Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Utstillinga «Det skeive blikket» er ein augeopnar

KATEGORI

Visuell Kunst,

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

onsdag 18. mai 2022

HVOR
KODE Bergen

Som ein del av Skeivt kulturår 2022 har KODE tatt eit djupdykk i samlinga si og har grave fram 160 verk som kan sjåast frå eit skeivt perspektiv. Utstillinga Det skeive blikket visar at kjønn og legning er dynamiske, kulturelle konstruksjonar.

↑ Frå opninga av utstillinga «Det skeive blikket» ved KODE i Bergen. Foto: Paulina Tamara / KODE

Me lever i ei tid med digital tilgang til heile verda. Og i verda slik ho er no vert kjønn i større og større grad betrakta som eit spekter. Samstundes er «homo» eit vanleg skjellsord på skulen. Samtida sprikar i mange motstridande retningar, og ungdom veks opp i eit samfunn fullt av motsetnader og normer som kolliderar med kvarandre.

Med den yngre generasjonen i bakhovudet vil eg sjå på om utstillinga Det skeive blikket kan ha ein verdi for nett dei. Kan utstillinga fungera som ein visuell historietime om LHBTQ+ i Noreg gjennom tidene, og for ein generasjon som i stor grad lever liva sine på internett, ofte prega av amerikansk nettkultur?

Det skeive blikket


Utstilling ved KODE 4 i Bergen

Kuratorar: Mathias Skaset og Bjørn Hatterud

Dato: 1. april – 31. desember 2022

Hausten 2022 vert utstillinga utvida med verk frå inviterte samtidskunstnarar

Dagfinn Knudsens «Knekt I » (1982) er blant verkene som vises i utstillingen «Det skeive blikket». Foto: Dag Fosse / KODE

Sprikande samtid, utopisk fortid

Den omfangsrike utstillinga spenner over 2000 år og presenterer ein stor variasjon i uttrykk. Frå plast-, glas- og marmorskulpturar, flamboyante møblar og porselen til måleri som portretterer gamle gudar frå antikken til fotografi av samtidskunstnarar. Utstillinga er kuratert kronologisk frå antikken til samtida og er som ein labyrint tematisert gjennom ulike fokuspunkt.

Det startar med antikken – ein epoke som i ettertid vert sett på som ei utopisk fortid der kjærleik var kjærleik, og likekjønna kjærleik, samliv og sex vart sett på som naturleg. Ein marmorskulptur av keiser Hadrian frå år 200 er eit av dei eldste verka i utstillinga. Hadrian var ein keisar med mange elskarar, kan hende hadde han vore kalla polyamorøs i dag. Antinous var mannen keisaren elska høgast, og Hadrian skreiv mange erotiske dikt til sin greske elskar. Eit måleri av den androgyne guden Dionysos, som vart fødd gut, men oppdratt som ei jente, er eit døme på kjønnskreativiteten frå den gresk-romerske tida.

Mykje av utstillinga handlar ikkje nødvendigvis om å vera skeiv eller noko som kan plasserast direkte innanfor LHBTQ+, men meir om korleis menneska har utfordra kjønnsnormer på ulike vis gjennom historia. Plassert midt i rommet står ein skulptur av ein naken, ung mann med ømt andlet. Skulpturen av Auguste Rodin er ei hylling av den nakne kroppen og eit døme på eit feminint kroppsspråk som utfordrar stereotype oppfatningar av kva maskulinitet kan vera.

Utstillinga er som ein labyrint tematisert gjennom ulike fokuspunkt

Skulpturen av Auguste Rodin er ei hylling av den nakne kroppen, skriv Periskop sin meldar Åsa Opedal. Foto: Dag Foose / KODE

Den fantastifulle norrøne mytologien utfordrar verkeleg mi forståing av vikingtida

Nyansert blikk på vikingane

Etter antikken kjem ein del om norrøn mytologi. Begge epokane presenterer verk som hovudsakleg ikkje vart laga under vikingtida eller antikken, men er framstillingar av epokane tolka av kunstnarar i ettertid.

Dei informative tekstane på veggane er skrive i eit forståeleg språk og fortel om ei oppblomstring av norrøn mytologi som kunstnarisk motiv mot slutten av 1800-talet. Her får eg mi første aha-oppleving.

Motiva visar ei tid der skikkelsar gjennomgår transformative forvandlingar og leikar med kjønnsroller og utkledning. Den mektige guden Loke kunne skifta kjønn til kvinne når det passa han, medan den største krigsguden, Odin, haldt på med seid, ein kroppsleg form for magi. Dette vart sett på som umandig, men det norrøne samfunnet hadde likevel mange seidmenn.

Den norrøre guden Odin var òg seidmann. Verk av
Gerhard Munthe (1849-1929). Foto: Dag Fosse / KODE

Den fantastifulle norrøne mytologien utfordrar verkeleg mi forståing av vikingtida som ei tid prega av eit dikotomisk syn på kjønn, dominert av ultramaskuline vikingmenn. Kuratorane visar at vikingtida kanskje ikkje var så utelukkande streit som ho vert framstilt. Teksten på veggen minner om korleis høgreekstreme ideologiar misbrukar vikingtida for å rettferdiggjera strenge kjønnsroller og hierarki. Han er eit godt døme på korleis historia kan tolkast på ulike vis, der ein kan trekka fram element som passar det perspektivet ein ynskjer. Dette er interessant og lærerikt.

Landskap og jakt vart sett på som motiv for mannlege kunstnarar på 1800-talet

Foranderlege malar

Utstillinga har mange interessante verk om korleis kjønnsnormar har vorte utfordra gjennom tidene og korleis ulike aktivitetar har vore knyta til kjøn. Spesielt har kvinner levd med mange restriksjonar, deira liv var avgrensa, plassert i heimen. Landskap og jakt vart sett på som motiv for mannlege kunstnarar på 1800-talet, ettersom dei viste til aktivitetar reservert for menn. Eller kan hende var det for vanskeleg for kvinner med slike avanserte motiv. Elle Ellertsen Døsen (1862-1946) sine dyremotiv, Harriet Backer (1845-1932) sine stilleben av jaktmotiv og Catharine Hermine Køller (1788-1859) sine akvarellar av landskap ser langt frå radikale ut i dag, men var svært normbrytande i si tid.

Kitty Kielland hadde ei stor karriere i ei verd dominert av menn. Ho gjekk sin eigen veg og budde mellom anna i lag med kunstnaren Harriet Banker i over 40 år. Her: «Torvmyr på Jæren» (1897). Olje på lerret. Foto: Dag Fosse / KODE

Det foranderlege i kva uttrykk som vert aksepterte i dei ulike tidene, viser kor konstruert kjønn eigentleg er

Akt

Ein annan aha-augeblink for meg er rommet dedikert til akt-teikningar og måleri av nakne menn, laga av mannlege kunstnarar. Motiva er ikkje det som overraskar meg, men det gjer teksten. Han poengterer at kunsten til vanleg har hatt den nakne kvinna som motiv for begjær. Gaze eller The male gaze er eit vanleg omgrep i kunsthistorien: Menn som kikkar med attrå på kvinner – som i sin tur ofte vert reduserte til passive objekt. I dette store, rosa rommet heng nydelege oljemåleri av nakne menn og detaljerte aktteikningar der menn er objektet for attrå. Det er naturleg at kunsthistorien i stor grad har vist kvinner som vert måla av menn, for aktstudiar var ulovleg for kvinner i lang tid. Det er kult at kuratorane har dratt fram dette perspektivet frå ei kunsthistorie som mest har vist the male gaze retta mot kvinner.

 

Frå opninga av utstillinga «Det skeive blikket» ved KODE Bergen. Måleriet visar «Atleter» (1912) av Eugène Jansson (1862-1915). Jansson fann modellar på sitt lokale badehus. Solbrune, veltrente menn var eit populært motiv hjå kunstnaren. Han innleidde romantiske forhold til fleire av modellane sine. Foto: Paulina Tamara / KODE

Sårbart og stolt

 

Mattias Härenstam (1971) har utfordra det mannlege blikket ved å stilla seg sjølv i sårbare posisjonar i ei rekke tresnitt. Han er avkledd og har noko sart, nesten skamfullt over seg.

Ein kontrast til dette er portrettet av ein stolt Christian VII (1770) med kvitpudra hud, parykk med sløyfe og fløyelsdrakt. Uttrykk som i nærare tidsrom ville vore heilt feil, men som på den tida var idealet. Det foranderlege i kva uttrykk som vert aksepterte i dei ulike tidene, viser kor konstruert kjønn eigentleg er.

Portrett av Christian VII som barn (Peder Als, 1770). Foto: Dag Fosse / KODE

Me lever i eit lettkrenkeleg samfunn der grov porno er eit tastetrykk unna

Woke og anti-woke

Samtida me lever i har aldri vore så woke, russelåtane har heller aldri vore så grove og kvinnefiendtlege tekstar så normaliserte. Me lever i eit lettkrenkeleg samfunn der grov porno er eit tastetrykk unna, og me er friare, tøffare, meir blaserte og psykisk diagnostiserte enn nokon gong. I dag kan ein til ein viss grad velja sitt ekkokammer samstundes som det er strenge regler for å passa inn.

Dagen som markerte at sex mellom menn har vore lovleg i 50 år, 21. april 2022, var òg dagen Nils Bech saman med rapparen Emir gav ut ei låt som hyllar likekjønna kjærleik. Promobiletet visar dei to nakne i eit badekar. Det har nesten noko gresk-romersk over seg. Dette var òg dagen NRK Debatten inviterte russelåt-bandet Balenciaga inn i studio og tre anti-woke gutar hevda at det ikkje er noko negativt med å kalla kvarandre for bad bitches, og at ingen vert krenka eller påverka av grove tekstar.

To døme frå same dag som visar kor sprikande kultur me lever i. Kva kjønnsroller har me i dagens samfunn og korleis navigerer unge menneske i samtida?

Nils Bech sitt nyaste prosjekt er å skriva songar om kjærleik mellom menn. På dagen for 50-årsmarkeringa slapp han «Gi meg tid», som han syng i lag med EMIR fra SushixKobe. Foto: Desiree Mattsson

Fordommar

I rommet «Utugtig omgjængelse» heng eit stort maleri av Bjarne Melgaard (1967), ein av våre største samtidskunstnarar, og opent homofil. Ein mannleg skikkelse med bøygd hovud og skamfull haldning er omringa av penisar som peiker mot han. Dei fremstår aggressive mot den resignerte, passive skikkelsen. Det skeive blikket viser at det framleis er knytt mange fordommar og skam til det å vera skeiv. Utstillinga minner oss på at det framleis er ein kamp som må kjempast.

Eit mektig verk er Lars Sture (1961) sine ni tekstilskulpturar It’s a boring day. Dei kjem ut av eit hjørne med balltre i hendene, slepande på ein flådd likesinna. Sjølv om verket tilsynelatande ikkje er direkte knytt til det skeive, skapar verket ei kjensle som er overførbar til homofobi. Sture sitt verk er perfekt kuratert saman med Laurie Grundt sitt monumentale maleri Hippie Politi. Det viser nakne menneske som vert banka og krenka av uniformerte menn. Ein straff av den nakne kroppen.

Lars Sture: «It's a boring day» (2009). Foto frå opninga av Paulina Tamara

Laurie Grundt: «Hippie Politi» (1972), olje på lerret. Foto: Dag Fosse

Verk av Trond Kastmann og Odd Nerdrum i utstillinga «Det skeive blikket» ved KODE i Bergen. Foto: Dag Fosse

Privat og politisk

Rommet «Skeive samliv» visar korleis soverommet er det mest private og samstundes  mest politiske rommet. Over ei seng med mønstra sengesett dekka av symbolet for homofili heng eit oljemaleri med tittelen Par av Odd Nerdrum (1944). Utstillingsteksten fortel at «staten regulerte homofiles privatliv gjennom loven som kriminaliserte sex mellom menn». Det slår meg kor absurd det er at kva som skjer på eige soverom skal vera regulert av politikarar. Heimen burde vera ei privat og trygg frisone, men røynda var annleis for berre 50 år sidan.

Heldigvis er ikkje mørket for mørkt. Utstillinga viser håp og frodige verk mot slutten. Slik spør utstillinga korleis verda hadde vore om det skeive var aksepterte.

Ask Bjørlo (1992) sitt glade, fornøyelege verk Vingeslag får fram smilet. Verket viser vesen med venger som sleiker nektarin frå blomar. Eit anna rom er fylt av overdådige verk med ein sofa laga av blomar, frodige vasar og porselen i camp-estetikk. Ein stil som verkeleg hyllar det ekstravagante uttrykket.

Bergensbaserte Kiyoshi Yamamoto (1983) sine stilreine, moderne, fargeglade glasskulpturar er ein gøyal parallell til camp-porselen frå 1700-talet og nok eit døme på finurlege koplingar i utstillinga.

Meldinga held fram etter biletet og annonsane. 

Ask Bjørlo (1992): «Vingeslag» (2021). Foto: Dag Fosse

Tung tematikk og pride

Det skeive blikket er ei grundig utstilling som viser både progresjon og motgang knytt til det skeive og til kjønnsnormar gjennom dei siste 2000 åra.

Dette er langt frå ein tørr historietime. Snarare er det ei bugnande, opplysande samling kunst som visar den evige kampen for å kunne vera seg sjølv. Anten ein er mann, kvinne, streit eller skeiv. Utstillinga opnar auga våre for kor lite som skal til for å hamna utanfor samtida sin mal, og kor skiftande denne malen har vore gjennom tidene.

Det skeive blikket visar at det som er konstant er behovet for å kunne vera seg sjølv.

 

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·