Vaksen leik med einsemda




Joseph_Kids blir presentert som ei framsyning for born mellom 3 og 10 år, men har ein tematikk og eit formspråk som med fordel kunne utviklast sterkare inn mot øvre sjikt av bornepublikummet.

I alle fall er det fleire teikn til at dei minste i salen ikkje heilt lar seg fange av framføringa til Alessandro Sciarroni, mannen med det litt store kvite håret som dansar med ryggen til oss gjennom heile framsyninga. Kontakten med publikum oppstår gjennomgåande i samspelet mellom sceneaktøren og hans leik med musikk- og biletprogram på laptopen som er plassert på eit bord foran han på scena. Publikum kan følgje med aktøren sine val undervegs både på den lille skjermen og i storformat projisert på lerretet på bakveggen i scenerommet.

Sciarroni kommuniserer slik til publikum først og fremst gjennom sitt eige «spegelbilete», men sjølv dette går i ein slags loop tilbake til hans eigen eksperimentering med dette bilete. Denne loopen mellom mennesket, maskinen og det digitale spegelbiletet, etablerer eit interessant og samtidsrelevant tematisk rom, men blir litt for krevjande, eller svevande, især for dei minste i publikum.

For meg verkar det som at valet av dramaturgisk grunngrep ikkje har teke tilstrekkeleg omsyn til si eiga målgruppe – born mellom 3 og 10 år – men i for stor grad byggjer på sin konseptuelle forløpar Joseph, som var Sciarronis framsyning med same tema for eit vaksen publikum.

Joseph_Kids


Black Box Teater, 22.april

Konsept og fremføring: Alessandro Sciarroni (Italia)

Med: Michele Di Stefan, Amy Bell.

Produksjon: Corpoceleste_C.C.00# , Armunia/Festival Inequilibrio.

Søken etter den andre

Den italienske kunstnaren Alessandro Sciarroni arbeider med element både frå dans, biletkunst, teater og performance, og er både kunstnaren bak og scenisk utøvar i førestillinga. I forløparen Joseph problematiserte Sciarroni tema som einsemd, lengt og søken etter «den andre» i møte med våre digitaliserte liv, noko som og kjem fram i versjonen for born, men utan at me blir kjent med storleikane som skal bere desse tema.

Er mannen på scena Joseph_Kid? Kven er Joseph? Skal den vaksne aktøren vere eit born, eller ein bornleg vaksen? Det oppstår ei forveksling mellom tematiske spørsmål og behovet for dramaturgiske kontaktpunkt med eit bornepublikum i eit teaterrom – eller større grad av interaksjon undervegs. Berre det å stille seg med ryggen til eit publikum vil ha ein heilt annan effekt på born enn på vaksne. Eit born vil naturleg undre seg over kvifor han aldri snur seg og får her indirekte svare: Fordi han er oppteken med datamaskinen og sin eigen leik.

Estetisk berebjelke

I første del av framsyninga ligg effekten ut mot publikum i kombinasjonen av låt-valet til Sciarroni og figurane han lager av seg sjølv ved å danse framfor skjermen sin med diverse Photo booth-effektar på. Me i publikum kan fylgje med i prosessen via skjermen og lerretet, noko som skaper ei viss spenning – kva blir neste låt og neste effekt?

Det er eit greitt moment for større born som kanskje opererer med eigne spelelister og biletredigeringsprogram, men i heilskapen blir samspelet mellom låtval og «dansen» som oppstår med ulike Photo booth-effektar, verande på eit abstrakt plan. Det tekstlege bidraget gjennom musikkvalet til den dramaturgisk oppbygginga, kor innhaldet i låtane gir dansen ein ekstra tematisk klangbotn, kan me berre undre oss på om borna fangar opp noko av eller ikkje.

Fra Joseph_kids. Foto: Futura Tittaferrante.

Underhaldningsverdi med manglar

Den første låttittelen «Happiness», resonnerer fint med Sciarronis oppdaging av korleis han kan forandre seg sjølv i Photo booth, og korleis hans fysisk rørsler i samspel med effektane han nyttar skaper ein plastisk dans med menneskekroppen.

I denne første sekvensen er utforskinga på eit grunnplan kor han prøver ut sjølve premissane for leiken. I neste sekvens er det Björk sin låt «Possibly Maybe» som blir kombinert med det som heiter «virvel»-effekt i Photo booth, kor kropp og rørsler blir forlenga inn i ei bølgeform. Den sakte pulserande musikken til Björk og den romantisk prøvande atmosfæren i låta blir møtt av Sciarronis buktande arm, som med bilde-effekten blir lang og plastisk som ein slange, og snart buktar heile figuren hans over skjermen som eit slags indre fysisk uttrykk for det emosjonelle draget i musikken. Det er komisk, underleg, litt stygt og litt vakkert. Her er det noko som fungerer, samstundes er dette eit godt eksempel på korleis dramaturgiske fine detaljar ikkje når ut til borna. Som når fjeset til Sciarroni kjem i nærbilete, og i plastisk vreng akkurat i det Björk med raspande desperasjon syng «where’s that love you promised me, where’s that love…». Photo booth har absolutt sin underhaldningsverdi, men det treng samtidig noko meir for å halde som hovudelement i ei teaterførestilling.

Det går ei slags narrativ linje gjennom dette subtile samspelet mellom låtval og Photo booth-effektens formspråk, som avsluttast med David Bowies versjon av Nina Simone låten «Wild is the Wind». Her oppstår eit lengtande romantisk modus før Sciarroni/Joseph liggjande utmatta på golvet, etter den no lange leiken med seg sjølv som skjermkunst, og eg kan høyre fleire små etterlyse slutten på framsyninga: «Er han ferdig», «kan han være ferdig nå?». Men dagen blir redda av at han tek mot til seg og ringer ein venn! Ein av dei kvinnelege medspelarane dukkar opp på skjerm og lerret med eit muntert fjes, og lett klovneaktig framtoning i form av store briller og ein fiske-gassballong i bakgrunnen. Eg ventar i ei viss spenning, på vegne av både meg sjølv og borna i salen, på kva som skjer no.

Superheltredning

Dei to snakkar ikkje, men utfører ein kort samtale via teikneseriebobler på ark som dei held opp foran kamera til kvarandre: «Ciao», «Ciao», «Boom», «Stop». Så forsvinn dei begge to ut av skjermbilete, og me blir vitne til Sciarroni som tek på seg eit Batman-kostyme.

Så gir dei to kvarandre tommel opp på skjermen og snart svever dei inn som superheltar som no speglar kvarandre sine rørsler. Photo booth-Joseph er erstatta av ein leikevenn på andre sida, som til og med kryssar den digitale barrieren, og kjem inn på scena i det som blir framsyninga sin siste sekvens. Etter ein kort dans saman i røyken, forsvinn Wonder Woman ut og Sciarroni/Joseph/Batman stivnar til og blir ståande ei stund før han legg på sprang etter. No kan me lure på om det fysiske møte berre var ein draum, eller om dei to verkeleg møttes.

Den ordlause framsyninga innbyr til slike refleksjonar, men igjen, kanskje litt over hovudet på dei minste i publikum.

Eg sit igjen med ei kjensle av tomheit, som eg trur først og fremst skuldast ein skivebom på tilhøvet mellom publikumsgruppe og det dramaturgiske grepet kor hovudpersonen på scena berre ser på oss gjennom skjermen.

Bornekunst for vaksne

Den beste delen kjem faktisk etter det heile, når framsyninga er slutt, men publikum blir invitert til å gå opp på scena og leike med effektane. Straks kjem dei to heltane smilande inn, som seg sjølv, og Sciarroni set på låta «I Feel Love» av Donna Summers. Først nøler dei fleste, men snart våger eit par seg til å teste ut effektane. Dei største prøver litt sjølv, medan eit par foreldre dansar med sine små og den digitale spegelhallen tilbyr litt moro for alle. Det blir likevel ein kortvarig sekvens som berre nokre få blir med på og når låta er slutt er lokalet meir eller mindre tomt.

Eg sit igjen med ei kjensle av tomheit, som eg trur først og fremst skuldast ein skivebom på tilhøvet mellom publikumsgruppe og det dramaturgiske grepet kor hovudpersonen på scena berre ser på oss gjennom skjermen. Det tematiske spørsmålet om kva skjermlivet er for oss og gjer med oss, vipper over i å skape litt for stor distanse i sjølve sceneuttrykket, tross at Sciarronis kropp er der fysisk heile tida.

Dette grepet kombinert med ei replikklaus framsyning, i forstand av å vere utan tale – overlét publikum til å erfare leiken og bileta som dei er, og det er i lengda ikkje fengjande nok.

Tematikkar som spegling og leitinga etter den andre, går igjen i fleire av Sciarroni sine verk, men har ikkje her kome fullenda ut som ei framsyning for eit bornepublikum. Med eit par omdreiingar av tematikk og verkemiddel ser eg for meg ei meir treffande framsyning som kunne fokuserast meir inn på born frå tiårsalderen og oppover. I alle fall var det dei to litt større gutane eg satt nærast i salen som ga mest uttrykk for å følge Sciarronis leik så langt.