Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Ungdom lager kunstfilm: Digital smakebit av kulturbransjen

SJANGER

Intervju, Reportasje,

PUBLISERT

fredag 11. september 2020

Nasjonalmuseet let elleve ungdomar frå Oslo aust tolke eit valfritt bilete frå samlingane, med ord og levande bilder. Men meirsmak på ei karriere innan kultursektoren gav det ikkje.

↑ Skjermbilde fra teamsmøte i prosjektet. Deltakerne øverst fra venstre: Khushi, Ariba, Raha, Namra i TrAP, og Munazzha. Foto: Amina Sahan / TrAP.

Våren 2020 var kjedeleg for alle, men særleg for skuleungdomane. Det var endelause undervisningstimar framføre ein skjerm og stort sett berre det. Slik også for Ariba Aurangzeb (16) frå Søndre Nordstrand. Då kusina hennar tipsa om at Nasjonalmuseet såg etter ungdomar som kunne lage filmsnuttar til bruk på sosiale media, passa det perfekt. Ariba fekk velje eit bilete frå samlingane, og skulle så å skriva ned tankar og kjensler kopla i hop med koronasituasjonen. Ho skulle også sende inn fotografi eller film som skulle redigerast saman med teksten.

– Det var veldig gøy, fortel Ariba.

– Me vart introduserte for ein ny måte å uttrykke oss på. På skulen er målet alltid å få ein god karakter. Her skreiv me fordi me hadde lyst. Det synte oss kor moro det kan vera å skrive og uttrykke seg. Mari Grinde Arntzen på Nasjonalmuseet forklarte oss oppgåva, gav oss inspirasjon og hjelpte oss gjennom heile prosessen. Me sende førsteutkast til henne, og ho gav oss innspel til kva som kunne endrast. Men det var heilt frivillig om me skulle høyre på henne eller ikkje. Det var heilt opp til oss sjølve, seier Ariba.

Nøkkel til byen


Prosjekt for å presentera ulike moglegheiter i kulturlivet for unge mellom 16 og 25 i Oslo.
Drive av TrAP (Transcultural Arts Production)

Meir informasjon om prosjektet Nøkkel til byen her:

https://trap.no/prosjekt/n%C3%B8kkel-til-byen

 

Ariba valde å ta utgangspunkt i bildet «Magnolia Cross» (2004) av Dag Erik Leversby. Foto: Nasjonalmuseet, Dag Erik Leversby / BONO.

Eit filmdikt om regn

Ariba valde verket Dag Erik Leversbys Magnolia Cross, og med same ho såg biletet forstod ho kva ho skulle skrive om.

– Eg kom raskt til at eg ville skrive om regn, og teksten vart fort til eit slags dikt. Eg tok tak i dette med regnet, og blanda det med kjensler og tankar eg hadde i den perioden. Eg er glad for at Nasjonalmuseet skal redigere og setje det i hop. Det kjem til å gjera det mykje betre og tydlegare, seier ho.

Nedanfor: Ariba om Dag Erik Leversby, «Magnolia Cross», 2004. Video: Nasjonalmuseet

Ariba Aurangzeb. Foto: Amina Sahan / TrAP.

På skulen er målet alltid å få ein god karakter. Her skreiv me fordi me hadde lyst.

Om ein ser på kven som arbeider i store norske kulturinstitusjonar, så er ikkje mangfald det første ordet ein kjem på.

Vil betre mangfaldet i kulturlivet

Ariba Aurangzeb var ein av elleve ungdomar som var med på dette prosjektet. Det er eit samarbeid mellom TrAP og Nasjonalmuseet, og har som mål å opne dører inn til i det kulturelle arbeidslivet. For om ein ser på kven som arbeider i store norske kulturinstitusjonar, så er ikkje mangfald det første ordet ein kjem på. Når så desse institusjonane har eit ansvar for å spegle samfunnet som finansierer dei, så er det fort å tenkja at dette burde ha vore gjort noko med. Det er lettare sagt enn gjort.

Difor starta TrAP «Nøkkel til byen», eit prosjekt som skal introdusere ungdomar på austkanten i Oslo for det kulturelle arbeidslivet. TrAP oppsøker ungdomane i bydelen der dei bur på t.d. ungdomsklubbar, og finn fram til folk som tykkjer dette høyrest spennande ut. Ungdomane blir så inviterte med til ein stor workshop, der også kulturinstitusjonane kjem og presenterer seg. Så blir ungdomar og institusjonar kopla saman gjennom «speeddating», og avtalar tid og omfang på oppdraga. Arbeidet er timebasert og kan vara alt frå eit par dagar til to veker. Etter det ser TrAP seg ferdige med arbeidet, og det blir opp til ungdomane og institusjonane å føra engasjementet vidare. TrAP køyrer to slike løp kvart år, og har fått midlar til å halde på i tre år til.

Amina Sahan er prosjektleiar i TrAP. Foto: Privat.

Arbeidserfaring, ikkje publikum

Nasjonalmuseet, Unge Kunstneres Samfund (UKS), Oslofilharmonien, Det Norske Teatret og Ultimafestivalen er mellom verksemdene som har opna dørene sine. Prosjektleiar Amina Sahan i TrAP sier at verksemdene er veldig positive, men at ho må bruke litt tid på å få dei til å forstå at dette handlar om.

– Det er ein gjengangar at dei vil ha krysse av for mangfald, dei vil lokke til seg eit større og yngre publikum og vil syne seg fram som moderne, seier Sahan.

– Då må me understreke at dette først og fremst handlar om at dei skal lokke til seg ungdomane som arbeidstakarar. Prosjektet skal gje ungdomane innblikk i korleis det er å arbeide på institusjonen, ikkje gjennom å vera kaffikokar, men gjennom å bruke kreativiteten sin og bruke eigne kunnskapar. Prosjektet skal opne dører og inspirere ungdomar til å velja eit yrke innanfor denne retninga, seier Sahan.

Ho er likevel tydeleg på at dette ikkje berre handlar om at ungdomane skal læra, men også at kulturinstitusjonane skal kunne læra noko undervegs.

– Det er ikkje berre ungdomane som får lov til å koma inn. Institusjonane skal også få lov til å få ungdomane inn, og om mogleg få dei inn som arbeidstakarar ein gong i framtida. Det er mange av institusjonane som ynskjer å vera relevante, og som gjerne vil ha inn folk som kan påverke det dei leverer, seier Sahan.

Det er mange av institusjonane som ynskjer å vera relevante, og som gjerne vil ha inn folk som kan påverke det dei leverer.

Dei hadde fleire møte på Teams, og fekk rettleiing, også ein-til-ein. Til slutt måtte dei lesa inn teksten, filme og fotografere seg sjølve eller noko dei fann relevant.

Invitasjon over Instagram

Men den store helsepolitiske vekkinga som har heimsøkt landet vårt råka også dette prosjektet. Denne våren skulle TrAP konsentrere seg om Furuset bydel, og var godt i gang. Men så måtte alt stenge, folk vart permiterte og resten arbeidde heime.

Løysinga vart eit digitalt prosjekt. TrAP spurde om det var nokon som hadde høve til å vera med på ein digital variant. Nasjonalmuseet var dei einaste som hadde rom for det. Dermed kunne Sahan invitere folk på Instagram, og til slutt var elleve ungdomar klare for innsats. Dei hadde fleire møte på Teams, og fekk rettleiing, også ein-til-ein. Til slutt måtte dei lesa inn teksten, filme og fotografere seg sjølve eller noko dei fann relevant. Nasjonalmuseet står for redigering og ferdiggjering.

Khushi Chahal. Foto: Privat.

Ikkje lett å bli vener via Teams

Khushi Chahal (15) frå Nordstrand var ei av dei som såg utlysinga. Ho tykkjer også at det var kjekt med eit avbrot i kvardagen.

– Eg hadde aldri skrive slik før, at det ikkje var nokon som fortalde meg korleis eg skulle skrive. Det var fint, seier Khushi, som meiner at opplegget hadde blitt betre om ho kunne ha fysisk møtt dei andre som var med.

– Eg kjende ingen av dei andre som var med frå før, og det er ikkje så lett å bli vener via Teams. Så det vart meir til at me arbeidde på eigehand, som ei individuell oppgåve. Det hadde blitt annleis å treffe dei andre. Det var kjekt å vera med, og det er bra å prøve ut ting som eg kan ha med meg seinare når eg skal velja kva eg skal bli. Men for meg, trur eg helst det kunne ha vore ein hobby og ikkje eit yrke, seier Khushi.

Nedanfor: Khushi om Tom Sandberg, «Uten tittel», 2004. Video: Nasjonalmuseet.

Khushi let seg inspirera av Tom Sandbergs fotografi «Utan titel» (2004). Foto: Nasjonalmuseet, Tom Sandberg / BONO.

Eg hadde aldri skrive slik før, at det ikkje var nokon som fortalde meg korleis eg skulle skrive.

Rabab Mahdi. Foto: Privat.

Fin erfaring, neppe eit yrke

Rabab Mahdi (18) frå Alna vart heller ikkje heilt overtydd om at ho kjem til å arbeide i kultursektoren i framtida. Men ho meiner likevel at det var ei nyttig erfaring.

– Å tolke bilete er ikkje i mi greie det heile tatt. Men eg er ein person som liker å prøve nye ting, og eg har aldri vore borti kunst før. Kan hende det var eit teikn, at dette var noko eg skulle prøve. Det var ei fin oppleving, men ikkje noko eg kjem til å halde på med vidare. Men samstundes var det veldig relevant for å tolke kjensler. Eg har planar om å studere psykologi, og det er nyttig å sjå at ein kan ha ulike tolkingar av eit bilete ut i frå personeleg erfaringar, alt etter kva ein har opplevd, seier Rabab.

Ho ser også verdien av at det er ungdomar som får lov å koma inn og tolke kunst på denne måten, sjølv om det stressa henne litt at det var Nasjonalmuseet som skulle ha filmane.

– Det å lage eit prosjekt for dei er ikkje berre berre. Dei var klåre på at alt me leverte ville vera bra nok, men eg er ein sånn type som vil at ting skal vera så bra som råd er, og det er trass alt Nasjonalmuseet me snakkar om. Men eg trur filmane kan ha ein viktig funksjon. Me ungdomar har ei anna tolking på bileta, og eg tok utgangspunkt i meg sjølv og mine refleksjonar. Det kan hjelpe andre å sjå verk frå eit anna perspektiv, seier Rabab.

Nedanfor: Rabab om Ole John Aandal, «Lukkede øyne», 1984. Video: Nasjonalmuseet. Artikkelen held fram etter videoen og annonsane.

Rabab valgte fotografiet «Lukkede øyne» (1984) av Ole John Aandal. Foto: Nasjonalmuseet / Ole John Aandal.

Eg har planar om å studere psykologi, og det er nyttig å sjå at ein kan ha ulike tolkingar av eit bilete ut i frå personeleg erfaringar, alt etter kva ein har opplevd.

Nina Denney Ness. Foto: Nasjonalmuseet / Annar Bjørgli.

Hyperrelevant

Kurator Nina Denney Ness ved Nasjonalmuseet var imponert over korleis ungdomane løyste oppgåva.

– Det er veldig individuelle og personlege løysningar på oppgåva. Flotte tekster som gjev verdifulle innblikk i unge menneske sin opplevingar av samfunnet og tida me lever i. Denne typen formidling er høgaktuell og høver perfekt til den nye handlingsplanen vår. Ein ting er at me må reflektere samfunnet rundt oss. Det ligg i mandatet og samfunnsoppdraget. Me kan heller ikkje drive på med monologisk formidling, me må vera i dialog. Det nyttar ikkje å seia at det berre finst éi tolking av eit verk, det er like viktig kva verket seier til oss i dag, seier Ness.

Ho meiner at kontakten med TrAP har vore avgjerande for dette prosjektet, men fortel at dei tidlegera har gjort noko liknande i samarbeid med Nordic Black Xpress. Ho innrømmer likevel at det enno er eit stykke att.

– Kunstinstitusjonane speglar diverre ikkje demografien i dagens norske samfunn, og går dermed glipp av mykje spennande kreativt talent, pluss eit hyperrelevant mangfald av røyster. Me må bli betre på å nå dei som sjeldan går i museum. Difor er prosjekt som dette svært nyttige, då ungdomane deler verdifull spisskompetanse når det kjem til unge vaksne med fleirkulturell bakgrunn, seier Ness.

Alle filmane til ungdommane i prosjektet blir snart å sjå på denne YouTube-spelelista. Periskop takkar Nasjonalmuseet for sjansen til ein snikkikk på filmane til Ariba, Khushi og Rabab!

Ungdomane deler verdifull spisskompetanse når det kjem til unge vaksne med fleirkulturell bakgrunn

Annonser

Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·