Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Det nye, samiske lydbiletet er elektronisk

KATEGORI

Musikk,

SJANGER

Intervju,

PUBLISERT

lørdag 23. april 2022

HVOR
Borealis, Bergen

Den plateaktuelle elektronika-artisten Niilas tek stadig meir av sin sjøsamiske bakgrunn inn i musikken. Han elskar å bada, har budd på De Sjøfarendes Aldershjem – og under musikkfestivalen Borealis i mars framførte han to tinga verk inspirerte av havet.

I slutten av april kjem den elektroniske musikaren Peder Niilas Tårnesvik (25) med nytt album: Stone Skipping. Niilas er fødd i Bergen, pratar ein form for austlandsk, har nordnorsk familie og flytta nett til Oslo. Før det budde han på De Sjøfarendes Aldershjem i Bergen – eit tidlegare fattighus for sjøfolk og enker av sjømenn. Lydane frå dei eldre bebuarane i De Sjøfarendes Aldershjem, feltopptak frå falleferdige instrument i fellesrommet og Niilas’ lidenskap for bading vart utgangspunkt for det stemningsbaserte verket Musikk for sjøbading.

– Eg budde på ein heilt hysterisk stad med drita sjømenn og mykje rare folk og gauling i gangane. Det var ikkje farleg eller skummelt, men hadde ein slags tidlaus leirskulestemning. Det er ein stad som ikkje tilhøyrer år 2022, liksom, og som har vedtatt at dei har lov å røyka inne. Eg røykar ikkje sjølv, men det er skikkeleg kult! Eg elskar det, ler Niilas.

Niilas


Peder Niilas Tårnesvik

Norsk elektronikaartist og produsent

Fødd 1996

Sjøsamisk bakgrunn

Fekk Spellemannprisen i 2020 for albumet Also This Will Change

Vart i 2021 innlemma i Talent Norge-satsinga PopUp

Deltok i 2021-2022 på mentorprogrammet Borealis Ung Komponist og komponerte to tinga verk til festivalen: Musikk for Sjøbading og Vi Beveger Oss Sammen

Verka frå Borealis Ung Komponist har sidan vore på turné i Vestland

Kjem 29. april 2022 med nytt album: Stone Skipping

Niilas. Foto: Thor Brødreskift / Borealis

I utkanten

Musikk for sjøbading vart presentert på Nordnes Sjøbad på ein perfekt sundag morgon i mars. Frå ein terrasse på badehuset skodar ein smørblid Niilas med sitt milde vesen ut over eit lykkeleg publikum og havet. Nordnes Sjøbad er stappfullt, og sola skin sterkare enn ho har gjort på lenge. Festivalfolket er dratt ut sundag morgon klokka 11 for å bada til, og i, elektronisk musikk. Med bollar, kaker og kaffi i våte klorhender heng publikum ved bassengkanten med Niilas’ elektroniske lydlandskap som bakteppe. Dagen er asurblå og stemninga perfekt.

– Det tinga verket der var eit drøymeoppdrag; å laga 40 minuttar med musikk utan nokre rammar, fortel Niilas.

Er det du lagar samisk musikk?

– Det har eg tenkt mykje på dei siste åra. Eg har kalla det eksperimentell samisk musikk. Mange har eit stereotypisk syn på samar og tenker automatisk på reinsdyr, snøsletter og joik. Eg koplar den samiske kulturen til det å vera ute i naturen med vener og familie, og eit natursyn som baserar seg på å leva i tråd med årstidene og å vera kopla på naturen. Det er dette som underbevisst påverkar musikken eg lagar. Ein kan kanskje  at eg arbeidar i utkanten av utkanten av den samiske musikken, forklarar Niilas.

Korleis vert dette spegla i musikken?

– På same måte som naturen kan vera overveldande sanseleg, lagar eg musikk der mykje skjer. Det er støy og imperfeksjonar som gjer at kvar gang ein høyrer musikken, vil ein oppdaga nye ting. Det er som å gå tur og sjå nye ting kvar gong sjølv om ein har gått same rute før. Slik opplevast musikken min og ulikt for kvar gong for meg. Eg trur det handlar om korleis, og kor, ein justerer medvitet.

Klorvann, bollar og elektronika i herleg, solbada miks. Ramma var perfekt for urframøfringa av «Musikk for sjøbading» i Bergen i mars. Foto: Johanne Karlsrud / Borealis

Niilas under framføringa av «Musikk for sjøbading» under Borealis-festivalen i mars. Foto: Johanne Karlsrud / Borealis

Eg meiner at samisk musikk ikkje treng å vera joikbasert

Som Gadamer

Niilas er sjølvlært som musikar. Han har ikkje gått på noko musikkutdanning, men han har studert filosofi i to år ved Universitet i Bergen. Det var her han lærte å tenka og skriva, seier han. Tanken om at ein alltid vil oppleva musikken annleis minnar om den tyske filosofen Hans-Georg Gadamer som meinte ein aldri kunne oppleva det same to gangar. Ein vil alltid bygga vidare på nye erfaringar, eller fordommar, som han kalla det, og at det vil påverka korleis ein ser eller opplever noko neste gang.

Dei siste åra har me sett ei oppblomstring av samisk kultur og musikk i Noreg, til dømes med bandet Isák. Der er gjerne joiken sentral. Du verkar å ha ei anna tilnærming til din kulturarv. Kva er samisk musikk for deg?

– Mykje samisk musikk er veldig knytt til fortida og urkulturen, men eg prøvar å laga noko som ikkje er så hardt forankra i fortida. Eg opplever at det ikkje er så mange andre som gjer det, men eg meiner at samisk musikk ikkje treng å vera joikbasert. Kultur er jo sterk bunde til språk, og joik er ein sterk del av det samiske språket, men det har ikkje einevelde, meiner Niilas.

Niilas har sjøsamisk bakgrunn. Foto: Christine Bouché

Eg oppfattar samisk musikk som veldig improvisasjonsbasert

Meir som jazz enn pop

Han er glad for Noreg si satsing på den samiske kulturen, og syns det er sprøtt å tenka på at han får tildelt midlar for å laga musikk basert på barndomsminner frå Nord-Noreg. Niilas kan ikkje samisk, men har ambisjonar om å læra seg språket. Her trur han at staheita hans vil hjelpa han på same måte som den har gjort for han som musikar. Då han som ungdom skada seg slik at han måtte legga fotballskoa på hylla for ei stund, fann han seg noko anna å gjera. Med insisterande staheit bestemte han seg for å verte god til å spela gitar. Og så piano. Og så produksjonsvare, så han kunne laga musikk på dataen.

– Eg oppfattar samisk musikk som veldig improvisasjonsbasert. Det er som eit partitur av Miles Davies – det står fire akkordar, men lydbiletet er utruleg komplekst. Samisk musikk er meir som jazz enn pop, og ut av få idear eller akkordar kan ein skapa noko komplekst. Det har eg prøvd å ta inn i min musikk, fortel han.

Nøgd Niilas skuer ut over det badande publikummet. Eit drøymeoppdrag, meiner han sjølv. Foto: Johanne Karlsrud / Borealis

Inga joik denne gongen

Sidan i fjor haust har Niilas vore med som ein av fire deltakarar i Borealis sitt mentorprogram Borealis Ung Komponist. Gjennom mentorprogrammet vert musikarar i starten av karriera sett saman med anerkjente komponistar som skal hjelpa dei med å utvikla seg. Over ein periode på sju månadar har Niilas arbeidd saman med ulike mentorar og ensemblet TABULA RASA for å laga ein komposisjon til ein konsert i Bergen Domkirke under festivalen.

Ein av mentorane, Johan Sara Jr, er ein innovatør innan joik og lagar samtidsmusikk som inkorporerer den samiske songtradisjonen. Niilas fekk mykje inspirasjon frå Sara Jr og ei større fordjuping i den samiske kulturen. Men til tross for ståande tilbod – og oppmoding – valde Niilas å ikkje implementera joik i komposisjon, men heller fortsetta å laga musikk som ikkje er openbert samisk. Verket fekk tittelen Vi Beveger Oss Sammen.

Niilas tenkte på bygda til familien i nord då han komponerte verket «Vi Beveger Oss Sammen», eit verk prega av natur og sci-fi. Foto: Christine Bouché

Dronelyd og regnfulle skogar

– Med Vi Beveger Oss Sammen prøvde eg å formulera eit lydlandskap som presenterer ein stad eller ein ide om ein stad. Eg tenkte på bygda til familien min oppe i nord og komponerte eit verk som både er naturprega og sci-fi. Det er mange lag oppå kvarandre med tonespel, stormar av dronelyd, regnfulle skogar, melankoli som tilkallar regnet og vinden som tek oss, forklarar han.

Niilas fortel at han aldri ville laga eit slikt prosjekt utan Borealis. Og kor spaced det er at han, ein sjølvlært musikar på 25 år, har hamna i ein posisjon der han kan «formulera til ein gjeng med vaksne korleis dei skal synga».

– Det er dritkult! Og mykje meir skummelt enn Nordnes-verket. Om ein skal opptre sjølv, kan ein terpa på ting og øva i 100 timar, liksom, for å gjera framsyning så robust så mogleg. Her må eg berre sitja og sjå på. Det er jo heilt jævlig, fortel han begeistra.

Eit elektronisk lydbilete blandar seg med røystene i TABULA RASA og skapar drøymande lydlandskap

Drøymande lydlandskap, ingen notar

Sidan han ikkje kan notar, lagde han eit slags partitur som formulerte hans musikalske ide. Verket besto av eit lydspor komponert av Niilas som ensemblet etterlikna og brukte som eit grunnlag som dei la dei røystene sine over.

Utdrag frå Niilas1 partitur til «Vi Beveger Oss Sammen». Foto: Niilas / Borealis

Som ein nesten komisk motsetnad til den solfylte dagen i bassenget er denne kvelden mørk og regntung. Det er duka for kyrkjekonsert. Niilas er siste komponist til å få verket sitt framført. Det startar med at dei dyktige vokalistane i TABULA RASA lagar smattelydar med munnen. Stemninga er høgtideleg, og eit konsentrert publikum har fullt fokus retta mot ensemblet. I denne settinga er ikkje musikken eit bakteppe for pur sollykke, men involverande på ein meir direkte måte. Eit elektronisk lydbilete blandar seg med røystene i TABULA RASA og skapar drøymande lydlandskap. Dei konstruerte lydane av vind og regn får publikum til å drifta inn i eigne tankar og narrativ. Utanfor kyrkja vert vegane vaska av tunge regndråpar, men det veit me ikkje enno.

Når verket er ferdig, vert dei fire komponistane dratt opp på scena og alle involverte hylla for innsatsen. Niilas legg henda mot kvarandre så dei formar eit holrom og applauderer ensemblet, komponistane og teknikarane ved å blåsa inn i holrommet og laga fuglelydar.

Dei konstruerte lydane av vind og regn får publikum til å drifta inn i eigne tankar og narrativ

Niilas (i midten) tek imot applaus etter konserten i Bergen Domkirke. Foto: Johanne Karlsrud / Borealis

Niilas er nær naturen, både slik han vel å leva og i musikken han lagar. Foto: Foto: Christine Bouché

– Eg vel å vera dogmatisk positiv

I 2021 vann Niilas Spellemannpris innanfor kategorien elektronika. Han har allereie holdt på med musikk i ti år, både som produsent og med å gje ut eigne plater. Internett har vore ei kjelde til kunnskap og har lært han korleis han kan laga musikk. Musikaren er både ambisiøs og fokusert samstundes som han verkar avslappa og balansert. Kanskje den samiske kulturen ligg i han som ei kraft og tryggleik – at han er heilt i tråd med naturen? Han meiner at unge har godt av å ta det litt meir med ro og tenka at ting ordnar seg.

– Unge folk må hugsa at ting går sin gang og at ting kjem på plass etter kvart, når det passar seg. Ein må ikkje vera redd for å ta seg god tid. Ein kan alltids byrja å spela eit instrument til dømes – om ein byrjar å spela gitar som 30-åring og held på til ein er 50 år, så har ein jo faktisk spelt i 20 år! Og det er lenge! fortel han på optimistisk vis.

Korleis er det å vera ung i dag?

– Mange i vår generasjon er enten realistisk motlaus eller dogmatisk positiv. Me står i krise etter krise. Det er lett å verta motlaus når det er så ekstremt mykje problem i verda, meiner Niilas.

Rydda opp etter seg

Krigen i Ukraina har nett starta når me møtest for intervjuet. Den tragiske situasjonen overskygger den nye, nedslåande klimarapporten.

– I dag finn me så utruleg mykje informasjon. Alle saker vert argument frå alle sider. Ein kan finna argument for at å eta vegansk er det mest miljøskadelege ein kan gjera, medan å eta kjøt er det mest miljøvenlege fordi ein et sauer frå Voss. Det er lett å verte frustrert når det er så mykje sjølvmotsettingar i alt ein gjer. Når McDonalds byrjar å selja veganburger, liksom… Alt er drive av marknaden og handlar om at ein skal tena pengar.

Er du engasjert i miljøet og klimakrisa?

– Privat er eg veldig engasjert, men eg er ikkje politisk aktiv. Eg visar engasjement i korleis eg oppfører meg og korleis eg behandlar dei rundt meg. Eg trur ein først må ta ansvar for seg sjølv, vera til stades og setja pris på det ein har rundt seg. Ein må vera autentisk, og rydda opp etter seg sjølv, seier Niilas.

Han har trua på progresjon og at nye løysingar vil dukka opp.

– Med kvar generasjon kjem det ein sånn Elon Musk-karakter som ser på verda nye måtar. Kva om ein brukar heile Sørpolen til å produsera mat på, til dømes? Det er jo òg masse plass midt i Sibir. Det er mykje ein tek for gitt at ikkje går fordi ein tek utgangspunkt i infrastrukturen som er i dag, men nye løysingar vil oppstå. Det er mykje me ikkje veit enno, meiner han.

Intervjuet held fram etter annonsane.

Eg trur ein først må ta ansvar for seg sjølv, vera til stades og setja pris på det ein har rundt seg

Foto: Christine Bouché

Grobotn for livet

Eit nytt album er rett om hjørnet. Korleis er det å vera artist under ei klimakrise med tanke på reise og konsertar?

– Kulturutveksling er noko av det viktigaste menneska har! Å reisa, interagera og læra av kvarandre – det er heilt essensielt! Eg trur det i framtida kjem gode alternativ som gjer det enklare å bevega seg rundt på ein reinare måte. Berre sjå på utvikla av elektriske fly til dømes. Det kjem jo! Ein endrar rammeverk og utviklar seg vidare, fortell ein engasjert Niilas.

Sola er i ferd med å forsvinna bak eit bygg, og takterrasen me sit på vil snart verta kald denne tidlege vårdagen. Då me satt oss ned, anslo Niilas at intervjuet ville vera ferdig innan sola forsvann.

– Eg er dogmatisk positiv, for no går det bra i livet mitt, og eg vel å fokusera på det. Eg prøver ha fine relasjonar rundt meg som grobotn for livet, og å skapa fine ting. Om ting går til helvete uansett, så var det ikkje fordi eg ikkje kjeldesorterte pappen rundt avokadoen, då var det fordi Putin trykka på knappen, liksom.

På både optimistisk og pessimistisk vis endar me samtalen og eg forlét ein Niilas som funderer på kva han skal bruka resten av fridagen sin på.

Eg prøver ha fine relasjonar rundt meg som grobotn for livet, og å skapa fine ting

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·