Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Utstillinga NABO: Kven skrudde av ljoset?

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

tirsdag 28. juni 2022

HVOR
KODE Bergen

Arkitekturutstillinga NABO ved KODE i Bergen vert for fagleg for eit vanleg publikum og for opplagt for dei faglærte.

 

 

 

↑ Frå opninga av utstillinga NABO. Foto:

Korleis skal framtidas bustadar utformast for å møta utfordringane i klimakrisa, eldrebølga og aukande einsemd? Kva for bustadmarknad møter dei unge?

Bustadutstillinga NABO på Kode i Bergen freistar svara på dette.

Arkitektur er noko som angår alle menneske i meir eller mindre medviten grad. Me bur, søv, veks og lever i arkitektur kvar dag. Måten bygg er utforma på, om det er sjukeheimar, skulen eller våre eigne soverom, påverkar liva og kvardagen vår.

Det nærmar seg 100 år sidan KODE si førre arkitekturutstilling. Mykje har skjedd i Noreg sidan då. Oljeeventyret på slutten av 60-talet med tilhøyrande velstand gav nordmenn stor fridom til korleis ein kunne bu og bygga. Med klimakrisa på agendaen arbeidar arkitektar no med korleis ein skal rydda opp i sløseriet som følgde eventyret.

Difor er dette ei utstilling med ein tematikk som er relevant for fleire enn den typiske museumsgjesten og kunstinteresserte. Korleis skal me bu saman framover?

Difor er dette ei utstilling med ein tematikk som er relevant for fleire enn den typiske museumsgjesten og kunstinteresserte

NABO: Hvordan skal vi bo sammen?


Bustadutstilling av KODE og Byarkitekten i Bergen som visar bustadprosjekt under planlegging og teiknebordsvisjonar

I samarbeid med Nasjonalmuseet og arkitektkontoret Helen & Hard

Utstillingen står på Kode 2 frå mai til september 2022

23 bidragsytarar

Frå utstillinga NABO, her frå foajeen. Foto: KODE

BO-studio av Vaør bygningskunst. Foto: KODE

Teksttungt

Resepsjonsområdet til KODE 2 og kafeen Smakverket «er transformert til et kombinert utstillingsområde, møteplass og scene» skriv kuratorane i katalogteksten som ligg rundt omkring i utstillinga.

3D-modellar og plansjar med tekst og illustrasjonar som strekker seg frå golv til tak møter publikum idet dei entrar KODE 2. Museet og kafeen delar inngang, og dei som har tenkt seg ein tur på kafeen vil automatisk få ein gløtt på utstillinga. Det er eit fint tiltak for å gjera utstillinga meir tilgjengeleg og senka ein for mange høg terskel til museumsdøra. Ein vegg som brukte å skilja kafeen og resepsjonsområdet frå kvarandre, er fjerna slik at utstillingsrommet og kafeen flyt inn i kvarandre i ei open løysing. Med blikket på framtidas bustadar tek utstillinga opp utfordringar knytt til korleis ein kan redusera energibruk midt i klimakrisa, handtera eldrebølga og løysa det alltid presserande behovet for å la unge og uetablerte entra bustadmarknaden.

Medan arkitektane tidlegare brynte seg på korleis ein kunne heva standarden for å bu, handlar det i vår tid om korleis ein kan byrja dela rom for å gjera kvardagen energieffektiv og samstundes gjera noko med einsemda. Det å ha store hus fordelt på få menneske høyrer fortida til. Fellesskap og samkjensle er i dag stikkord for løysinga.

Kalgane av Arkitektgruppen Cubus. Foto: KODE

Frå utstillinga NABO. Foto: Siri Breistein

Frå utstillinga i 1. etasje. Foto: KODE

Ikkje direkte revolusjonerande

Utstillinga i første etasje er pakka med info om visjonar for sosiale, kreative nabolag. Grøne lunger i byrom og nabolag hever levestandarden, område vert betre passa på om dei rundt følar eigarskap til det, og barna er tryggare på plassar som vert naturleg overvaka av naboar. Det er ikkje dei mest revolusjonerande tankane me får presentert her. Mange av desse tankane heldt aktivisten Jane Jacobs fram allereie på 1960-talet i New York. Ein kan og lesa om det i boka ho skreiv, The Death and Life of Great American Cities, som handlar om korleis ein skal skapa humane, bilfrie byar i Amerika.

Fordelen med å presentera utstillinga i eit så opent rom er samstundes ei ulempe. Dei innhaldsrike plansjane med tekst, detaljerte planteikningar og diagram inneheld mykje informasjon. Å plassera det i eit inngangsparti og ved ein kafe fordrar ikkje nett til lesing og studier.

Frå utstillinga i 1. etasje. Foto: KODE

I vår tid handlar det om korleis ein kan byrja dela rom

Katalog-utstilling

Til kvart prosjekt på første plan høyrer ein QR-kode. Koden leiar til dei respektive arkitekturkontora sine heimesider, kor prosjektet vert presentert med endå meir informasjon.

Eg innser etter kvart at informasjonen som heng på veggane, er den same som i NABO-katalogen dei sel for 99 kr. Dette får meg til å undra kvifor dei har sett saman denne utstillingsdelen i første etasje. Det freistar meir å studera desse omfattande prosjekta heime i sofaen med katalogen på fanget, enn å stå rett opp og ned her i mylderet og lesa.

 

Videoverk med intervjua innbyggarar i Bergen. På disken ligg katalogen som inneheld det same som metervis med plansjar. Foto: KODE

I resepsjonen er det òg eit videoverk, «Nabostemmer», der lokale innbyggarar vert intervjua om korleis nabolag bør vera i framtida. Filmen er ein kort loop med berre eit par bidrag, men skjermen opplysar om at dei vil filma gjennom heile utstillingsperioden, og at ein kan vera med om ein legg igjen kontaktinformasjon i resepsjonen, «så tar vi kontakt med deg». Forsøket på publikumsinndraging verkar her lite gjennomtenkt, og det er vanskeleg å sjå for seg at publikum ynskjer å gå i gang med dette logistikk-prosjektet. Skal KODE koma på døra di, eller vert det arrangert eit møte på museet for å filma denne vetle filmsnutten?

Grepa for å involvera publikum forsterkar utstillinga sin bodskap om at menneske tenar på å dela kunnskap

Involvering

Eit anna døme på publikumsinndraging er nok ein QR-kode som leiar til ei nettside der ein kan kryssa av for kva prosjekt ein likar best. Grepet er ambisiøst, då det fordrar publikum til å setta seg inn i kvart enkelt prosjekt.

Grepa for å involvera publikum forsterkar utstillinga sin bodskap om at menneske tenar på å dela kunnskap. Kvar røyst er likeverdig og arkitektane vil høyra kva folket vil ha. Men eg mistenker at dette krev for mykje av publikum. Det verkar meir som pynt.

Eit meir effektfullt grep er arrangementa som følger utstillinga. Som ein essensiell del av NABO vert det arrangert til dømes debattar, familieverkstadar der barn får laga modellar av framtidige drøymebustadar, og visningar der barn og vaksne kan reflektera kring korleis ein kan bu saman. Politikarar, arkitektar og kritikarar, forskarar og sosialantropologar diskuterer naboskap og arkitektur gjennom den ambisiøse arrangementsserien NABOKVELD med kuratorane som ordstyrarar. Her får ein delt kunnskap saman på eit meir direkte involverande og engasjerande vis.

Frå utstillinga i 1. etasje. Foto: KODE

Frå utstillinga NABO. Foto: KODE

Det er som å vera i ein møbelbutikk etter stengetid

Kven skrudde av ljoset?

Andre del av utstillinga, ei etasje opp, er noko heilt anna. Det stavangerbaserte arkitektkontoret Helen & Hard sin installasjon «Det vi deler. En modell for bofellesskap» er ein fullskala modell av eit bufellesskap og fyller heile rommet.

Frå ein alt for informasjonsrik start går publikum rett inn i eit stort rom med tremodular, møbel og plantar. Men kvifor er det så mørkt? Har dei gløymt å skru på ljoset? Det er som å vera i ein møbelbutikk etter stengetid. Rommet er utan vindauge, så det har ikkje noko dagsljos, og lampene i taket er dimma lågt. Kanskje det skal skapa ei heimekoseleg og inviterande stemning, noko anna enn ei opplyst, kvit kube-utstilling? Det opplevast meir som at utstillinga er over. Ljos er ein viktig del av utstillingar, anten som usynlege verktøy som framhevar kunsten eller som verkemiddel for å skapa ein effekt. Og ikkje minst er det eit viktig element for korleis rom og arkitektur oppfattast. Eg er usikker på kva effekt dei er ute etter her.

Bufellesskapen. Her med ljos. Foto: KODE

Hytteboka/gjesteboka er på plass. Det står ikkje på involveringa av publikum i prosjektet. Foto: KODE

Hus og hytte

Det første ein ser er ein vegg med opphengde verktøy, utan at det er forklart noko vidare. Kva symboliserer det? At i framtida reparerer me ting sjølv, i fellesskap? Uvisst. Eg saknar tekst som forklarar meg kva eg ser på. Nokre utstillingar unngår for mykje tekst bevisst for at tilskodarane skal skapa sine eigne refleksjonar, men eg får inntrykk av at denne utstillinga vil formidla noko konkret – ein ide, ein visjon, det er berre litt uklart kva.

Framfor eit videoverk står det tre koppar og ei kaffikanne på eit bord for å simulera eit livleg, levande kjøkkenbord. I ein sofa som er plassert litt for langt borte frå TV-skjermen med tanke på lyd, ligg NABO-katalogen, samt ei gjestebok. Nok ein gong skal alle få delta og seia si meining, her gjennom objektet kjent som hytteboka. Det opplevast konstruert på ein banal, opplagt måte.

Ulike objekt som symboliserer heim og hygge i kreative naboskap, er plasserte rundt i det store, opne rommet. Senger viser kor dei private sfærane er, medan objekt som vev og symaskinar visar kvar ein kan vera saman og utfalda seg kreativt.  Sko og leiker signaliserer at det er vitale rom fulle av liv, men eg vert i stuss når eg ser nokre videokanonar stua bort i eit hjørne. Er dei ein del av utstillinga? Nokre dører leiar inn i små rom utan anna innhald enn veggen, medan ei dør leiar til eit roterom som heller ikkje verkar tilhøyra utstillinga. Det er vanskeleg å vita korleis ein kan agera med gjenstandar og rom, kva som skal vera lukka og kva som skal vera skjult.

Verktøy på rekke og rad. Foto: KODE

Fra bofellesskapet Vindmøllebakken av Helen & Hard arkitekter. FOTO: Helen & Hard / KODE

Nokon må skru på ljoset så eg får studert desse estetiske samanføyingane

Utydeleg

Då modellen representerte den nordiske paviljongen på Veneziabiennalen i 2021, var det under temaet «How will we live together».

I dag er 40 prosent av bustader åleinehushaldningar – og me bur stort og spreidd i Noreg. Med utgangspunkt i den norske modellen for sjølveigarskap, har Helen & Hard konstruert eit fellesskap i miljøvenleg heiltre. I staden for skruar og spikrar, er delane føydd saman med boltar av bøk. Nokon må skru på ljoset så eg får studert desse estetiske samanføyingane.

Modellen er utforma etter Vindmøllebakken, eit prosjekt som vart gjennomført i Stavanger i 2018. Vindmøllebakken er eit bufellesskap som vart skapt gjennom samarbeid mellom dei som skulle bu der og Helen & Hard, som står bak utforminga av prosjektet. Prosjektet og visjonen er utruleg fine, og det er synd at modellen ikkje vert presentert ordentleg på museet. Skikkeleg ljos og ei forklaring og oppmoding om å klatra og bruka høgda i trestrukturen, hadde heva opplevinga av bufellesskapet.

Videoverket «Å bygge en seng / Å bygge et hjem» er eit tilskot til modellen av kunstnar Anna Ihle som bur i Vindmøllebakken. Ho har fylgt prosessen mellom bebuarane i Vindmøllebakken, og Helen & Hard. Diverre er eg er ikkje sikker på kva eg ser på før eg les meg opp i NABO-katalogen heime.

«Å bygge en seng / Å bygge et hjem» av Anna Ihle. Foto: KODE

Første etasje er ein overdose informasjon, medan andre etasje manglar instruksar om kva me ser

Openberr og innadvendt

Utstillinga NABO er omfangsrik og tettpakka med informasjon. Men det er vanskeleg å navigera i ho. Første etasje er ein overdose av informasjon, medan andre etasje manglar instruksar om kva me ser og korleis me kan røra oss i rommet.

Utstillinga er ikkje estetisk tilfredsstillande i stor nok grad, med den ordinære plansje og modell-avdelinga nede, og rot og dårleg ljos oppe. Kva er det då? Ein stand på ei arkitekturmesse? Og kva er verdien i å presentera desse bustadprosjekta på KODE 2 når ein kan få den same informasjonen i ein katalog?

Utstillinga kunne valt å gå djupare inn i færre prosjekt. Det er ingenting slåande med plansjane, og i staden for å gje publikum ei sanseleg oppleving, er dei mange prosjekta presentert på ein tørr måte. Dei små modellane hadde kanskje involvert tilskodarane i større grad om dei vart blåst opp, slik at ein fekk ei større forståing av intensjonane og ei slags romkjensle.

Meldinga held fram etter annonsane. 

Foto fra utstillingen «Det vi deler. En modell for bofellesskap» på Venezia-biennalen. Foto: Chiara Masiero Sgrinzatto og Luca Nicolò Vasco / Nasjonalmuseet

Spørsmåla dei stiller er relevante for unge som skal ut på bustadmarknaden etter kvart, men eg er ganske trygg på at NABO ikkje treff dei

Kva ynskjer utstillinga å huse?

Dei store tre-skulpturane laga av studentar frå arkitektskulen i Bergen som bruker dukka opp i byrommet kring denne tida på året, vekkar fleire tankar og opplevingar. Strukturar i store dimensjonar som ein kan gå inn i og rundt, gir ei større romkjensle enn dei små 3D-modellane i første etasje på KODE 2. Difor er det ekstra synd at fullskala-modellen til Helen & Hard ikkje har instruksar som er tydelege nok om korleis ein kan klatra på og røra seg i strukturen.

Bidragsytarane prøver å løysa interessante problemstillingar kring korleis me skal bu framover. Prosjekta er interessante i seg sjølv, men ikkje i korleis dei vert presenterte. Spørsmåla dei stiller er relevante for unge som skal ut på bustadmarknaden etter kvart, men eg er ganske trygg på at NABO ikkje treff dei.

Kven er det NABO involverer, engasjerer og inndreg, eigentleg? Utstillinga er for fagleg for eit «vanleg» publikum, og for opplagt for dei som held på med arkitektur, mistenker eg. Kanskje NABO er god om ein har moglegheit til å gå på dei ulike debattane og verkstadane for å få djupare innblikk i prosjektet og diskusjonen mellom faglærte og publikum. Men er det ei god utstilling då?

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · ·