Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

– Det finst så mykje kjærleik til gamle tradisjonar i dette huset. Dei toler fint at me ser på dei med eit kritisk blikk

KATEGORI

Musikk,

SJANGER

Intervju,

PUBLISERT

fredag 13. august 2021

Når Astrid Kvalbein har gjort sitt som rektor ved Norges musikkhøgskole, håpar ho at det vil strøyma ut studentar derifrå med endå meir variasjon i hudfargar og morsmål enn det gjer i dag.

↑ Astrid Kvalbein er ny rektor ved Norges musikkhøgskole. Foto: Paal Audestad

Frå 1. august er Astrid Kvalbein rektor ved Norges musikkhøgskole (NMH). Periskop sine lesarar kjenner ho som kritikar av opera og klassisk musikk, men ho er og songar og forskar ved NMH. I 2018 vart ho tildelt Norsk Komponistforenings likestillingspris fordi ho «gjennom hele sitt virke har hatt likestilling, feminisme og maktspørsmål hevet høyt på agendaen». Desse perspektiva vert sentrale når ho no er å finna i rektorkontoret på NMH.

Astrid Kvalbein


Songar, forskar og musikkskribent.

Rektor ved Norges musikkhøgskole frå 1. august 2021. Eyolf Dale er prorektor.

Kvalbein arbeider som forskar og prosjektleiar for NMH sitt historieprosjekt.

Tidlegare kritikar for VG, Dagsavisen, Aftenposten og Periskop, samt redaktør for det pedagogiske tidsskriftet Arabesk. Ho har og skrive biografien om Leif Ove Andsnes: I og med musikken (Samlaget 2005).

Var saman med Anne Lorentzen redaktør for utgjevinga Musikk og kjønn – i utakt? (Kulturrådet 2008).

Som songar har ho mellom anna vore tilknytta Det Norske Solistkor og samtidsmusikk-gruppene Søyr og asamisimasa. I dag er ho i Duo Parula saman med klarinettist Gjertrud Pedersen.

Utdanning: Ph.d. i oppføringspraksis, om komponisten, kritikaren og Ny Musikk-leiaren Pauline Hall, NMH 2013. Hovudfag musikkpedagogikk, NMH 1996-1998. Kandidatstudiet i musikkpedagogikk, NMH 1992-1996. Ex. Phil. (UiO 1990). Grunnfag i kristendom (MF 1991). Grunnfag nordisk (UiO 1995).

Tildelt Norsk Komponistforenings likestillingspris i 2018.

Astrid Kvalbein. Foto: Brian Cliff Olguin

Trur på enkle grep

Du har vore oppteken av likestilling, feminisme og mangfald lenge. Korleis vil dette visa seg med deg som rektor?

– Det bør visa seg. For dette handlar i stor grad om medvit og om kor me rettar blikket. Ein må heile tida sjå på kor stor grad av mangfald som finst i utdanninga. Instrumentlærarane må bli utfordra på repertoar – kor breitt og mangfaldig er det? Alle lærarane må spørje seg kor mange kvinnelege komponistar og andre førebilete studentane møter gjennom tida på NMH. Biblioteket vårt har ei overvekt av bøker og musikkverk skrivne av menn – kva kan me gjera med det? Eg har tru på enkle og synlege grep, som at kvinnelege komponistar skal være enklare å finna fram til. Her er eit arbeid i gang, som eg vil følgje opp, fordi det er viktig, seier ho.

Kvalbein ønsker å bruke likestillings- og mangfaldsutvalet på NMH meir aktivt. Ho har merka seg at studentane er opptekne av tematikken. Dei har eigne diskusjonsfora, og denne våren vart mellom anna rasisme, mangfald og likestilling debattert.

– Det er tydeleg at skoen trykkjer på slike område nett no. Studentutvalet har òg kontakta oss for å få NMH med på å markere Skeivt kulturår 2022, og det vil me gjerne. Likestilling er dessutan knytt til meir enn kjønn og legning. Når studentar hos oss fortel at fordi dei er melaninrike, reknar «alle» med at dei driv med jazz, har vi ei utfordring. Slike koplingar, som ikkje er vondt meint, avslører fordommar som eg trur heile samfunnet må jobbe med.

Alle lærarane må spørje seg kor mange kvinnelege komponistar og andre førebilete studentane møter gjennom tida på NMH.

Den eine kvinnelege eller melaninrike læraren får ein lett kjensla av å vere eit slags alibi.

Gode førebilete

Tidlegare i år uttrykte fleire norske kvinnelege komponister eit behov for tydelege kvinnelege førebilete i undervisninga i ein artikkel her i Periskop. Maja Ratkje fortalde mellom anna at for ho var det ei viktig oppdaging å sjå at det fanst andre kvinner som komponerte. Kristine Tjøgersen sa i same artikkel at ho er overtydd om at fleire kvinnelege lærarar i komposisjon vil gje fleire kvinnelege studentar i faget.

Er det stort nok mangfald på undervisningssida hos NMH?

– Det er inga tvil om at me treng fleire gode førebilete, særleg gode kvinnelege førebilete også her på NMH, innan komposisjon og fleire utøvande fag. Og det held ikkje med éin. Den eine kvinnelege eller melaninrike læraren får ein lett kjensla av å vere eit slags alibi.

Er NMH ein gutteklubb?

– Nei, det er ingen gutteklubb – men nokon stader kan ein kanskje oppleve gutteklubbtendensar. Det er ikkje det same som at dei ønsker å vere ein gutteklubb. På komposisjon, til eksempel, er det overvekt av mannlege lærarar. Men blant dei finst likestillingsforkjemparar som Rune Rebne, som tok initiativ til Jenteprosjektet i komposisjon. Ein lærar er eit førebilete, og det er klart at det gir ein slags maktposisjon. Det må ein heile tida vere merksam på, seier Kvalbein med ettertrykk.

Norges musikkhøgskole. Foto: Jiri Havran

Benny Dahl-Hansen. Foto: Schrøderarkivet / Sverresborg Trøndelag Folkemuseum

Må vera tydeleg

På spørsmål om korleis ho kan auka talet på kvinnelege og fleirkulturelle tilsette, svarer Kvalbein at det må leitast, spørjast og oppmodast. Det kan handla om å oppmoda kvinner og tilsette med minoritetsbakgrunn til å søka og søka opprykk, og å formulera utlysingstekstar strategisk.

Sjølv er Kvalbein første kvinnelege rektor ved NMH på over tretti år. Den einaste før henne, var pianisten Benny Dahl-Hansen. Ho sat ein kort periode frå 1989-1990.

Kvalbein understrekar at ein må kasta nytt lys over og diskutera tradisjonar heile vegen:

– Kvalitetsforståinga vår er kulturelt produsert og kjønna. Me må utfordra ideane om at dei store tradisjonane me forvaltar er universelt viktige eller heva over historie og kultur. Det finst så mykje kjærleik i dette huset, og så mykje kunnskap om gamle tradisjonar, men eg meiner me må sjå på dei med eit kritisk blikk. Berre slik kan me sjå om noko manglar. Me har for få kvinnelege komponiststudentar – det må me gjera noko med. Me har sjølvsagt ei kvit og vestleg slagside, og det må me kunna problematisera, slår ho fast.

Intervjuet held fram etter biletet og anbefalingane.

Ein må kasta nytt lys over og diskutera tradisjonar heile vegen

Astrid Kvalbein er ny rektor ved Norges musikkhøgskole (NMH). Med seg har ho prorektor Eyolf Dale, ein viktig medspelar. Foto: Brian Cliff Olguin

Å rusta seg for musikarlivet inneber mykje

Mogleg for alle

Men den jobben kan ikkje NMH gjere åleine. Rekrutteringa må starta tidleg – i kulturskular over heile landet, og i deira eiga talentutvikling. Alle som ønsker å driva med musikk på høgt nivå, uansett kjønn og bakgrunn, skal tenka at NMH er mogleg for dei.

I eit intervju med Ballade i vår sa du at ungdommar som spelar i band eller orkester i Groruddalen litt for sjeldan kjem til NMH, og at det er ei utfordring de må ta. Korleis?

– Me må selja inn musikk som ein muleg yrkesveg til fleire miljø enn dei som naturleg oppsøker oss. Og igjen: Mangfald i førebilete er naudsynt. Så er NMH ein eliteinstitusjon. Men det treng ikkje vera det same som ein kvit, konservativ og reint vestleg institusjon. NMH har ein sterk posisjon, det er viktig å vere klar over kva signal me sender ut til dei som er interesserte i oss – alt frå kven me gir oss ut for å vera på nettsidene våre til kven som faktisk går inn og ut dørene hos oss. Og så må me vera ærlege: Musikk kan vera ein tøff yrkesveg. Det er ikkje det tryggaste yrkesvalet. Det har me merka særleg godt i koronatida.

Korleis forbereder de studentane på det?

– Å ha eit blikk på arbeidsmarknaden er særs viktig for å få eit godt liv i bransjen. Å rusta seg for musikarlivet inneber mykje: Ein skal takla prestasjonsangst. Mange må vera si eiga bedrift. Dei fleste må truleg utvikla eige prosjekt, skriva søknadar, gjera seg refleksjonar rundt kunstnarlege val i ein produksjon og bli gode på å kommunisere kven dei er og kva dei vil. Ein musikar i dag treng ein trygg identitet. Ein treng meir enn berre å bli flink på instrumentet sitt.

Artikkelen held fram etter annonsene.

Jente spiller tuba på Norges musikkhøgskole. Foto: Paal Audestad

Prøva seg på dei unge

Å øva seg på eit ungt publikum er ein viktig del av å verta rusta for musikklivet, fortel Kvalbein.

– Det er ein eigen kompetanse å kommunisera godt med barn. Dei er, som dei fleste veit, det mest avslørande publikummet ein kan ha. Skal ein jobbe med til dømes Filharmonien, slik orkesteret jobbar i dag, er det lurt med kunnskap om å spela for barn. Skal ein gjera prosjekt i Den kulturelle skulesekken, bør ein definitivt ha denne erfaringa. Å øva seg på å musisera for og med ulike målgrupper er sunt for dei aller fleste, meiner den nye rektoren.

Noko av det første Kvalbein gjorde i den nye jobben, var å opna Kids in Jazz-festivalen i forkant av og i samarbeid med Oslo Jazzfestival.

– I løpet av ei veke i sommar har eg henta eigne barn på korpskurs, vore på Voksenåsen-akademiet for unge klassiske musikarar og opna Kids in Jazz. Det eg ser, er at å få jobba med musikk kvar dag i ei veke i ferien, genererer ein heilt spesiell energi. Den kan vera avgjerande for om desse unge menneska hamnar i høgare musikkutdanning.

Ho trur NMH kan læra av måten det jobbast på i slike sommarveker.

– Kids in Jazz demonstrerer mellom anna korleis systematisk arbeid med å rekruttere jenter til alle instrument i bandet, kan gi resultat. Det er inspirerande!

Korleis ser NMH ut når du har slite ut rektorstolen?

– Minst like struttande av musikalske ressursar og allsidig kunnskap som no, håpar eg! ler Kvalbein.

– Eg ønsker fleire livlege samtalar om kvifor me gjer det me gjer, eg håpar alle på NMH både verdset og utfordrar tradisjonane. Og eg håpar det strøymer ut studentar med endå meir variasjon i hudfargar og morsmål enn det gjer i dag, og at dei finn sin plass i musikklivet. At fleire jenter komponerer, og at fleire gutar spelar harpe. Hadde ikkje det vore fint?

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · ·