Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

«The Living Monument»: Fengsla av statiske stilleben

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

torsdag 24. mars 2022

HVOR
Studio Bergen

Det er ambisiøst av Carte Blanche å invitera dei yngste til ei framsyning som ikkje er laga med dei i tankane. For ei modig programmering!

↑ Frå «The Living Monument». Foto: Øystein Haara / Carte Blanche

Då Carte Blanche viste eit utdrag av MONUMENT 0.10: The Living Monument til barn frå 8 år og oppover fekk dei minste visa kor tolmodige dei kan vera.

The Living Monument varar originalt i 120 minutt, medan familieversjonen er korta ned til ein time. Den langsame framsyninga skal visa seg å utfordra òg dei vaksne sitt tolmod. Det er ambisiøst av kompaniet å invitera dei yngste til ei framsyning som ikkje er laga med dei i tankane. Dette er profesjonell scenekunst i sakte film.

Monument 0.10: The Living Monument


KONSEPT, KOREOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN: Eszter Salamon

LYSDESIGN: Silje Grimstad

Plakatfoto frå «The Living Monument». Foto: Sjur Pollen

Ein annan planet

Dei fleste barna som står i foajeen i Studio Bergen, er i tidleg barneskulealder. Dei ventar saman med ein forelder eller vaksen. Før det byrjar, får me ein introduksjon til stykket og beskjed om at det er lov å gå ut av salen og kome tilbake om ein treng det. Dei fortel at framsyninga handlar om ulike landskap der dansarane etterliknar levande monument eller skulpturar og at dei syng songar framførde frå eige minne. Forsøket på ei pedagogisk innføring er sånn delvis vellykka med eit språk prega av kunstutrykk, men dei lydige barna godtok forklaringa utan å stilla spørsmål.

På scena vert ljoset sløkka. Ut frå mørkret kjem nokre skikkelsar som sakte, sakte slepar på eit stort, tungt tekstil som fargar golvet. Ambient-musikk komponert av Carmen Villain spelast over høgtalaren. Utøvarane sine røyster er fletta inn i lydbiletet. Dette er ikkje eit fengande, umiddelbart danseshow, akkurat, men abstrakt scenekunst. I utkanten av scena vert fleire skikkelsar synlege. Rørslene deira er så langsame at ein faktisk er i stuss om dei står i ro eller ikkje. Dei liknar mumiar eller Nina Turtles i trikotane sine. Andleta er bandasjerte med tekstil.

Forsøket på ei pedagogisk innføring er sånn delvis vellykka med eit språk prega av kunstutrykk

Krøkande, passive, slepande, hengande kroppar verkar vera vektlause

Astronautar

Dei smyg seg inn i scenerommet og vert ståande i utilpasse positurar. Krøkande, passive, slepande, hengande kroppar verkar vera vektlause. Påkjenninga dei unaturlege stillingane må påføra dansarane er kamuflert bak profesjonalitet og kroppskontroll, og dei verkar trossa tyngdekrafta. Med subtile, minimale rørsler liknar dei svevande astronautar. Eg får kjensla av å vera på besøk i ein annan atmosfære, på ein ukjent planet. Det utruleg treige tempoet skapar ei sterk kjensle av spenning, det er noko urovekkande med dette ukjende. Landskapet vert gradvis meir invadert frå skuggane. Med eitt står seks dansarar framføre oss. Augeblinka då dansarane går frå å vera usynlege og skjulte i mørkret til umerkeleg og heilt lydlaust oppstå idet ljoset fell på dei, er magisk.

The Living Monument er delt opp i episodar der kvar scene førestiller ulike landskap som er tildelt kvar sin farge. Tempoet er ei øving i tolmod, samstundes som det er hypnotiserande og estetisk tilfredsstillande.

Dei overjordiske vesena stavrande på fire bein og med overdimensjonerte hovud verkar ikkje tilhøyra vår sfære. Foto: Øystein Haara / Carte Blanche

Visuelt slåande bilete

Så vert det eit sceneskifte. Ei raud gardin fell ned og delar scena i to så dansarane kjem endå nærare publikum.

Bada i raudt ljos stig det fram ei slags maskert dronning. Ein samansmelta organisme av to trikotkledde kroppar veltar seg seigt over kvarandre på golvet. To nye raude skikkelsar trer fram. Dei har boksehanskar, slalåmbriller og forklede på seg. Raudfargen er så rik og jamn at det ser falskt, nesten kunstig ut. Det er som å vera i ei digital, flat verd. Samstundes er det noko rikt med den rojale raudfargen, fargemettinga i materiala er utruleg tilfredstillande. Eg tek meg sjølv i å verte bergteken over den glatte overflata på boksehanskane. Me badar i raudt. Rundt oss er det heilt stille.

Dansarane byrar synga ein slags norrøn song. Tre kvinnerøyster syng med og mot kvarandre. Det er heftig. Dei gjev inntrykk av å vera i ei slags krisesituasjon, og songen verkar som eit kamprop som skal førebu dei på eit avgjerande slag. Den raude varselfargen forsterkar kjensla av at noko står på spel.

Medan dansarane minna om vektlause astronautar i den første scena, har desse karakterane menneskelege rørsler. Ut frå dei store armrørslene kan me tyda at dei hastar mot noko viktig, men i sakte film. Måten dei utvisar hast og naud på med så sakte rørsler,fascinerar. Scena er storslegen. Songen er sterk og overtydande. Utan at me får vita kva det er som står på spel, forlèt dei landskapet. Sakte, sakte.

Me badar i raudt. Rundt oss er det heilt stille

Sjølv utan dialog forstår me at noko står på spel. Den symboltunge fargen raud kan tolkast som eit varsel om blod, kamp og revolusjon, skriv Åsa Osmundsen Opedal. Foto: Øystein Haara / Carte Blanche

Dei undersjøiske vesena vekkjar assosiasjonar til søppel dumpa i naturen og dyr fanga i plastavfall, ute av stand til å fjerna det frå sin eigen kropp

Ombrukskunst i klimakrisa

Tredje scene. Den raude duken fell ned, og på rekke står sju dansarar kledd i noko som liknar søppel frå botn av havet. Koreograf Eszter Salamon har valt å bruka innsamla materialar frå bruktbutikkar og lager til å laga kostyme. Motivasjonen for dette er det prekære behovet for at me resirkulerer framfor å produsera nytt. Landskapet speglar det politiske aspektet i framsyninga. Dei undersjøiske vesena vekkjar assosiasjonar til søppel dumpa i naturen og dyr fanga i plastavfall, ute av stand til å fjerna det frå sin eigen kropp.

Scena er oransje no, og dansarane skal bruka fleire minutt berre på å snu seg rundt slik at dei til slutt vendar mot oss. Eg undrast over korleis dei har klart å skapa så ulike landskap, frå fjerne planetar i atmosfæren til havbotn, samstundes som dei er prega av same tidlause stemning. Klare, sterke fargar er gjennomgåande for framsyninga og framhevar formane til dei konstruerte skikkelsane. Dansarane sine silhuettar står tydeleg fram i den nydelege pop art-estetikken. Store tekstil- og plastdukar vert slepne langsmed golvet eller hengt opp frå taket og slik brukte til å bryta opp scenerommet. Dansarane vekslar mellom å vera heilt nære og lenger vekke. Rommet er heile tida i transformasjon. Måten lysdesignar Silje Grimstad har klart å løfta kostymane på er verkeleg imponerande.

Det omsluttande mørkret får fargane til å stå endå sterkare fram. Materialrikdommen i framsyninga er visuelt svært tilfredstillande. I det gule landskapet, til dømes, vert dansaren transformert til eit insekt ved hjelp av enkle ringar rundt auga. Eit gult plasttelt kan tolkast som slør, puppe og venger.

Undersjøiske skapningar satt saman av søppel og gjenbruka material. Vimplar, flytevestar, flasker, røyr og fletta korger utgjer kroppsdelar. Foto: Øystein Haara / Carte Blanche

Presentasjon av røynder

The Living Monument held fram i same form og fart. Landskap vert skifta ut og nye vesen entrar rommet i saktegåande tempo. Her er ingen dialog eller tydelege narrativ, framsyninga er snarare ein presentasjon av ulike røynder og stemningar fordelt utover oppstykka episodar. Songen frå dansarane er eit tilbakevendande element i The Living Monument og skapar dramatiske høgdepunkt.

Framsyninga avsluttast med ei framstilling av alle dansarane, no ikledde gullkostyme. Nokre er nesten nakne. Me ser eit hestehovud. Fleire har masker. Under ei av maskene kjem det ei syngande røyst. Gullelementa og nokre av positurane minnar om det gamle Egypt. Nærast umerkeleg endar dei alle liggande på golvet før ein stor metallisk duk leggast over dei, og kroppane vert byltar i eit sølvlandskap. Under teppet ulmar ein mørk klagesong og nokre nifse, mørkkledde vesen i rustning avsluttar det heile. Det er som henta ut frå eit skummelt eventyr.

Gullelementa og nokre av positurane minnar om det gamle Egypt i framsyninga «The Living Monument». Foto: Øystein Haara / Carte Blanche

Dei statiske stillebena testar grensa for tolmod

Tiltrengt utfordring

I programmet skildrar Salamon koreografi som å organisera røyst, ljos, rørsler, rom og materie saman. Dansarane utvisar stor kontroll over kroppen, men det kan nesten ikkje kallast dans. Og det er heilt greitt. Her er det det visuelle samspelet og heilskapen som er målet. Resultatet er rikt. Framsyninga visar koreografen sin visjon meir enn dansarane sitt potensial.

Grepet med å dela framsyninga i fleire scener er nyttig og gjer det enklare å følga med. For dei statiske stillebena testar grensa for tolmod. Det er ei tiltrengt utfordring for vår utålmodige hjerne.

Men korleis opplever barn å observera dansarar som ikkje nett dansar, men meir står oppstilt som urørlege statuar i vakre, pittoreske scener? Korleis opplever dei å studera nøye oppstilte stilleben i over ein time?

Viss eg ikkje hadde sett korleis publikum reagerte på framsyninga undervegs, hadde eg kanskje kritisert kompaniet for å ikkje ha tilrettelagt for eit yngre publikum. Men ut frå korleis eg tolkar publikum, er dette ein suksess. Å skjula rastløyse er ikkje noko som er lett for eit barn, og i dette rommet er det først dei siste fem minutta lyden av sparkande bein i stolseta oppstår. Eg er utruleg imponert over kor konsentrerte dei er gjennom framsyninga og kor roleg dei sitt og betraktar den sakte dramatikken som skjer framføre dei.

Meldinga held fram etter annonsane.

Ei leiken verd

Barn har jo evna til å verte totalt oppslukt og leva seg inn i verder. Eg kan sjølv hugsa kor utruleg høgtideleg og spesielt det var å gå på teater som barn. Det var verkeleg noko stort. Koreografen har prøvd å skapa å ei fargerik, leiken verd, og det treff det unge publikummet. Pop art-estetikken er veldig leiken. Å sitta så tett på desse rare vesena er altoppslukande.

Eg sitt igjen imponert. Ein må berre rosa Carte Blanche for modig programmering. Kompaniet har ikkje undervurdert det unge publikummet slik eg gjorde først. Kudos.

Frå «The Living Monument». Foto: Øystein Haara / Carte Blanche

Kompaniet har ikkje undervurdert det unge publikummet

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · ·