Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Om barne- og ungdomslitteraturen si lyse framtid

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Debattstoff, Kronikk,

PUBLISERT

mandag 7. mars 2022

Barn og unges appetitt på gode historier gir meg håp for at litteraturen også i framtida kjem til å finne former som appellerer. 

↑ Høgtlesing for førskuleborn. Kva dei les? «Pride and Prejudice» av Jane Austen. Kven sa det ikkje var håp for litteraturen? Foto: Yan Krukov / Pexels

Etter eg skreiv min første kronikk om barn og unges medievanar og kva vi skal leve av etter boka, har debatten skote fart på ein måte som ein ikkje så ofte ser på barnelitteraturfeltet, som elles er ganske så konsensusorientert og avvæpnande i sitt debattklima. Her vil eg først prøve å kartlegge det litt omskiftelege ordskiftet og temperaturen der, før eg til slutt prøver meg på nokre luftige tankar om vegen vidare.

Dette er saken:


Hvordan leser barn og unge, og hvilke medier leser de på?

14. februar skrev Øystein Espe Bae ved Norsk barnebokinstitutt innlegget «Kva skal vi leve av etter boka?»

15. februar kom en betraktning fra Thomas Brevik ved Strilabiblioteket i Alver: «Noen tanker om livet etter boka». 

24. februar svarte Ole I. B. Storø i Foreningen !les på Baes innlegg: «Ikke helt etter boka».

25. februar skrev forfatter Arne Svingen et tilsvar til Storø og Bae: «Det handler ikke om papir, det handler om leserne». 

28. februar kom et tilsvar til Svingen og Bae fra Petra J. Helgesen i Foreningen !les: «Ungdom fortjener lange tanker».

1. mars skrev Thomas Brevik ved Strilabiblioteket i Alver et nytt tilsvar i debatten: «Litteraturformidlingens utfordringer».

2. mars svarte Arne Svingen Foreningen !les i innlegget «Hallo? Bøker må være relevante!»

5. mars skrev Ole I. B. Storø et tilsvar til Svingen: «Litteratur til alle»

7. mars svarte debattstarter Øystein Espe Bae med kronikken «Om barne- og ungdomslitteraturen si lyse framtid»

Øystein Espe Bae er fagleder ved Norsk barnebokinstitutt. Foto: Niklas Lello

Papirsida

Viss ein ser på ordskiftet sett under eitt, etter kronikken min, kan ein grovt sett dele deltakarane i to leirar:

På den eine sida finn vi alle innspela frå dei som hovudsakleg uttrykker at papirboka er eit fabelaktig medium for litteratur, og at det derfor må satsast enno meir på å skape og formidle denne.

Denne sida av ordskiftet kan delast i tre hovudgrupper, slik eg har erfart det:

Den første og største undergruppa, er dei som med hjartet i den eine handa og den andre på tastaturet eksklamerer at «Men det stemmer ikkje at barn les mindre, for eg har tre barn/barnebarn, og alle desse elskar Brillebjørn og Gutta i trehuset, på papir!».

Til den andre undergruppa høyrer dei som med god grunn uroar seg over snuttifikasjonen i skulen (at ein kun les utdrag, snuttar, frå verk i skulen, red.anm.). At det er både eit demokratisk og litterært problem at barn og unge ikkje lenger klarer å lese lange tekstar. Desse meiner gjerne også at litteraturen som ein logisk konsekvens av dette må ta eit spesielt ansvar, som ei motvekt til denne utviklinga. Litteraturformene bør dermed dyrke langlesinga på papir.

I den siste undergruppa av innvendingar finn vi dei som er usamde med sjølve utgangspunktet for min kronikk, slik som dei to tilsvara frå Ole I. B. Storø og Petra J. Helgesen i Foreningen !les representerer. Frå Storø sitt perspektiv er det tilsynelatande slik at papirboka framleis held stand, og at den i seg sjølv er «et genialt format som har vist seg å være slitesterkt». Helgesen argumenterer godt for noko av det same: «Ungdom finner noe i papirboka som de ikke finner i den digitale hverdagen sin», skriv ho.

Færre bøker, meir skjerm i norske Heimar. Foto: Tima Miroshnichenko / Pexels

Anekdotisk

Det er mykje ein kan nikke aksepterande til av desse innvendingane, og at dei kjem, er ikkje overraskande:

Dei som har barn/barnebarn som elskar bøker, har sjølvsagt rett i det. Dei som likar bøker, likar det veldig godt. Dei anekdotiske argumenta er også verdifulle. Sjølv om dei er lette å avfeie som ugyldige viss ein ønsker det, bør ein ikkje gjere det i eit slikt ordskifte, meiner eg. Dei seier noko om kva vaksne (og ein god del barn) bryr seg om og ønsker å prioritere.

For vegen vidare vil alltid vere eit kompromiss mellom dei gamle og dei unge. På det anekdotiske plan er eg sjølv ein varm tilhengar av det fysiske formatet: Eg har ein Kindle og iPad, men bruker dei nesten aldri. Heime i stova står vinylsamlinga langs den eine stoveveggen, og bøkene langs den andre. Likevel kan eg ikkje unngå å legge merke til at stadig færre småbarnsforeldre har det slik heime. Det er ein anekdotisk, men verdifull observasjon.

På det anekdotiske plan er eg sjølv ein varm tilhengar av det fysiske formatet

Foto: Pexels / Cottonbro

Bakoverlent

Vidare: Dei som meiner lesedugleikane er for dårlege og at pliktlesing av lange bøker sett i system kan vere ein god medisin for det, har også truleg eit poeng. Skulen skal syte for å lære barna å lese godt. Viss skulen ikkje lukkast med det, er det lov for både foreldre og bokelskarar å rope høgt, sjølv om eg har prinsipielle motførestillingar mot å kople litteraturen som kunst for tett opp til skulen sine instrumentelle målsetjingar.

Og til slutt, dei som meiner boka i seg sjølv er genial som kunstform og at den kan bidra med noko verdifullt og annleis i barn og unges mediekvardag, har sjølvsagt også rett i det. Det er heller ingen ting i min første kronikk som går på tvers av slike synspunkt. Og eg forstår veldig godt at mange som jobbar med formidling av leseglede føler sterkt for å peike på det positive ved det fysiske bokformatet når spørsmålet kjem opp om barn og unges fallande interesse/dugleik.

Men det er altså framleis slik at eg nok ikkje deler heilt det synet som Storø og Helgesen forfektar i dette ordskiftet, om at papirboka framleis er like standhaftig og at den blir opplevd som like relevant som før ute i mediekvardagen til dei unge. Og eg deler diverre ikkje den tryggheita dei utstrålar på vegne av framtida heller, sjølv om eg skulle ønske det var grunn til det. Retorikken slår meg som ein tanke bakoverlent i all sin intensitet, sjølv om eg aksepterer at ein faktisk må ha skikkeleg trua og gå inn med hud og hår når ein jobbar på den måten Foreningen !les gjer.

Eg forstår veldig godt at mange som jobbar med formidling av leseglede føler sterkt for å peike på det positive ved det fysiske bokformatet

Foto: Unsplash / Pavel Anoshin

Nytenking – fordi vi må

Og her er vi naturleg vidare til den andre sida av debatten, som mellom anna har blitt ført i tastaturet av bibliotekar Thomas Brevik, og forfattar Arne Svingen. Begge forfektar ei form for teknologi-optimisme og pragmatisme i møte med utfordringane. Slik eg les dei, så snakkar dei varmt om litteraturen, men signaliserer at den ikkje må bindast til bokryggen åleine.

Både bibliotekaren og forfattaren viser til sine mange erfaringar med målgruppene, og seier klart i frå at dei slit meir og meir med å nå ut til barn og unge med papirbøkene. Dette var for øvrig også gjennomgangsmelodien i eit essay som forfattar Tyra Teodora Tronstad framførte på Se og Les-konferansen i februar, dagen etter min første kronikk. Der peikar Tronstad på ei endring i maktbalansen mellom forfattaren og det som før var dei lydhøyre lesarane hennar. Det er ikkje lenger berre å kome med boka si. Så kva skal ein gjere med det?

Alle desse inviterer til ein open refleksjon rundt kva endringar litteraturfeltet kan gjere for å stimulere til nytenking. På bakgrunn av ei forståing av at vi må. Eg synest ikkje vi skal sjå vekk frå desse stemmene, sjølv om fasiten på spørsmålet ikkje nødvendigvis er gitt. I kjølvatnet av min første kronikk, er det også verdt å legge merke til at direktøren i Det norske samlaget var ute i media og la til grunn at dei også var uroa over utviklinga av barn og unges lesevanar, eller manglande slike, og at dei no utforska ulike måtar å møte desse endringane på gjennom ei nysatsing på lydformatet, i tillegg til alt det andre.

Det er ikkje lenger berre å kome med boka si. Så kva skal ein gjere med det?

For lite kunnskap

Eg har også som utgangspunkt for mi tilnærming at fritidslesinga av papirbøker, og spesielt blant dei litt eldre barna, er på stadig meir vikande front i konkurranse med andre medieformer. Men som diskusjonen etter min første kronikk også har vist, finst det ei semje om at kunnskapsgrunnlaget for diskusjonen bør bli betre. Statistikkane frå SSB er på visse punkt tvitydige og upresise, og gir grobotn for forvirring. Medietilsynet kunne til dømes også med fordel operert med boka som ein mediekategori i rapportane sine. Er det noko diskusjonen både her i Periskop og på sosiale medium har vist, så er det at alle ønsker eit enno betre kunnskapsgrunnlag.

Ein vesentleg del av observasjonane mine om utfordringar knytt til barn og unges lesing, handlar då også, slik det gjer for dei fleste som deltek i ordskiftet, om erfaringar som også er vanskelegare å talfeste enn ei spørjeundersøking. For min del gjeld dette til dømes dei mange utvekslingane eg har hatt med hundrevis av formidlarar, både bibliotekarar og lærarar, som har vore studentar ved vidareutdanninga i Samtidslitteratur for barn og unge på Norsk barnebokinstitutt, der eg er fagleiar. Her teiknar det seg eit bilde av ein gjeng glimrande formidlarar, som ofte formidlar i motbakke, slik som Thomas Brevik erfarer. Studentane brenn etter å lære om alt frå lydbøker til litterære spel, til instagramromanar og digitale teikneseriar – i tillegg til dei tradisjonelle formata. Fordi landskapet og lesarane er i endring.

Er det noko diskusjonen både her i Periskop og på sosiale medium har vist, så er det at alle ønsker eit enno betre kunnskapsgrunnlag

Foto: Pexels / Karolina Grabowska

Målet bør vere å auke appetitten for litteraturen ved å utnytte det potensialet som ligg i den nye teknologien

Digitale blåkopiar

Litteraturbransjen sit framleis for godt fast i papirbokparadigmet til å enno ha klart for seg korleis fullblods digitale forteljingar ideelt sett bør sjå ut i framtida. Men ein ting er sikkert: Eg ser tydelege utfordringar med som det som Arne Svingen i sitt innlegg lanserer som ei løysing, Pick a tale. Å primært digitalisere eksisterande bøker oppslag for oppslag og legge på valfri forteljarstemme, slik som Pick a tale gjer, er sjølvsagt ein måte å tilby adapterte versjonar i digital drakt på. Det kan gjere litteraturen meir tilgjengeleg i ulike format. Men den manglande estetiske meirverdien som ofte følger frå denne klipp og lim-metoden, fryktar eg at gjer litteraturen ei bjørneteneste. Målet bør i staden vere å auke appetitten for litteraturen ved å utnytte det potensialet som ligg i den nye teknologien, heller enn å servere lettvint digitaliserte bøker med varierande lydinnlesingskvalitet som garnityr.

Eg les mykje heller papirbokversjonar til treåringen min på sengekanten enn å ta opp mobilen med ein ringare, digital blåkopi. At barn og unge møter digitaliserte tekstar som fjernar den taktile fordelen papirboka har, utan å legge til ein digitalt nyskapande meirverdi, har eg vanskeleg for å sjå at er vegen å gå for at litteraturen skal kjennast god og relevant.

«Oppdrag romvesen» av Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde. Foto: Samlaget

Lydbok er ikkje nok

Det norske samlaget er inne på noko essensielt når dei no skaper lydbøker som ikkje berre er adapterte versjonar av papirboka, men som er skapte som lyd først. Det gir kunstnarisk fridom til å utnytte det potensialet som lydformatet rommar, og er eit godt alternativ viss ein skal satse på lyd som eit alternativ til papirboka for barn. Men for til sjuande og sist å kunne lukkast med ei slik satsing fullt ut, i eit overordna perspektiv, må ein også finne ein måte som gir biblioteka høve til å formidle lydformatet på like vilkår som papirformatet. Utan ei løysing på denne floken, som sjølvsagt også vernar om forlaga sine inntektskjelder, kjem vi ikkje tilstrekkeleg vidare.

Biblioteka, inkludert skulebiblioteka, må få høve til å fungere som den formidlingsbastionen dei skal og bør vere, også i ei digital samtid. Det har dei ikkje no.

Vi må finne ein måte som gir biblioteka høve til å formidle lydformatet på like vilkår som papirformatet

Den visuelle forankringa

Men det er ikkje berre kommersielle bremseklossar og formidlingsutfordringar som gir grunn til å åtvare mot den einsidige utviklinga vi ser innan litteraturen dei siste åra, der lydformatet blir satsa meir og meir på:

Ja, lydbok er ofte fortreffeleg som alternativ til verbaltekstleg litteratur. Men det barne- og ungdomslitterære feltet er jo i stor grad visuelt forankra. Lydformatet ekskluderer per definisjon noko av det som har størst kunstnarisk verdi i barne- og ungdomslitteraturen. Tenk berre korleis ein lydadaptasjon av Håkon Øvreås sin barneroman Brune mister ein viktig dimensjon utan Øyvind Torseter sine illustrasjonar.

Diktboka Eg er eg er eg er, av Ruth Lillegraven, blir også vesentleg fattigare utan illustrasjonane til Mari Kanstad Johnsen. Bilda både står godt til verbalteksten, men utvidar også meiningsinnhaldet. For ikkje å snakke om alle bildebøkene, teikneseriebøkene, dei ordlause bildebøkene, sakprosaen. Eit reint lydformat kan aldri fullt ut erstatte eller kompensere for den visuelle forteljekunsten. I ein situasjon der papirboka er under stadig større press, kan ikkje lydformatet vere einaste svaret på utfordringa for ein barnelitteratur der det visuelle ofte er eit like berande element i forteljinga som språket.

Lydformatet ekskluderer per definisjon noko av det som har størst kunstnarisk verdi i barne- og ungdomslitteraturen

Mari Kanstad Johnsen har illustrert Ruth Lillegravens seneste diktsamling, Skogen den grøne Boken er nominert til Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur i to kategorier (2018). Foto: Samlaget

Ideelt sett vil ein ektefødt digital litteratur også kunne bidra til å løyse utfordringar knytt til språkleg mangfald og representativitet

Ektefødt digital litteratur

Å finne svaret på utfordringa vil såleis måtte innebere ein tverrkunstnarisk diskusjon. Men eg vil tru det med fordel kan innebere ein saumlaus integrering av ulike modalitetar som lyd, bilde og tekst i kombinasjon med eit element av reelle moglegheiter for interaksjon og medskaping. Gjerne også med ein sosial dimensjon. Alt skapt direkte for skjermen eller andre stader, og kanskje helst utan å gå vegen via boka. Problemet er at desse typar nyskaping og produksjon er dyrt og kompetansekrevjande, og at det manglar ein god formidlings- og distribusjonsstruktur ut mot lesarane.

Ideelt sett vil ein ektefødt digital litteratur også kunne bidra til å løyse utfordringar knytt til språkleg mangfald og representativitet. Barn og unge slit i dag med å få tilstrekkeleg med bøker gitt ut på nynorsk, eller samisk for den del. Også det norske språket er under press, og det digitale treng ikkje berre vere syndebukken, men også ein del av løysinga. Gode digitale løysingar vil ideelt sett også kunne la barn og unge (eller vaksne for den del) med minoritetsbakgrunn velje mellom førstespråk og andrespråk der det er ønskeleg, fordi det kan bli meir kostnadseffektivt.

Digitale tekstar vil også kunne legge til rette for lesarar som les i motvind på ein god måte, med valfrie justeringar av ein tekst si form og innhald, til dømes. Dette kunne kanskje også gjort satsinga på parallellspråklege utgjevingar, som i dag Leser søker bok går i bresjen for på ein så bra måte, meir økonomisk lønsamt og tilgjengeleg enn dagens papirformat legg føringar for? Her er det rom for å ta samtalen vidare i mange ulike retningar.

Kronikken held fram etter annonsane. 

Må vere nyfikne

Når Petra Helgesen skriv at «Ungdom finner noe i papirboka som de ikke finner i den digitale hverdagen sin», så er det eit godt poeng. For den type kunstnarisk kvalitet som papirboka representerer, er framleis unntaket heller enn regelen i den digitale kvardagen.

Men det betyr ikkje at litteraturen ikkje har ei framtid på skjermen som er like lys som den historia den hittil har hatt i papirformatet.

Samstundes som vi bør jobbe for å auke leseglede og lesedugleik i dei litterære formata som fram til i dag har vore dei viktigaste, må vi også vere opne, løysingsorienterte og nyfikne i samtalane rundt korleis litteraturen kan finne stadig nye måtar å gjere seg relevant på.

Annonser

Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·