Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Av og til vil eg berre lesa høgt for dei, utan noko meir snakk

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Essay,

PUBLISERT

tirsdag 17. mars 2020

– Er skjønnlitteraturen blitt ein rein skuleaktivitet? Er bildeboka og romanen likestilte med naturfagboka? Og kor gøy er det? spør Bjørn Sortland i dette essayet om barn og lesing i ei digital tid.

Essayet stod først på trykk i avisa Vårt Land 18. februar, og publiserast med løyve

I 28 år har eg levd mykje av forfattarlivet mitt på vegen med opplegg i alle sjangrar: klassebesøk, foredrag og seminar, skrivekurs for elevar, lærarar, bibliotekarar og foreldre. Forfattarar som skriv skjønnlitteratur for barn og unge, reiser generelt mykje, vi ønskjer alle å formidla litteratur og leselyst. Vi kjenner såleis nesten på kroppen korleis barn og unge tar imot litteraturen.

Eit stykke uti dei første tiåra av 2000-talet har ei uro sakte vakse i meg. Eg ser korleis skrivinga og lesinga har endra seg.

Bjørn Sortland. Foto: Janne Solgaard

Bjørn Sortland


Forfattar og professor ved Norsk barnebokinstitutt

Debuterte som barnebokforfattar med Det er ikkje natta (Samlaget, 1992)

Har skrive ei rekke bøker for barn og ungdom.

Fleire av Sortlands bøker handler om kunst, mellom anna serien om Kunstdetektivene

Var den første barnebokforfattaren som fekk Aschehougprisen (2011)

Kilde: www.snl.no

Harry Potter og dødstalismanene. Foto: Cappelen Damm

8,5 bøker i året

Eg har erfart det sjølv, og samtalar med lærarar, bibliotekarar og foreldre stadfestar det: Barn og unge les mindre, dei har ofte få referansar til skjønnlitterære bøker. Ei nyleg publisert undersøking frå Handelshøyskolen BI viser at vi i Noreg les 40 prosent færre bøker enn det bokbransjen seier: Nordmenn les 8,5 bøker i året, ikkje 13,6 bøker som Forleggerforeningen påstår. Kanskje er snittet endå lågare om vi berre ser på kor mykje elevane les. Og boksalet daler. Kva har skjedd?

I juli 2007 kom den siste boka i Harry Potter-serien ut. På papir. Det var ein stor, global lesefest for både unge og eldre, folk låg i kø, enkelte familiar kjøpte fleire eksemplar for at alle i familien skulle få lesa boka med ein gong. Harry Potter og dødstalismanene slo der og då fast at boka er konge, totalt er det selt ein halv milliard Potter-bøker. Få var akutt bekymra for boklesinga.

Ei nyleg publisert undersøking frå Handelshøyskolen BI viser at vi i Noreg les 40 prosent færre bøker enn det bokbransjen seier.

På lanseringdatoen til Halo3 var det fleire unge som skulka skulen for å spela.

Potter, Halo og iPhone

I september 2007 kom det også eit ut eit avsluttande kapittel i ein trilogi som utruleg mange unge og vaksne venta på med stort begjær: Halo-serien til Xbox kom ut med Halo3. Spelet var ei etterlengta fiksjonsforteljing, med ei omfattande bakgrunnshistorie, ei mengde karakterar, eit unikt litterært univers – akkurat som i ei bok. På lanseringdatoen var det fleire unge som skulka skulen for å spela. Halo3 omsette for om lag tre milliardar kroner den første veka, ei storhending i gamer-verda. Men: Eg har enno til gode å treffa ein lærar eller forelder som veit kva Halo3 er, og endå mindre kva hovudpersonen i serien heiter.

Potter- og Halo-universet var to store hendingar. Men der skulen truleg ville ha smilt mildt til barn som låg utanfor bokhandelen og venta på den siste Harry Potter-boka, ville skulen nok ikkje ha gjort det dersom dei same barna låg utanfor Platekompaniet og venta på Xbox-spelet.

I januar 2007 vart også den første iPhonen lansert. Han tok Nokia på senga, og vart raskt ein krevjande kosebamse vi alle omfamna. No kunne vi lesa og lytta, spela spel, sjå film og tv-seriar kor og når som helst, pluss alt mogleg anna. Smartphonen (berre ordet!) gjorde at vi kollektivt fekk ei tru på at alle kan gå rundt med all verdas kunnskap i lomma. Den vesle skjermen er framleis ein heftig konkurrent til fritid, familie, jobb, sosialt samvær og samliv – og den skjønnlitterære boka.

Viktig karakter i Halo-universet. Men kva heiter han? Foto: igdb.com

Foto: Oleg Magni / Unsplash

Mindre mental kondis

iPhonen åleine kan ikkje få skulda for alt elendet i verda, heller ikkje når det gjeld ukonsentrert og ufokusert lesing. Men den mentale kondisen vår ser ut til å vera svekt når det gjeld å lesa lengre tekstar; både lærarar og forfattarar fortel at dei les mindre bøker enn før. Eg verken kan eller skal varsla om at boka er død, men vi står likevel midt i eit stort skifte når det gjeld korleis barn og unge oppsøkjer og les fiksjon og fakta – og kva dei i det heile tatt opplever som relevant.

Eg meiner å hugsa at direktøren i Netflix, Wilmot Reed Hastings, har sagt at barn og unge i all hovudsak bruker mesteparten av tida si på spel (til dømes Fortnite) og YouTube – som Netflix no fryktar meir enn HBO. Vi vaksne må vera vakne og oppdaterte om kva barna er opptatt av, berre slik kan vi både møta og myndiggjera dei til å bli modne lesarar av alle slags tekstar.

Vi vaksne må vera vakne og oppdaterte om kva barna er opptatt av, berre slik kan vi både møta og myndiggjera dei til å bli modne lesarar av alle slags tekstar.

Til min døyande dag vil eg hevda at leseopplevinga er privat, og at ein skal gå varsamt fram for å hala ut av barn og unge kva dei meiner om ei bok.

«For meget rent mel i posen?»

Departement, ulike foreiningar, institutt, lesesenter, skular og mange gode krefter legg til rette for og jobbar for å få opp lesinga. Men blir det evaluert? Er det for instrumentelt? På skulebesøk opplever eg at dei fleste elevar no les svært tynne og lettlesne bøker på aksjonar og «lesekvart». Eldre elevar skriv særemne om dei same bøkene dei las på 5. trinnet. Og på fritida les nesten ingen.

Eg har sjølv ofte ikkje vore på lag med skulen. Som barn var eg ein lesehest, men eg likte ikkje å gjera greie for leseopplevinga mi. Til min døyande dag vil eg hevda at leseopplevinga er privat, og at ein skal gå varsamt fram for å hala ut av barn og unge kva dei meiner om ei bok. Mange les heller ikkje lenger av lyst, dei les fordi opplegget på skulen rett og slett krev lesing. Er skjønnlitteraturen blitt ein rein skuleaktivitet? Er bildeboka og romanen likestilte med naturfagboka? Og kor gøy er det? For når boka – ja, sjølve leseopplevinga – skal dissekerast og systematiserast, sløkkjer det lysta for mange. Samtidig som vi forsøkjer å fremja leseglede, skal elevane altså svara på spørsmål både før og etter. Kva verkemiddel er brukte? Korleis er samanhengen mellom ord og bilde? Kva lærte du då du las boka? Og så vidare.

Litteratur i klasserommet. Foto: Neonbrand / Unsplash

Drep dei gode intensjonane sjølve gleda over litteraturen? Eg sleit sjølv med dette på skulen, for mange gutar kan desse greiene drepa all leselyst. Og kanskje for jenter også. Over oss svevar framleis eit imperativ om at det skal lærast og dannast. Det blir ofte snakka om dei teite 70-åra som var så politisk korrekte, men eg ser at mykje litteratur er like «oppdragande» no som før, berre med andre tema og vinklingar. Kanskje verkar det mot si hensikt? Knut Hamsun skal ha sagt noko sånt som at «det hadde jeg mot ham, han hadde for meget rent mel i posen». Ein lærar eg kjenner, som var lei av alle testar og skjema som skulle fyllast ut, seier det slik: «Av og til vil eg berre lesa høgt for dei, utan noko meir snakk.»

Artikkelen held fram etter anbefalingane.

Over oss svevar framleis eit imperativ om at det skal lærast og dannast. Kanskje verkar det mot si hensikt?

Ny fiksjon

Lesing og tekst endrar seg heile tida. Makta til den meir tradisjonelle publiseringsbransjen veiknar, også i bokverda. Trass i store barneboksuksessar la Kagge Forlag nyleg ned delar av barnebokavdelinga si. Notabenekjeda har gått konkurs for andre gong, og boksalet går altså ned.

Barn og ungdom har stor digital kompetanse og flyttar kjapt merksemda si frå det eine til det andre. Dei lagar og finn sine eigne historier på nye kanalar – Instagram, Snapchat, YouTube, Reddit, TikTok, Adult Swim og mange, mange fleire som er totalt ukjende for dei fleste over tjuefem år. Og ikkje minst deler dei memes, som er ei form for korte meiningsytringar eller små forteljingar – avanserte og intelligente og ofte svært kryptiske for vaksne. Mange av oss som lever i, av og med barne- og ungdomslitteraturen, må realitetsorientera oss og ta innover oss dette utvida tekstomgrepet, dei nye kanalane og narrative strukturane og det ukjende visuelle språket.

Foto: Deichmanske bibliotek.

Men: Eg har likevel ei sterk tru på boka som eit unikt og relevant medium. Eg meiner at det taktile og handfaste er eit stort pluss, og eg trur at ei god bok ber med seg ei eineståande ro og leseglede. Kanskje må vi endå ein gong tenkja nytt, satsa langt meir på leseglede enn på analyse, innføra obligatorisk høgtlesing frå læraren, la ungane iPhone-filma scener frå boka, og med det fortelja vidare på eigne forteljingar på plattformer som ikkje er på skulen sin radar. Slik blir dei med å skapa sjølv også. Litteraturen har ein eigenverdi som er større enn berre å læra å lesa.

Mange av oss som lever i, av og med barne- og ungdomslitteraturen, må realitetsorientera oss

I denne digitale verda ønskjer eg framfor alt å vera med og gi kred til læraren eller bibliotekaren som av og til berre vil lesa høgt, utan noko snakk.

Biblioteket

Og i denne digitale verda ønskjer eg framfor alt å vera med og gi kred til læraren eller bibliotekaren som av og til berre vil lesa høgt, utan noko snakk. Ho veit sannsynlegvis også at boka ikkje automatisk har ein suveren og sjølvskriven plass, ho er sannsynlegvis sjølv ein lesar, og ho leitar fram bøker ho trur kan treffa unge. For biblioteket er også staden som les tida godt, og som utfyller samlinga med eit godt utval av filmar, spel, teikneserieromanar og anna som er i tida. Skular som satsar på skulebiblioteket, skaper entusiasme og leselyst og ein stad der alle kan henga. Denne effekten finst det lærarar og bibliotekarar som har vett til å bruka; folkebiblioteket er framleis eit av dei viktigaste husa vi har i Noreg.

Det var den høgtlesande læraren min på barneskulen og det lokale biblioteket som gav meg bokleg begjær og sinnsro – men aller mest gav dei meg rein leseglede. Når eg sjølv møter elevar, er det denne gleda eg vil dela.

(PS! Hovudpersonen i Halo3 heiter Master Chief.)

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · ·