Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Musikk-DKS vil ha lærarar med på laget

PUBLISERT

mandag 14. desember 2020

Eit forsøksprosjekt i regi av Kulturtanken skisserer radikale endringar i Den kulturelle skulesekken og vil at lærarane skal bli meir involverte. Men ynskjer skulen det same?

↑ Fra DiSko-prosjektet. Foto: Kari Svanberg / Kulturtanken.

Det har heile tida vore meininga at Den kulturelle skulesekken (DKS) skal vere eit samarbeid mellom utøvarar og skular. Men det er liten tvil om det er utøvarane som har definert opplegget slik me kjenner det i dag. DKS blir opplevd som noko som kjem på besøk til skulane.

For å utforske korleis ein kan betre balansen og styrke kjensla av eigarskap i skulen, starta forskingsprosjektet Skole og konsert – fra formidling til dialog, kalla DiSko-prosjektet, i 2017.

Utøvarane har definert opplegget. DKS blir opplevd som noko som kjem på besøk til skulane.

DiSko-prosjektet


Forskningsprosjektet DiSko (2017 – 2020) er eit innovasjonsprosjekt med mål om å utvikle nye praksisar for skulekonsertar i Noreg.

DiSko er ein kortform av dialogiske skulekonserter, som var arbeidstittelen på prosjektet før det fekk sin formelle tittel Skule og konsert – frå formidling til dialog.

Prosjekteigar: Kulturtanken

Forskningspartnar: CASE-center ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), www.casecenter.no

Prosjektansvarleg i Kulturtanken: Egil Rundberget

Prosjektleiar HVL: Professor Kari Holdhus, CASE

Forskningsleiar HVL: Professor Magne Espeland, CASE

Finansiering: Forskningsrådets FINNUT-program

Tidsramme: 2017-2020

Forskningsdeltakarar: 4 skoler, 7 musikere og 1 produsent 2017 – 2018.

4 skuler og 12 musikarar 2019 – 2020.

Meir om prosjektet: https://www.diskoprosjektet.no/om-prosjektet

Nyskaping og dialog

Prosjektet har kopla skular og musikarar for at dei saman skal laga produksjonar på ein «nyskapende og dialogorientert måte». Periskop har skrive om prosjektet undervegs. 

Totalt har prosjektet vorte gjennomførd på åtte skular, fire på barnetrinnet og fire på ungdomstrinnet. Ein har mellom anna freista å kopla opplegga nærare læremåla i skulen. Målet er gjere læraren til ein likestilt samarbeidspartnar og generelt gje lærarane ei større råderett over kunstbesøka og dermed bidra til ei reell kjensle av eigarskap. Det er Kulturtanken som eig prosjektet, og det er finansiert av Forskingsrådet. Prosjektet blir avslutta i år, og ein endeleg rapport er ikkje langt unna.

Det er ikkje mange år sidan det hadde vore umogleg å kome med den typen ytringar om innhaldet i DKS utan at det hadde kome reaksjonar frå kunstnarane.

Mogleg å kritisera DKS?

Seint i november vart prosjektet diskutert på seminaret Kunst og skole – i bærekraftig dialog om DiSko-prosjektet. «Resultatene fra prosjektet skisserer radikale alternativer til dagens formidlingspraksis ved kunstnerbesøk», skreiv Kulturtanken i invitasjonen.

– Eg var veldig glad for seminaret, seier prosjektleiar Kari Holdhus ved Høgskulen på Vestlandet.

– Det er ikkje mange år sidan det hadde vore umogleg å kome med den typen ytringar om innhaldet i DKS utan at det hadde kome reaksjonar frå kunstnarane. Men målet er ikkje å fjerne alle dei fine konsertopplevingane. Me seier berre at tilbodet i DKS må bli differensiert og at dette med eigarskap må bli adressert.

Ho meiner at DKS må bruke meir av pengane på å utforske, og ikkje berre lage standardformat som dei sender ut over heile landet.

– Dette er eigentleg ikkje noko radikalt, og særleg dei siste fem åra har det vore mange fine liknande prosjekt. Skilnaden er at forsøka i regi av DiSko blir dokumentert og analysert, og at det finst tilgjengelege resultat i form av rapportar og ei praktisk orientert verktøykasse på nett. Dermed finst det dokumentasjon og vurderingar som skal kunne brukast av folk som vil gjera noko liknande, seier Holdhus.

Kari Holdhus. Foto: Erik Brandsborg / Kulturtanken.

Samarbeidsproblem

Det har vore samarbeidsproblem i DKS frå dag ein. «Ordningens akilleshæl er det delte ansvaret», skreiv Jorunn Spord Borgen og Synnøve S. Brandt i 2006 i rapporten Ekstraordinært eller selvfølgelig? Evaluering av Den kulturelle skolesekken i grunnskolen. «(…) Foreløpig er (det) kultursiden som oppfatter seg som «eiere» av ordningen, mens skolesiden opplever seg som «mottagere» på ulike måter.»

Rapporten var i utgangspunktet berre ein del av førearbeidet til ei ny Stortingsmelding om DKS, men vart sendt ut på høyring. Høyringssvara hagla inn, særleg frå kunstnarorganisasjonane. Og departementet lytta. Dei skreiv at rapporten frå Borgen og Brandt ikkje gav noko grunnlag for endringar i måten DKS vart organisert på. «Ei større endring i organiseringa på noverande tidspunkt vil truleg gjere meir skade enn gagn.» Det gjeldande styringsdokumentet for ordninga er framleis St.meld. nr. 8 (2007-2008) Kulturell skulesekk for framtida. Høgverdig kunst skulle ut til folket: «Kunstnarane og kulturarbeidarane skal ikkje gå inn i skulen og erstatte lærarane, men vere kunstnarar og kulturarbeidarar fullt og heilt.»

Det har vore samarbeidsproblem i DKS frå dag ein. Akilleshælen er det delte ansvaret.

Fra DiSko-prosjektet. Foto: Kari Svanberg / Kulturtanken.

Å opna for å sjå det didaktiske som kunstfagleg produktivt er etter mitt syn eit legitimt grep.

Treng kunsten pedagogikk?

Sidan har det i fylgje Holdhus ikkje vore noko særleg klima for å snakke om meir samarbeid mellom formidlarane og skulen, utanom det praktiske. Ho opplevde sjølv som produsent i den tidlegare skulekonsertordninga å måtte avvise framsyningar der utøvarane la for lita vekt på «syne seg fram som kunstnarar». Holdhus meiner at ein må vekk i frå ein slags standarddefinisjon av kva «god kunst» er, og heller spørje seg kva som blir opplevd som høg kvalitet av lærarar og elevar.

– For tida blir det operert med deltakarbasering og kontekstsensitivitet i heile det store kunstfeltet. Når det ikkje har nådd DKS i så stor grad ennå, trur eg det har med det skarpe skiljet me set opp mellom kunst og pedagogikk her i landet. Å opna for å sjå det didaktiske som kunstfagleg produktivt er etter mitt syn eit heilt legitimt grep som ikkje treng å svekka korkje kunsten eller kunstnarane sin eigenart, seier Holdhus.

Men kunstnarrolla endrar seg, og det blir no forventa at kunstnaren kan bidra til formidling. Desse endringane har gradvis opna opp for produksjonar som legg opp til dialog og i større grad deler ansvaret mellom skule og utøvarar.

Egil Ovesen. Foto: Privat.

DKS erstattar ikkje gode lærarar

Men er det DKS sitt ansvar å hjelpa skulane med å nå måla i læreplanen? Egil Ovesen, rådgjevar i Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, var også med på seminaret. Han meiner at det eine ikkje utlukkar det andre.

– Sjølv om elevane sitt møte med profesjonell kunst og kultur er det viktigaste, kan lærarane knyta dei fleste DKS-produksjonane opp mot kompetansemål, verdigrunnlag eller tverrfaglege tema, seier Ovesen.

– Skulen kan jobba med produksjonen før og etter besøket, og elevane vil då få større utbyte av opplevinga dei får. DiSko-prosjektet verkar å ha heva nivået på musikkundervisinga og opplevinga til elevane som var med på dette. Det er skulen sitt oppdrag å nå kompetansemåla i læreplanen, og så skal DKS stå for dei ekstraordinære opplevingane. Det ligg likevel ei fare i å vektlegga læringsoppdraget til skulen for høgt i DKS-produksjonane. Dette gjeld kanskje spesielt innan musikk. Ein dyktig musikklærar kan ikkje, og skal ikkje, bli erstatta av eit besøk frå DKS.

Det er skulen sitt oppdrag å nå kompetansemåla i læreplanen, og så skal DKS stå for dei ekstraordinære opplevingane.

Den største utfordringa med DiSko-modellen er kostandane.

Bra, men dyrt

Ovesen trur den største utfordringa med DiSko-modellen er kostnadane. For skuleåret 20–21 delte fylkeskommunane ut 228 kroner per elev og kommunane 114 kroner. I fylgje Ovesen ligg kostnadane for eit DiSko-prosjekt ein stad mellom 1000 og 5000 kroner per elev. Dette er dersom ein brukar lokale musikarar/kunstnarar, betaler etter rammeavtalen for DKS og ikkje har utgifter til overnatting, diett, reise eller utstyr.

– Då blir det dessverre eit spørsmål om i kva grad det er mogleg å senda ut så omfattande prosjekt med dei økonomiske rammene som er i dag.

Han er likevel samd i at vegen til at skulane kjenner større eigarskap går gjennom medråderett. Det vil også kunne gje større mangfald av DKS-produksjonar.

– DiSko-prosjektet viste korleis skulen i større grad kunne få vera med å avgjera kva som skulle skje i Den kulturelle skulesekken på deira skule. Dersom dei hadde hatt full medråderett, vil eg tru at spennet i musikkproduksjonar ville vore større, med alt frå reine konsertar til kunstnarlærarar, seier Ovesen.

Fra DiSko-prosjektet. Foto: Kari Svanberg / Kulturtanken.

Prega av måle-skulen

Dei som deltok i DiSko-prosjektet opplevde det nære samarbeidet med musikarane som eit løft. Men ikkje alt gjekk på skinner. Forskarane registerte at nokre av skulane var så opptekne av måla i læreplanen, at rommet for å utvikle nye prosjekt vart trongt. Ein del av elevane var også så prega av måle-skulen, at om det ikkje vart gitt karakter, så fall mange av dei i frå. Stundom kjendest det som om det var eit paradigmeskifte.

– Me trudde me hadde førebudd alle, men det tok lang tid å få folk til å skjøna kva me eigentleg ville, seier Holdhus.

– Utøvaren stilte seg opp framme, og læraren sette seg bak. Dette kan skuldast nedarva oppfatningar, der kunstnaren er den som er opphøgd og har definisjonsmakta. Samstundes opplevde me at skulane var veldig performativt orienterte, alle barn skulle på scena. Det er interessant å sjå kor utbreidd oppfatninga av kunst som produkt er, og korleis disse oppfatningane blir reproduserte av skulane og DKS. I motsetning til mange vaksne, så framheva mange elevar dei skapande prosessane som det mest givande i prosjektet, seier Holdhus.

Me trudde me hadde førebudd alle, men det tok lang tid å få folk til å skjøna kva me eigentleg ville.

Ein må for all del kjempe mot at DKS blir ei ordning som lukker seg om seg sjølv.

Kva er kvalitet?

Ho er at samd i at DKS ikkje kan vera heilt låst til læreplanane, og meiner at det må vera rom for kunst som er subversiv og i opposisjon. Men ho minner samstundes om at skulen ikkje er ein heilt vanleg scene.

– Det er no likevel slik at skulen er ein didaktisk institusjon. I det du set foten i skulegarden, så er du blitt ein del av den mekanismen. Dette prosjektet er meint å opne opp ein diskusjon om kvalitet, eigarskap og det didaktiske. Ein må for all del kjempe mot at DKS blir ei ordning som lukker seg om seg sjølv. Med 285 millionar kroner til rådigheit i året bør det vere mogleg å få til større grad av eksperimentering og opning mot det lokale og kontekstuelle, meiner Holdhus.

Johannes Hafnor. Foto: Arash Avidel / Østfold kulturutvikling.

– Lite nyttig

Johannes Hafnor, einingsleiar i DKS i Viken Fylkeskommune var òg med på seminaret. Han er samd i at ein stadig må utvikle DKS-ordninga, men meiner at utgangspunktet for DiSko-prosjektet er datert.

– Presset på kvantitet i musikkformidlinga forsvann då skulekonsertordninga vart nedlagt, seier Hafnor.

Tidlegare skulle alle grunnskuleelevar ha to skulekonsertar kvart år. Dette kravet forsvann då Rikskonsertane vart lagt ned og omorganisert til Kulturtanken i 2017.

– Så forskinga blir lite nyttig for praksisfeltet i dag, slik eg ser det. Det var kanskje fornuftig å gje DiSko forskingsmidlar for fleire år sidan, før skulekonsertordninga ble integrert i DKS. Men det har skjedd mykje med musikken i DKS sidan den gong. Så DiSko slår inn opne dører.

Utgangspunktet for DiSko-prosjektet er datert.

Ein veg til større eigarskap til DKS i skulen kan gå gjennom vanskelege, på grensa til farlege, kunstopplevingar.

Meir kunst til lærarutdanninga

Hafnor trur det ligg lite i vegen for å kunne gjennomføre større prosjekt av denne typen, men understrekar at det krev kompetanse hjå lærarane.

– Mi erfaring er at lærarane er positive til omfattande DKS-prosjekt. Korleis det blir gjort skulefagleg i klasserommet er langt på veg opp til læraren sine idear og kompetanse. Eg har stor tillit til lærarane som skal gjera denne jobben, men då må dei ha grunnleggjande kompetanse på kunst og estetiske læreprosesser. Eg har lenge vore forkjempar for meir kunst i lærarutdanningane i Noreg. Ved å styrke kunst i lærarutdanninga, styrker ein samstundes bruken av DKS i skulen og elevene sine opplevingar.

Basert på eigne erfaringar frå Viken, meiner han at ein annan veg til større eigarskap til DKS i skulen kan gå gjennom vanskelege, på grensa til farlege, kunstopplevingar. Dei har i fylgje Hafnor stor gjennomslagskraft. Dei gjer inntrykk, dei blir hugsa og brukt vidare. Men denne typen prosjekt krev også mest.

– I slike prosjekt har læraren ei heilt sentral rolle å spele, både i planlegging og gjennomføring. Samstundes blir leiinga på skulane automatisk kopla på, i og med at det står noko meir på spel. Det er alltid ein bra ting, og som legitimerer den tida lærarane brukar på å jobbe med kunsten saman med elevane, seier Hafnor.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·