Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Sanseleg og sølete

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

lørdag 19. mars 2022

HVOR
Det Norske Teatret

Teaterframsyninga «Keeperen og havet» er nett som dei underlege tweens-åra: Like herleg, forvirrande rotete utanpå som inni.

↑ Lena (Ina Svenningdal) og Trille (Vetle Bergan) finn flaskepost i Knert-Mathilde. Dei har skrive han sjølv. Foto: Dag Jenssen

Kjersti Horn likar søl. Eg trur ho likar rot og skrot og kaos, kan hende ho til og med likar å tørka spy og bløgga fisk. Eg trur ho likar kropp og kaving og knas. Alt som veltar og legg seg i haugar og ikkje vert plukka opp. Nett slik ein ung kropp er både inni og utanpå, kanskje aller mest når ein har bikka 10 og nærmar seg tenåra. Det byrjar i alle fall då.

Keeperen og havet


Barneframsyning bygd på romanen «Keeperen og havet» av Maria Parr
Dramatisering: Kjersti Horn
Regi: Kjersti Horn
Scenograf og kostymedesignar: Sven Haraldsson
Komponist og lyddesignar: Erik Hedin
Lysdesignar: Torkel Skjærven
Dramaturgar: Siri Løkholm Ramberg og Ingrid Weme Nilsen
Medverkande: Vetle Bergan, Ina Svenningdal, Per Schaanning, Kaia Varjord
Målgruppe: Frå 8 år
Det Norske Teatret, premiere 23. februar 2022
Meldinga er frå framsyninga som vart spela 11. mars 2022
Spelast til 14. mai 2022

Foto: Samlaget

Stormen og stilla

Maria Parr sin roman Keeperen og havet er for nokre lesarar – inkludert meg sjølv – manifestasjonen av Søre Sunnmøre. Ikkje minst fordi når Parr sjølv les, så piplar liksom Vestlands-teikna fram, små kystbygder skisserast opp og landar i den ikkje uvesentlege dialekta frå Vanylven. Det er ei dialekt som ein høyrer tåler godt både stormen og stilla.

Så når romanen vert teater på austlandet og skal spelast for og lagast av byfolk som sjeldan må tørka saltsprut av glasa heime, så vert grunntona ei anna. Sjølv om ein kjenner historia godt, bør ein lukka att boka, skru av Parr si mjuke stemme frå Storytel og opna øyret for Kjersti Horn og hennar forteljing om å veksa opp.

Ina Svenningdal spelar Lena Lid. Foto: Dag Jenssen

Garnkrøll: Farfar (Per Schanning) skal ut på sjøen - som vanleg. Men i «Keeperen og havet» vert det farleg. Foto: Dag Jenssen

Oskeladd i fjøra

For det er nett det: Keeperen og havet handlar om å verta stor. Om å ikkje passa så godt inn lenger, eller i alle fall ikkje heilt skjøna kva som hender med ein. Å med eitt sjå at verda er utruleg rar, annleis, meir komplisert enn ein trudde – korleis plassera seg sjølv i ho? Det ligg ei einsemd i å veksa. Og det ligg noko verkeleg skjørt i å skjøna at dei vaksne er skrøpelege. Farfar eldast, og ingen foreldre er feilfri. Det ligg òg ei lita sorg i å skjøna at ein vert stor, at ein må bera si del av verda.

Kjersti Horn vel å stilisera dette på ei scene laga som ei kvit trapp. Her er heile Knert-Mathilde, kvit og ubrukt – men full av ulike rekvisittar. Som om Horn hadde teke seg ein tur i fjøra i lag med scenograf Sven Haraldsson på ekte Oskeladd-vis.

Trille (Vetle Bergan) sit og spelar på eit lite keyboard når publikum kjem inn, andletet har hint av klovnen si maskering. Glad utanpå, trist inni. Eller omvendt. Trille vinkar og nikkar, og snart susar òg Lena Lid (Ina Svenningdal) inn på sykkel.

Det ligg ei lita sorg i å skjøna at ein vert stor, at ein må bera si del av verda

Det vert hektisk i Knert-Mathilde når alt skal spela seg ut på kort tid. Frå venstre: Vetle Bergan, Ina Svenningdal og Kaia Varjord. Foto: Dag Jenssen

Framsyninga lid litt i samantrekninga av romanen

Veggimellom

Det spelar seg ut som det skal – Lena skryt av sydenferien, og Trille har hoppa frå moloen. Nederlandske Birgitte får kvardagen av hengslane for dei begge, og keeper-talentet Lena får ein drit-trenar på fotballaget og byrjar spela i byen i staden. Vinterstormane kjem, og dei går julebukk (ein tradisjon mykje kulare enn Halloween-knaskinga, eg berre seier det) mens orkanen rasar. Farfar jaktar storfisken, hans eigen Moby Dick, om ein vil. Og Trille må visa stort mot når det gjeld som mest.

Likevel: Framsyninga lid litt i samantrekninga av romanen. Ein heng med, men det går samstundes fort når eit heilt år skal samlast på halvannan time. Som tilskodar kjem ein heller ikkje heilt under huda på korkje Trille, Lena eller dei andre karakterane. Alle andre roller så nær som farfar vert spelte av Kaia Varjord, og her går parykkar, lausskjegg og gravidmagar veggimellom. Det er artig, men bidreg sjølvsagt til å karikera og minska dei vaksne i Knert-Mathilde. Slik dei vaksne nok kan verka for eit barn som har kome i himla-med-auga-fasen, men det bidreg samstundes til eit heseblesande tempo. Noko som ikkje gjer historia så godt.

Farfar sin båt, skipa av ei pappkasse, ein miksmaster og litt anna, vert ein plass for stille for Trille når det stormar som verst. Foto: Dag Jenssen

Himla-med-auga-fasen

Men det ein kjem under huda på, er kjensla av å veksa. Av alt som klattar seg til når ein er på veg mot ungdomsdelen av livet. Og her gjer regien og ikkje minst scenografien susen. Trille og Lena hoppar i vatn, målar på veggene, kastar frukostblanding på kvarandre og berre legg ting frå seg nett der det passar. Og ting ein berre kastar frå seg forsvinn ikkje om ein ikkje ryddar opp i det. Slik er det inni ein også, om ein er liten eller stor. Og så er det også noko intuitivt med det heile, at ting berre slengast når det passar. Det er tweensa i eit nøtteskal.

Estetikken liknar YouTube og TikTok. Heile vegen hender absurde ting – som at den spanande øya langt der ute i havgapet veks palmar eller at den digre fisken kjem i full menneskestorleik inn på scena og dansar (med Kaia Varjord inni). Keeperen og havet er full av desse absurde momenta, uventa hendingar ein berre må le av. Framsyninga er prega av internett-alderen og den dramaturgiske estetikken og ein finn der. Til dømes sløya fisk-dansen til låta «Doctor Jones» av Aqua. Ein dans ein berre må elska: Kystkultur blanda med pop frå seint 90-tal. Eg undrast kvifor dei ikkje nyttar dansen meir i framsyninga. Den er utan tvil ein hit. Kan hende finn ungane han på TikTok?

Estetikken liknar YouTube og TikTok

Scenografien er i en slags påfunn-prega internett møter teikneserie-estetikk. Det kler målgruppa godt. Foto: Dag Jenssen

Det er smurt ut på scena at livet ikkje varar evig

Bøtte med blod

Farfar vert gammal, slik han òg gjer i boka. Når den store ulukka kjem, vert det tømt ei bøtte med blod på scenen. Nett i den augneblinken slår alvoret verkeleg inn i framsyninga, og bilete frå blodige Richard III (òg i Horn sin regi, berre på Nationaltheatret, skriven av Shakespeare – og definitivt for vaksne) veks fram på netthinna. Der var det òg mykje søl, bøtter med blod og maling. (Der nytta dei og populærmusikk i same stil – den gong var det låta «Elektrisk» av Marcus & Martinus, om eg ikkje hugsar feil.)

Brått vert det alvor. Brått er det forgjengelege eit faktum. Farfar klarar seg, men det er skrive i stein, smurt ut på scena, at livet ikkje varar evig. Blodsølet representerer eit alvor, det samlar opp kva dei to eigentleg ber på og som all kunst inst inne handlar om: At me skal døy ein gong. Det er skremmande, ekkelt – og sant. Blodet vert det avgjerande i denne framsyninga.

Meldinga held fram etter biletet og annonsane.

Ina Svenningdal og Vetle Bergan i julebukk-skrud i framsyninga «Keeperen og havet». Foto: Dag Jenssen

Livleg driv

Difor er det så fint at Trille og Lena og farfar står på scena og dansar nett sløye fisk-dansen i livleg driv når framsyninga er over. Sjølv om blodet og alt det andre sølet framleis er der. Det er nå lukka i livet, det, at ein finst midt i alt som er. Og at vennskapen kan bera gjennom kjærleik, orkanar og dårleg stemning.

Eg skulle ønska meg ei framsyning som ikkje var så heseblesande, som ikkje måtte ta for seg heile året i ein sveip. Eg skulle ønska meg at dei vaksne i publikum ikkje tok med seg barn under 8 år på denne framsyninga, at ein sjekka kva alder den er meint for før ein går i teateret.

Men eg håpar Kjersti Horn får lov å søla meir, mykje meir, for barn i norsk teater.

Annonser

Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · ·