Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Lyddrama: Barne-tv på øyret

KATEGORI

Litteratur, Lyddrama,

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

søndag 13. februar 2022

Samlaget har bede utvalde forfattarar skrive forteljingar direkte for lyd. «Oppdrag romvesen» er ein interessant start.

↑ Øvst til venstre: Christian Wiik Gjerde. Foto: Samlaget / Nedst til venstre: Ingunn Thon. Foto: NRK. Til høgre: «Oppdrag romvesen». Foto: Samlaget

På heimesidene til Samlaget vart det rett før årsskiftet lagt ut fem episodar av eit ferskt lyddrama for barn. Samlaget har, som fleire av dei norske forlaga, starta ei satsing på lyd. Oppdrag romvesen er første utgjeving i prosjektet Lyd først. Der har forlaget bede utvalde barne- og ungdomsbokforfattarar skrive direkte for lydmediet – anten for målgruppa 3-6 eller 6-9 år.

Ingunn Thon. Foto: NRK

Utforsking av lydmediet

Oppdrag romvesen er skrive av forfattarane Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde, og dei står òg for framføringa. Det er ikkje så dumt å be to med lang fartstid frå NRK Super om å vera først ut med å utforska lydmediet som forfattarar. For om ein har jobba i NRK Super, har ein truleg òg laga radio: Barnetimen (før han forsvann) eller etter skuletid-program før superradioen gjekk over til å vere ein meir eller mindre reindyrka musikkanal. Eller ein har vore med på å laga høyrespel.

Dei som kjenner att stemmene til sauen Perla eller høna Turi frå Barne-tv, veit korleis Ingunn Thon høyrest ut. Christian Wiik Gjerde leia mellom anna programmet Superblokka i NRK Radio Super. Båe har skrive bøker på Samlaget: Ingunn Thon gav ut den sprelske romanen Ollis i 2017. Christian Wiik Gjerde har skrive Jakta på firkløveren (2016) og seinast kalenderboka Jul på Bukken hotell (2019).

Når høyrespel-giganten NRK etter omlegginga til NRK Lyddrama ikkje har barn som si hovudmålgruppe, er det fritt fram for andre. Strøymetenestene eig lydmarknaden for barn no. Mest gjennom tradisjonelle lydbøker, men innimellom òg med berika lydbøker, og forlaga ser ut til å ville gripa moglegheita med begge hender. Samlaget slepp Oppdrag romvesen for strømming i mai.

Christian Wiik Gjerde. Foto: Samlaget

«Oppdrag romvesen» av Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde. Foto: Samlaget

Forvikling og dekkoperasjonar

Oppdrag romvesen er for dei mellom 6 og 9 år og har fem episodar. Kvar av dei liknar mest av alt ein barne-tv-episode. Her har dei først og fremst leika seg med alt som er mogleg når det kjem til lyd. For historia er det minst originale med dette verket, ho er rett og slett svært ordinær. Artig, sjølvsagt, men ho er og ei slags gjentaking av forteljingar som har vore skrivne før. Høyr berre: Ein kveld landar eit helikopter i hagen til Jakob og mor hans. Ut kjem statsministeren, og Jakob får eit oppdrag: Han skal vera fadder for den nye jenta i klassen. Eit ganske spesielt oppdrag å få frå ein av dei mektigaste personane i landet, men bak ligg det sjølvsagt noko hemmeleg. Jenta Jakob skal vera fadder for, er eit romvesen.

I dei fem episodane følgjer lyttaren Jakob og Ramona (som vert hennar jord-namn) på skulen, på overnatting, på klassetur til akvariet og i ein musikktime. Episodane inneheld mykje forvikling og mange dekkoperasjonar slik at ingen skal finna ut kva Ramona eigentleg er. Heldigvis går det bra kvar gong.

Episodane inneheld mykje forvikling og mange dekkoperasjonar

Lite på spel

Utfordringa er at historia reint litterært ikkje verkar som ho vil nokon stad. Det er som ein endelaus barne-tv-serie der noko nytt og spennande skjer i kvar episode, men der sjølve hovudplottet aldri får ei løysing. Lyttaren får heller aldri vita kvifor Ramona og familien hennar vitjar jorda og Noreg, eller kvifor det er så viktig at ingen får vita kven dei er. Dermed finst ikkje ei overordna konflikt som rammar nokon – anna enn at om alt går skeis, får ikkje Jakob og mora millionane dei blir lova. Men dette «prøveprosjektet med universet» er elles nokså ullent.

Perla frå NRK Super. Dukkeførar er Ingunn Thon. Foto: NRK

Filmmusikk

Men Thon og Gjerde veit å laga noko som sprudlar. Dei er eit oppkomme av spennande og artige lydeffektar. Berre på vignettmusikken og lydunderlaget skjønar ein at her vert det moro. Heilskapen i lydlegginga er interessant. Musikken heiar historia fram, ei uoriginal historie får eit filmmusikk-liknande underlag, og det fungerer godt.

Når helikopteret med statsministeren kjem, er det ikkje snakk om ein fislelyd, akkurat, her er det rikeleg med diger helikopterlyd. Det er så ein kan kjenna lufttrykket frå rotorblada. Artige detaljar som at ringetona på mobilen til statsministeren sjølvsagt er ein upbeatversjon av nasjonalsongen, understrekar overskotet i produksjonen. Ringetona utvidar òg biletet ein får av statsministeren, lydeffektar som denne er med på karakterskapinga. At det ligg omsyn til lyttaren i humoren i detaljane, er viktig i historier som denne.

Når helikopteret med statsministeren kjem, er det ikkje snakk om ein fislelyd, akkurat

Christian Wiik Gjerde debuterte med romanen «Jakta på firkløveren» i 2016. Foto: Samlaget

Romvesen på stabburshella

Så er det nokre lydeffektar som ikkje er like spennande. Når Ramona skal snakke sitt eigentlege språk, er det berre støy som kjem. Her kunne dei unna seg større galskap, denne løysinga verkar lettvint. Særleg når Ramona kan snakka både kattespråk, mjølkespråk og ein haug andre språk lyttaren aldri får høyra.

Ein annan episode som utnyttar lyden godt, er den med musikktimen på skulen. Ein viktig ingrediens er songen Hanen stend på stabburshella, og i seg sjølv er det herleg å miksa eit romvesen med ein tradisjonell norsk song. Eg likar òg at dei leikar seg med kva songen kan gjera i munnen på romvesenet. Det er nok ein gong kjende grep dei nyttar når songen får falda seg ut i all sin velde, men det gjer seg godt i denne samanhengen.

Eg likar at dei leikar seg med kva songen kan gjera

Ingunn Thon debuterte med romanen «Ollis» i 2017. Foto: Samlaget

Gode detaljar

Det ligg stort potensial i bildeskaping i ei forteljing som denne. Dette er godt utnytta i lydlegginga og skapar god framdrift i historia. Sjølve framføringa er varierande. I rolla som Jakob vert Gjerde nokre gonger litt for dramatisk og kan godt halde tilbake litt. Thon gjer fleire levande roller, og det er særleg i detaljspelet ho er god. Likevel er typane i forteljinga karikerte, men i dette ligg òg premisset for ein del av humoren.

Kvaliteten ligg i detaljane i denne historia, i landskapa og det varierande lydteppet, i småting i replikkane som får forteljinga til å høyrest daglegdags ut. Eit godt lydbilete er naudsynt i berika lydbøker og lyddrama, eit bilete ein kan leva seg inn i og tru på, og som er noko meir enn berre eit tilforlateleg plassert knirk i ei dør.

Det er som med seriar på Barne-tv: Mange av dei skal ikkje nokon stad

Leikegrind

Oppdrag romvesen viser at lyddrama treng ei overordna dramaturgisk retning. Truleg er det slik at eit avgrensa univers lokkar fram dei beste kvalitetane. Det er som med seriar på Barne-tv: Mange av dei skal ikkje nokon stad. Dei berre tek for seg kvardagslege emne som Den rare matpakke-dagen, Regnversdagen, Kle seg ut-dagen, Dra på tur-dagen – og ofte må noko feirast, det er alltid ein konkurranse og ein fest eller to i slike seriar.

Det er gøy som underhaldning, men manglar retning. Og det treng ei god forteljing for øyret. I Oppdrag romvesen har Thon og Gjerde brukt lyd som leikegrind. Det er eit interessant utgangspunkt fleire forfattarar kan hengja seg på.

 

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · ·