å både synge og oppfatte.

Frir ein til borna med det visuelle?
Og visst er det flott med eit scenebilete som dette. Men har ein for lett for å fri til born ved hjelp av det visuelle? Sjølv om born er glade i fine bilete, film, kostyme, lys og fargar, ikkje minst i vår visuelle tidsalder, har dei òg to øyrer å bruke. Er det rett å redde musikken ved hjelp av eit kraftfullt sceneuttrykk, som på den måten definitivt blir det dominerande? Burde ein snudd på eit tidlegare tidspunkt og laga musikk som var lettare å oppfatte og hugse? Og kven hugsar noko som helst av teksten, som ein av landets fremste barnebokforfattarar har stått for? Rett nok forsvann ein del av den i dårleg diksjon, men i ei anna musikalsk innpakning ville meir ha kunne kome fram.

Det er fantastisk at ungane får ein ny samtidsopera kvar vår, og det er spanande at Den Norske Opera vel å bruke kjende eventyr i nye innpakningar. Men samtidsopera kan vera så mykje forskjellig. Det gjeld for både born og vaksne.

Denne anmeldelsen ble først publisert på Ballade.

– Har ein for lett for å fri til born ved hjelp av det visuelle? spør Ballades anmelder. Foto: Erik Berg.

Annonser
Stikkord: