Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

DKS: Fungerer digitale kunstnarmøte?

KATEGORI

Tverrestetisk,

PUBLISERT

mandag 26. oktober 2020

I vår gjekk Den kulturelle skulesekken inn i digital overdrive med improviserte løysingar. Ikkje alle visste kva dei dreiv med.

↑ Kunstnar Bettina Hystad kunne snakka både med alle elevane og kvar og ein for seg i klasserommet. Foto: Mona Hauglid.

Den kulturelle skulesekken (DKS), som idag administrerast av Kulturtanken, var oppteken av digital formidling også før koronaviruset. Både kunstnarar og elevar er vane med kunst på digitale flater, og som den viktigaste formidlaren ville det vore uansvarleg av DKS å ikkje ta dette innover seg. Så det har verken mangla på seminar, kurs eller prøveprosjekt.

I vår måtte dei aller fleste DKS-produksjonane avlysast. Men etter at det verste sjokket gav seg, prøvde fylkeskommunar, skular og kunstnarar så godt dei kunne «å få til noko». Resultatet vart meir eller mindre improviserte filmar og tilsvarande prosjekt. Digital formidling vart brått normalen. Ikkje alle var heilt klare for det.

– Det var kjipt då avlysingane kom, men det var gledeleg at me likevel fekk betalt, fortel Roald Kaldestad, barnebokforfattar og musikar, moglegvis mest kjend for bøkene om «Heavykatten».

– Det var kjipt då avlysingane kom, men det var gledeleg at me likevel fekk betalt.

– Dette er folk som gjer noko dei ikkje kan. Forfattarar har som oftast liten erfaring med å ta opp lyd og bilete.

Gje frå seg innhald?

– Eg var positiv til å laga videoar som dei kunne tilby klassane som erstatning. Men eg var litt i tvil, det er litt rart å gje frå seg innhaldet på ein slik måte. Eg har jo tenkt å reisa rundt med desse framsyningane også i framtida, og då er det ikkje lurt å spela dei inn og senda det rundt til alle skulane. Så eg laga ein slags prøvesmak, seier Kaldestad.

Han seier han ikkje anar korleis det vart motteke, og at mykje tilsvarande opplegg truleg bar preg av å vera et kriseløysing.

– Eg er jo også musikar og kan litt om å spela inn lyd. Dei fleste andre forfattarar kan jo ikkje det, og då blir det dårleg bilete, dårleg lyd og dårleg utsnitt. Dette er folk som gjer noko dei ikkje kan. Forfattarar har som oftast lite erfaring med å ta opp lyd og bilete. Så mykje av det eg har sett av tilsvarande filmar var amatørmessig og hjelpeslaust, i beste fall sjarmerande, seier Kaldestad.

Forfattar Roald Kaldestad. Foto: DKS:

Forfattar Widar Aspeli. Foto: Turnéorganisasjonsn i Hedmark.

Overivrig?

Forfattar Widar Aspeli arbeider som produsent for litteratur i Turnéorganisasjonen i Hedmark. Han er imponert over dei kunstnarane som greidde å få til noko, men er ikkje så sikker på om det var naudsynt.

– Alle ære til dei som greidde å kasta seg rundt og raskt levera noko digitalt. Men spørsmålet er om det var rett i ei tid der så mykje av den andre undervisninga også var digital. Kan hende skulle ein hatt litt is i magen og heller venta til ein igjen kunne ha sendt forfattarar inn i klasseromma. Det beste analoge møtet skjer jo gjennom sjølve boka. Så i staden for å bruke ressursar på digitale nødløysingar, kunne ein heller ha kjøpt inn bøker og delt ut til elevane, meiner Aspeli.

Nøkkelen til god litteraturformidling handlar om breidde og variasjon, både i sjanger og i formidlingsmetode. Han trur at også det digitale kan spela ei rolle, men då må det vera tenkt som digital formidling i utgangspunktet.

– Det må vera planen heilt frå starten, og verkemidla må vera deretter. Nokre av dei forsøka eg såg i vår fungerte brukbart, andre var mindre brukbare. Forfattarar er skapande kunstnarar, her er dei meir utøvande kunstnarar. Digital litteraturformidling tek i bruk andre og nye verkemiddel. Det er eit språk få forfattarar kjenner og meistrar. Men aller mest syner desse forsøka kor viktig det fysiske møtet mellom elevar og forfattar er. Den relasjonen som oppstår, sjølve møtet i rommet, er ikkje til stades i desse forsøka. Ingenting av det eg sjølv held på med i klasseromma ville ha fungert digitalt. For meg er sjølve møtet der det skjer, seier Aspeli.

Kan hende skulle ein hatt litt is i magen. Det beste analoge møtet skjer jo gjennom sjølve boka.

– Det avgjerande var at me hadde god kontakt med lærar og skule i forkant.

God kontakt med lærar

Nokre kunstnarar var derimot godt førebudd på den nye situasjonen. Kulturtanken har hatt prosjektet Formidlingsmodeller og ny teknologi (FoNT) gåande sidan 2018. Det er eit samarbeid med ulike aktørar i DKS. Prosjektet har mellom anna resultert i ei liste med konkrete tips til denne typen produksjonar.

DKS Aust-Agder starta pilotprosjektet «Trylle på ekte», der m.a. kunstnarparet Bettina Hystad og Simon Lerin vitja ein klasse ikkje berre ein gong, men ti gonger. Berre det siste møtet var fysisk, resten var via skjerm. Opplegget var tverrfagleg, og dei var innom klassa både i forming, naturfag, musikk og norsk. Oppgåvene var mellom anna koding og dataanimasjon.

– Det fungerte overraskande bra, seier Hystad.

– Det avgjerande var at me hadde god kontakt med lærar og skule i forkant, og saman diskutert me oss fram til den løysinga me trudde ville fungera best. Læraren vart våre hender i klasserommet.

Kunstnar Bettina Hystad. Foto: Privat.

Ukjent plattform

Elevane skulle arbeide med ulike oppgåver, og fekk tilbakemelding av kunstnarane undervegs. Skulen hadde ei digital tavle med ein mikrofon. På den måten kunne elevane snakka med kunstnarane, ein og ein eller i små grupper. Dette gav ein betre nærleik enn om heile klassen skulle få tilbakemeldingar under eitt.

– Me er opptekne av prosess i arbeidet vårt, av ting som tek tid. Då var dette ein veldig fin måte å gjera ting på. Og med ti møter, så fekk jo me ein god relasjon til elevane. Me kunne jo aldri ha møtt ei og same klasse på denne måten om alle møta skulle vera fysiske, seier Hystad.

Ho underviser også på høgskulenivå, og har blanda erfaringar med digitale skuletimar.

– Digitale møte går føre seg på ein plattform som er litt ukjent, noko alle er litt mindre komfortabel med. Det gjer at folk legg band på seg, eller oppfører seg annleis enn i eit klasserom. Det er kjem færre spørsmål, og studentane er mindre aktive. Det er noko anna enn å vera i same rom. Men eg tenkjer ikkje på dette som ein «anten eller», men som to ulike moglegheiter som krev ulikt innhald og gjennomføring, seier Hystad.

Artikkelen held fram etter bildet og anbefalingane.

– Eg tenkjer ikkje på dette som ein «anten eller», men som to ulike moglegheiter som krev ulikt innhald og gjennomføring.

Kunstnar Bettina Hystad kunne snakke med ein og ein av elevane via stasjonen i klasserommet. Foto: Mona Hauglid.

Carina Gjelsvik er fagansvarleg for visuell kunst og kulturarv for DKS Innlandet. Foto: DKS.

Det bør koma eit større medvit om skilnaden mellom digital kunst og digital distribusjon.

– Det digitale kan ikkje vera eit mål i seg sjølv

Det er dette medvitet som no sakte, men sikkert, spreier seg i DKS-systemet. Det er ikkje berre å digitalisere, ein må vite kva som går tapt på vegen.

Carina Gjelsvik er fagansvarleg for visuell kunst og kulturarv for DKS Innlandet, og meiner at ein må passe seg så det digitale ikkje kjem i vegen for kunsten.

– Det verste var no i vår, då DKS, inkludert meg sjølv, laga digitale variantar av fysiske produksjonar. Nokre av dei vart nesten øydelagde. Det må me slutte med, seier Gjelsvik.

Ho meiner at det bør koma eit større medvit om skilnaden mellom digital kunst og digital distribusjon.

– Det finst kunst og kunstproduksjonar i digitale format, som brukar det digitale. Men mykje av kunsten er ikkje der. Då må ein velje ein måte å formidle den på som ikkje kjem i vegen for kunsten. Teknikken kan vera eit hjelpemiddel, men også ein ulempe. Det digitale kan ikkje vera eit mål i seg sjølv, meiner ho.

Rett å sette ungane framfor skjermen?

Ho er difor litt skeptisk til det auka digitale fokuset, og er redd for at motiva ikkje berre kunstnariske.

– Om tanken er volum og lågare kostander, er eg skeptisk. Om ein lagar eit opplegg der ein kunstnar skal kunne vitja heile fylket via ein skjerm i løpet av ein dag, så tek ein i frå kunstnaren fleire veker med jobb. Det må ho i så fall bli kompensert for. Kunstnarane kan ikkje koma dårlegare ut av dette.

Sjølv om dei nye løysingane kunne ha spreidd kunstnarmøte på ein heilt annan måte enn no, så trur Gjelsvik det er ein dårleg erstatning.

– Då kan jo læraren like godt søke etter kunstnarmøte på YouTube. Det digitale møtet kan ikkje erstatta det fysiske. Dette gjeld også der kunsten i seg sjølv er digital, elevane må få møte kunstnaren. Barn og unge kjenner den digitale verda godt, dei er vane med høg kvalitet, dei kan språket. Det stiller høge krav til kunstnarane, av og til for høge. Dessutan er det også eit spørsmål om det er rett å sette ungane framfor skjermen også her. Målet er jo å tilby dei kunst og kultur dei vanlegvis ikkje møter, ikkje meir skjerm, seier Gjelsvik.

Målet er jo å tilby dei kunst og kultur dei vanlegvis ikkje møter, ikkje meir skjerm.

Frå Mats Groruds digitale animasjonskurs for DKS, «Det morsomste jeg vet». Foto: Mats Grorud.

Filmregissør Mats Grorud arbeidar med animasjon. Han står mellom anna bak den prisbelønna filmen «Tårnet», som Periskop har skrive om før. Foto: Merete Haseth.

Animasjonskurs

Animasjonsfilmregissør Mads Grorud fortel at han vart letta då det synte seg at han fekk betalt for dei DKS-avtalane som var inngått. Han var difor ein av dei som slo til på utfordinga om å gjera noko digitalt.

– Opplegget mitt er praktisk retta, og handlar om å syne fram ulike animasjonsteknikkar og utstyr, fortel Grorud.

– Eg har med meg sand, eit lysbord og dokker som elevane får sjå og ta på. Sidan eg var heime, kunne eg syne fram fleire og meir ulike teknikkar, så slik sett vart jo dette ei betre løysing. Men det ein misser, er møta i klasserommet. Eg trur det er lettare for ein elev å tenkja at «hm, animasjon kan vera noko for meg» når dei blir kjende med personen, og ikkje berre kunstnaren. Så det er ein openberr skilnad, og den digitale varianten er ei reserveløysing, seier Grorud.

Artikkelen held fram etter annonsene.

Å lage små animasjoner kan være veldig enkelt og gå fort, selv om det tar veldig lang tid å lage en hel spillefilm. Her animasjon med plastelina. Foto: Mats Grorud.

Jobb er jobb

Reserveløysing eller ei, han er uansett glad for at han får desse oppdraga. Hjå NAV fall han mellom to stolar, og han er ikkje i ein posisjon til å vera pirkete på arbeidsvilkåra.

– For meg ville det vore ille om alle desse oppdraga forsvann. Så eg tykkjer det er kjempebra at desse digitale løysinga finst, for det er ikkje godt å vita kor lenge denne situasjonen kjem til å vara. Om eg ikkje får desse oppdrag går alt til helvete. Det handlar jo om å ha jobb eller ikkje, seier Grorud.

Ein måte å lage animasjonar på er med siluettfigurar. Foto: Mats Grorud.

– Eg trur det er lettare for ein elev å tenkja at «hm, animasjon kan vera noko for meg» når dei blir kjende med personen, og ikkje berre kunstnaren.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · ·