Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Bakrusen frå bokmessa

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Essay,

PUBLISERT

mandag 4. november 2019

Årtusenets fest er forbi, for prinsar og prinsesser og for heile det litterære kongeriket. I bakrusen ser vi skrifta på veggen: Vi mistar lesarane.

↑ – Kvar gong eg ser eit barn, tenkjer eg: Der går ein barndom forbi, sa barnebok-stjerna Maria Parr i sitt samtaleprogram like før heimreisa. Foto: Janne Karin Støylen

Det litterære fruktfatet vi fekk servert i Frankfurt saknar sidestykke. I intervallar på mindre enn halvtimen gjekk dei på dei scena i hovudpaviljongen, den eine norske superstjerna etter den andre: Jon Fosse, Karl Ove Knausgård, Maja Lunde, Jo Nesbø, Linn Ullmann og mange, mange fleire.

Berre lyden frå den vesle scena i naborommet uroa den formidable kavalkaden.

Vi som let oss lokke rundt hjørnet til programmet på scene 2, fekk vite at det er  grunn til uro. Sjølv om programtitlar som «The return of the lost reader» og «Engaging the Next Generation of Readers» la opp til ei positiv vinkling, er tendensen tydeleg:

Vi mistar lesarane.

– Lesinga er i krise! Heile 6,2 millionar vaksne tyskarar kan verken lese eller skrive funksjonelt.

Lesinga er i krise

Leiar i Foreningen les! Silje Tretvoll modererte den sistenemnde samtalen, i lag med Monica Hellvig i «Leser søker bok». Tredjemann i panelet var Jörg Maas i den tyske søsterorganisasjonen «Stiftung lesung». Han gjekk langt i si skildring av alvoret i situasjonen, og klargjorde at tapet av lesarar slett ikkje er noko særnorsk utfordring:

– Lesinga er i krise! Heile 6,2 millionar vaksne tyskarar kan verken lese eller skrive funksjonelt. Dette er ikkje migrantar eller flyktningar, men innbyggjarar som har gått på skule i landet vårt, forklarte Maas.

Der Silje Tretvoll og Monica Hellvig  orienterte om norske lesesatsingar som i stor grad er knytt til opplæringa og utdanninga, fortalde Maas entusiastisk om den tyske oppskrifta, som er annleis.

– Lat oss ikkje fokusere formidlingsarbeidet mot skulen og institusjonane. Lat oss heller vende oss mot heimen, mot foreldra og dei minste barna. Vi må starte heilt på nytt og vi må starte med dei små, hevda Maas og forklarte korleis alle tyske småbarnsfamiliar får ein bokpakke på eitt-års kontrollen på helsestasjonen. Legane oppmodar mor og far om at dei bør lese høgt for barnet i eitt kvarter kvar dag.

Korleis kan barnet ditt bli verdas beste person?  

Å lese er ei trening i å leve. Så enkelt kan det seiast. Forfattaren som for mange år tilbake  formulerte lesinga sitt adelsmerke slik, er ei av våre tyngst prislønte og produktive i barnelitteraturen: Erna Osland. Ho glimra med sitt fråvere Frankfurt, saman med fleire av våre fremste forfattarar. Kjendisfaktor må ha trumfa kvalitet ved fleire krossvegar i programmeringa.

Innsikta om lesinga si mulegheit til å gjere oss til betre medmenneske, breier seg like fullt:

– Beskjeden foreldra får er ikkje: Les ei bok! Oppmodinga dreier seg meir om korleis du kan hjelpe barnet ditt til å bli verdas beste person. Eller i alle fall: Den beste personen i familien, sa Maas spøkefullt då han gjorde greie for den tyske lesesatsinga.

– Vi veit at lesing ikkje berre trenar kognitive ferdigheiter, men også dei sosiale, kreative og empatiske eigenskapane ein treng for å ha det godt i lag med andre og med seg sjølv. Tenk berre på utfordringane med integrering i våre multikulturelle samfunn. Vi treng borgarar som har lese om ulike karakterar og forstår at det er verdifullt at vi er forskjellige, la Maas til, før han avslutta:

– Det fantastiske er at barneboksalet i Tyskland no er på veg oppover. Det aukar med 2,5 prosent årleg. Det er signifikant, dette verkar!

Dei tre formidlingsleiarane var elles samde om kor viktig det er med gode førebilete. Både i Noreg og Tyskland allierer ein seg med kjendisar av alle slag for digitale boktips som skal styrke lesinga.

Når eg blar i den imaginære minneboka mi frå turen til Frankfurt er det likevel ikkje stjernene og stasen eg stoppar opp ved. To personlege forteljingar om barndom og bøker er minna eg merkar meg.  Eg les dei om og om igjen:

Å lese er ei trening i å leve. Så enkelt kan det seiast.

Fra den norske paviljongen i Frankfurt. Foto: Sabine Felber / NORLA

At smart-telefonen er eit dårleg alternativ for einsame, underlege barn treng ein ikkje reise til Frankfurt for å forstå.

Einsam og underleg

– Eg var eit einsamt og underleg barn, sa forfattar Erika Fatland i opningstalen på bokmessa.

– Og ein endå meir einsam og sær tenåring. Men eg kjende meg aldri aleine, for eg hadde bøkene. Eg las utan stans, i friminutta på skulen, ved middagsbordet, eg utvikla ein teknikk der eg kunne gå rundt i huset medan eg las, held ho fram.

Etter å ha synt publikum kva vilkår boka har i nokre av verdas strengaste diktatur, og irettesett vår eigen statsminister for problematiske uttalar i denne konteksten, i samband med teaterframsyninga «Ways of seeing», avslutta ho talen i barndommen og i det personlege, der ho starta:

– For eit einsamt og rart barn kan bøker vere den avgjerande redningsplanken.

Sjølv om Erika Fatland si oppvekstskildring er langt frå like mørk og dyster, tenkjer eg på opningstalen når nyheitsbildet denne veka er prega av fryktelege historier om nettverk på internett: Møtestader for barn og unge som ikkje vil leve lenger. Finst ikkje boka som  redningsplanke i #norway2019?

At smart-telefonen er eit dårleg alternativ for einsame, underlege barn treng ein ikkje reise til Frankfurt for å forstå.

Erika Fatland kritiserte statsminister Erna Solbergs håndtering av teaterstykket «Ways of Seeing» i sin tale under åpningen av bokmessen i Frankfurt. Foto: Sabine Felber

Overtrekte «bok-kontoen»

Kulturminister Trine Skei Grande brukte ved fleire høve si tilmålte taletid til å vere open om eigne lese og skrivevanskar då ho kasta glans over bokmessa. Ho fortalde meir om dette i eit intervju eg gjorde med ho under messa:

– Eg vaks opp som eit dyslektisk barn, Mamma og pappa hadde inga høgare utdanning, likevel tok dei oss med til biblioteket. Kvar fredag! Grensa var klar: Maks fem bøker. Dei skulle leverast tilbake også.

– Eg elskar å lese, sjølv om det har vore vanskeleg for meg. Eg er ein treig lesar, men den gode historia driv meg alltid framover. På same tid er ei skjønnlitterær bok den uttrykksforma som ligg lengst unna det eg sjølv ser for meg at eg kunne klare å få til. Difor blir eg rett og slett «starstruck» av forfattarane våre, dei skaper noko magisk eg ikkje alltid forstår, men som betyr mykje for meg likevel.

Eg lyttar til det å ho seier, ho sit rett ovanfor meg og fortel meg alt dette.

Kommunikasjonsrådgjevaren ser på klokka på mi høgre side, alle pressefolka klorar på telefonane sine på den venstre. Eg tar meg i å tenkje at eg kunne gått i krigen for kulturministeren, her har du mitt sverd og mitt skjold. Vi er på same side, på lesaren si.

Men kulturministeren er ingen krigar. Snarare er det fred og forståing ho ser etter i kjølvatnet av satsinga i Frankfurt.

Trine Skei Grande holdt tale under bokmessen i Frankfurt. Foto: Janne Karin Støylen

Fredsprisen til omsettarane

Eitt av høgdepunkta på hovudscena i den norske paviljongen, var utdelinga av NORLA sin omsettarpris som i år gjekk til tyske Ursel Allenstein.

– Om nokon verkeleg fortener fredsprisen, er det omsettarane sa kulturminister Trine Skei Grande i sin tale til vinnaren, og heldt fram:

– Vi lever i ei tid då det er endå viktigare enn før å lese andre sine historier og setje oss inn i korleis andre har det.  Djupast sett handlar det om bøkene si mulegheit til å utvikle denne mellom-menneskelege forståinga i samfunnet vårt. Den nye bibliotekstrategien legg opp til at biblioteket ikkje lenger berre skal vere ei hylle, men ein formidlar, eit litteraturhus. Ein stad der folk skal kunne finne riktige svar på spørsmåla sine, i staden for å ty til youtube og  konspirasjonsforum på internett.

– Eg er deler uroa for lesaren, men mest for den lange lesinga. Dagens barn og unge les og skriv utruleg mykje meir enn vi gjorde i min generasjon, men bøkene taper terreng. Gjennom den nye kulturmeldinga for barn og unge skal vi ta tak i dette, lova ministeren.

Meir enn to tredjedelar av lesarane i våre undersøkingar fortel at dei gjerne vil lese meir. Dei ynskjer seg pausar frå det som stel tid og merksemd frå boka.

Ei god og ei dårleg nyheit

Færre les bøker, stadfesta leiar i forleggarforeininga Kristenn Einarsson. Særleg mistar vi lesarar i aldersgruppa 25-39 år. Det er den dårlege nyheita.

– Den gode nyheita er at meir enn to tredjedelar av lesarane i våre undersøkingar fortel at dei gjerne vil lese meir. Dei ynskjer seg pausar frå det som stel tid og merksemd frå boka; Frå seriar og straumen av informasjon over skjermen.

Behovet for digital detox er stort, sa Einarsson.

– Lesarane gjev oss mange tips om korleis vi kan nå dei med litteraturen. Vi må kort sagt gjere boka synleg igjen. Lesarane treng å bli minna på kor fint det er å lese og om at det finst bøker for alle, for deg, for kvar enkelt av oss. I Bokåret 2019 har bransjen og det offentlege gått saman om satsingar som «Den boka» og «Hele Norge leser» for å svare på dette.

Kva verkar?

Men, understreka Einarsson: Dette veit vi likevel alt for lite om. Her trengst ny forsking og deretter ein ny strategi.

I 2020 legg den internasjonale forleggarorganisasjonen (IPA) verdskongressen for bransjen til litteraturfestivalen på Lillehammer. I forkant av kongressen er det bestilt ein rapport som undersøker lesesatsingar kring om i alle IPAs medlemsland. Kva er likt, kva er ulikt, og viktigast: Kva verkar?

– Rapporten vil vere med å legge grunnlaget for ein ny, norsk lesestrategi. Vi har bedt kulturdepartementet om ti millionar kroner til prosjektet, og det er naturleg at «Foreningen les!» set seg i førarsetet for dette arbeidet, sa forleggarsjefen.

Nye millionar. Ny kulturmelding. Ny forsking, ny strategi.

Det er den draumen me ber på, no: Lesarar vi ikkje har visst om.

Artikkelen fortsetter under annonsene.

Ein barndom går forbi

– Kvar gong eg ser eit barn, tenkjer eg: Der går ein barndom forbi, sa vår eiga barnebok-stjerne Maria Parr i sitt samtaleprogram like før heimreisa.

Så las Maria. Ho senka stemma ned i det nydelege toneleiet frå søre Sunnmøre, der historia om Trille og Lena høyrer heime. Og vi som høyrer heime i det same språket kjende historia gå rett i refleksane, til gåsehuda og tårekanalane, då Trille opna flaskeposten han sjølv hadde skrive og kasta på havet i starten av forteljinga. Men rundt oss kunne vi sjå, i ukjende fjes med øyretelefonar over hovudet, at simultanomsettinga verka på same måten.

Det er den draumen me ber på. Kanskje kan vi aldri meir lese diktet slik vi kunne før det fekk i oppgåve å aksle den store festen i Frankfurt. Gartnaren frå Ulvik skreiv det ikkje for dei store scenene, men for dei vesle kvardagane.

Like fullt: Kjeldor kan springa, berget kan opna seg, for den som les. Men tolkingskompetansen er kanskje det første vi mistar når den lange lesinga går tapt.

Så eg låner Astrid Lindgren si klare tale, sjølv om den ligg like faretruande nær klisjéen, for draumen eg ber på, på veg heim til meg og mine:

Å mektige feer! Gi mitt barn lesehunger, det ber jeg om med brennende hjerte. For jeg ville så gjerne at mitt barn skal få nøklene til eventyrlandet, hvor man kan hente den skjønneste av alle gleder – slik burde hver eneste mamma tenke!

No er det på tide å vende nasa heim, og vende blikket ned. Kva ser du? Eg ser ein fjortenåring i det blå lyset frå skjermen på telefonen. Eg ser ein barndom gå forbi.

Det er den draumen me ber på. Kanskje kan vi aldri meir lese diktet slik vi kunne før det fekk i oppgåve å aksle den store festen i Frankfurt.

Annonser
Stikkord:
· · · · · ·