Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Nynorsken banar veg for minoritetar

KATEGORI

Litteratur, Scenekunst,

SJANGER

Intervju, Nyhet, Nyheter,

PUBLISERT

tirsdag 18. januar 2022

Samlaget startar forfattarskule på nynorsk for skrivande med minoritetserfaring. Det Norske Teatret har lyst ut skrivekonkurranse for folk frå Groruddalen – på nynorsk. Er det nynorsken som skal sikra mangfaldet i kulturen?

↑ Frå framsyninga «BEST» ved Det Norske Teatret, Rommen scene. Foto: Magnus Skrede / Det Norske Teatret

Den som har minoritetserfaring og ikkje skjelv av tanken på nynorsk, bør nytta høvet denne våren. For noko er i emning i kultur-Noreg. Samlaget og Minotenk startar opp forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring. Det Norske Teatret blar opp 50.000 kroner til vinnaren av ein skrivekonkurranse for menneske med erfaring frå Groruddalen i Oslo – og vinnarteksten skal utviklast til å passa for scenen. Er du over 16 år, kan du vera med. I tillegg har teatret plukka ut tre kvinnelege regitalent med minoritetsbakgrunn som skal løfta ungdomsteateret ved Rommen scene i Groruddalen. Regi-prosjektet Spire går hand i hand med Gnist-prosjektet, der teateret søker ungdom mellom 16 og 18 år som er interesserte i å utforska kostyme, maske, lys og lyd. Påmeldinga er open.

Alle barn treng å lesa om seg sjølv. Alle barn treng å lesa om andre enn seg sjølv

Vinn på å inkludera

Nynorsken vinn på å inkludera, meiner både teatret og dei som står bak Forfattarskulen. Der ansvarleg redaktør i Dag og Tid, Svein Gjerdåker, trur det kan vera vanskeleg å rekruttera kritikarar med etnisk minoritetsbakgrunn til å skriva for dei på nynorsk, gyv kulturinstitusjonane laus på oppgåva og ser kva som skjer.

Mot slutten av månaden har dei utvalde skribentane på Forfattarskulen si første samling. Skulen er eit tilbod for vaksne, og dei skal øva seg på å skriva for ulike målgrupper. Målet er å få fram fleire erfaringar og fleire historier for fleire lesarar – på nynorsk, fortel Sigmund Løvåsen, som er leiar for skulen. Sjølv gav han ut si første barnebok, Snøballkrigen, i haust.

– Alle barn treng å lesa om seg sjølv. Alle barn treng å lesa om andre enn seg sjølv, seier han til Periskop.

Sigmund Løvåsen. Foto: Geir Dokken

Forfattarskulen


Gratis skrivekurs for skrivande med minoritetserfaring

Eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk

Målsettinga er å skape eit større litterært mangfald og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen

Arbeidsspråk er nynorsk

Begrepet «minoritetserfaring» omfattar nasjonale minoritetar, skrivande med funksjonsnedsetjing, seksuelle minoritetar, kjønnsminoritetar, skrivande med samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn eller innvandrarbakgrunn.

Ti elevar har fått plass, kurset går over eitt år. Det inneheld fem helgesamlingar og oppfølging fra ein forfattar

Samlaget ser at vi må arbeida for at barne- og ungdomslitteraturen i større grad skal spegla det samfunnet vi er

Representasjon

Kva for minoritetar er dårlegast representerte i barne- og ungdomslitteraturen i dag?

 – Representasjon handlar om fleire ting. Ei bok treng ikkje handla om karakterar med minoritetsbakgrunn eller om tema knytt til minoritetserfaringar, men alle bøker blir prega av kva for bakgrunn forfattaren har. Det er grunn god nok for å løfta fram fleire ulike stemmer som gir ein meir mangfaldig litteratur, meiner Løvåsen.

– Ein annan ting er minoritetserfaringar som får spele seg ut gjennom karakterar og tema i bøkene. Det er òg viktig. Samlaget ser at vi må arbeida for at barne- og ungdomslitteraturen i større grad skal spegla det samfunnet vi er. Det gjeld både forfattarane sin bakgrunn og innhald i bøkene.

Belinda Braza. Foto: Erika Hebbert

Aasen i Groruddalen

Om Ivar Aasen hadde levd i dag, hadde han garantert brukt mykje tid i Groruddalen, meiner Belinda Braza. Ho er kunstnarisk leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen der barn og unge er hovudmålgruppa. Ho vil snu tenkinga om kultur og mangfald: Ikkje spørje om kva teateret kan gjere for Groruddalen, men kva Groruddalen kan gjere for teateret.

– Teateret har som mandat å skapa rom og menneskelege møteplassar der vi får øva oss på empati. Nett det gjer vi når vi møter noko som er annleis frå oss sjølv. Der ulike stemmer møtast og kling saman, ligg kjernen i korleis ein kan styrka og utvikla kunsten, meiner Braza.

– Vi er grunnleggande nyfikne på dette mangfaldet, vi vil det skal ha ein naturleg plass. Difor må vi jobba for å utvida det fleirstemde gjennom å aktivt oppsøka og knytta til oss dei stemmene som enno ikkje har funne sin plass i teateret, seier ho.

Vi må jobba for å utvida det fleirstemde gjennom å aktivt oppsøka og knytta til oss dei stemmene som enno ikkje har funne sin plass i teateret

Judy Nyambura Karanja var ein av dei første studentane ved Det multinorske. Her speler ho i framsyninga «Linje 5» ved Rommen scene. Foto: Magnus Skrede / Det norske teatret

Multinorsk del 2

Det Norske Teatret har sidan 2012 utdanna tre kull skodespelarar med minoritetserfaring gjennom bachelorprogrammet Det multinorske. No som siste kull er uteksaminert, vidareførar teateret Det multinorske mellom anna i prosjekta Gnist og Spire, som går føre seg på Rommen. Braza har allereie knytt til seg tre talentfulle kvinnelege regispirer med minoritetsbakgrunn. No er i ho i gang med å finna skodespelarar til deira prosjekt – og å finna ungdom som vil utforska kva det vil seia å driva med lys, lyd, kostyme og maske i teateret.

– Teateret er og skal vera for alle. Diverre er det mange som ikkje opplever det slik. Då må me finna ut kva som skapar avstand frå teatret og legga strategiar som kan skapa endring og vera berekraftige, seier Braza.

Barn og unge frå Groruddalen har ei unik erfaring, meiner ho.

– Dei bur i eit tilvere som både er lokalt og globalt på same tid. Det gjer at dei har heilt unik kunnskap, erfaring og eit blikk vi er ekstremt nyfikne på og ønsker å bli betre kjende med. Den synergieffekten som finst i møtet mellom teateret som uttrykksform og den kompetansen dei eig, vil gje sterke positive verknader. Eg håpar og trur dei vil forma teaterhistoria vidare.

Barn og unge frå Groruddalen har ei unik erfaring

Vi stiller ikkje krav til feilfri nynorsk

Nynorsk inga hindring

«Skriv du ikkje på nynorsk, seier du? Null problem!» fristar Det Norske Teatret i utlysinga etter nye tekstar som kan bli scenekunst. Det er viktigare at tekstane kjem på hjartespråket: dialekt, swahili, somali, engelsk eller polsk enn at han er skrive på perfekt nynorsk. Det kan fiksast, meiner teatret. Slik tenker òg Forfattarskulen.

– Vi har forsøkt å vera tydelege på at vi ikkje stiller krav til feilfri nynorsk. Forfattarskulen skal vera eit rom også for dei som har hatt bokmål som sitt skriftspråk, men som no framover vil forsøka nynorsk som deira litterære språk, seier Løvåsen. Han veit at kravet om nynorsk har ført til at nokon har latt vere å søka. Før neste utlysing vil dei difor sjå på kva for minoritetsgrupper dei ikkje nådde fram til denne gongen, eller kva som kan vere grunnen til at dei ikkje har søkt, fortel han.

Den som leiter, finn

Kor leiter de og kor har de funne minoritetsstemmene?

– Dette første året har vi gått ganske breitt ut, seier Løvåsen.

Annonsering, sjølvsagt, i tillegg til å nytta kontaktnettet til både Samlaget og Minotenk. Forfattarskulen er open for skrivande med alle typar minoritetserfaring. Det vil til dømes seie nasjonale minoritetar, innvandrarar eller barn av innvandrarar, adopterte, folk med funksjonsnedsetjingar, kjønnsminoritetar – mellom anna.

– Vi har kontakta organisasjonar som representerer ulike minoritetsgrupper eller som vi veit har ei stor kontaktflate inn mot ulike minoritetsmiljø. Vi har òg tatt direkte kontakt med aktuelle søkarar.

Tilsøkinga har vore god, fortel Løvåsen. Dei kunne fint ha tatt inn dobbelt så mange elevar om dei hadde hatt ressursar til det.

– Dette viser at det var eit behov for eit tilbod som Forfattarskulen, meiner han.

Kravet om nynorsk har ført til at nokon har latt vere å søka

Motspråk

Nynorsk er den språklege lillebroren i Noreg sjølv om språka er likestilte. Kan hende er det enklare for aktørar som brukar nynorsk sjølv å sjå fordelane ved å inkludera andre minoritetar.

Har nynorsken ein mangfaldsfordel?

– Nynorsken har historisk hatt ein motspråksfunksjon. Folket skulle få eit skriftspråk bygt på deira eige talespråk. Stemmer frå ulike hald og samfunnslag skulle finne sitt litterære uttrykk i det nynorske språket. Og tradisjonelt har den nynorske litteraturen fanga opp eit stort mangfald av ulike stemmer og strømmingar i det norske samfunnet. Men litteraturen har ein del å gå på når det gjeld å fange opp utviklinga av eit meir fleirkulturelt samfunn dei siste femti åra. Korleis gjere litteraturen relevant for heile befolkninga, korleis skape ein rikare litteratur? Vi vil gi elevane ei utvida språkleg og kulturell verktøykasse, som igjen kan vere med på å utvide ytringsrommet dei kan nytta seg av. Dette er noko av bakgrunnen for at Samlaget har gått i lag med Minotenk om Forfattarskulen. Også den nynorske litteraturen må spegle samfunnet vi lever i, seier Løvåsen.

Meir informasjon om Gnist og skrivekonkurransen etter annonsane for den som vil freista lykka.

Tradisjonelt har den nynorske litteraturen fanga opp eit stort mangfald av ulike stemmer og strømmingar i det norske samfunnet

Skrivekonkurransen: Frist 1. februar. Prosjektet er eit samarbeid med Dramatikkens hus.

For ungdom som er interesserte i lys, lyd, maske og scenografi: Frist: 18. februar.

 

***

Periskop informerer: Zézé Kolstad er blant dei tre regissørane som er plukka ut til prosjektet Spire. Kolstad er styremedlem i Periskop.

Annonser

Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·