Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Virvellaus sjarm

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

tirsdag 10. juni 2014

Under steinane finst ei eiga verd.

↑ Virvellaus sjarm

Det tek til med ei oppmoding: Løft på ein stein! På den mørke undersida kravlar tusenvis av små dyr, fleire av dei usynlege utan forstørringsinstrument. Dei skyr sola og trivst best der det er fuktig. I byrjinga får ein gjerne ikkje auge på noko særskilt, men etter kvart som blikket blir stilt finare inn, ser ein rørsle, trafikkårer og ørsmå koloniar. Erna Osland inviterer lesaren til å bli kjend med desse smådyra, til å løfte på steinar og studere artane på nært hald.

Under steinane møter vi mellom anna spretthalen og sukkermauren, fløyelsmidden og saksedyret, skrukketrollet og svartsnigelen. Vi lærer om sinnrike økslingsmåtar og om korleis dei er innretta for å klare seg, medan dyra kravlar og sprett over sidene.

Raritetskabinett

«Under ein stein» er ei faktabok, og fakta ordnar seg ikkje spontant i ledige, velklingande setningar. Osland freistar livne opp temmeleg detaljerte skildringar med hjelp av eit språk som stundom minner om noko ein finn i raritetskabinett. Forståeleg nok. Boka er tiltenkt born og skal pirre nyfikenheita. I tråd med dette blir framstillingane prega av samanlikningar med det menneskelege og antatt nære, der smådyra står att som fantastisk underlege skapningar. Raritetane trer fram som avvik frå det normale. Det er greitt fordi Osland gjer det medvitent og godt. Nokre stader tykkjer eg rett nok at ho blir vel romhendt med utropsteikna, slik at teksta òg blir meir stakkato enn ho treng vere. Men formidlingsstilen er konsekvent utført og effektiv. Ein lærer ein heil del om desse smådyra, som dessutan står fram som ganske sjarmerande i Oslands representasjon.

Inger Lise Belsvik sine illustrasjonar får ei viktig rolle. Men rolla er ikkje vesentleg, slik ho kunne ha vore. Tekst og teikning fell fint i takt, utan at moglege variasjonar verkar vere utforska. Kunne dei ha prøvd noko meir avansert? For å bli kjend med ein ny art, må ein løfte på ein stein i form av ei heilside spragla med fargeklattar som blør over i kvarandre mot ein steinaktig grå bakgrunn. Under steinen møter ein fyrst dyret i storformat, glinsande og muskelspennande som ein atletisk kropp. Her og der myldrar mindre variantar over boksidene etter kvart som ein les. Det er nokre artige detaljar, som når spretthalen landar på ei hylle i tekstblokka, eller når ein saksedyrfamilie brukar rommet mellom avsnitta som passasje. Ein maursti plukkar jamvel med seg sidetala. Medan nokre av dyra eignar seg til slik leiken utspreiing langsmed den tekstlege skildringa, må dei fleste nøye seg med den glaserte fitness-estetikken i byrjinga og ein enkel anatomisk framstilling til slutt. Eg skulle gjerne ha sett Belsvik sleppe laus fleire smådyr til å herje rundt i teksta, ikkje berre mauren, midden og saksedyret. Det ville gitt ein ekstra dimensjon til grepet med å løfte på steinar. Når det berre blir gjort med nokre få, verkar det som eit tilbakeheldt potensial.

Fakta


Erna Osland: «Under ein stein»

Illustrert av Inger Lise Belsvik

Samlaget 2014

Nytte og skade

Eg kjenner at noko klør litt. Det er ikkje maur eller midd, men ei lita innvending. Ho skal ikkje vege tungt, for dei fleste dyrerettsaktivistar med eit visst pragmatisk sinnelag kan einast om at artar med enkle nervesystem ikkje har same rett til omsyn som virveldyr med utvikla smertekjensle. Sjølv om artsmangfaldet vyrdast som eit mål i seg sjølv, strekk ikkje prinsippet om livets eigenverdi seg heilt til midden. Det er likevel påfallande med vurderinga forfattaren legg inn på slutten av kvar omtale, der det til sjuande og sist er den nytte eller skade dyret gjer det kjem an på. Er det naudsynt, etter fyrst å ha skapt nærleik gjennom framstillinga, at avslutninga skapar distanse? Ta til dømes saksedyret si nytte: «Mat for andre dyr, moro for oss menneske å sjå på.» Etter min smak kunne Osland med føremon ha kutta ut fleire av desse nyttevurderingane. Eller enda betre: dei kunne ha vore følgt av ein refleksjon kring mennesket sitt instrumentelle blikk på andre artar, òg dei mikroskopisk små og virvellause. Ikkje at kvart insekt skulle ha rett til liv – eg saknar berre at det blir stilt eit prinsipielt spørsmål ved den instrumentelle oppfatninga. Heilt til slutt i boka finn ein rett nok tillaup til dette. Men drøftinga kjem ikkje lenger enn til larvestadiet.

 

Meldinga blei først presentert på barnebokkritikk.no 2.6.2014. 

Annonser
Stikkord:
· · ·