Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Peter og ulven i glitrande lys

KATEGORI

Musikk,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

fredag 13. februar 2015

Det musikalske eventyret «Peter og ulven» er godt brukt, men sett i dei rette rammene har verket stadig mykje å tilføre.

↑ Fra en TV-produksjon av «Peter og ulven», ABC television 1958. Oslo konserthus har ikke bilder fra den angjeldende oppsetningen.

«Peter og ulven» av Sergej Prokofiev er ein av dei få verkeleg gamle travarane innan klassisk musikkformidling for barn. Og verket blir stadig spela, land og strand rundt, av profesjonelle utøvarar og amatørorkester. Musikken blir akkompagnert av munnleg forteljing, teikning, stillbilete og film. Variasjonane er mange.

Musikkens Karius og Baktus?

Kanskje kan ein kalla det eit musikalsk svar på «Karius og Baktus». For dette er ein klassikar med eit kunstnarleg, men definitivt óg eit pedagogisk innhald. Og besteforeldreandelen i publikum er ofte høg – det er mange som vil gje dette verket vidare til etterkommarane sine. Og etter så mange framføringsrundar: Er det mogeleg å tilføre denne musikalske forteljinga noko nytt? Fenger ho borna i 2014? Og får tilhøyrarane eigentleg med seg dette med at dei ulike instrumenta skal skildre ulike dyr?

Laurdag 17. januar stod verket på plakaten i regi av Barnas Konserthusserie i Lille sal i Oslo Konserthus. Barnas Konserthusserie har etter kvart over 15 år på baken, og konsertane i serien er bygd over same konseptet: Som regel står eitt verk, eventuelt ein komponist, i sentrum. Ei ramme med blokkfløyteintro, avslutningssong og konkurranse er fast. Men i det musikalske og eventuelt sceniske produktet er det óg fast skikk at hovudverket blir belyst av annan relevant musikk. Som oftast frå same komponist, eller i alle fall same stil og epoke, og det gjer at den glir naturleg inn i samband med hovudverket og gjerne set det inn i ein større samanheng.

Genial innleiing

Dette fungerer veldig bra, og i samband med «Peter og ulven» var det genialt. Etter introen fortalde programansvarleg og dagens forteljar, Eline Hjelle, kort om verket. Etter at ho hadde spurt om det var nokon som hadde dyr eller kosedyr heime, dukka det sanneleg opp ein i salen som til og med hadde ulvemaska si på. Derifrå vart alle oppfordra til å lage dyrelydar – and, katt og ulv – og då var vi på full fart inn i «Peter og ulven». Eller?

BarnasinsidevebpeterDet vi var på veg inn i var 1. sats i ein fløytesonate av Prokofjev, to dansar frå «Tre fantastiske danser» av Sjostakovitsj, og «Vocalise» av Rachmaninov. Musikk frå same land og tid, men heilt sjølvstendige verk. Og til desse vart det vist bilete på storskjerm. Det var fuglar og ender, inkludert ei badeand i plast og konsertserien sin eigen maskot, pingvinen Piu. Fuglebileta akkompagnerte fløytesonaten av Prokofjev, og dermed var linken mellom fuglar og fløytetriller etablert. Til pianodansane av Sjostakovitsj fekk vi vakre vinterbilete med snø og is, som skifta i tett samband med strukturane i musikken. Til slutt kom det mest kjende av dei ukjende verka, Rachmaninovs «Vocalise» for fiolin og klaver. Først akkompagnert av vinterbilete av snø og skiløyper, så av andre årstidsbilete med vakre blomar og haustgule blad. Dette var ein heilt strålande sekvens der det gjekk over alle grenser tydeleg fram at ja, kunstartar kan samspela, og ja, kunst og pedagogikk kan vera to sider av same sak. Plutseleg sat ein flokk ungar og høyrde på autonom, russisk 1900-tals-instrumentalmusikk som den mest naturlege sak av verda. Og det fenga.

Viktig assosiasjonsskapar

Denne sekvensen hadde nestan vore nok i seg sjølv, og var på mange måtar det beste i heile konserten. Det er ikkje til å kome forbi at musikk og bilete er ein kombinasjon som er lettare å sanse enn musikk og munnleg forteljing. Ikkje minst når forteljinga stort sett kjem før musikken, og ein vert fortald kva som skal hende før det skjer. Og – slo det meg – kanskje enno meir ved ei live-framføring enn når ein har verket inn berre via øyret (eg minnest min barndoms LP-plate med Per Aabel som engasjert forteljar, så vidt eg kan hugse fekk eg med meg kva som skjedde der, men eg var vel og stor nok til å lesa bakpå coveret medan eg høyrde). I ein sal er det mange distraksjonar, ikkje minst med mange ungar samla, og ein skal vera ganske stor før ein klarer å kople dei ulike hendingane i historia opp mot dei ganske lange strekka med instrumentalmusikk som kjem etterpå. Men gjennom å visualisere denne første, uavhengige musikken som klangleg hadde mykje til felles med hovudverket, kom inngangen på plass. Assosiasjonane mellom klang og objekt var definerte. Då var det ikkje naudsynt med bilete til sjølve forteljinga.

Rein forteljing

For heldigvis hadde ikkje Eline Hjelle og Gunnar Petersen-Øverleir, visualisert sjølve «Peter og ulven». Det var heller ikkje kostyme eller andre rekvisittar, alt var overlate til musikarar og forteljar i sivil. Dei lot det vera med dei utfordringane det representerer, og takk for det. Så får det heller vera at ein del av ungane ikkje får alle samanhengane med seg, og kanskje er det ikkje så viktig ? Treåringen min, som var einaste ledsagaren denne gongen, fekk ikkje med seg noko av handlinga, og det hadde eg ikkje venta heller. Det ville vore heilt absurd å sitje og fortelje han at: «Høyr, der er fuglen» – det var jo ingen fugl å sjå, men derimot ei fløyte. Men han lika musikken, og var i lange periodar oppslukt av instrumenta og klangen. Større born i salen greidde sannsynlegvis å kople meir, og eg såg ein som sat og følgde med i ei biletbok med historia parallelt.

Pedagogisk mageplask

I det heile var dette ei svært vellukka framsyning der dei ansvarlege nok ein gong lukkast med å kople ny og annan musikk til hovudverket, og ved hjelp av dei visuelle bidraga først gje ein tolkingsmessig inngangsport til det. Det var det nye trekket i denne framsyninga, og eg tek hatten av for slikt. Men det eg ikkje tek hatten av for, er det mageplasket som nok ein gong kom då den estetiske opplevinga umiddelbart vart trekt ned på eit kvardagsleg, pedagogisk barneskulenivå mest før siste Prokofjev-tone hadde fått klinge ferdig. Eg skjønar at konkurransen mellom to born som kjem opp på scenen og svarar på spørsmål kan vera eit spanande innslag, men den tek fullstendig livet av den magiske, kunstnarlege opplevinga og kjenslene ein sit med etter å ha opplevd musikk og bilete. Og enno verre er avslutningssongen «Vi sier takk for nå…» der korkje tekst eller melodi er i nærleiken av å matche stil eller kvalitet i resten av konserten.

Glitrande formidling er nok i seg sjølv

Dei same ankepunkta hadde eg då eg melde ein annan konsert i Barnas Konserthusserie for eit års tid sidan, og eg har eit oppriktig ynskje om at Hjelle og Pedersen-Øverleir tenkjer litt over dette. Barnas Konserthusserie vart etablert i år 2000, før Den kulturelle skulesekken var ein realitet, og forma har vore den same lenge. Men dei siste åra har det vore sagt og tenkt mykje rundt kunst kontra pedagogikk og kunstformidling til barn, og denne pedagogiseringa nærast uavhengig av det kunstnarlege innhaldet verkar litt gamaldags no. Eline Hjelle og Gunnar Petersen-Øverleir gjev gong på gong døme på glitrande pedagogisk tilrettelegging og strålande formidling gjennom det kunstnarlege produktet som er essensen i kvar konsert. Då er det vel ikkje naudsynt med denne stilbrytande ramma rundt?

Annonser

Stikkord: