Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Vårens debutantar: Abid Raja – behald tversoversløyfa på, du

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

tirsdag 2. juni 2020

Dei tre ungdomsbokdebutantane frå Samlaget denne våren er det all grunn til å merke seg.

↑ Me meldar «Ser du dette?» av Sigrid Agnethe Hansen, «Sinne» av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen og «Tre meter med kniv» av Eili Harboe. Foto: Samlaget

Kulturminister Abid Raja vil nynorsk skal vere i vinden. Foto: Ilja C. Hendel / Kulturdepartementet

Kulturministeren er bekymra over at det vert gjevne ut for få bøker på nynorsk. Det har han sagt fleire gongar, både i den digitale talen til vinnarane av Kulturdepartementets barne- og ungdomslitteraturprisar i mars i år, og det står og svart på kvitt i språkmeldinga som kom saman med forslaget til ny språklov no i mai. Ifølge statistikk frå Nasjonalbiblioteket var berre fem prosent av barnebøkene som kom i 2017 på nynorsk.

Så sant er det nok, at det kjem ut få bøker for barn og unge på nynorsk. Men all den tid bøkene held same høge kvaliteten som dei tre ungdomsbokdebutantane frå Samlaget denne våren gjer, er det ingen grunn for Kulturministeren til å leggja tversoversløyfa i skuffen på nynorskens vegner – enno.

Me meldar romanane Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen, Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen og Tre meter med kniv av Eili Harboe. Tre debutromanar som alle kretsar kring korleis ta tilbake att kontrollen i sitt eige liv.

«Ser du dette?» av Sigrid Agnethe Hansen. Omslagsillustrasjon av Marianne Gretteberg Engedal. Foto: Samlaget

«Ser du dette?»: Finstemd om styrken i å våge

Forteljinga er ikkje ukjend: Ei jente forelskar seg i den finaste guten i klassa. Han viser ho merksemd, dei meldast, dei sender snappar til langt på natt, dei sender bilete. Han ber om å få sjå heile ho. Neste dag er biletet overalt, og jenta sitt liv vert ikkje det same.

I boka heiter ho Anna, og i lag med familien er ho no på veg til ein ny stad. Familien flyttar frå den umoglege kvardagen Anna fekk. Men det er vanskeleg å tru at rykta ikkje når fram til den nye plassen. Anna tek skamma med seg i bagasjen, og boka handlar om kampen for å tru at det går an å starte på nytt.

Ser du dette?


Roman

Sigrid Agnethe Hansen

Målgruppe: Ungdom

Samlaget

Frykt og det som er mogleg

Gjennom korte kapittel vekslar debutant Sigrid Agnethe Hansen mellom då og no. Historia om Anna veks fram i eit tempo prega av at det er Anna sjølv som fortel, forteljinga vert avdekt i hennar rytme, når ho er klar for å fortelje meir.

Samstundes får ho ei venninne på den nye skulen, og ho veit at ho må fortelje det med biletet. Men det er vanskeleg, og teksten syner både i form, språk og innhald korleis Anna heile vegen har handbrekket på, bremsar historia som pressar seg fram. Kontrasten mellom Anna si frykt og venninna Tina sitt syn på alt som er mogleg, korleis verda ligg åpen for dei, viser tydeleg kor lett det er å leggje band på seg når ein ber på skam. Hansen skriv fram eit alvor som pregar den som er råka av ufrivillig spreiing av bilete, truleg noko dei fleste ungdomslesarar har ei kjensle av korleis kan vere.

Det finst grunnar til alt

Ser du meg? er ein roman som vil skrive håp og livsmot inn i Anna sin situasjon. Det finaste med boka er oppgjeret Anna har med guten. Når stemmen til han som spreidde bileta og vert høyrt, får romanen eit viktig løft. Guten blir ein person, ikkje berre ein å hate. Det legg eit lag av truverd, eit strok av kompleksitet over romanen som det kjennest viktig at er der. Det finst grunnar til alt. Nokre gonger er ein kun eit tilfeldig offer for avmakta andre ber på.

Trass i nokre draumeskildringar som strengt tatt ikkje er naudsynte for Anna si fortelijing, opplevest Hansens debutroman som ei truverdig skildring av kjensler – og av løysingar når nokon har teke kontroll over livet ditt.

Artikkelen held fram etter anbefalingane.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: «Sinne». Omslagsillustrasjon av Helene Brox. Foto: Samlaget

«Sinne»: Tettpakka tenåringsdrama

Synne går på ungdomsskulen. Ho er ei jente med temperament, energi og liv, samstundes ber ho på mange knutar inni seg ingen enno har hjulpe henne med å knyte opp. I tillegg har ho ADHD – men det er hemmeleg. Berre bestevenninna Torunn veit det.

Sinne handlar om Synne, og om korleis manglande kontroll over temperament og impulsar nokre gonger gjer livet lett, andre gonger vanskeleg. Synne er som dei fleste ungdommar: Oppteken av skulen, av vennar, av å ha det kjekt, av å bli forelska. Men så lenge omverda stort sett ikkje spelar på lag, lurar frustrasjonen rundt kvart hjørne.

Sinne


Roman

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Målgruppe: Ungdom

Samlaget

Nett no

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen skriv om kvardagsleg ungdomsliv i eit språk som flyt fint og lett. Replikkane er presise og snappy, uttrykka tett på dei ungdom framleis brukar, språket krydra med lånord frå engelsk. Men uttrykka – og plattformane – ungdom brukar, endrast raskt. Til godt og til gale, skulle ein tru. Det gjer uansett at boka opplevast svært samtidig der ho treff på sitt beste, det gjev ei kjensle av at det er nett no alt hender.

Synne er ein forteljar som durar av garde med høg energi. Hendingane i boka har eit klassisk ungdomsroman-preg: Problemer heime (foreldre som nett er separerte), splid mellom venninner, varme kjensler for den nye guten i klassen. Og påfølgjande problem: Festar og bilete som vert tekne på feil stad og til feil tid og sjølvsagt spreidd.

Eit anna gjenkjenneleg motiv er krafta i å rå over si eiga historie. Synne vert frustrert over at ADHD-en står i vegen for at folk skal sjå henne – men gløymer samtundes at noko av dette kan ho styre sjølv. Det er Synne si historie romanen fortel, men Kolås Ingebrigtsen vidar samstundes biletet ut når ho beskriv åtferda og replikkane til karakterane rundt Synne. Det gjev naudsynte perspektiv.

Den utvalde

Harry Potter er viktig for Synne. Ho kjenner seg annleis slik han og gjorde på Galtvort. Boka har fleire hint til og samanlikningar med Harry Potter-universet undervegs. Men eigentleg trengst dei ikkje. Dei vert eit verkemiddel som ikkje nyttast fullt ut. Samstundes er Potter-verda truleg ein viktig del av kulturen til mange av lesarane. Det kan ha ein verdi, sjølv om referansane kunne ha vore meir sentrale i boka.

Sinne er ei historie om å ta kontrollen sjølv og finne sin veg, kan hende óg om å finne seg sjølv ein stad på den vegen. Det er mykje som hender i boka, ho kan opplevast tettpakka. Samstundes er det heilt i tråd med hovudpersonen si oppleving av verda – og også det som er utfordringa hennar: Å bli møtt og sett som den ein er krev noko. Ikkje berre av omgjevnadene, men og hos den det gjeld.

Artikkelen held fram etter anbefalingane.

Eili Harboe: «Tre meter med kniv». Omslagsillustrasjon av Tiril Haug Johne. Foto: Samlaget

«Tre meter med kniv»: Ei bok med ein heilt eigen rytme

 

Denne boka måtte eg lukke att då eg berre hadde lest nokre sider.

Så venta eg litt før eg åpna ho att. Det var, berre for nokre sekund, på eitt eller anna vis ei kjensle av å åpne ei bok av Anne-Cath. Vestly. På ein god måte. Eg trur det handla om noko med teikningane undervegs, det landlege preget, den grå vestlandsvinteren som boka opnar med.

Tiril Haug Johne står bak illustrasjonane, og dei er eit godt fylgje for teksten.

Vestlandsk vinter i «Tre meter med kniv». Illustrasjon av Tiril Haug Johne. Foto: Samlaget

Tre meter med kniv


Roman

Eili Harboe

Illustrasjonar: Tiril Haug Johne

Målgruppe: Ungdom

Samlaget

Fra «Tre meter med kniv». Illustrasjon: Tiril Haug Johne. Foto: Samlaget

Ikkje rom nokon stad

Eili Harboe er allereie kjent som skodespelar (Thelma, Askeladden – I Dovregubbens hall), men debuterer som forfattar med romanen Tre meter med kniv. Harboe skriv fritt, ho insisterer på ein heilt eigen rytme. Boka fylgjer Lykke, ei jente midt mellom barn og vaksen. Livet hennar består av Simeon, som ho er forelska i, venninner, ei sjuk mor, ei tydeleg mormor, ein far som må fikse alt og ei veslesøster. Samtidig finst det ikkje rom nokon stad til at Lykke kan ta den plassen ho treng. Det er ikkje godt for ei jente i tenåra.

Det er Lykke som fortel, og ho er ein utvelgjande forteljar. Kva som hender i livet hennar, får lesaren berre vite litt av. Harboe tillet seg store hopp i teksten – slik at avtalar som gjerast og hendingar ein ventar på like gjerne skjer utanom boksidene. Det er ikkje alltid forfattarar tillet seg slike store hopp i ungdomsromanar. Harboe stiller krav til medskaparevna, og ho legg óg fundament for at lesaren sjølv kan bygge dei bruene som trengst i historia. Det er vel i seg sjølv ein måte å vise lesaren tillit på.

Fra «Tre meter med kniv». Illustrasjon: Tiril Haug Johne. Foto: Samlaget

Var det ein draum?

Måten Lykke fortel historia si på gjev eit skin av draum til romanen, særleg i byrjinga. Harboe skriv på eit til tider syngande nynorsk med klåre poetiske klangar. Det gjer at hendingane i starten gjev ein slags klype-seg-i-armen-effekt, ein sit som lesar og undrar på om det ho fortel faktisk hende, eller om det var ein draum, ein tanke eller eit ønske. Språkleg bevegar boka seg i eit landskap som gjer begge deler mogleg. Det er ei styrke i denne samanhengen.

Lykke er ingen allvitande forteljar, inga fluge på veggen. Ho kjenner kun seg sjølv, og ho forstår kun seg sjølv. Alt anna er til tider uforståeleg og gåtefullt. Det usamanhangande livet der ein er forelska og forvirra og noko tungt ligg og gneg ein stad, får Harboe godt fram.

Artikkelen held fram etter annonsane.

Kroppsleg språk

Tre meter med kniv er ein stedsspesifikk roman. Den går føre seg i Stavanger, og er prega av kulturen på sørvestlandet. I motsetnad til dei to andre debutromanane frå Samlaget denne våren, er mobiltelefonar så å seie fråverande i Harboe si bok. Til gjengjeld er kropp, lyster og utskeielser viktige moment. Språket har inga frykt for kroppslege bilete.

Lykke fortel om ei verd som kan opne seg, men fortel óg om alt som står i vegen for ho og som gjer ho usynleg. Psykisk sjukdom er og ein underliggande tematikk i Tre meter med kniv. Mor er ustabil, og det ligg under som eit teppe. Men kan Lykke definerast som det same?

Slik eg les Harboe sin roman, er tyngde, einsemd og mismot skrive ut som ei erfaring i eit ungt liv. Harboe prøver ikkje å forklare eller forsvare Lykke som karakter, men dreg lesaren inn i hennar verd og opnar på det viset rom for ei erfaring lesarane kan dele. Til sjuande og sist handlar det om å ta kontroll også i denne romanen. Ingen kan få orden på lengsla om ein ikkje tek nokre val.

Fra «Tre meter med kniv». Illustrasjon: Tiril Haug Johne. Foto: Samlaget

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · ·