Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

– Kunst har ein eigenverdi som strekk seg langt utanfor læreplanane

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Intervju,

PUBLISERT

mandag 14. august 2023

Om kunst berre vert presentert i skulesamanhang, er det fare for at elevane ubevisst tenkjer at dette er noko ein skal lære noko av, meiner Thomas Bye, ny sjef ved Det Vestnorske Teateret. Difor slår han eit slag for teater i teateret.

↑ Thomas Bye er teatersjef ved Det Vestnorske Teateret. Foto: Marte Refsdal

Teatersjef Thomas Bye har ei uro: Han fryktar at ein behandlar teater for barn og unge annleis enn teater for vaksne. For då vert kunsten ufri – og det går berre ikkje. I dette mini-intervjuet har vi snakka med Bye om kva for visjonar han har og kva han vil lage av teater for barn og unge. Tidlegare var han sjef ved Teater Ibsen i Skien, no har han nett starta i ny jobb som teatersjef ved Det Vestnorske Teateret – nynorskteateret som held til i Logen i Bergen.

De nye teatersjefene


I en serie mini-intervjuer spør vi landets ferske teatersjefer og kunstneriske ledere ved scenekunstinstitusjoner om hvilken retning de ønsker å ta barneteateret i.

Vi spør dem om hvilke utfordringer de ser for barneteater i Norge, og hva de vil gjøre med det. Og om hva som er deres drømmeforestilling å sette opp for en ung aldersgruppe.

Tidligere intervjuer i serien finner du her: De nye teatersjefene

Kva treng scenekunstfeltet for barn og unge i dag?

– Barn og unge treng mange fleire kunstnarar som ynskjer å lage kunst for dei. Dramatikarane må ville skrive, regissørane må ha drivkrafta, skodespelarane må vere motiverte. Barn og unge treng også teatersjefar som utfordrar fleire kunstnarar til dette.

– Barn og unge treng å oppleve teater i teateret, i tillegg til det dei får sjå i gymsalar. DKS-framsyningar som reiser rundt på skolane er utruleg viktige (og demokratiske! – og får alt for lite merksemd), men alle barn og unge burde få oppleve det ritualet det er å vere i eit teater. Om kunst berre vert presentert i skulesamanhang, er det fare for at elevane ubevisst tenkjer at teater er noko ein skal lære noko av. Det trur eg ikkje nødvendigvis er det beste for korkje kunsten eller elevane. Kunst skal som kjent helst stå på sine eigne bein, og har ein eigenverdi som strekk seg langt utanfor læreplanane.

Barn og unge treng mange fleire kunstnarar som ynskjer å lage kunst for dei

Thomas Bye er teatersjef ved Det Vestnorske Teateret. Foto: Marte Refsdal

Korleis vil du som teatersjef jobbe med det?

– Eg er bevisst på å kontakte enten kunstnarar som har eit særleg fokus på teater for barn – eller eg kontaktar kunstnarar som eg tenkjer vil kunne utfordre og tenkje nytt om korleis ein lagar teater for barn. Litt enkelt sagt, så forheld eg meg til barneteater på nøyaktig same måte som eg gjer til framsyningar for vaksne. Eg har ei uro over at ein behandlar teater for barn og unge som noko heilt anna enn teater for vaksne. Nokre gonger opplever eg at kunst for barn er ufri, underlagt noko som minner meg om reglar og – i verste fall – fasit.

– Når det gjeld det økonomiske, så er det praktisk talt ikkje forskjell på små og store produksjonar på Det Vestnorske Teateret; midlane er dei same uansett målgruppe. Vi skal nå eit breitt publikum, så for meg er det vanskeleg å seie at eg har ei særskilt satsing på teater for barn og unge. Minst ei framsyning i sesongen er for barn.

I di første programmering som teatersjef ved Det Vestnorske Teatret set du opp dokumentariske framsyningar både om dødsvegen E16 og om politiet i Bergen. Kan vi vone du vil setje opp noko i same sjanger for barn og unge?

– Eit spanande spørsmål! Eg har faktisk konkrete dokumentariske prosjekt retta mot barn og/eller unge på blokka mi. Men nett no kan eg ikkje seie så mykje meir om kva det er.

Nokre gongar opplever eg at kunst for barn er ufri, underlagt noko som minner meg om reglar og - i verste fall - fasit

Kva er di draumeframsyning for barn og unge?

– Mi draumeframsyning er fantasieggande, nyansert, mangetydig, livsbejaande, frekk, uhøgtideleg, vakker, den følgjer sine eigne reglar og er ikkje opptatt av kva som er «mote». Hadde eg visst nøyaktig kva for prosjekt som romma alt dette, så hadde eg programmert det med det same!

Eg har nettopp skrive ferdig ei dramatisering av ein roman, som eg håpar skal romme mykje av det eg drøymer om. Om eg lykkast vil vise seg i november

Plakatfoto fra den kommande «God dag, herr Jul» av Laura Djupvik, dramatisert av teatersjefen sjølv. Foto: Det Vestnorske Teateret

Thomas Bye starta som teatersjef ved Det Vestnorske Teatret 1. august 2023.

Annonser
Stikkord:
· · · · ·