Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Mål gir meining

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Intervju, Nyhet,

PUBLISERT

tirsdag 30. april 2024

Målpris-vinnar og barneblad-redaktør Nana Rise-Lynum humrar over romarar som går på do i hopetal, og legg til rette for kjeldekritisk sans.

↑ Peder Lofnes Hauge og Nana Rise-Lynum under tildelinga av Målprisen 2024. Foto: Kristianne Marøy

Norsk Barneblad sitt nummer om vind frå 2021. Foto: Norsk Barneblad

Målprisen for 2024 gjekk til Nana Rise-Lynum, redaktør i Norsk Barneblad. Prisen er Noregs Mållags høgste utmerking, og blir gitt til folk og institusjonar som har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken. Blant dei siste mottakarane av prisen finn vi Erik Ulfsby, teatersjef ved Det Norske Teatret, biskop Kari Veiteberg, VG-redaktør Gard Steiro, Linda Eide og Jon Fosse. Redaktøren seier ho blei svært glad, men «såg ikkje den kome».

– Eg har stort sett halde meg på sida av organisert målarbeid. Ikkje slik å forstå at eg ikkje har vore eit målmenneske! Men at Norsk Barneblad er tatt inn i varmen, betyr mykje. Det tyder at vi er sette. Vi vender oss jo til barn som har nynorsk som hovudmål. Men vi har òg mange lesarar som har bokmål som hovudmål. Dei synest det er innhaldet som teller, og tenkjer ikkje over målforma. Bortsett frå at eg i alle fall ein gong i månaden får e-post frå bokmålselevar som gjerne har ein bestefar i Sogn, som seier dei no har fått betre karakter i sidemål etter å ha lese Norsk Barneblad.

Ja, for det er jo bestefedrar eller andre føresette som teiknar abonnement på bladet, på vegne av barna?

– Ja, vi driv jo ikkje med marknadsføring mot barn. Og vi finst nærmast ikkje i laussal, så bladet er halde oppe av abonnement. Dei fleste 7-åringar går ikkje rundt og tenker at dei treng Norsk Barneblad. Såpass må vi kunne innrømme, seier Rise-Lynum.

I alle fall ein gong i månaden får eg e-post frå bokmålselevar som gjerne har ein bestefar i Sogn, som seier dei no har fått betre karakter i sidemål etter å ha lese Norsk Barneblad

Fakta om Norsk Barneblad


Målgruppe: 7–14 år, nynorsk målform

Redaktør: Nana Rise-Lynum. Formgivar: Aina Griffin. Kontormedarbeidar: Wenche Brusevold

Grunnlagt i 1887 av Kristen Stalleland

Fekk Tidsskriftforeningens pris for beste design i 2021

Rasmus Løland har vore redaktør. Inger Hagerup og Herbjørn Sørebø har vore redaksjonssekretærar. Halldis Moren Vesaas skreiv i Norsk Barneblad som tiåring i 1918. Per Kleiva vann ein teiknekonkurranse i bladet som trettenåring i 1947

Frå 1938 har teikneserie-figuren Smørbukk hatt fast plass på baksida av bladet. Han vart først teikna av Jens R. Nilssen. Sidan tok Solveig Muren Sanden over. I dag blir serien laga av Håkon Aasnes.

Opplagstal Norsk Barneblad: 4000

Opplagstal 2023 Donald Duck & Co: 17 164

Opplagstal Leseplaneten 2024: 300

Kjelde for prosentar for elevar i grunnskulen med nynorsk som hovudmål 1944: Ingvild Bræin: Grotten, Samlaget 2019, s. 207–208

Norsk Barneblad, utgåva frå april 2024. Foto: Norsk Barneblad

Synkande nynorsktal

Norsk Barneblad er eitt av dei eldste barneblada i verda, grunnlagt i 1887 av 26 år gamle Kristen Stalleland. Han hadde 36 abonnentar til det første nummeret. I dag er opplaget 4000, og cirka 3600 av desse er abonnentar. Bladet sel ein del over nettet. Om lag 100 eksemplar går til abonnentar i Europa og USA.

Talet på elevar i grunnskulen med nynorsk som hovudmål er i dag 11,38%, det lågaste sidan 1908. I 1944, då nynorsken hadde fått eit oppsving etter rettskrivingsreforma i 1938 og den nasjonale stemninga var høg gjennom krigsåra, var talet over 34%.

Kan Norsk Barneblad bidra til å auke denne prosenten igjen, eller står kampen på andre område?

– Eg tenkjer ikkje så mykje på prosenttal, men på dei som finst der ute. At dei skal få noko ekstra. At det skal vere positivt å få bladet rett i postkassa, og at det skal vere gøy å lese. Vi satsar på innhald, på godt språk og gode omsetjingar. 7-åringar tenkjer ikkje på målforma, men på vulkanen dei les om.

7-åringane har ikkje oppdaga målstriden?

– Nei. Og nynorsken er ikkje nødvendigvis ein høgare himmel, den er berre i bruk på ein sjølvsagt måte.

7-åringar tenkjer ikkje på målforma, men på vulkanen dei les om

Norsk Barneblad 2/24. Foto: Norsk Barneblad

Start enkelt, grav deg ned

Du har vore redaktør sidan 1999, kva er dei største endringane du har stått for?

– Dei siste fire-fem åra har vi gjort om bladet fullt og heilt til å bli temanummer. Vi kan konsentrere oss om tema som verken barn eller vaksne veit alt om. Det tillet djupdykk. I tillegg er vi sjølvsagt opptatte av korleis stoffet er presentert; ikkje for lange tekstar, gode inngangar, tidsliner og faktaboksar – ein skal kunne starte enkelt, og så grave seg ned. Aina Griffin er ein riktig god formgivar – visuelle uttrykk skal gå hand i hand med det tekstlege, det skal svinge saman.

Så er det vel òg noko med at tida forandrar seg, og det må Norsk Barneblad også gjere?

– Ja, og eg forandrar meg. Og lærer av feil. Men det skal vere gøy å vere redaktør òg. Aina og eg snakka ved eit tidspunkt om kva vi likte å lese som barn, og vi landa på «fakta». I det i siste nummeret kan du lese om kvifor vi vaskar oss, korleis gjekk vi på do før i tida, kva hadde hygiene med religion å gjere, og kvar kom såpa frå? Romarane gjekk på do ein heil gjeng i slengen. Det var heilt sikkert gøy.

Men eg gjekk då også på utedo saman med venninna mi på hytta, utan å vere romar? Så kunne vi fortsette å skravle der.

– Ja, utedo er mykje meir sosialt. Men romarane tørka seg også med ein kost, som dei delte.

Det lét ikkje så hygienisk?

– Nei, men det høyrest morosamt ut!

Norsk Barneblad 3/20. Foto: Norsk Barneblad.

Verda er ikkje berre krig og nød

Mållaget sa i grunngivinga si at «Ho får så mykje ut av midlane at det kjennest som at alle pengane vert brukte to gonger» – sit du dag og natt med stoffet?

– Nei, det har med økonomien å gjere. Som heller ikkje er lettvint. Eg kan ikkje teikne, eg kan ikkje skrive sportsspaltar, som Maren Bøe gjer, men eg skriv dei fleste av tekstane sjølv, og lagar kviss, ofte på bakgrunn av temaet i nummeret. Så har eg ein mann som lagar kryssord, og det er populært.

Kva har du til felles med Kristen Stalleland i 1887?

– At vi vil at ungane skal sjå at verda er stor, og at mykje er gøy. Leselyst er viktig for meg. Eg vil at ungane skal bli nysgjerrige. Bry seg meir, bli glad i verda, insekta, trea, vatnet som kan redde liv, kva som helst vi tar opp. Om den oppveksande slekta skal bry seg om noko, må dei kunne vere glad i det. Når dei skal vite kva dei må gi avkall på i ei miljøkrise, startar det i å bry seg. Viss ikkje: Kvifor skal du gidde då? Verda er ikkje berre krig og nød. Norsk Barneblad er ikkje redde for å stikke fingeren inn i vanskelege ting, men vi vil ikkje at ungane skal bli motlause, seier ho.

Eg vil at ungane skal bli nysgjerrige. Bry seg meir, bli glad i verda

Nana Rise-Lynum fekk Målprisen 2024 for arbeidet med Norsk Barneblad. Kan hende er det mange som kan takke ho for en ålreit karakter i nynorsk. Foto: Norsk Barneblad

– Ein annan ting er at eg håpar at kampanjane som går på leselyst òg tar opp i seg blad, ikkje berre bøker. Det kan vere at det er lettare å starte med eit kortare format, som kan spore til vidare og lengre lesing.

Nana Rise-Lynum er opptatt av å betre den kjeldekritiske sansen, hos både redaksjon og lesarar.

– Vi skal ha kvalitet i språk og formidling. Det er ikkje berre enkelt å forenkle noko; klarspråk er ikkje alltid enkelt. Vi skal ikkje drive med løgn. Dei unge skal skjøne noko om kjeldekritikk, bli kritiske lesarar, som dei kan ta med seg i møte med for eksempel TikTok og YouTube.

Intervjuet held fram etter annonsane.

Animasjonsnummeret frå 2021. Foto: Norsk Barneblad

Eg er glad for at vi har funne ei oppskrift og er relevante

Alt var ikkje betre før

Det følger ikkje pengar med Målprisen, men heider og ære.

– Det er kjekt å få, når eg har sete borti kroken her alle desse åra.

Norsk Barneblad er betre enn nokon gong på grunn av deg, sa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge – er dette gått til hovudet på deg no?

– Nei, eg køyrer den nøkterne stilen. Men alle er glad for ros. Det han seier om at Norsk Barneblad passar for barn i dag, er eg glad for. At vi har funne ei oppskrift og er relevante.

Du kjenner ikkje på eit ansvar for å ta opp arven frå vår ven Kristen, ta vare på det som var?

– Eg finst ikkje nostalgisk. Du får meg aldri til å seie at alt var betre før. Men eg har tru på papiret. Etter pålegg utanfrå lagde vi ei digital utgåve eit år, det droppa eg raskt. Det blir ein heilt annan måte å lese på. Det er noko med det taktile, og at barna får bladet i postkassa, med deira namn på. Roa du får ved å lese i papir er ein eigen.

Papiret er det nye no?

– Ja, papir er den nye motkulturen.

 

Intervjuet er publisert i samarbeid med Barnebokkritikk, og publisert på begge plattformer.

Roa du får ved å lese i papir er ein eigen

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · ·