Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Teaterstudentar ved KHiO får ikkje undervisning i å spele for born

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Nyheter,

PUBLISERT

torsdag 27. juni 2019

– Uproblematisk så lenge ein tek eit ungt publikum på like stort alvor ein tek vaksne, meiner Frank Kjosås, som har regi på årets Sommerteater i Frognerparken.

↑ Fra årets oppsetning Jakten på nyresteinen. Foto: Lucas Leonardo Ibanez-Fæhn

Er det skilnad på å det lage teater for vaksne enn det å lage teater for born? Burde skodespelarar få meir undervisning i det å spele for born? Ja, meinte Hilde Brinchmann i eit intervju med Scenekunst.no. Saman med Suzanne Osten, Toril Solvang og Wenche Viktorsdatter Paulsen tok ho til orde for å gje teater for born og unge mykje større plass i utdanningsløpet: «De har ingen verktøy i møtet med barnet som publikummer».

Dei har tilsynelatande rett. Den einaste skuleringa framtidige skodespelarar får ved KHiO er den dei skaffar seg sjølve. I løpet av nokre intense veker skal andre klasse sy i hop ei framsyning som skal setjast opp i eit svært telt i Frognerparken. Skulen stiller opp med telt, verkstad og mykje teknisk kompetanse, men resten må elevane gjere sjølve. Dei må finne tekst, be om løyve til å bruke den, finne regissør og anna kreativ stab, skrive, øve og snakke med journalistar. Dei siste åra har ein også teke det administrative på alvor, ein betaler skatt, det er bokføring og minst éin bankkonto. Det som skulle handle om å spele for born handlar om så utruleg mykje anna.

Skuespillerstudent Maria Kristine Hildonen og regissør for årets Sommerteater, Frank Kjosås. Foto: Kjartan Helleve.

Er det verkeleg noko heilt anna å spele barneteater enn anna teater?

Etterlyser undervisning

At dette ikkje berre handlar om det skodespelarfaglege ved å spele for born, ber backstage i Frognerparken preg av. Plankerestar og gamle kaffikrus, andre greier som må vere til scenografien, plakatar og berre ting. Og ei handfull avslappa skodespelarar. Nokon seier at regissør Frank Kjosås er på veg. Det er berre få dagar til premieren på Jakten på nyresteinen, årets Sommerteater frå andreklassa på KHiO.

– Du skulle ha sett oss i går kveld. Det var hakket meir styr då, seier skodespelar og produsent Maria Kristine Hildonen. Ho er likevel roleg, som ein blir etter å ha arbeidd med noko i to år. Fyrst var dei innom å gjere noko Roald Dahl, men berre løyvet ville ha kosta for mykje. Dessutan ville dei at stykket skulle handle om venskap, og at det ikkje berre skulle vere ei hovudrolle og at resten «måtte spele busk».

– Korleis landar de på rett nivå når de ikkje har noko erfaring med barneteater før?

– Det handlar jo om å ikkje mate ungane med teskei til ei kvar tid og heller late dei få oppdage og tolke ting sjølve. Me har snakka mykje om kor langt me kan gå når målgruppa vår er fire år og oppetter. Ei gassmaske er til dømes for skummelt. Og ein må passe på at karakterane har ein brest som gjer at ein kan le av dei. Ein er kanskje skummel, men så skjøner ungane at karakteren er litt dum. Då blir det ikkje så skummelt lenger. Slike ting, seier Hildonen.

Ho er samd i at barneteater burde ha vore eit eige emne på Teaterhøgskolen, men tykkjer samstundes at dei også lærer mykje ved å gjere det på denne måten. Det tvingar elevane til å sjølve leite fram fagpersonar og forsking. Dei hadde på eige initiativ besøk av Hilde Brinchmann og Suzanne Osten.

– Men dei arbeider jo innanfor ein spesifikk metodikk, og det er ikkje gitt at den skal vere den einaste retninga. Er det verkeleg noko heilt anna å spele barneteater enn anna teater? Målet må jo vere at ein tek ungane på like stort alvor som andre publikum. Det er eit vrient spørsmål, men utdanninga vår gir oss verktøy til historieforteljing, forhåpentleg verktøy som er gjeldande for alle målgrupper. Men at me ikkje burde lage denne framsyninga grunna manglande undervisning er eg heilt usamd i, seier Hildonen.

– Uproblematisk

Endeleg kjem regissør Frank Kjosås. Han er straks på veg ut i freelancelivet, og då han fekk jobben med å regissere Sommerteateret, vart han så glad at han byrja å grine. Han ser det ikkje som eit problem at studentane blir kasta ut i det på denne måten.

– Eg har spelt teater for ungar slik eg speler teater for vaksne. Det er nokre stader ein må tenkje seg om, og om orda er store og fargerike, må ein finne ord og uttrykk som treff ungane betre. Ein må ikkje gløyme ungen i seg sjølv. Det var eit mykje større sjokk å spele Peter Pan på Det Norske Teatret og kjenne på kor overveldande sterkt teater verkar på unge folk.

– Så du ser det ikkje som eit stort problem at studentane ikkje har fått undervisning i å spele for born?

– Eg vil seie at det er uproblematisk. Så lenge ein tek dei på like mykje alvor som ein tek dei vaksne på alvor. Eg fekk det ikkje, og eg har spelt masse teater for born. Det er akkurat som med eit vakse publikum: Det kan hende me treff ti born med forma vår, og så er det fem som ikkje skjønar noko. Men så lenge du ikkje tenkjer at ungar er dummare enn dei vaksne, men tvert imot meir observante og kritiske, så trur eg du har løyst mykje. Me testa framsyninga i ein barnehage der eg sa til ungane at dei berre måtte kome med innspel undervegs. Og dei masa jo heile vegen. Slik måtte skodespelarane lære seg å fylgje med på publikumet sitt. Moglegvis varar framsyning ti minutt ekstra av di ungane er gira og gjev sine reaksjonar, men det er det verdt, seier Kjosås.

Fra årets oppsetning Jakten på nyresteinen. Foto: Lucas Leonardo Ibanez-Fæhn

Det er så lett å tru at du hugsar korleis det var å vere barn.

Kan ikkje lære alt på tre år

– Sommarteatret var meir eit krasjkurs i å drive ei frigruppe enn eit krasjkurs i å spele for born, seier skodespelar Iver Innset då eg møter han dagen etter.

Han gjekk ut av Teaterhøgskolen i fjor, og har sidan stort sett spelt i to produksjonar: Ingenting (Tigerstadsteatret/Oslo Nye Teater) og Mio, min Mio (Teatret Vårt/Nordland Teater). Båe regissert av Hilde Brinchmann og båe heidra med Heddapris.

Innset opplevde åra på KHiO som tettpakka og kvir seg for å oppfordre skulen om ta inn endå meir. Han meiner også det er lite hjelp i å gje skodespelarane auka kompetanse om ikkje regissørane også lærer meir om dette. Sjølv seier han han har lærd enormt mykje gjennom å arbeide med Brinchmann dette året, særleg det å vere medviten om målgruppa.

– Me var i kontakt med målgruppene veldig tidleg, på Ingenting allereie tredje dagen. Me reiste til ei skuleklasse og las teksten, og allereie då fekk me innspel som endra sluttresultatet. Det er jo skummelt med for mykje innspel, men samstundes er det også mykje som fungerer. Så slepp ein å overtenkje så mykje seinare. Det same på Mio, min Mio. Her jobba me også med interaktivitet, så det var viktig å vite korleis ein skal ordlegge seg for å få publikum til å gjere det ein ynskjer.

– Men alle har jo vore eit barn?

– Ja, det er så lett å tru at du hugsar korleis det var å vere barn. På eit stykke for vaksne så har du deg sjølv som referanseramme, og du tenkjer at det også fungerer på barneteater. Men det er godt å bli minna på kor skummelt livet faktisk er, at det det står om død og liv. I Ingenting skal karakterane ofre den tingen som betyr aller mest for dei. Det me trudde publikum ville tenkje på som det største offeret, brydde ikkje ungdomane seg særleg om. Men noko som kom kjempetidleg oppfatta dei som superalvorleg. Difor gjorde me om på rekkjefølga.

– Var du redd for å gjera så mykje barne- og ungdomsteater rett etter skulen?

– Eg kjende på det når eg takka ja til jobbane, men med to Hedda-prisar så er det ikkje så mykje å tvile på lenger. Det er sjukt gøy å jobbe med Hilde. Ho lagar ikkje barneteater, men episk fantasy for born. No møter eg mange som har lyst å arbeide med henne. Ikkje av di dei har lyst å arbeide med barneteater, med av di dei vil arbeide med «kule» prosjekt. Det er moglegvis for lite formell opplæring i å spele barneteater i Noreg, men om ein berre gjer det på ein skikkeleg måte, så blir det bra barneteater.

Iver Innset. Foto: Kjartan Helleve.

Miriam Sogn. Foto: KhiO.

KHiO: – Vi har for lite kompetanse

Fungerande fagansvarlig for skodespelarutdanninga ved KHiO, Miriam Sogn, er open for at problemstillinga bør få større plass i undervisninga. Men ho understrekar at det ikkje er gitt at ein treng andre verkemiddel for å spele for born enn det ein treng for å spele for andre typer publikum.

– Her er vi inne i en estetisk, pedagogisk og skuespillerfaglig debatt som ikke har noe entydig fasit, skriv Sogn i ein epost.

– Vi har dessverre for lite kompetanse på Teaterhøgskolen når det gjelder barneteater, og har de siste årene prøvd å finne gode samarbeidspartnere på dette. Men at KHiO, til tross for manglende barneteatertradisjon i Norge, har et hittil 45 år langt kapittel med frivillig, studentdrevet barneteater, er ganske spesielt, og gir selvfølgelig erfaring og kunnskap. I tillegg stemmer det ikke at studentene aldri gis workshop i dette, det skjer hvert år i andre klasse. Da med ulike fokus og innhold. Det er likevel helt klart at vi kunne debattert problemstillingen oftere, og bidratt mer med pedagogikk, forskning og fagutvikling på dette punktet. Dessverre har Norge ikke en lang tradisjon her, og vi bør absolutt være med på å utvikle feltet.

Men det er ikkje så lett å berre ta inn nye emne ved studiet, meiner ho.

–  Vår treårige skuespillerutdannelse er allerede tettpakket med undervisning, arbeidsperioder og workshops, og skal noe inn må noe annet ut, skriv Sogn.

Annonser
Stikkord:
· · · · ·