Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Lagar eigne familiar på runwayen

KATEGORI

Tverrestetisk,

SJANGER

Intervju, Reportasje,

PUBLISERT

torsdag 4. august 2022

HVOR
Studio Bergen

Gjennom prosjektet Bergen Ballroom har unge skeive på vestlandet denne våren utforska kjønn og identitet gjennom aktivitetar som voguing, drag og lip sync. Det heile kulminerte i The Bergen Kiki Ball.

↑ Frå The Bergen Kiki Ball i april. Foto: Ortenheim photography

Ballroom er eit skeivt fellesskap, skapt av afroamerikanske og latinamerikanske skeive og transpersonar. I Ballroom arrangerer ein konkurransar, såkalla Balls, der ein samlast for å konkurrera mot kvarandre i ulike typar uttrykksformer. Kvar kategori vert styrt ut frå ulike kriterium, element og teknikkar som dommarane ser etter.

Kulturen oppsto i det skeive undergrunnsmiljøet i Harlem i New York kring starten av 1900-talet og fungerte som eit trygt rom der homofile, transpersonar, dragartistar, svarte og latino kunne vera seg sjølv.

No er eit slikt fellesskap etablert i Bergen. Bergen Ballrom er eit samarbeid mellom KODE, Carte Blanche og Mother Cassandra Meraki i samband med Skeivt kulturår 2022.

Bergen Ballroom


Samarbeidsprosjekt organisert av KODE, Carte Blanche og Mother Cassandra Meraki i samband med Skeivt kulturår 2022.

Prosjektet tok sikte på å bygga eit ballroomfellesskap for dei lokale skeive minoritetane i Bergen og på vestlandet gjennom ei rekke gratis workshops og føredrag frå januar til april 2022.

Workshopar: Prøv ut ballroom / Vogue Femme & Posing /Drag Galore / Practice Ball

Samtale: Kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk i ballroom

The Bergen Kiki Ball

23. april, Studio Bergen

Dommarar: Kelet 007 (FI), Father Beck McQueen (DK), Demba Marciano (SE), Chaos Angels (UK), Donna Meraki (NO)
MC: Father Diesel Meraki (NO)
DJ: Seven Angels (NL)

Ballroom er modellert etter streite familiestrukturar der dei ulike gruppene vert kalla «hus», styrt av ein «far» eller ei «mor», og medlemmane er «barna»

Familiar

Fordi mange skeive opplevde å verte utstøytte frå sine biologiske familiar, såg dei seg nøydde til å laga eigne familiar og alternative heimar. Dei fann dette i Ballroom-miljøet. Difor er Ballroom modellert etter streite familiestrukturar der dei ulike gruppene vert kalla «hus», styrt av ein «far» eller ei «mor», og medlemmane er «barna».

– Historisk sett er det i ballroom transpersonar og det skeive miljøet har funne sin plass. Det har vore trygge rom der skeive kan vera kreative og utforska kjønn og uttrykk, fortel Isak Bradley.

Han er transmann og -aktivist og arbeidar for Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI). Bergen Ballroom var Bradley sitt første ball. Han vart faktisk historisk då han vann Grand Price i kategorien «Transmann Realness» under The Bergen Kiki Ball i april.

«Transmann Realness» går ut på at transmenn i størst mogleg grad skal kunne forvekslast med cismenn (cis = ein person som identifiserer seg med kjønnet dei er fødd i), og har tilsvarande kategori for transkvinner, «Femme Queen Realness». Bradley var første transmann i Noreg til å gå denne kategorien, og første til å vinna.

Stor jubel under Isak Bradley sin opptreden på runwayen vitna om at det skeive miljøet set pris på Bradley sin aktivisme. Og matrosdrakten sjølvsagt. Med kort hår og skjeggstubbar overtydde han dommarpanelet om at han fortente GP i kategorien «Transmann Realness». Foto: Ortenheim Photography

– Eg var kjempenervøs då eg skulle gå, men det var ei utruleg fin kjensle å få stadfesta at eg faktisk klarte å gjera det. Det gav motivasjon til å fortsetta, fortel Bradley.

Han meiner samfunnet ikkje er tilstrekkeleg aksepterande for transpersonar, og at dei møter mange fordommar og diskriminering. Mange transpersonar opplever at dei må endra eller undertrykka seg sjølv for å overleva og blenda inn i eit heteronormativt samfunn.

Mathias Skaset. Foto: Privat

Ein positiv arena

Eg møter prosjektleiar frå KODE, Mathias Skaset, for å læra meir om prosjektet og kulturen.

Eg fortel at eg er forundra og imponert over korleis ballroom kan ha kategoriar som baserer seg på utsjånad og overflatiske kvalitetar, men likevel kan vera ein positiv arena for inkludering.

– Det er ulike sett med reglar for alle kategoriane. Ein må akseptera reglane for kvar kategori. Kategorien «Face» er til dømes ein skjønnheitskonkurranse, og dommarane dømmer ein ut frå dette. Medan kategorien «Vogue» handlar om korleis ein bevegar seg. Her dommarane vil sjå etter heilt andre eigenskapar, opplyser Skaset.

Ballroom-prosjektet har gått føre seg med samlingar kvar månad frå januar til april, med 50 påmeldte i Bergen. Ein lojal kjerne på kring 20 stykk har følgt heile opplegget.

­Har det vore vanskeleg å få tak i folk til prosjektet?

– Nei, ikkje i det heile! Me tok kontakt med skeive organisasjonar i Bergen, og så spreidde det seg. Me har allereie fått fleire førespurnader om å halda fleire ball. Det trengst fleire rom der skeive kan møtast. Spesielt for unge er desse romma veldig avgrensa, ettersom ein ofte møtast på utestader, fortel Skaset.

Det trengst fleire rom der skeive kan møtast. Spesielt for unge er desse romma veldig avgrensa

Mathias Skaset konkurrerte i kategorien «Sex Siren» under The Bergen Kiki Ball. Foto: Privat

Treng fellesskap

Han påpeikar at dei fleste frå minoritetar vil vera fødde inn i ein familie som tilhøyrar same minoritet, om det så er samisk, muslimsk eller melaninrik.

Som skeiv er det stor sjanse for at resten av familien er streit. Behovet for å finna ein fellesskap utanfor familien kan vera stor.

Har du sett ei utvikling hjå deltakarene?

– Ja, veldig! Me har sett folk verte modigare. Ein skal vera tøff for å våga konkurrera på scena og setja seg i ein situasjon der ein skal verta dømt. Det er veldig viktig å anerkjenna det motet, fortel Skaset ivrig.

Ein skal vera tøff for å våga konkurrera på scena og setja seg i ein situasjon der ein skal verta dømt

Theo 007 og Hamda 007 konkurrerar i kategorien «European Runway». Foto: Orthenheim photography

Eg møter mitt eige blikk i spegelen medan eg prøver posera og finna mi «indre queen»

Find your angry bitch

– Alright babes. Pretend you have 5 million dollars between your thighs on a windy day in Bergen. Find your angry bitch.

Daniel Elahi er svensk, men instruerer oss på engelsk. Han er utdanna dansar og er med i huset «Kiki House of Meraki» som held til i Oslo. Namnet visar kva hus ein høyrar til, og Elahi går difor under namnet «Father Diesel Meraki».

Eg er på workshopen «Vogue Femme & Posing» der han skal læra oss å vogua. Ei gruppe på kring 20 menneske, frå tenåra til 30-åra har funne vegen til Studio Bergen. På rekke og rad prøvar me å følga instruksane. Me konsentrerer oss om å laga rette, geometriske, presise former med armane, å treffa rytmen medan me går mot spegelen. Det startar enkelt, før instruksane gradvis vert meir avanserte. Det viktigaste er å osa sjølvtillit.

– You all look hella scared! ropar Father Diesel lattermildt over høg musikk.

På pedagogisk vis roser han oss for fine linjer, samstundes som han slaktar dei redde andleta våre. Eg møter mitt eige blikk i spegelen medan eg prøver posera og finna mi «indre queen». Det eg finn er eit skremt, hyperfokusert andlet med raude kjakar. Godt utanfor komfortsonen.

Daniel Elahi aka «Father Diesel Meraki» og Cassandra Moldenhauer aka «Mother Cassandra Meraki» introduserer prosjektet og gir ei innføring i Ballroom-kulturen sin historikk og dei ulike kategoriane ein kan velga mellom. Foto: Mathias Skaset

Bodil Meraki and Father Aurora Sun på runwayen. Foto: Ortenheim photography

Kjønnsroller verkar heilt irrelevant i dette trygge rommet

Mjauing

Og det er greitt. I dette rommet kan ein få sjå ut som ein vil og komme som ein er. Deltakarane er både spente, nervøse og gira, men etter kvart som fleire vert varme i trøya oppstår spontan mjauing og oppmuntrande rop under catwalken. Kjønnsroller verkar heilt irrelevant i dette trygge rommet.

Father Diesel lurar på om det er nokon som skal på ballet, altså på runwayen, og fleire hender strekker seg opp. Me er framleis i februar og det er framleis mange workshopar att før det store ballet. Deltakarane står fritt til å velja om dei vil opptre på ballet eller berre delta som publikum. Father Diesel oppfordrar deltakarane til å øva masse til musikk heime for å imponera dommarpanelet. Viss ikkje vert ein choppa, forklarar han medan han dreg fingeren over strupen.

Han understrekar at han har vorte choppa fleire gonger, og at det eigentleg ikkje er så farleg. Bodskapen er at ein må prøva meistra ein kategori så godt ein kan.

Dracula 007 og Owl 007 I kategorien «Bizarre». Foto: Ortenheim photography

Det utfordrar angsten min veldig. Eg burde jo vore i senga og sett Netflix

Finna mot

I pausen på workshopen overhøyrer eg ungdommane:

«Så klart det er skummelt, men det er ei oppleving. Eg har invitert vener frå overalt.»

«Det er skummelt, men gøy. Det utfordrar angsten min veldig. Eg burde jo vore i senga og sett Netflix.»

Prosjektleiar Skaset er nøgd med korleis prosjektet har utvikla seg.

– Dette er ein plattform for å utforska og skapa nye kunstuttrykk i eit trygt fellesskap. Gjennom ballroom-kulturen kan ein utveksla idear og henta inspirasjon frå kvarandre. Den fridomen som oppstår skapar tryggleik til å spørja: Kven er eg? Det handlar om sjølvutvikling. Det har vore ei sterk oppleving å få treffa så mange fine menneske og sjå dei finna mot, fortel Skaset.

Medan eg var redd for at Bergen var ein for liten by til å skapa ein slikt miljø eller at for få skulle våga å delta, visar det seg at prosjektet fungerer utruleg godt både i teori og praksis. Det er tydeleg at arrangørane har investert tid og ressursar. Dei har slått på tråden fleire gongar for å forsikra seg om at eg som journalist respekterer og forstår det trygge rommet, som jo er grunnlaget i eit slikt prosjekt. Det er ikkje alle deltakarane som ynskjer at verda utanfor skal vita at dei er med.

Her konkurrarast det i kategorien «Face». Foto: Mikael Örtenheim

The Bergen Kiki Ball

Spol nokre månadar fram. Ballet er utseld, og folk frå både vestland og austland har funne vegen til Studio Bergen for The Bergen Kiki Ball. Akkurat som før workshopen er eg redd for at det skal vera kleint og at folk ikkje skal våga å gå all in. Klarer dei å finna fram si indre queen og eiga rommet?

Rommet er mørkt med ein opplyst, T-forma runway. Father Diesel er MC for kvelden. Ein slags toastmaster som ropar inn deltakarene, kommenterer, forklarar kategoriane og held energien oppe gjennom konstant prat, eller chanting som det heiter innanfor Ballroom. Med bar rumpe, eit skjell framfor skrittet, kvit harness og matroshatt er han rollen verdig.

Father Diesel i aksjon. Biletet er henta frå KODE si Facebook-side.

Showet startar med at det internasjonale dommerpanelet presenterer seg på runwayen. Dei er profesjonelle innanfor ballroom-kulturen og ser heilt fantastiske ut. Dei oser sjølvtillit, poserer og er absolutt førebilete for aspirerande ballroom-nykommarar. Då dommarene spør om det er nokon sitt første ball og omtrent alle rekk opp handa responderer dei med eit «This is cute».

Autentisk og konstruert på same tid

Ballet varer i over tre timar. Me er innom alt frå kategorien «Face» der deltakarane viser andleta og tennene sine til dommarane, til kategorien «Bizarre» der kostymer verdig Maskorama konkurrerer mot kvarandre. Eit kostyme er såpass stort at Mother Cassandra må tilby ei hjelpande hand og geleida personen inni kostymet rundt på scena.

Dommarane applauderer, gir poeng og tilbakemeldingar og bestemmer kven som skal duellera mot kvarandre. Ein av dei stoppar showet når ein deltakar tek ein litt ukontrollert salto over konkurrenten sin og påpeker viktigheita av HMS og at ein skal kunne kategorien sin ordentleg. Det er viktigare å meistra det grunnleggande enn å køyra for hardt på. Ei anna får beskjed om at antrekket treng meir tilbehør og fleire lag saman med eit oppmuntrande «I know you can, bitch!». Det er tidvis brutalt, men på ein rettferdig måte, og alltid med masse humor.

Eg er imponert over korleis dommarpanelet klarte å motivera og oppmuntra deltakarane samstundes som dei diskvalifiserte fleire og haldt ein viss standard.

– Dommarane hadde forståing for at det var første gang for dei fleste og at dei er heilt nye i ballroom-scena. Dei er ikkje proffe endå, men dommarane vågde likevel setja nokre krav utan å vera for strenge, fortel prosjektleiar Skaset.

Han føler seg heilt høg etter det vellukka ballet og er nøgd med å ha sådd nokre frø i Bergen som kan utvikla seg til fleire ball. Skaset meiner at som skeiv må ein alltid kjempa for sine rettigheitar og større aksept, for ting kan fort gå bakover om ein ikkje gjer det.

Reportasjen held fram etter annonsane.

Dette er historisk for Bergen

Dyrka sjølvtillit

Ballroom er ei lukka boble som tillèt alle å vera seg sjølv. Det er eit rom der ein kan visa den største, mest prangande versjonen av seg sjølv utan å halda tilbake eller undertrykka det skeive. Ein kan konstruera alter ego som overdriv og leiker med kjønnsuttrykk gjennom store, overdådige kostyme. Eller kanskje det berre handlar om at du er mann og vil ha på høge hælar utan at det skal vera ei radikal greie.

Ballroom er konstruert og autentisk på same tid. Det er ein arena der skeive og streite kan dyrka ein sjølvtillit dei kan ta med seg vidare ut i samfunnet.

Isak Bradley er nøgd med ballet og det han har lært denne våren .

– Eg har lært utruleg mykje frå dei ulike workshopene eg har delteke på, men mest om meg sjølv. Det har vore utfordrande å utvida grensene mine, men det er det eg likar aller mest. Det er der ein utviklar seg – når det er ukomfortabelt. Mathias, Cassandra og Diesel har vore utruleg støttande og eg set uendeleg pris på at dei ville satsa på Bergen med dette prosjektet. Dette er historisk for Bergen, meiner Bradley.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · ·