Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Cecilie Lundsholt: – Eg vil nytte posisjonen min til å skape endring

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Intervju,

PUBLISERT

onsdag 19. januar 2022

Teatersjef Cecilie Lundsholt ved Teater Vestland drøymer om at dramatikarar skal bombardere innboksen hennar.

↑ Cecilie Grydeland Lundsholt, teatersjef ved Teater Vestland. Foto: Espen Nyttingnes / Teater Vestland

I serien med mini-intervju med nye norske teatersjefar, snakkar vi i dag med Cecilie Grydeland Lundsholt ved Teater Vestland. Ho har store visjonar for teater for barn og unge i Noreg – og vil ha handling. Difor håpar ho nokon les dette intervjuet og tek kontakt for å diskutere det.

Kva treng scenekunstfeltet for barn og unge i dag?

– Det er mykje som allereie er veldig bra. Men det kunne vore interessant med:

1) ein diskusjon om Den kulturelle skulesekken (DKS), om sjanger og format. DKS er den største leverandøren av profesjonell scenekunst til barn og unge i Noreg i dag. Kva gjer premiss som kort riggetid, få utøvarar på turné, flest mogleg publikummarar i salen, gymsal-format og speletid på éin skuletime med tilbodet? Føler scenekunstnarar at dei har full kunstnarleg fridom? Kor mange interaktive framsyningar ser elevane gjennom eit skuleløp, og kor mange hovudsceneproduksjonar med fullt teatermaskineri eller til dømes klasseromsoppsettingar? Og kva skjer med utviklinga av feltet når ingen produsentar sit på åremål? Det finst mange unntak å trekke fram her, men diskusjonen ville vore spanande.

2) Fleire UNG-scener som til dømes Unga Dramaten eller Ung Scen/Öst, for å nemne nokre. Scenekunstfeltet treng fleire kompani som Tigerstadsteatret og regissørar som Hilde Brinchmann, så kanskje alle teatera skulle kopiere Oslo Nye? Ha eit kompani i residens eller i tett samarbeid over fleire år? Kanskje det kunne bli den norske modellen når det skjer så mykje spanande i det frie scenekunstfeltet?

3)  Strukturelt ta scenekunst for barn og unge inn i scenekunstutdanninga, som på Dramatiska institutet i Stockholm (no Stockholms konstnärlega högskola, red.anm.). I Norge er Nord universitet så vidt eg veit den einaste teaterutdanninga som gjer det. Saman med ei ny satsing frå Kulturrådet – à la Kunstløftet som var for nokre år sidan, men som også dramatikarar kan søke på og som støttar framsyningar i DKS – trur eg det ville gitt fleire scenekunstnarar kompetanse og økonomiske musklar til å skape verk for born og unge.

Kanskje alle teatera skulle kopiere Oslo Nye og ha eit kompani i residens eller i tett samarbeid over fleire år?

De nye teatersjefene


I en serie mini-intervjuer spør vi landets ferske teatersjefer og kunstneriske ledere ved scenekunstinstitusjoner om hvilken retning de ønsker å ta barneteateret i.

Vi spør dem om hvilke utfordringer de ser for barneteater i Norge, hva de vil gjøre med det. Og om hva som er deres drømmeforestilling å sette opp for en ung aldersgruppe.

Tidligere intervjuer i serien finner du her.

Cecilie Grydeland Lundsholt er teatersjef ved Teater Vestland. Foto: Espen Nyttingnes / Teater Vestland

Korleis vil du som teatersjef jobbe med det?

– Heilt konkret til det første punktet kan eg kontakte Kulturtanken, Scenekunstbruket og Assitej Norge og høyre om dei vil vere med å halde eit seminar om DKS, økonomi, makt og struktur, format og sjanger.

Eg har tenkt på å starte sommarresidens for det frie feltet der dei kan nytte teateret sine lokalar om sommaren, det har teateret gjort ved fleire høve. Eventuelt kan eg knytte eit kompani til teateret i residens over eitt år. Dette må eg tenke seriøst på vidare. Eg kunne, saman med fleire teatersjefar i Noreg, kontakta eigarar og kulturdepartementet med forslag om eit felles løft for å starte UNG-scener. Teatret Vårt har jo gått føre som eit godt eksempel.

Men korleis skape meir ny dramatikk for barn og unge? Ein måte å gjere det på, er gjennom bestillingsverk. I desember bestilte Teater Vestland eit verk frå ein dramatikar til ei framsyning for ungdom. Og i februar skal vi i gang med arbeidet om Nynorsk Scenespråksenter, som vi har som mål å starte opp i 2023. Dette vil vere eit tilbod til både skodespelarar og dramatikarar. Her kan det til dømes ligge som premiss at dramatikarane skal utforske dramatikk både for vaksne og for barn og unge. Sånne grep kan eg ta. Og så har eg von om at Dramatikkens Hus startar ei ny SnikkSnakk-satsing.

Det viktigaste eg gjer, er i eigen praksis og i det overordna arbeidet med repertoar og dei kunstnarlege avgjerslene eg tar i den daglege drifta på teateret. Og å nytte den posisjonen eg har til å skape endring i møte med kunstnarar, myndigheiter, organisasjonar, andre teater og det frie feltet. Å snakke konstruktivt saman kan føre til handling – som kan føre til endring. Til dømes vonar eg at nokon les dette intervjuet og tek kontakt for å diskutere det.

Eg har tenkt på å starte sommarresidens for det frie feltet der dei kan nytte teateret sine lokalar om sommaren

Kva er di draumeframsyning for barn og unge? 

– Sjølv er eg altetande når det kjem til opplevingar i scenekunstfeltet, og draumane endrar seg heile tida. Nett no, om eg hadde skikkeleg mykje pengar, ville eg sett opp heile Pullman-trilogien His dark materials. Det hadde vore eit utruleg materiale å jobbe med, eit univers på storleik med Harry Potter. I Norge er Pullman ein forfattar mange berre har høyrt om gjennom ein film som floppa og ein TV-serie som blei sånn passe, så det ville vore både kostbart og risikabelt. Men uendeleg fint.

Eller sjå for deg Lillefot og vennene hans i landet for lenge sidan som ein parabel til klimautfordringane i dag. Ei svær utandørs dreiescene seint på kvelden i august når det er akkurat passe mørkt. Kjempedinosaurar. Eg kan tipse om eit teater i Tsjekkia som ikkje har lagerplass til sine real-size-dinosaurdokker, dei er heilt magiske (og diverre utruleg dyre). Den framsyninga skulle eg gjerne ha sett!

Eg drøymer og om at regissørar skal pitche idear til framsyningar for born, og om at dramatikarar skal bombardere innboksen min med manus i alle sjangrar: fantasy, sci-fi, komedie, tragedie, eventyr. Gjerne interaktive framsyningar med få skodespelarar som egnar seg for turné på kulturhus for eit stort publikum. Eller ørsmå perler som passar i grendehus. På nynorsk, sjølvsagt!

Som teatersjef er eg jo i ein veldig privilegert situasjon. Eg har moglegheit til å sette opp draumeframsyningar for desse målgruppene kvart år. Men sjølvsagt: Det er ei samla vurdering av format, turnérute, kva som passar her, no, tidlegare repertoar, rettar, ressursar og budsjett. Eg har mange draumeprosjekt på blokka som eg har von om at blir realitet i åra som kjem.

Cecilie Grydeland Lundsholt tok over som teatersjef ved Teater Vestland 1. januar 2021.

Eg drøymer og om at regissørar skal pitche idear til framsyningar for born, og om at dramatikarar skal bombardere innboksen min med manus i alle sjangrar

Annonser

Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · ·