Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Verdas største nynorske barnebokfestival er på Stord

KATEGORI

Litteratur,

PUBLISERT

mandag 6. desember 2021

HVOR
Stord

Falturiltu, verdas største festival for barne- og ungdomslitteratur – på nynorsk – fyller 15 år. Periskop var med då eit nytt turbibliotek vart opna 200 meter over havet.

↑ Ruth Lillegraven er festivalforfattar under Falturiltu 2021. Her fra opninga av ei utstilling elevar ved Leirvåg skule har laga inspirert av dikta hennar. Foto: Falturiltu

I ei rundkøyring på Stord stikk eit buskete hovud ut frå ein raud bil. Det er min guide, Roald Kaldestad, kunstnarleg leiar for Falturiltu. Eg er på Stord for ein dag og skal oppleva verdas største festival for barne- og ungdomslitteratur – på nynorsk! Som konvertitt frå bokmål til nynorsk kjenner eg meg allereie sjarmert der eg ser hovudet i rundkøyringa. For kva er vel meir lyrisk og vakkert enn nynorsk?

Falturiltu er ein festival i vekst, trass nynorskprognosane sine nedover-peikande piler. I år feirar festivalen 15 år, og eit stort program med tung vekt på arrangement for barn og unge er spreidde utover Stord og omland på arenaer som hestesportsenteret, båtbiblioteket Epos og Stord sitt kulturhus og bibliotek . Eg har valt meg ut tysdagen midt i den ni dagar lange festivalen for å vera med på opninga av eit bibliotek – nynorsk, sjølvsagt – plassert på eit 200 meter høgt fjell.

Falturiltu


Nynorsk barnebokfestival som tek plass på Stord og i nabokommunane i veke 45 kvart år

Falturiltu byr på utstillingar, konsertar, teater- og filmframsyningar og skuleturnear på Stord og omegn

Atle Hansen, Helga Gunerius Eriksen og Per Olav Kaldestad starta festivalen

I 2021 vart Falturiltu arrangert for 15. gong

Årets festivalforfattar var Ruth Lillegraven

Tidlegare festivalforfattare har mellom anna vore Ragnar Hovland, Einar Økland og Marit O. Kaldhol

Roald Kaldestad (festivalleiar), Jane Cathrin Særsten Junger, Anna R. Folkestad og Hege Myklebust er ansvarlege for utforminga av festivalprogrammet i lag med koordinator Trond Onarheim

Festivalen er eigd av Stord kommune, og har til no fått støtte av Kulturrådet, Sparebanken Vest, SKL, Haugaland kraft, Fritt ord, UDI Norsk forfattersentrum, NBU, Kværner, Høgskulen på Vestlandet og Samlaget

Festivalen har barne- og ungdomsarrangement på dagtid, og vaksenarrangement på kveldstid.

Festivalleiar Roald Kaldestad, her med nissehue. Foto: Falturiltu

Nynorske turbibliotek

Eg har ikkje møtt Falturiltu sin kunstnarlege leiar før, og i hovudet mitt er han ein heilt vanleg, anonym mann på rundt 50 år. Men Roald Kaldestad er ikkje det. Han har stort, vilt, grått hår som flagrar i rundkøyringer og er enormt hyggeleg. Han spelar mellom anna gitar, mandolin og orgel i Storm Weather Shanty Choir, eit seksmannskor som syng gamle sjantiar, og i Bare Egil Spellemannslag.

Saman med fire andre samansvorne og ein god gjeng med frivillige pensjonistar driv han festivalen. I dag skal han ta meg med til Utslettefjellet og fortelja meg kvifor me treng ein nynorsk barnebokfestival.

– Berre heng deg på!

Storddialekt er nydeleg… I eigen bil køyrer eg etter han, ut frå Leirvik sentrum, ut mot Utslettefjellet.

Me skal opp til toppen der hytta Utsletteslottet skal opnast. Det er både ei turhytte og eit bibliotek som skal stimulera til lesing, fremja nynorsk litteratur og gjera innbyggjarane betre kjent med det lokale biblioteket sitt. Covid har ordna det slik at trelastmangel har ført til utsett opning av Utsletteslottet, og no vert dei to arrangementa perfekt kopla saman; opning av nynorsk bibliotek og Falturiltu.

Utsletteslottet skal stimulera til lesing, fremja nynorsk litteratur og gjera innbyggjarane betre kjent med det lokale biblioteket sitt

Bokbåten Epos er sentral i Falturiltu-festivalen. Her frå ei litt varmare tid på året. Foto: Falturiltu

Det vert kult etter kvart. Kanskje.

Å utføra intervju medan ein stig 200 meter over havet og røysta framleis er nasal etter ein uoriginal post-Covid-influensa er å anbefala! Medan Roald har førebudd meg mentalt på ein regnfull dag ute i naturen og passa på meg som ein god forelder (Ja, ta med støvlar!), har noko anna uoriginalt skjedd. Vêrmeldinga har snudd, og sola skin!

Far til Roald, Per Olav Kaldestad, starta opp Falturiltu saman med forfattarane Atle Hansen og Helga Gunerius Eriksen. Alle tre skriv litteratur for både barn og vaksne. Etter kvart ville Per Olav Kaldestad sleppa til yngre krefter, og sonen Roald overtok. Per Olav Kaldestad er no med som deltakande forfattar.

Ironisk nok har noverande kunstnariske leiar tre soner, og inntil nyleg var ingen av dei særleg begeistra for nynorsk, fortel Roald. No har heldigvis den eldste snudd. Nynorsk har faktisk vorte litt kult.

Å utføra intervju medan ein stig 200 meter over havet og røysta framleis er nasal etter ein uoriginal post-Covid-influensa er å anbefala

Turbiblioteket i Utsletteslottet. Det vetle biblioteket husar lettare litteratur som ein kan lesa frå perm til perm på dagstur. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Eg lurar på om årsaka til at nynorsk får så mykje pepar nesten åleine er fordi ein må skriva sidemålstil på skulen

Den lyse sida

På veg oppover pratar me om at nynorsk kan verte kulare for nokon etter kvart som ein vert eldre, medan i skulealder opplevast det meir som eit ork for mange å ha nynorsk som sidemål. Eg lurar på om årsaka til at nynorsk får så mykje pepar nesten åleine er fordi ein må skriva sidemålstil på skulen. Eller er det litt populært å seia at det ikkje er noko vits å læra nynorsk? Roald tenker det har noko å gjera med korleis språket vert presentert. Han er ikkje alltid så nøgd med skulebøker fulle av uforståelege ord som framandgjer målet.

På veg til bibliotekopning: Rasmus Olai Kipsgård (7år) og Aaron I. Brekke (8år) gler seg. Bak: Roald Kaldestad i nynorsk-prat med Periskop sin utsending. Og snart kjem sola. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Til Falturiltu prøvar dei å få med folk frå heile landet. Roald kan skryta av at dei har fått med ein nynorskskrivande trønder til festivalen. Sjølv har eg møtt noko så eksotisk som ein spanjol som valte nynorsk framfor bokmål då han skulle læra seg norsk.

Martine Grande les frå si nyaste bok «Ørn» under opninga av Utsletteslottet. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Eit lite miljø

Kvart år tek festivalen utgangspunkt i ein barne- eller ungdomsforfattar. I år er det Ruth Lillegraven som er den raude tråden – saman med eit fokus på natur og miljø, som me og finn i bøkene hennar.

Ei utfordring festivalen møter er at miljøet er lite. Få forfattarar skriv barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Difor må dei anstrenga seg litt ekstra og leita litt lengre for å ikkje enda opp med å berre «ringa næraste ven». Ifølge Per Olav Kaldestad har vaksenbokforfattarar gjerne eit mørkare perspektiv i det dei skriv, medan barnebokforfattarar formidlar lysare utsikter. Ein kan kanskje seia at dei er meir sosialt orienterte, meiner han.

Med 3. klasse frå Sagvåg skule, Sagvåg bygdelag, forfattar Martine Grande og ordførar Gaute Straume Epland (Ap) på laget erobrar me Utslettefjellet. Bollar, kaffi, peparkaker og eit heilt bibliotek ventar på toppen.

Få forfattarar skriv barne- og ungdomsbøker på nynorsk

Høgtideleg opning av Utsletteslottet, ei av fleire hytter i Sunnhordland som har eige nynorsk-bibliotek. Hytta er eigd av Stord kommune og skal driftast av Sagvåg bygdelag. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ruth Lillegraven. Foto: Agnete Brun

Leikent program

Nokre hundre høgdemeter lågare, nede frå fjellet, tek eg ein prat med festivalforfattar Ruth Lillegraven. Ho er på Falturiltu og held formidlingsseminar på Høgskulen, bokbadar med Agnes Ravtan og møter barna på Bokbåten Epos, mellom anna. Det slår meg at festivalen har eit leikent program og ei tilnærming til nynorsklitteratur ein ikkje kjem over kvar dag. Ikkje rart Falturiltu er Lillegraven sin favoritt.

– Falturiltu er min favorittfestival framfor nokon! Det er så utruleg bra at det faktisk finst ein festival som år etter år gjennom eit variert program løftar fram nynorsk barnelitteratur. I tillegg er det alltid veldig triveleg å vere her. Ein møter dyktige og hyggelege kollegaer ein sjeldan ser elles, i tillegg til mange fine lesarar i ulike aldrar. Og det er ein heilt fantastisk fin arrangørgjeng, den same kvart år, dei står på dag og natt for at alt skal gå knirkefritt og publikum og aktørar skal ha det bra. Det heile er eigentleg nokså unikt, meiner Lillegraven

Det er så utruleg bra at det faktisk finst ein festival som år etter år løftar fram nynorsk barnelitteratur

Falturiltu-festivalen er 15 år. Då vert det kake til alle. Foto: K M Svanberg / Falturiltu

Ein må berre håpa at dei faktisk får sjansen ute i bokhandelen, og ikkje blir valde vekk eller stua vekk

Gi nynorskbøkene sjansen

– Kva vil du seie er typisk for den nye nynorske litteraturen?

Eg veit ikkje. Sjølv om eg prøver å følgje med og få lese litt, har eg ikkje god nok oversikt til å svare på det. Når eg ser på katalogen til Samlaget, til dømes, er det jo veldig mykje variert der, det tykkjer eg er bra. Nynorske barnebøker får mange prisar og nominasjonar, det kan tyde på at det kjem ut mykje fint.

– Ser du nokon skilnad mellom barne- og ungdomslitteratur på bokmål versus nynorsk?

– Den store skilnaden er jo målforma. Eg er så glad det kjem ut alle slags barnebøker på nynorsk, det er viktig for ungane og viktig for språket vårt. Og det er sikkert rom for endå fleire gode barnebøker på nynorsk. Så må ein berre håpa at dei faktisk får sjansen ute i bokhandelen, og ikkje blir valde vekk eller stua vekk.

6. trinn ved Leirvik skule på Stord har laga kunst basert på dikta til festivalforfattar Ruth Lillegraven, mellom anna frå diktsamlinga «eg er eg er eg er». Foto. K M Svanberg / Falturiltu

Hege Myklebust. Foto: Privat

Usynleggjort

Eg jaktar fleire svar på kvifor me treng nynorsk litteratur, og går vidare for å prata med Hege Myklebust. Ho sitt i programkomiteen, og har vore med heilt frå starten som tilsett i kommunen, leiar for komiteen og no som medlem. Når eg spør kvifor me treng nynorsk, dreg ho på det.

– Tja, treng og treng, seier ho.

– Det kjem vel an på korleis du ser på språk. Dersom du tenkjer språk berre er eit kommunikasjonsmiddel, treng me kanskje korkje nynorsk, bokmål eller svært mange andre av dei kring 6000 språka som finst i verda. 3000 av dei er truga, forresten, og nynorsk er ikkje eitt av dei. Me treng nynorsk fordi det er eit språk i bruk, og som alle andre språk så er det uttrykk for både kultur, identitet og formidling av tankane til dei som har brukt og brukar språket, seier Myklebust.

Ein gut har nett høyrt Marianne Gretteberg Engedal fortelje fra si bok «Polititjuven» på eit anna turbibliotek, Goddo på Bømlo. Foto: Falturiltu

Skilja seg ut

Men kva for fordelar gir nynorsken, tru?

– Reint språkleg er det vel ingen store fordelar eller ulemper med nynorsk samanlikna med bokmål. Men praktisk sett kan det vera fordelar ved å bruka nynorsk i samanhengar der ein ønskjer å skilja seg ut, til dømes i ein jobbsøknad eller i marknadsføringssamanheng. Fordi nynorsk er mindre brukt og ein har færre førebilete, må ein gjerne vera meir medviten og tenkja meir gjennom korleis ein ordlegg seg på nynorsk. Det kan føra til at ein skriv betre og meir presist, rett og slett, fordi ein må tenka meir gjennom det språklege.

– Kva er typisk for den nye nynorske litteraturen?

– Eg veit ikkje om den nye nynorske litteraturen har nok til felles til at det går an å svara på. Men nynorsk barne- og ungdomslitteratur, som festivalen vår handlar om, har det til felles at han er svært prisløna, og held svært god kvalitet. Motsett er dei ofte usynleggjorte i bokhandlar og bibliotek. Det er dette misforholdet som er grunnlaget for Falturiltu, me ønsker å løfta fram og synleggjera den kvalitetslitteraturen som kjem ut på nynorsk for barn og unge, fortel Myklebust.

Fordi nynorsk er mindre brukt og ein har færre førebilete, må ein gjerne vera meir medviten

Skating og lesing: Frå Rullturiltu på festivalen Falturiltu, ein programpost som kombinerar skateoppvising og litteratur. (boka «Berre hopp!» av Åshild Moldskred). Her deltok Stord rulleklubb, laptop-elevar ved Stord kulturskule og forfattar og skater Åshild Moldskred. Foto: Falturiltu

Nynorsk er eit bruksspråk, og ein må kunna bruka utan å alltid måtta forsvara det

Stallturiltu, rullturiltu

Er nynorsk eit minoritetsspråk, lurar eg.

– Det kjem an på korleis du definerer det. Det er det minst brukte av dei to norske skriftspråka, dermed har det i alle fall mykje til felles med andre minoritetsspråk. Nokre brukar uttrykket ‘minorisert’ språk, opplyser Myklebust. Mange forfattarar som skriv på nynorsk seier at dei er leie av å alltid få spørsmål om kvifor dei skriv på nynorsk, fortel ho.

– Nynorsk er eit bruksspråk, og ein må kunna bruka det utan å alltid måtta forsvara det. Det er også eit norsk skriftspråk, som sjølvsagt må finnast i norsk skule så lenge me skal ha norsk.

Etter nokre timar på Stord forstår eg at eg skulle hatt meir tid her. Falturiltu har eit breitt program. Eg skulle gjerne vore på mandolinkonsert, Stallturiltu – forfattarmøte på hesteryggen og Rullturiltu – skateoppvisning saman med forfattar og skater Åshild Moldskred, pluss mykje anna!

Etter å ha prata med deltakarar på festivalen innser eg at det kan vera vanskeleg å setja fingeren på om det er noko som skillar nynorske barnebøker frå dei på bokmål. Forfattarar er ikkje nødvendigvis politiske i sitt mål.

Men nok ein gong: treng me nynorsken?

Kommande nynorskbrukarar på teaterframsyninga «Alle har en liten dør bak øret» under Falturiltu. Foto: K M Svanberg / Falturiltu

Moglegheit for mangfald

Medan eg og Roald gjekk forbi dei mest støyande bekkane opp til Utsletteslottet og samtalen vart sett på pause, kom eg på at det å skriva rapportar i naturfag òg var eit herk.

Så eg vert ikkje heilt einig med meg sjølv. Personleg tenker eg ikkje at me treng nynorsk. Det er noko irriterande med dei som skal behalde alt som er gamalt berre fordi det kan knytast til noko frå fortida. I Roma kan ein knapt grava i bakken fordi alt kan sporast tilbake til Romerriket, medan i Bergen ville ein ikkje ha bybane på Bryggen fordi vogna skimtvis kunne blokkera utsynet til dei gamle hanseatiske husa.

Min påstand er at Noreg hadde vore eit litt kjedelegare land om ein berre hadde bokmål, eller berre hadde nynorsk. Språk er ein identitetsmarkør og ikkje noko som skal tvingast nedover hovudet på nokon, men heller ein moglegheit til mangfald! Nynorsk er kultur, og i likskap med alle dialektane me har i Noreg er nynorsk med på å gjera landet vårt litt rikare.

Kanskje me ikkje treng nynorskmen eg vil ha han!

Min påstand er at Noreg hadde vore eit litt kjedelegare land om ein berre hadde bokmål, eller berre hadde nynorsk

Falturiltu-leiinga gler seg til kake og nye 15 år. Frå venstre: Roald Kaldestad (festivalleiar), Trond Leirvik Onarheim (festivalkoordinator), Anna Rommetveit Folkestad, Jane Cathrin Særsten Jünger og Hege Myklebust, som alle tre er medlem i programkomiteen. Foto: Falturiltu

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·