Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Men kvifor er han grøn?

KATEGORI

Visuell Kunst,

SJANGER

Kommentar,

PUBLISERT

onsdag 9. oktober 2013

Rasmus Meyers Samlinger, Bergen:  Born analyserar Munch ein laurdag formiddag. Biletanalyse og -skaping på høgaste nivå.

↑ «Landgangsbroen» av Munch diskuteres. Foto: Helga Anspach/KODE

Rasmus Meyers Samlinger er rekna som ei av landets finaste kunstsamlingar: norsk maleri frå 18- og 1900-talet. Nyleg blei salane i dette ærverdige bygget ved Lille Lungegårdsvannet opna på ny. Lekre salongar fylde med kunst frå ei anna tid. Alt med raffinert lyssetjing. Utmerka kuratert. Alt saman gjev tilskodaren ei unik anledning til å betrakte bileta – til å søke meining i bileta.

Ja, alt som gjer at kunst ofte gjer godt for mennesket i alle stadier.  Restaureringa og nyåpninga har fått stor nasjonal merksemd – frå vaksne, rettnok.

Nyleg var Rasmus Meyers Samlinger opna spesielt for borna. Særleg gjaldt det romma i andre etasje – dei med Edvard Munch. Salongen var fylt til randen med småfolk, eit resultat av eit allereie velutvikla barnetilbod. Foreldre stod ikring. Born sat midt i salongen. På golvet. Ein omvisar midt i sirkelen – like framføre maleriet. I ein halvtime framover skulle alt dreie seg om Edvard Munch. Eg må innrømme eg forventa meg ein ordinær pedagogisk tilrettelagt forteljing. Kanskje litt naive barnlege anekdotar om Munch. Eg var med andre ord skeptisk. Ei forteljing om ein vaksen og nedtrykt kunstnar er utfordrande å omsetje i ord for born. Tenkte eg.

Spørsmål drivkrafta

Frå første sekund vart seansen i Rasmus Meyers Samlinger noko heilt annleis. I staden for at omvisar Renate Rivedal fortalde, fortalde og fortalde, byrja ho med spørsmål. Og haldt fram med spørsmål. Innimellom fortalde ho naturlegvis litt om Munch – men kjernen i det heile var spørsmål. Det vart ei reise inn i melankoliens mørke landskap med borna sjølv som omvisarar. Ein visste det berre ikkje sjølv,  før ein var i full gong.  Born veit nemleg å svare når dei vaksne spør på riktig måte.

Første spørsmåla er generelle. Dei dreier seg om Edvard. Ho spør kva dei små veit om han. Svara ho får er tydelege. Det er i førstninga dei tøffaste gutane som kastar seg uti det og svarar:  «Måleria hans kostar millionar av kroner!  Dei er sjukt dyre!»  Ein annan seier at han har lagd skrik og at den er dritdyr. Ja det materielle er sentralt når dei svarar. Kunst er spanande når det kostar millionar av kroner.

Munch: «Sjalusi». KODE
Munch: «Sjalusi». KODE

Då er seansen i gong. Borna spring inn i det neste rommet. Omvisaren står ved sida av  eit av Munchs mest kjende bilete. «Sjalusi» frå 1895. Eit mørkt bilete der sjalusi blir skildra med uendeleg sår djupne.  Omvisaren: «Kvifor er det så rare fargar i dette maleriet? Kva forsøker Edvard  å fortelje med å male mannen på biletet grøn? Er han glad? Er han trist? Er han sur på nokon?»

Jente: «Han er trist. Han er jo lei seg.»

Omvisar: «Men kvifor er han grøn?»

Gut: «Fordi han vil spy. Han har ein ekkel følelse».

Annan jente: «Så er han raud på øyrene. Kanskje han er sint?»

Omvisaren: «Veit de forresten kva eit symbol er for noko?»

Gut:  «Det er det korset i kyrkja er».

Dermed er det sentrale temaet for heile omvisninga satt. Me går vidare til eit stort lerret: «Kvinnen i tre stadier» frå 1894.

Munch: «Kvinnen i tre stadier». KODE
Munch: «Kvinnen i tre stadier». KODE

Omvisar:  «Kva ser den eine dama ut som på biletet?»

Jente: «Ein engel vel!»

Omvisar: «Og den andre dama?»

Gut: «Eit spøkelse».

Omvisaren:  «Og mannen då?»

Gut: «Ein tjuv!»

God formidling slår alt

For kvart spørsmål blir borna trylla inn i symboluniverset. Me vaksne står og måper. Fleire og fleire av borna rekker handa opp og vil svare. Dei føler seg trygge – sjølv dei mest fåmælte. Ein kan satse store summar på audiovisuelle og teknologiske finessar i formidling, men dette slår alt. Borna blir guida via dialog, og etterkvart er rollene bytta om: Dei er omvisarane. Me vaksne lærer litt for kvart spørsmål. Me går vidare. Drøsen mellom borna er leikande lett på veg inn i det neste rommet.

«Aften på Karl Johan». Nasjonalmuseet

No står me framføre «Aften på Karl Johan» frå 1891. Igjen eit enkelt og litt naivt spørsmål: «Kva syns de andleta ser ut som?»

Jente: «Dei har jo spøkelsesmasker.»

Dermed har ho introdusert eit anna sentralt element i Munchs univers: maskene.

Omvisaren: «Veit du kva? Det er nettopp det Munch såg overalt! Han kunne sjå at menneska ikring han hadde masker. Og han såg bak maskene. Men kvifor har dei masker på dette biletet?»

Gut: «Det er fordi dei liknar «Skrik!»»

Jente: «Det er fordi dei er overraska.»

Annan jente: «Det er jo fordi dei er spøkelse.»

Eg blir slått av kor raskt kunst kan skape nye bilete denne laurdagformiddagen.  Omvisaren framkallar uventa koplingar ved å få borna til å snakke. Dette er ein viktig del av KODE si satsing på kunstformidling for born: Det er eigentleg borna sjølve som formidlar kunsten seg imellom. Den vaksne omvisaren er berre ein katalysator for biletskapinga. Det blir endå meir tydeleg i neste motiv maleri: «Fire Livsaldre» frå 1902.

Omvisaren: «Er dette eit gladbilete?»

Jente: «Jenta gjer dette til eit gladbilete! Dei vaksne er triste og tomme.»

Omvisninga følgjer Munchsamlinga i Rasmus Meyers Samlinger: Dei første motiva er fylde med sorg og mørke. No byrjar ein å kome til dei lysare bileta med littegrann glede: Neste motiv er «Landgangsbroen» frå 1903. Omvisaren fortel at dette var ei av Munchs store forelskingar. Ei kvinne han var veldig glad i, men som han aldri fekk.  Ei kvinne som trass dette kom til å vere ein god ven gjennom heile livet. Dette fører til neste spørsmål: «Kva trur de det betyr når kvinna er kledd i blått?»

Gut (med stolt stemme): «Havet!»

Damene på den der brua

Kva meir skal ein seie?  Havet er eit fantastisk svar og referanse i dette biletet.  Eigentleg burde vaksne få omvisning i utstillingar som dette med born som guidar. Ei jente legg til: «Veit du kva? Dette liknar jo på det der biletet med damene på den der brua!»

Dei neste bileta me står framføre framkallar liknande undringar og spørsmål. Det er eigentleg ingen retning på denne omvisninga – utanom bileta sjølv. Det er eit barnleg kaos, samstundes som dei triste motiva går over i det optimistiske og lyse. Omvisninga sluttar med den koselege miniatyrversjonen av «Skrik». Eit nokre centimeter stort bilete KODE har funne fram frå magasina sine. Eit ørlite grafisk blad. Ringen er slutta. Gutane byrjar å snakke om pengar – ja kor mykje dette vetle biletet er verdt – men held igjen. Dei snakkar om at dette biletet ikkje er så skremmande som det store «Skrik». Drøsen går. Dei er i full gong med neste etappe av denne laurdagen i kunstens namn. No skal dei sjølve male – på fine staffeli i anna lokale. Då får borna sjølv bestemme kva dei skal måle. Dei er godt førebudde. Bileta har dei halde på med i ein halvtime allereie.

Annonser
Stikkord:
· · · ·