Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Dyrekarnevalet fenger enno

KATEGORI

Musikk,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

torsdag 18. september 2014

«Dyrenes karneval» av Camille Saint-Saens er ein sikker vinnar for små musikklyttarar, ikkje minst i i kombinasjon med dans eller andre sceneuttrykk og kostyme. Men prat no ikkje for mykje mellom satsane.

↑ Både musikken og framtoninga til «Svanen» av Saint-Säens held fram med å fascinere unge publikummarar. Foto: Kristin Bolgård

På konserten i regi av Oslo Kammermusikkfestival laurdag 23. august var dette rett nok ikkje det einaste som vart framført. I staden for å spela alle dei 14 karnevalssatsane hadde arrangørane vald å supplere med utdrag frå «Nøtteknekkeren» av Tsjaikovskij. Med dette fekk dei små oppleve dyr i både musikalske og visuelle drakter i det eine verket, og dansande feer og prinsesseliknande skapningar det andre.

Konferansier Håvard Gimse fortalde om musikkutdraga og instrumenta. Pur unge og litt større dansarar frå Den Norske Ballettskole tok seg av det sceniske, og musikarane var handplukka frå Oslo Kammermusikkfestival. Alt vel og av høg kvalitet.

Kvifor ikkje heile karnevalet?

«Dyrenes karneval» er eit av dei få klassiske musikkverka som blir spela på nytt og på nytt. Kvifor fenger dette verket stadig nye born på stadig nye stader? Antakeleg fordi det kan fenge på ulike måtar. Komponisten skreiv det først og fremst som ein spøk, der han parafraserer over andre kjende, klassiske musikkverk. Det gjer verket morosamt både for dei som er vel kjende i den klassiske musikkverda, og dei som ikkje er det. For dei som ikkje kan tolke dei musikalske referansane er det mest spanande at musikken illustrerer dei ulike dyra gjennom rørsler, særpreg og instrumentval på ein framifrå måte.

Umiddelbart lurer eg på kvifor dei ikkje ville framføre heile verket denne gongen. Alle satsane er artige og iøyrefallande, og sidan dei er korte har eg aldri opplevd at born har sett verket som langdrygt. Men denne gongen var det berre løven, høner og hanar, pianistar, svanen, gauken, elefantar og fossilar vi fekk høyre. Både eg og jenta mi sakna akvariefiskane og skilpaddene, og pianistsatsen kunne eg godt greidd meg utan. Men OK, dei ville heller prioritere å få med noko frå «Nøtteknekkeren», og pianistane ville dei vel ha med fordi det allereie stod to flygel på scenen til bruk i «Nøtteknekkeren», kanskje.

Dans mellom det konkrete og abstrakte

På denne framsyninga var ikkje dyrekostyma så voldsomme. Løven hadde berre ein enkel manke og ganske nøytrale klede elles. Det gjorde at dyra heller ikkje var så skræmande som dei av og til kan vera, og godt var dét. Men dansarane fungerte perfekt som samanbindande ledd mellom musikken og dyra dei var meint å vera, og det slo meg kva for ei eineståande uttrykksform dans eigentleg er. I eit verk som dette ligg jo mykje av skildringa i musikken – i rytmer, instrumentval og uttrykk generelt. Musikken vert tolka vidare inn i dansen gjennom rørslene. Her var det ein fin kombinasjon av rørsler som skulle karakterisere dyra, klorerørsler og slikt, og ballett. Og musikken prøver å skildre noko, ja, men ein vil jo aldri kunne seie at musikken er ein løve eller ein elefant. På denne måten vart dansen ein god formidlar mellom det konkrete og abstrakte.

Allsidig publikum

Publikum på ei framsyning som dette spenner alltid breitt. Aldersmessig var det minst 80 år mellom eldste og yngste i salen. Mange kom i følgje med besteforeldra, konserten var til og med presentert som ein «Konsert for barn og barnebarn». Og sjølvsagt hadde mange familiar med seg småsysken, som først og fremst hang med dei større. Det går fint på ein konsert som dette, for musikken og framføringsmåten appellerar til aldersgruppene på ulike måtar, og det skal mykje til at ein er for liten eller for stor.

Treåringen min fekk ikkje med seg eit ord av det Håvard Gimse sa. Men han kosa seg med musikken, peika begeistra på dei ulike figurane og kalla dei både elefant og løve. Så han fekk absolutt med seg det viktigaste. 10-åringen hadde større interesse av det som vart sagt, og sa etterpå at ho likte det Gimse fortalde. Sidan ho kjenner musikken godt frå før, hadde konserten eit stort element av attkjenning. Det er vel og bra, slik er det jo ofte for mange av oss når vi går på konsertar med musikk som er mykje framførd, men det gjorde òg at ho sakna nokre av satsane som ikkje var med.

I tillegg til å fortelje om dei ulike dyra, fortalde Gimse om instrumenta som spela. Ein del ungar frå salen responderte på det han sa, men dei minste brydde seg ikkje.

Litt seig nøtteknekkar

Musikken til «Nøtteknekkeren» er kjend for mange born gjennom utallige oppsetjingar over heile landet, og her vart òg nokre utdrag sett i scene gjennom dans. Men her var det verre å få tak i heilskapen. Det er ikkje så lett å få med seg kva som skjer når berre delar av historia blir fortalt. Sjølv om Gimse begrensa seg til å snakke om det vi skulle sjå på scenen, var det mange som datt litt av her, og praten og lydnivået i salen steig. Det var derimot mange lukkelege småbarnssukk å høyre då sukkertøyfear og prinsesser viste seg i dei vakraste rosa og lilla ballerinakjolar.

Men då Gimse litt seinare kom til å introdusere «Arabisk dans» og «Kinesisk dans» var dei små ganske forsynte. Den arabiske dansaren i orientalske, grønne klede fenga berre slik passe, og då den kinesiskaktige viste seg, byrja treåringen min å prate om godteriet han skulle eta seinare, medan 10-åringen for fyrste gong spurde kva klokka var. Pratenivået i salen elles var ganske høgt.

Ikkje snakk for mykje!

Dei minste borna klarar i liten grad å setje ord på kva dei likar. Dei reagerer intuitivt med alle sansar og er til stades når dei likar det dei opplever, og lar praten gå når dei ikkje let seg engasjere. Lydnivået i salen er med dette eit ganske godt barometer på kva som fenger. Dei eldre har større utbyte av å høyre på ein konferansier og til å setje det som blir sagt inn i ein samanheng. Ungar i barneskulealder har heller ikkje all verdas tolmod til å høyre på ein som står og pratar på ein scene som er langt unna. Denne gongen heldt det akkurat, men det var lett å høyre når dei datt av. Dermed bør ein generelt vera varsam med å snakke for mykje på konsertar med eit ungt publikum.

Eigne uttrykk

«Dyrenes karneval» er ein gjengangar, og som andre klassiske svisker har verket overlevd på grunn av kvaliteten og originaliteten. Difor kan musikken engasjere stadig nye lyttarar, og gjer det. Ein er heller ikkje nøydd til å koble på andre uttrykk bestandig, men kanskje bør ungane få høve til å danse sjølve? Eller teikne? Eg hugsar ei tilsvarande konsertframføring for ein del år sidan då Arve Tellefsen var konferansier. Dei små kunne ikkje styre seg, dei dansa og hoppa og spratt i midtgangen i Konserthuset, og ein overrumpla Tellefsen måtte til slutt gje dei lov til å danse finalen på scenen etterpå. Det er sjølvsagt ikkje alltid ein har høve til dét i offisielle konsertsamanhengar, men det er likevel verd å hugse på at kunstnarlege inntrykk ofte kan definerast om til eigne uttrykk hos dei små. Også denne gongen vart det opna for å kome opp på scenen etterpå. Men då var det ingen musikk, og krumspringa var dermed sett utanfor samanhengen.

Sjølv om kostyma var fine fegna ikkje «Nøtteknekkaren» like mykje som «Dyrenes karneval». Foto: Kristin Bolgård

Annonser

Stikkord:
· · ·