Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Tryggleik og blottlegging

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

mandag 20. januar 2014

Ung arrangørkunst og entusiastisk dans.

↑ Fra «Fling the emptiness of your arms into the spaces we breathe». Foto: Frode Andersen

Fana Kulturhus er eitt av dei nyare kulturhusa i kongeriket. Utanfrå er det som så mange andre: Dei likner jo på ein annan. Innvendig har det ein eigenart – frå naturen si side. Delar av kulturhuset ligg over ei elv. Og på denne tida av året går det laks her. Nett denne helga gav elva ein spesiell dimensjon til besøket: Det var ein av dei dagane på Vestlandet med enorme mengder regn. Ein av dei dagane der elvene stig og stig.

Heldigvis låg kulturhuset høgt heva over elva. Innandørs – i den store salen – var det derimot duka for ein annan type dramatikk: Dansekompaniet ESC, som sidan 2012 har innstudert nylaga koreografi for ungdom.

Fakta


ESC Ungdomskompani

«CORP-ID»
Koreograf: Cecilie Ravndal Nilsen

«We won’t stop»

Initiativ og koreografi: Ludvig Daae

«Purple dice»

Koreograf: Shlomi Ruimi

«Fling The Emptiness Of Your Arms Into The Spaces We Breathe»
AN EXCAVATION SITE SET UP BY MICHAEL KLIËN

Dansarar: Kine Lihaug Bach, Isabella Agdestein Blume, Silje Moe Iversen, Emma Magerøy, Torill Kolsrud, Michael Vedeler, Morten H. Stenersen, Rita Maria Frias Munoz, Maren Kristin Johansen, Lisa Teige, Maria Elen A. Bjørvik, Johanne Heggenes Anuglen, Elise Henne Holmbek, Andrea Hauge Lygre, Ingvild M. Thingnes og Tina-Marie Moe.

Ble spilt i Fana Kulturhus 16. og 17. november 2013

Varsemd og innleving

Det var noko med stemninga denne kvelden. Den var særmerkt og god – prega av at mange ungdomar hadde teke vegen til Nesttun denne kvelden. Dei var komne for å sjå venene sine danse. Jo, det kan vere dei var utkommanderte – men stemninga var for god til å vere reint obligatorisk. Og når dansarane kom fram på scenen, var det som om publikum verkeleg heia dei fram. Denne synergien mellom sal og scene gjorde dette til ei unik oppleving i seg sjølv. Dei tre dansarane som introduserte første stykke, «CORP-ID», fekk med andre ord applaus av ei anna verd: jubel og trampeklapp. Og det trengde dei. Det skulle vise seg at dei tre ungdomane – ei jente og ein gut og ei jente – skulle stå heilt åleine på scena. Dei skulle introdusere det første stykket med ord og rørsler. Det heile var prega av naken varsemd og innleving – og personleg gripande. Tematikken var kropp og sårbarheit. Jentene fortel med ord. Guten i midten dansar utan ord: Det heile er ekspressivt. Sekvensen med desse tre ender med eit motto for stykket: pusten strekker ikkje til. Pust er fundamentalt i dans, så dette er eit eksistensielt spørsmål.

Dermed kjem ein stor gruppe dansarar inn på scena. Dei flyg over scena, att og fram i alskens formasjonar. To gutar og resten jenter. Mange fine enkeltprestasjonar i truppen, noko som gjer denne avdelinga svært vellukka. Det heile vekslar mellom store fellesdansar i perfekt synkronisering, og ekspressiv solodans i individuelle grupper. Sjølv om det tekniske nivået naturlegvis spriker – dei er jo ungdomar – så legg ein ikkje særleg merke til det. Det står ikkje i vegen. Eg trur årsaka til dette er tryggleiken dette kompaniet deler på scena. Sidan stykket fortel om korleis utsjånad og kropp speler ei viktig rolle i ungdomslivet, er dette ein viktig faktor. Tryggleiken gjer at dei torer å blottlegge seg.

Klassisk rytmisk jazz strøymer ut or høgtalarane i dette verket. Tonane blir kontrastert av koreograferte danserørsler frå den same jazz-epoken. Ein kan sjå att fellesdansar og pardansar frå tjue- og trettitalet.

Kroppsdrama

Avslutninga av det første tredelte dansestykket var høgdepunktet – eit soloparti der ein av gutane kler av seg på overkroppen. Han får projisert eit bilete på overkroppen: eit foto av torsoen til ein muskelbunt. Kontrasten er slåande, ikkje minst underbygd av korleis guten levde seg inn i dette kropps-dramaet. Sterkt. Den avsluttande sekvensen i «CORP-ID» er som eit tablå: dansarane dansar framføre ein høg golvspegel. Dei nyt spegelbileta sine, og medan dei nyt seg sjølve, dukkar det tomlar opp bakfrå spegelen. Ein veit jo kva det skal hinta til: Facebook.

Eg synest dette verket fungerer godt i si veksling mellom tablå, danseparti og munnlege sekvensar. I «CORP-ID» har ungdomane øvd inn avansert vaksenkoreografi på meisterleg vis.

Overstyrd diskant

Neste verk: «We won’t stop», er også eit vekselstykke: Det opnar med at dansarane beveger seg over scenen i bekmørke. Dei er ein organisme som rullar over scenen. Dei har lysande armband på seg, og den surklande lyden av vatn syng ut or høgtalarane. Denne første sekvensen varar litt vel lenge, og kunne vore korta ned. Først når lyset går på, i del to, ser ein at alle har fargerike nittitalsklær på seg: Diskanten er overstyrt og lydbiletet dårleg balansert. Kjernen i andre delen av «We won’t stop»  er ein låt av hipster-bandet Haim. I den tredje og avsluttande satsen set dansarane seg ned på scenen med beina i kross. No blir Haim-låta spelt akustisk av dansarane. På ukulele, trommer og triangel. Ja, og song. Eg synest vekslinga mellom sjangrar og avdelingar i «We won’t stop» er god.

Fra «Purple Dice». Foto: Frode Andersen

Det tredje verket – «Purple Dice» – er det mest dynamisk-ekspressive denne kvelden. Truppen står fram som ein endå sterkare einskap her. Alle har på seg spesialdesigna tettsitjande kondomdressar. Fargeskalaen går frå purpur til jordfargar. Kleda framstiller noko midt mellom celler, bakterie og ur-amøbe. Dansen er vill og intens – ein perfekt koordinert dansehappening. Det hadde vore perfekt danseteater om det ikkje var for lyden. Musikken – «Flamingo» av det danske elektrobandet Trentemöller – er nemleg strålande koordinert opp mot koreografien – men igjen er lyden for dårleg.

Muffins

Før det fjerde og siste dansestykket er det duka for pause. Ikkje ein pinglepause, men ein skikkeleg pause! Ein sånn pause det lukter dugnad og muffins av! Entusiasmen i salen kopla opp mot muffinsane i pausen gjer dette til noko heilt spesielt. I tillegg er det noko pedagogisk over det heile: det er lurt å la unge få lære seg arrangør-rolla tidleg. Dette er ein del av kunsten i dag. Og eg syns dei fleste står til glans – til å gjere dette til ei fin og profesjonell oppleving. Eg vel å dvele ved muffinsane og pausen, mest fordi eg synest det var ein svært dårleg idé å avslutte med improvisasjon til slutt. Råmaterialet for det fri-improviserte stykket «Fling The Emptiness Of Your Arms Into The Spaces We Breathe» var eit minimalistisk lydbilete. Igjen tok ein svært skarp og dårleg balansert diskant over heile lydbildet. I tillegg var sampelet ganske dårleg: eit slurvete jazzpiano med altfor mykje etterklang, kombinert med vassent symbalspel. Det blir utfordrande utgangspunkt både for tilskodarar og fridansarar.

No må eg legge til at improvisasjon er noko langt eldre og meir erfarne dansarar også synest er vanskeleg. Det er også ein form som er utfordrande for publikum. Versjonen eg såg – søndag kveld – drog ut i det uendelege. Det var ei rekke enkeltprestasjonar som glitra internt i truppen, men det spelte ingen rolle for totalinntrykket. Dette var det det var: eit øvingsstykke som det er verdifullt å trene på. Det er vanskeleg å få slike stykke til å henge saman,  særleg når tidsavgrensinga ikkje eksisterer. Så ikkje misforstå meg: improvisasjon er viktig til alle tider, også i tidleg ungdom. Eg meiner berre det er noko ein bør få halde fram med å øve på og glede seg over. Vent heller med å vise det fram – eventuelt gjer det kort. Og ikkje gløym ut lyden!

Annonser
Stikkord:
· ·